Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_683_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_4_683_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det folk minnest mol ein kornet på bekkjekverner. Ingen minnast bruk av haudkvern. Men på kvar gard var der ei saltkvern, som dei rodde salt på. Denne kverna var ei haudkvern, og det er ikkje utrulig at sume av desse i allefall opphaveleg hadde vore brukt å male korn på. Det finst fleire slike kverner enda i bygda. Her i bygdene var frå gamalt avla berre bygg. Som regel vart kornet tørka på trøsstugua før dei mol det. Ein tørka gjerne litt mindre det som skulle brukast til flatt- brød enn det som skulle brukast til graut. Dei skilde millom \[\_mala\] og \[\_ro\]. Ro var ei grøvre formaling, ei slags grøping. Etter at vi fekk bygdamylnar vart det å \[\_ro\], substantivet \[roning\], det same som å mala til dyrefor. Veggerond vart gjerne nytta til såkorn og til det beste mjølet. 2: Dei brukte stundom å sikte mjølet. Dei hadde små fine såld dei nytta til det. Slike såld finst enda i bygda. 3: Dei heldt for at mjølet vart betre når det hadde stått ei tid. 4: Ein brukte samnamnet ‘’gron’’. ‘’Gron og sugel’’, var alt ein trong. 5: Slattbrød, feittbrød, rumbrød, goro og avletto, var dei van- legaste brød og kakeslag her frå gamalt. Dei to siste var steikt i \[s. 2\] i jarn. 6: -Flattbrød, brukast mest til kvart mål og kvar dag. Til gjestebod baka dei gjerne noko tunnare og betre flattbrød, finbrød dei kalla. Feittbrød av mjølk og talg, bakt og steikt som flattbrød, men gjerne skore ut i tallerkenstore leivar. Rumbrød av rjome, baka likeeins. Helge- og framandkost. Noko skifte i brødslaga kjennast ikkje. Vi har her ikkje noko kakeslag med namn etter framande bygdelag. 7: Gjestvon ukjent. 8: Ukjent. 9: Det vart baka serskilt flattbrød til ‘’fint’’ bruk, sjå sp. 6. og 7. Det var almindelig ikkje nokon skilnad på husbond og tenar. Erterbrød vart halde som godt brød. Det var helst nytta til spekemat, men ofte åt dei det nok for utan \[?suvl\] på og. Det vart stundom baka serskelt \[\_sollbrød\]. Det var helst ikkje poteter i det og var gjerne litt simplare. -Før i tida hadde dei noko dei kalla \[\_tvisteikt\] brød. Det gjekk av bruk kring 1900-talet. Tvisteikt vil segja at dei halv- steikte ein leiv og så la dei ein ny leiv oppå han og steikte dei saman. Tvisteikt var best, sa dei gamle. Elles vart det fortalt om mykje simpelt brød, iblanda bork og mose, ja til og med halm, frå underskotsåra for korn i fyrste halvdel av det 19. hundradåret. Ho oldemor fødd i 1808 mintest borkebrødet. 10: Ukjent her. 11: \[\_Leiv\] er det er det utkjevla brødet både før og etter det er steikt. Ei brødskive kallast her \[\_Kakuskive\]. 12: Mjuk lefse slik ho bakast her i bygdene i dag er det alltid poteter i. Ho kjevlast ut som \[s. 3\] vanleg flattbrød, men steikast ved sterkare varme og snoggare, slik at lefsa blir mjuk når ein tek ho av takka. Ein legg lefsene saman på ein serskild måte. Ein kan og leggje vanleg hardbrød saman som lefser, og dei kallast da harde lefser. -Utan å kunne prova det har eg vore inne på den tanken at lefse opphaveleg var vanleg flattbrød, kanskje av betre kvalitet, som var lagt saman på ein serleg måte. Denne måten å leggja flattbrødet saman som lefse høve godt for å få det i nisteskreppa, og nyttast enda for flattbrød (harde lefser) til utnisting. Vanleg mjuk lefse bakar ein helst til gjestebod og dei store høgtider. Ein kan nok baka lefse til kvardags og, men ho står seg ikkje lenge og kan ikkje \[-oppebevarast\] oppevarast lenge. Lefseklining kjennast. Ein kan kline lefsa med så mangt, rømme, nykinna smør, sirup osv. Frå gamalt laga dei noko dei kalla \[\_blandasmør\] dei brukte mykje til lefsekli- ninga. 13: Alt flattbrød vart som regel bretta her. Det vanlege er å brette i to så leiven får form av ein halvmåne. Det brødet som skal vera niste mat brettast på ein serskild måte slik at det får ei firkanta form (harde lefser). Vanleg mjuk lefse brettast saman i fire tjykner slik at ho får form av ein sirkelsektor. Leiven brettast med han ligg på takka. Ein let gjerne leiven liggje litt på takka etter- som ein brettar han. Ein ligg alltid farg på flattbrødet etter at det er bretta. \[s. 4\] 14: Vanleg tok ein ein deigklatt av den gjæra deigen og tørka i eit lite trefat som gjerne vart kalla \[\_gangkoppen\]. Når dei skulle baka neste gong slo dei litt vatn på den tørka gjæren eller surdeigen ,og som regel tok han da til å gjære på ny. Denne gjæren vart kalla for \[\_est\] eller \[\_fatgang\]. Det hende nok at dei lånte gjær av kvarandre. 15: Ein brukte surdeig til baking av vanleg omnsbrød og til \[-valeg br\] ølbryggjing. Sjå elles svar til 14. 16: Knepet med å laga grop i deigen og stikke ei brennande stikke nedi er kjent. Slokna stikka var deigen ferdig. – Nå brukar ein gjærbrød til dagleg. Før i tida – 50 år sidan – var gjærbrød meire sjeldan brukt , i gjestebod, ved høgtider o.l. 17: Det segjest at steikinga tok lenger tid når deigen var gjære med surdeig. 18: Hardt gjæra brød kjennast ikkje, det vart før baka kake av gjæra deig som ein klappa ut med hendene så ho vart rund og flat. Slik kake kallast \[\_tunnkaku\] 19: Dei fleste større gardar hadde bakaromnar av stein. Noko riss kan eg ikkje laga. Som barn har eg såvidt sett ein slik, men nå er alle borte. 20: Det hende nok at fleire brukte same omnen. 21: Kan eg ikkje svara på. 22: ---- ‘’ ---- ‘’ -----‘’ --- 23: ---- ‘’ ----- ‘’ ---- ‘’ 24: Måten med å steikja millom 2 takkar er kjent. 25: Ukjent. \[s. 5\] 26: Ukjent. 27: --- ‘’ --- 28: Ein hadde gjerne store \[?\] eller bøler ein hadde flatbrødet i. Flattbrød kunne lagrast heile året. Mjukt brød gøymde ein i tette koppar, men det vart sjeldant gamalt. 29: Ukjent her. 30: --- ‘’ --- ‘’ 31: Ja, kaker av mjølk og mjøl vart steikte på takka. Likna pannekake. Vart kalla for \[takkaku\]. Var kvardagskost, men heller sjeldan brukt. 32: Ukjent. 33: Vaffel-, gogo og avletto. Gjestebodsmat. Røra til desse kakene kallast \[\_mauk\] m. 34: Borkebrød vart nytta i hungssåra. Ho olde- mor fødd i 1808 mintest borkebrødet. 35: Veit ikkje. Borken vart luta, segjes det. 36: Veit ikkje. 37: --- ‘’ --- 38: --- ‘’ --- 39: Mose har vore nytta. Det var den vanlege brødmose som vart nytta. 40: Sjå 39. 41: Ukjent.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste