Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_1057_Øs_Aremark
Transkripsjon av filen #NEG_3_1057_Øs_Aremark
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ein segjer "senner". Men det heiter "å bryne jaen" (pl. jar). Knivar og øksar vert brynte med "bryner". Hein er ukjendt. 2: Desse sennene var "uthøgne tå slette fjellet i Sverige" Kinnakulle hette den staden dei fekk beste sennene frå. Der er nokre nyare som er gjort av sement. Dei gamle sennene kjøpte dei i Fredrikshald. Før kosta senna 16 skilling (ca 60 øre) 3: Slipte ljåen på slipestein med ein gong ein hadde kjøpt den, for då var den bare smidd. Dei "måtte på slipestein" med ljåen. Slipesteinen stod i ein krakk og vart dreia med handkraft. Ei alen i diameter. Nokre hadde "gørstore" slipesteinar, men det var bare enkelte som hadde slike. Etter at ljåen var slipt måtte ein "bryne" med senne. Slipte \[s. 2\] aldri ljåen etterat den fyrst var slipt ein gong. "Brynte" 4-5 gonger til dagen. Var det stein og rask i engen, stod det ikkje så lenge kvar gong. Har ikkje fastliggjande slipesteinar. "Høveltennane", saksen, knivar og alt blir slipt på slipesteinen. 4: Har aldri høyrt om at dei tynna eggen med hamar. 5: Ikkje fastliggjande slipestein. Slipesteinen stod alltid heime ved veggen, helst i friluft, men nokre hadde den i skjul. 6: Sjå under punkt 3. 7: "Jastikker" var brukte. \[Figur. Tegning av en jastikke.\] Dei hadde handtak. Var "1 1/2 finger" breide og 1 1/2 fot lange. Det beste var "or" men asp mest likegod. Før bruka dei mykje ek, men den var "noe hard" "Men nå kan ingen hverken bryne eller slå, for nå er det maskinane" Dei hakka inn i "stikka" med "ein sul" \[-og\] (syl) og hadde på det som \[?gruerast\] av senna, det var det beste. Tok annatkvart tak over og under eggen. Hadde "ørv- "ørv" NB (Det skulle gå frå ogla og til armhola. Hadde 2 knaggar.) Når ein brukte stikka, det heitte \[s. 3\] "å stryke", da stod ørvet i bakken og ljåen frå kroppen. Slik er det omtrent både i Id Berger og Merker. \[Figur. Tegning av person med ljå og stikke\] Nokre få brukte tjere men det var få. "Det var jo allti noen raringar imellom, vet De" 8: Orvet er ikkje på ljåen når ein sliper. Ein sit og held ljåen med begge hender. Ein "sliper med" steinen, ikkje "i mot". Har sett dei har gjort det på begge måtar. Ein held eggen frå seg. 9: Når ein bryner med senna sit ein på ei tue eller eit kvart og held \[-Bryna\] "senna" i eine handa. Ljåen ligg oppetter mot skuldra og orvet, som sit på, ligg frametter mot marken. Mellom beina eller ved eine tåa stod "brynebytta \[Figur. Tegning av person som sitter med ljå støttet av venstre hånd, og bryne i høyre hånd\] \[s. 4\] Ein dyppa senna i bytta og Ein brynte heile undersida fyrst og det med eggen. Når den var ferdig, brynte ein oversida, og då med eggen. \[Figur. Tegning av hånd med bryne/senne og tekst: bryner med denne sida. bryner med kanten som er ca 4,5 cm tjukk. Det varierer ettersom karane har tjukke eller tynne hender\] Etterson ein flytta på marka flutte ein "brynebytta" med seg. Senna låg i vatnet i bytta. Hadde senna med seg opp i myrane. Brukte opp ei senne pr. sumar. Der er ikkje stuttorv. 10: Bryneholkar brukar dei ikkje her. "Stikka" stod fast i to halvklyper på "ørvet". 11 Nei 13 Sjå 9. 14: Det mjølet låg igjen i botn på "brynebytta" og ein hadde det på stikka, men det hadde ikkje navn. 15, 16 Nei 17: Har ikkje høyrt det 18: Nei 19: Spytta ikkje på brynet.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste