Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_1061_Ak_Setskog
Transkripsjon av filen #NEG_3_1061_Ak_Setskog
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
"Bryne" er det vanlege ordet og der er ikkje minne etter nokon andre måtar. Senner har ingen høyrt om. Heller ikkje hein. 2: Nå brukar dei bryne av kunststein. Før av eit slag berg. 3: Dei brukar slipestein som roterar. Deretter kvesser dei med bryne. 4: Der er ikkje minne etter tynning av ljåen. 5 Heller ikkje veit dei av nokon stor stein som låg stille. 6: Dei slipte ljåane før kvar økt. Og det var ikkje tale om å klare seg i lengre tid bare med brynet. Minst ein gong til dagen måtte dei slipe ljåen. 7: Dei bruka "smekestikke". Den har dei til vanleg festa på "ørvet" nedmed "jaen". Den var laga av oretre og var bortimot ei alen lang. Dei prikka små hol i den og hadde fin sand i. Så "smeka" dei ljåen \[s. 2\] \[Figur. Tegning av smekestikke med tekst: Hadde omlag denne formen\] 8: Orvet vert teka av ljåen når dei slipar. Dei fleste held eggen frå seg når dei slipar, men sume har eggen vendt inn mot brystet. Dei slipar alltid mot eggen. 10:-11 Dei hadde berre brynet i lummen, aldri høyrt om holkar eller horn 13 Dei spytta på brynet men ikkje væte på trebrynet.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste