Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_1066_Øs_Skjeberg
Transkripsjon av filen #NEG_3_1066_Øs_Skjeberg
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Bruka "senner" til "jaen" før. "Bryna" jaen. \[Figur. Tegning av senne med mål og beskrivelse: 21 1/2 lang, 8 bred. Angivelse av "enkelt strøk" oppe, "dobbeltstrøk" på den delte siden.\] Hadde "bryner" til kniv og øks. Ikkje høyrt ordet hein. 2: Nå brukar ein kunststein. Før var det naturstein, men den kjøpte dei hjå handelsmannen \[Figur. Tegning av kniv- og øksebryne.\] Nokre var litt breidare enn denne typen, men det var forskjellig. Ikkje brynesteinsberg her i bygda. 3: Finnare jern bare bryner dei. 4: Har høyrt om at dei "hamra ut" ljaen, men veit ikkje meir om det 5 Ikkje høyrt om stein som låg stille. 6: Nå slipar ein annankvar dag på slipestein. Før slipa dei mest \[s. 2\] aldri ljaen, bare senna. Dei fortalde om ein mann som ikkje hadde slipestein i det heile. Han la opp eggen med senna, og det var den beste ljaen han hadde hatt. Brynte ljaen med senna kvart mål. Hadde senna med i ei "bytte" ute på jordet for det tilfelles skuld at dei steinhogg. 7: Hadde med seg "sandstekke" som var laga av eik. Krok nede og hake oppe på ørvet, og stikka hang der heile tida. Prikka hol i stikka med ein grov "sul". Så hadde dei knust ein gamal sennestein og smurte på sanda med fett og tjære for at det skulle sitte. "Strøk" eit par gonger i \[?"beta"\] og klarte seg utan å bryne heile \[?beta\] då. \[Figur. Tegning av sandstikke, med tekst: var omlag 1 alen lang.\] 8: Nå sit ørvet på ljaen når ein slipar. Før var steinane mindre, og da var det vanskeligare. Før hadde ein ringar og slo ljaen fast med kilar, så det var litt vrient å få av ljaen. Sume bruka vidjer eller granrøter til å "jure" ljaen på med. 9 Slipar ein med ørvet på, held ein i "ørvet" med venstre handa og i ljaen med høgre. Steinen sviv mot ein. Kan også sette ørvet i bakken når ein har dei \[s. 3\] store moderne steinane. Det kan då være det same kva veg ein snur steinen. Kan ha eggen både frå og mot seg. Brukar ikkje stuttorv. 10: Har brynet i bukselummen når ein skal ha det med seg. andre bærer brynet i ei bytte. Når ein bryner med senna, sit ein på ei tue. Når ein stryker står ein og tar annankvart tak over og under. Med senna bryner ein fyrst ferdig eine sida, så den andre. 14: bruker den til sandstikka. 15 o.s.b. ikkje skikkar eller ramser.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste