Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_1067_Øs_Onsøy
Transkripsjon av filen #NEG_3_1067_Øs_Onsøy
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Det ein brukte å "bryne" "jaen" med heitte "senne". "Senna" \[Figur. Tegning av senne, med angitt lengdemål: 25 cm\] Den var eitt strøk. Sjølv bruka han to strøk, for det tok litt betre når det ikkje var så breidt. Til kniv, øks og hoggjern bruker dei "bryne". Det var ynse slag av dei. Nokre kalla dei "Trondhjems- bryner" Dei var 20-25 cm. Andre var korte. Det var naturstein. Ikkje høyrt namnet hein. 2: Naturstein. Sennene kjøpte dei hjå jernhandlarane i Fredrikstad. Ikkje brynestein her i bygda. 3: Slipte ikkje "jaen" før på slipestein. Dei slipte den opp ved å gnu med senna. Slipte øksar og snikkerredskap på roterande slipestein. Det var ikkje slipestein på kvar gard i den tid. \[s. 2\] 4: Har ikkje høyrt om tynning. 5: Ikkje stor stein til sliping som låg i ro. Hadde ein snikker her som hadde ei vanleg senne som låg felt ned i eit plankestykke og låg fast. Førte høveljerna og nokre av hoggjerna på dei. Slipte av og til på slipesteinen når jerna \[Figur. Tegning av senne nedfelt i et plankestykke, hender som holder et jern som slipes.\] hadde fått hakk og dessutan vart dei litt tjukke i eggen når dei brynte på den slags senne. Hadde sjølv ei slik også som han laga seg sjølv til å bryne snikkerjerna med. Det var bare snikkarar som hadde dei. 6: Slipte aldri jaen då han var liten. Bror til kone har ikkje slipt ljaen i det heile taket. Sliping kom i bruk i 1890-åra. 7: Brukte bare "senna" og "sandstikke" på jaen. Sandstikka var av eik. ca 40 cm lang og hadde håndtak \[Figur. Tegning av sandstikke\] omlag slik. prikka hol med ein "sul" eller knivsodd. Knuste ei gamal senne med ein hamar så den vart til sand. Hadde fett på senna og smurte inn sanden med den. \[s. 3\] 8: \[-Folk\] Sjølv har han slipt med "ørvet" på. Lar orvet ligge over eine skuldra og "sliper mot" Mange plar gjere det. På høvlerier sliper dei "med eggen". Slipar ljaen på båe sidene. 9: Sat på eit nek eller ei tue. La eine foten over orvet. Bruka å ta eggen til seg fyrste gongen. Det vart ei blå rann i eggen etter sandstikka. Skulle bryne så lenge at den blå ranna gjekk ut. Måtte sitte slik at det kom skugge på den blå ranna, i sol var det vondt å sjå den. \[Figur. Tegning av mann som bryner ljå med senne\] Satte v. albuen i sida og heldt i ljaen. Ljaen stod ikkje rett opp men på skrå framatt. NB. Dette er litt forkjert på teikninga. "Fangørvet" brynar dei slik som på teikninga. Men Fangørvet brukar dei mindre her. Her har dei et stuttare "ørv". Sandstikka stod ei og "strøk" Det var eit par "smystolar" på ørvet som ei stakk sandstikka inni. \[s. 4\] Senna låg i ei bytte med vatten og den hadde dei ute med på åkeren når dei "meia". Slåmaskinen kom då han var liten. Hadde senna med i slåtten også. 10: Hadde ikkje "bryne" med seg. Brynte oftast kvart mål. \[Figur. Tegning av sittende mann med ljå, orvet ligger på bakken. Tekst: rett stilling for vanleg ørv\] Var kornet vondt å skjære måtte ein bryne jamt med senna. Ikkje \[?horn/korn\] 13: Har vatn på senna. Brynene spytta dei på eller dyppa i vatten. Ikkje olje på bryner. 14: Ikkje serleg ord. 15: Ikkje brukt til noko. 18:
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste