Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_799_Øs_Glemmen
Transkripsjon av filen #NEG_3_799_Øs_Glemmen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det vanlige ordet er her \[\_bryne\], sjeld- nare \[\_brynesten\]. Ordet hein kjenner dei ikkje. 2: Nå vert det brukt bryne av både kunst- stein og naturstein. I bygda finst ikkje emne til naturstein-bryne. I eldre kom visstnok ein del stein frå Eidsborg i Telemark, men elles veit folk lite greide på dette. Litt kom frå ut- landet og, kanskje helst med heilt til- fellige skuter. 3: Nå vert alle reidskap først slipt på rund slipestein, men før var det ikkje uvanleg at ein sennestein vart brukt til mindre reidskap som høveltenner, knivar o.l. Men ein sennestein lage aldri fin nok egg, etterpå brukte dei brynet. Ennå finst bruken av senne- stein, men det er svært sjeldan. 4: Så langt nokon av mine heimels- menn veit, har ljåen vorte slipt. Ordet tynsleljå er heilt ukjent her. 5: Sjå under nr 3! Slipesteinen sto alltid heime ved husa. \[s. 2\] 6: Nå bruker ein ljå so lite, men før var det vanleg å bruke to i økti. 7: Som regel nå bare eitt bryne. Bryn- stikka er ikkje i bruk, men eingong for 60-70 år sidan brukte dei stikke, og då var det vanleg at dei laga ho av eik, eller ein annen hard lauvved. 8: Ljåen sit på orvet når dei sliper. Før - tok dei den av og heldt eggen mot seg når dei slipte. 9: Stuttorv vert mest ikkje brukt her, men langorvljå bryner dei på den måten at dei set eine enden av orvet mot marka og legg so venstre handi og underarmen fram etter låen medan dei bryner med høgre. 10: Merkelig nok kjenner ikkje nokon av mine heimelsmenn noko serleg namn på koppen som brynet vart bore i, og som regel vart ingen serleg tillaga kopp brukt til det, og den bar dei so med seg i handa og sette han frå seg på marka eller ein stein med dei slo. 11: Nei, brynet sto i koppen eller låg ved sida. 12: - Sjå ovanfyre. 13: Ja, ein fuktar båe slag bryne, der- som det ikkje er dei reine carborundum- bryna. Ein fuktar dei med vatn, for det meste, svært seldan med olje. Det kan vera i serlege høve. 14: Mjølet kallar ein for brynegrut. 15-20. Kan diverre ikkje gjeva noko svar, då det er heilt uråd å få sikre upplysningar.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste