Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_897_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_3_897_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_1.\] Vanleg ord er bryne. \[\_2.\] I eldre tid var det naturstein. Det fyrste han far minnest (far fødd 1883) hadde dei noko bryne dei kalla "Aurekvaolsbryne". (Truleg frå Hardanger). Eilev Øvsthus fødd 1827 hadde bytt til seg nokso mykje av desse bryni. Har ikkje høyrt um at dei fann bryne på desse kantar. \[\_3.\] Ljåni vart ikkje slipte i eldre tid. \[\_4.\] Min oldefar var den fyrste her på garden som slipte ljå. Han var fødd 1827, men han kjøpte ikkje steinen før etter at godfar var vaksen, so det laut vera etter 1875: Før den tid brukte dei "tynsleljå". Dei var ikkje slipte, men dei banka (eller tynte) ut eggi men ein hammar og so sidan brynte egg i ljåen. Det var helst gamle karane på garden sitt arbeid til å sitja i smidja. På vår gard, fortalde godfar, at i hans barndom var det hans godfar (Ivar E. Øvsthus) som sat i smidja alle laurdagar medan slåtten stod på, og tynte ljå. Den fyrste ljåsteinen (slipesteinen) på garden var ei grynkvern og me har endå steinen. \[\_5.\] Har ikkje høyrt om det. \[\_6.\] Etter ein tok til med slipeljå, ymsa det mykje kor lenge ein brukte på ljåen, alt etter godleik og graset ein skulde slå. Det vanlege var ein ljå på øykti. (millom måli). \[\_7.\] No etter slipeljåni kom i bruk er det helst eit bryne som vert brukt. I dei seinste 15 åri er det sume som har smergolbryne og. Men før den tid var det og brukt ei trestikke som dei strauk ljårne med etter bryning. Den stikka kalla dei for "kvåtestikke" og kunde vera så ymse laga, alt etter handalage til eigaren. Sume var utskorne på halde. \[\_8.\] På stuttorvi sat ljåen fast alltid når dei slipte, men på langorvi tok dei ljåen or. Ljåni på stuttorvi var festa med ei vidja, som var drive ein trepenn innmed, likein som me brukar til dagsdato. Men ljåni på langorvi var ofte festa med ein lang reim, med ein trepenn. Men no er dei fleste som brukar band av jern. Dei heldt eggi mot seg når dei slipte. \[s. 2\] 9: Dei heldt då som no, ljåen på tvert framun seg. Langorvi vart sette ned i bakken med enden. Stuttorvi heldt ein millom føtene, på den måten at ein slengde føtene i kross. 10: Det som ein ber brynet i heiter bott i den eldste tid, men no i det seinste er namnet slonka og brukt. Det fyrste far minnest var det berre trebottar. (Eilev Øvsthus fødd 1883), ein trestokk som var or- graven. No i den seindre tid er det helst blekkbottar som vert brukt. 11: Dei elste hadde festa botten mitt framum i livreimi No er det bak dei ber botten. 13: Har ikkje høyrt om noko anna enn vatn. 14: Brynesev. 15 til 20. Har ikkje høyrt noko. \[s. 1 Handskrive\] \[\_1\] Vanleg ord er Bryne. \[\_2\] I eldre tid var det naturstein. Det fyrste han far minnest (far fødd 1883) hadde dei noko bryne dei kalla "Aurekvaolsbryne" (truleg frå Hardanger) Eilev Øvsthus fødd 1827 hadde bytt til seg noko mykje av desse bryni. Har ikkje høyrt um at dei fann bryne på desse kantar. \[\_3\] Ljåni vart ikkje slipte i eldre tid. \[\_4\] Min oldefar var den fyrste her på garden som slipte ljå. Han var fødd 1827, men han kjøpte ikkje steinen før etter at godfar var vaksen, so det laut vera etter 1875: Før den tid brukte dei "tynsleljao". Dei var ikkje slipte, men dei banka (eller tynte) ut eggi med ein hammar og so \[s. 2\] sidan brynte egg i ljåen. Det var helst gamle karane på garden sitt arbeid til å sitja i smidja. På vår gard, fortalde godfar, at i hans bardom var det godfar hans (Ivar E. Øvsthus fødd 1807) som sat i smidja alle laurdagar medan slåtten stod på, og tynte ljå. Den fyrste ljåsteinen (slipe- steinen) på garden var ei gryn- kvern og me har endå steinen. \[\_5.\] Har ikkje høyrt um det. \[\_6.\] Etter ein tok til med slipe- ljå, ymsa det mykje kor lenge ein brukte ljåen, alt etter godleik og graset ein skulde slå. Det vanleg var ein ljå på øykti (millom måli) \[\_7\] No etter slipeljåni kom i bruk er det helst eit bryne som vert brukt. I dei seinste 15 åri er det sume som har smergolbryne og. Men før den tid var det og brukt ei trestikka, som dei strauk ljåen med etter bryningi, den stikka kalla dei for "kvåtestik- ka og kunde vera so ymse laga, alt etter handalage til eigaren. Sume var utskorne på halde. \[s. 3\] \[\_8\] På stuttorvi sat ljåen fast al- tid, når dei slipte, men på langorvi tok dei ljåen or. Ljåni på stuttorvi var festa med ei vidja, som var drive ein trepenn innmed, likeins som me brukar til dagsdato. Men ljåni på lang- orvi var ofte festa med ei lang reim, med ein trepenn. Men no er dei fleste som brukar band av jern. Dei helt eggi mot seg når dei slipte. \[\_9.\] Dei helt då, som no ljåen på tvert framum seg. Langorvi vart sette ned i bakken med enden. Stuttorvi helt ein millom føtone, på den måten at ein slongde føtone i kross. \[\_10\] Det som ein ber bryne i heiter bott i den elste tid, men no i det seinste er namnet slonka og brukt. Det fyrste far min - nest var det berre trebottar, (Eilev Øvsthus fødd 1883) ein trestokk som var orgraven. No i den seindre tid er det helst blekkbottar som vert brukt. \[\_11\] Dei elste hadde festa botten mitt framum i leivreimi. No er det bak dei ber botten. \[s. 4\] \[\_13\] Har ikkje høyrt um noko anna enn vatn. \[\_14\] \[?Brynesev.\] \[\_15 til 20\] Har ikkje høyrt noko.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste