Velkomen til arkivfellesskapen vår

Me meiner at samspel mellom innbygjarar og arkiv er viktig for skape gode og opplyste samfunn rundt om i landet. Difor har me skipa Folkeforsk.no som ei flate der publikum kan lesa kulturhistoriske kjelder frå heile landet, og ta del i å gjera dei tilgjengelege for publikum også i framtida.

Som medlem i vårt fellesskap av ‘transkribørar’ og tekstsgranskarar held ein den lokale arven etter hundrevis av år med arbeid, kultur og daglegliv i hevd, også i vår samankopla globale verd. Me ynskjer deg hjarteleg velkomen!

NEG-arkivet og arkivfellesskapen

Heilt sidan 1946 har Norsk etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum på Bygdøy samla, utvikla, forska og teke vare på våre felles lokale kulturarv. Frivillige har alltid vore ryggraden i instituttet vårt, med å skrive ned og dele folkeminne og deira personlege minne frå kring 1850 til i dag med oss. Dei siste ti åra har me arbeidd med å digitalisere, overføre kjeldene frå å vera på papir til å bli digitale, slik at alle kan finne glede i våre rike samlingar.

Denne nettportalen er eit resultat av arbeid som vert gjort i det internasjonale prosjektet Archives Community Building. Målet i prosjektet er mellom anna å lære og utveksle erfaringar om korleis me kan gjera arkiva betre tilgjengelege for den historieinteresserte ålmenta og andre. Les meir om Archives Community Building: https://www.traditionarchives.org/projects/acb-2022-2023

Archives Community Building er også eit sideprosjekt av prosjektet SAMLA: Digitalisering av tre norske tradisjonsarkiv. Ved lansering av dette nye digitale tradisjonsarkivet mot slutten av 2024, vil ein kunne søkje seg gjennom store mengder kjelder frå kring 1600 til i dag tilhøyrande EFA, NFS og NEG. Les meir: https://samla.w.uib.no/

Visste du at:
Alle transkripsjonane som blir skrivne i Folkeforsk.no vert hausta til Samla, slik at originalkjeldene vert tilgjengelege via fulltekstsøk også der?
Nokre transkripsjonar blir teken i bruk til trening av datamodellar, slik at me etter kvart kan transkribere større mengder arkivkjelder, fortare!

Tips og triks til Folkeforsk.no

  1. Klikk på registrer deg i Folkeforsk. Knappen fører til Logg inn.
  2. Klikk på Ingen brukarkonto? Registrer deg!
  3. Skriv inn e-post, brukarnamn (treng ikkje vera ekte namn) og ditt eige passord. Merk av på tryggleikskode.
  4. Godkjenn Juridiske merknader.
  5. Du er logga inn!

Nb. Både innlogging og registrering går via pase.humma.lv. Dette er ei innloggingsløysing utvikla av prosjektpartnaren vår, Institutt for literatur, folkloristikk og kunst ved Universitetet i Latvia.

  1. Klipp på metadata over kjeldevisinga i transkripsjonsvindauget:
    Klikk på registrer deg i Folkeforsk. Knappen fører til Logg
        inn.
  2. Metadataskjemaet opnar seg som ny fane i nettlesaren:
    Klikk på Ingen brukarkonto? Registrer deg!
  3. Fyll ut metadataskjemaet med informasjonen frå Førstebladet i spørjelistesvaret:
    Klikk på Ingen brukarkonto? Registrer deg!
  4. Klikk lagre og lukk vindauget.

  1. Gå til Transkripsjonane mine under fana Profilen min:
    Gå til Transkripsjonane mine under fana Profilen min
  2. Klikk på Fullført:
    Klikk på Fullført
  3. Då sorterast dei uferdige fyrst
    Då sorterast dei uferdige fyrst

  1. Skriv ynskja kommune i Vel emne ditt og trykk enter på tastaturet. Då finn ein ut kva samlingar som inneheld kommunen:
    Skriv ynskja kommune i Vel emne ditt og trykk enter på
        tastaturet
  2. Trykk på det emnet som freistar mest.
  3. Skriv ynskja kommune på nytt i feltet stad og trykk enter på tastaturet:
    Skriv ynskja kommune på nytt i feltet stad og trykk enter på
        tastaturet
  4. Då sorterast alt utanom kommunen du har søkt på vekk og ein er klar til å transkribere:
    Då sorterast alt utanom kommunen du har søkt på vekk og ein
        er klar til å transkribere

Ein kan dele transkripsjonen med andre ved å klikke på delingslenka (rekka med mange tilfeldige tal og bokstavar), og sende ho til ein annan person. Når ein klikkar på lenka blir ho kopiert slik at ein kan lime lenka inn i ei melding via andre tenester. Når ein nyttar delingslenka deler ein også arbeidet som er gjort.

Nb. Når andre klikkar på lenka mistar ein retten til å transkribere fila fram til ho evt. vert delt tilbake

  1. Klikk på menyen nedst til høgre under transkripsjonsvindauget:
    Klikk på menyen nedst til høgre under
        transkripsjonsvindauget
  2. Klikk på lenka med tilfeldige tal og bokstavar for å kopiere.
    Klikk på lenka med tilfeldige tal og bokstavar for å kopiere
  3. Klikk ctrl-v (eller høgreklikk -> lim inn) i ei samtale via ei anna teneste for å dele lenka med den du ynskjer.

Av og til er ein transkripsjon svært vanskeleg, og etter mange forsøk kan ein få lyst til å gje opp. Då kan ein avslutte sitt bidrag og la nokon andre prøve.

Når ein gjev opp transkripsjonen slettast arbeidet som er gjort.

  1. Klikk på menyen nedst til høgre under transkripsjonsvindauget:
    Klikk på menyen nedst til høgre under
        transkripsjonsvindauget
  2. Ved å klikke Gje opp transkripsjonen frigjer du han slik at andre kan prøve seg:
    Ved å klikke Gje opp transkripsjonen frigjer du han slik at
        andre kan prøve seg

Lokalhistoriewiki kan ein få vite meir om kvar spørjeliste (innsamling).

Lokalhistoriewiki kan ein også lesa meir om arkivet me transkriberer på Folkeforsk.

Ein kan også ta kontakt med oss på neg@norskfolkemuseum.no

Norsk Folkemuseum sine nettsider kan ein enkelt sjå og laste ned alle spørsmåla frå spørjelistene (innsamlingane).

Opne transkripsjonsrettleiaren ved å klikke på Les meir under Korleis på framsida (Heim) i Folkeforsk.

Send ein epost med dine spørsmål til neg@norskfolkemuseum.no.