Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_358_Ho_Evanger
Transkripsjon av filen #NEG_3_358_Ho_Evanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Eit bryne, er vanleg ord for bryne, å bryna, er vanleg nemning når ein bryner. Hein (ein) er namn på sers fine bryne som ein kann bruka til å bryna (å heina) barberknivar og andre knivar som ein vil hava serleg kvass og fin egg i. Bryne som vanleg er i bruk no er av kunststein, men for umlag 20 år sidan var det mest bryne av naturstein som var i bruk. Her i bygdi kjenner ein ikkje til at slik brynestein var å finna, det var helst bryner som kom frå Grimo, Hardanger. Desse var ferdigsaga eller slipte det siste, men det fyrste eg hugsar (ca 35 år sidan) og frametter ei stund, måte ein skura slike bryne på ein gamal kvernstein eller annan kvass stein so ein fekk slette sider fyrr ein kunde bruka dei å bryna betjarn med. Ljå, økar, knivar sigdar o.l. vert alltid fyrst slipt på runde slipesteinar fyrr ein bryner, ein bryner tilslutt for å få kvassare og finare egg. Slik som \[s. 2\] høveltenner barberknivar, brødknivar og andre finar knivar vert no vanleg berre brynte, ein brukar no helst karborundumbryne, som er sers fine på eine sida og litt grovare på andre. Med slike bryne kann ein halde fin egg utan sliping. Ein kann høyra fortalt um at i eldri tid vart ikkje slipt\[-e\] (2) ljåen(1), men den vart tynnt med hamar Men eg hev ikkje råka på folk som hugsar når det var i bruk, eller når sliping av ljå kom i bruk. Det var gjerne so at flinke folk tynnte sine ljå sjølv, her på garden, og eg hev sett fleire slike, er tynnslestede, eller \[\_dragsted\] (ein), som me segjer. Kvar tid det vart gjort kann eg ikkje svara på, men det vart trulegast utført heime på garden i smidja. Ein kjenner ikkje til at litt større steinar vart brukt til å føra reidskapen fram og attende på, for å kvessa den soleis, men høveltenner vert slipt på den måten no, då ein brukar karborundumbryne som ligg roleg og ein fører høveltanni fram og attende til den er kvass. Den måten vert brukt av fagsmidjaren og vert etterkvart brukt på gardane og. Slipesteinen står alltid heime eller på ein fast plass. Der ein hev bekkjer eller vassfall i nærleiken av husi hev ein gjerne ein slipestein der, som \[s. 3\] vert driven rundt med vasskraft. Der det er usikkert med vatnet må ein ha ein heime hjå husi og. Ein kann ikkje segja kor gamal skikkenmed sliping er. Kor lengje ein kann bruka ljåen fyrr ein sliper kann vera ymse, alt etter kor flink brukaren er å bryna og til å vara ljåen so ein ikkje skjemmer den for mykje. Eg hugsar bestefar fortalde at han mange gonger hadde bruka same ljåen heile dagen utan sliping. No ein gjerne brukar smergelbryne atti- millom kan ein nok og greida seg ein dag utan sliping, men vanleg må ein slipa ljåen 2-3 gonger, eller helst 2-3 ljå som ein sliper med ei gong og so byter ljå. Ein hev gjerne eit grovare og eit finare bryne. Det grovaste brukar ein når ljåen tek til å skjemmast til å skura den uppatt med, ein brukar so det fine bryne etterpå. Bryne av tre kjenner ein ikkje til hev vore brukt her. Ljåslikka (ei) er eit ord ein brukar på eit lite stålstykke som ein gjerne stryk yver ljåen med etter bryningi, og som samstun- des vert nytta som skrutyket til å låsa skrua som ljåen er fastsett i arvet med, men ein brukar skruband \[Figur: Teiking av ljåslikka\] ca 2,5 cm breid, ca 20 cm lang. Slik ser ljåslikka ut og er umlag 0,5 cn tjukk i breideste enden, og tunnsmidd \[s. 4} i tunnaste enden. Det vert bruka å slipa ljåen både med og utan orv. Det er mest valeg å slipa utan orv då ein helst brukar skruband til å festa med. Ein held alltid eggi imot seg når ein sliper, eg hev aldri sett eller høyrt gjete noko anna. Når ein bryner langorvsljå, set ein orvet i marki for høgre foten med ljåen i den enden som er upp. Ein snur orvet slik at ljåen peikar ut til høgre Ein held so yver ljåen med venstsre handi og bryner skiftevis på båe sider med høgre handi, ein tek gjerne ljåen i 3-4 avsnitt alt etter kor mykje ein svingar brynet, det kann då ymsa noko. Ved bryning av sttorvsljå er det mest vanleg å halda orvet i skrittet millom føtene, og so halda i ljåen med venstre handi og bryna med høgre, liknande som for langljå, ljåen vendt til høgre sida. Ein kann og sjå, serleg eldre folk, bruka å smetta stuttorvet innom beltereimi på høgre sida, med ljåen vendt til høgre, og elles bryna, som fyrr nemt. Det som ein hev brynet i vert kalla \[\_slunka\] (ei), den kann vera av blekk eller tre. \[s. 5\] Mest vanleg er den av blekk, eller og sink, dei er vel so gode med di dei ikkje rustar. Ein kjenner ikkje til at horn hev vore bruka. Ein ber bryneslunka etter ein krok som ein hektar i sylja eller i ein ring i eit belte ein gjeng med. Mest vanleg er det å bera den på høgre sida, men det vert óg bruka å bera den fammanfor litt til høgre. Det er vanleg å hava vatn i lunka so brynet er vått, anten so det er natur- eller knunststein. Men ein set gjerne bryne av kunststein inne med olja fyrr ein tek det i bruk, so brukar ein vatn sidan. Svært sjeldan hev eg set bryne av knuststein bruka turrt. Slik sev som kjem av bryne når ein bryner kallast for \[\_brynekvoda\], og brynekvoda er ei gamal kjendt råd mot ringorm. Brynekvoda med mest mogeleg sev i vart då lagt direkte på såret utan å vera blanda med noko. Ein kjenner ikkje til at den vart eller er brukt til noko anna lækjemiddel. Ein kjenner heller ikkje til at bryne- steinen vart betre ved å leggja anten imaurtuva eller jord. Heller ikkje kjenner ein til forteljingar um at brynet talar, eller andre ramser.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste