Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_503_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_3_503_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det som dei kvesser ljå, skjero, øks og andre store eggjønn med, heiter \[\_bryne\]. \[\_Hein\] er eit finare slag, som nyttast til mindre og finare ting, som kniv, høveltann o.l. Arbeidet med å bruke anten bryne eller hein, kallast \[\_å kvetja\]. 2: Inntil rundt 30 år sia, var det naturstein. Det fins brynstein i bygda, ved Kupgrovi nord for Grotli. Men dei aller fleste bryne kom frå Skårvangen i Vågå, skårvangsbryne. Det var folk frå der som for rundt og selde bryne. I Skjåk er det ikkje kjent at nokon gjorde seg næring åv å selja. 3: Alle store egg-jønn vart fyrst slipa på slipe- stein, \[\_når dei var mykje skjemde\]. Var det berre lite om å gjera med eggi, greidde det seg med bryne. Råkåkniv, treskjerarjønn o.l. vart ikkje slipa på slipstein. 4: Bestefar min, f: 1821, fortalde at \[\_før\] hadde dei ljåar dei kalla \[\_tynnings\]ljåar, som ikkje vart slipa på rund stein, men banka ut. Truleg var skikken gått av bruk før hans tid, så han berre hadde høyrt om det. Det fins att namn som tyder på at dei \[s. 2\] hadde med seg serskilte steinar å kvetja ljåen på i slåtten, t.d. Kvatsteinslette. 5: Slike steinar er ukjende for meg. På seterkvear kunne det nok hende at dei hadde med seg slipsteinen i slått-teigen. Det var helst ein liten, utbrukt slipstein som hadde vore bruka heime på garden før. Han var lett å frakte med seg. 6: Ein flink slåttkar trengde ikkje slipe ofte. Det gjorde så mykje korleis lendet og graset var. Hadde han gode bryne, slo han heile dagen utan å slipe. 7: Til ljå er berre stein-bryne kjent. Men det kunne vera fleire slag, grove og fine. Ein kunne da fyrst kvetja med det grove og så gjera fin-egg med eit finare. Ikkje alle ljåar ville ha same slag bryne. Det skilde seg mykje korleis ljå-eggi var, hard eller mindre hard. – Til finare egg-jønn, råkå- kniv o.a. har eg sett at trestikker har vore nytta. Stundom har det vore pålagt bly-reimer eller lær, eller trestikka var påsmurt olje. 8: Ljåen sit på orvet når ein slipar. 9: Ljå på vanleg orv held ein under vinstre armen med nebben utover – frå seg – når ein kvet. Undersia av ljåen vender da mot høgrehanda som fører brynet, og det er da vanleg å ta to drag med brynet på slipsia, oppsia på ljåen, og eit drag på ned-sia. På den måten blir dei viss takt i kvetjingi. 10: Koppen som bryni er i, heiter brynkakk eller kvathakk. Han var av tre med eit opptåande handtak på eine sia (ein hakk). Kvathakk var helst nytta når det var fleire slåttkarar \[s. 3\] saman. Var det berre ein, gjekk han gjerne med ein \[\_brynstokk\], som var festa i beltet (eller bukselinningi.) 11: Ukjent. 12: Brynstokken, som var svarva av eit stykke tre, med jønnholk øvst ved kanten, og krok til å hange etter, var helst festa i beltet eller bukselinningi midt bak. Det var nok dei som hengde han ved sia med. 13: Alle bryne av naturstein vart vætte når dei kvatte. Det er somme kunststeinbryne som blir vætte, men ikkje alle. 14: Brynsand kallar ein det mjølet som blei ved kvetjing. 15: Ikkje kjent. 16: -- « -- -- « -- 17 -- « -- -- « -- 18 -- « -- -- « -- 19 -- « -- -- « -- 20 -- « -- -- « --
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste