Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Brynet
NEG_3_256_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_3_256_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Bryne (eit), verbet er bryne. For kniver held ein brynet stille og fører kniven over bryne, elles held ein vanlig \[?eggjarnet\] stille og førr brynet att og fram over eggen. Ei serskilt form for bryning er å kvetja ljåen. Hein er eit finare bryner som ein anten brukar åleine eller baketter eit vanlig bryne for å få finare egg. Verbet er å heine. Hein er hokjøn. 2: Det er mest brukt bryner av kunststein. Naturlig brynestein er det lite av i bygda, men den steinen som er har nok av og til vore nytta. Frå gamalt var det kjøpt brynestein frå Vågå (Skårvangsbryner) og andre stader. 3: Såvidt eg kjenner til vart alle reidskapar fyrst slipte. 4: Gamle folk hugsar at dei har høyrt fortalt at dei før i tida banka ljåen tunn istaden for å slipa han. 6: Ein slipar gjerne ljåen til kvar økt, men det har jo litt å segja korleis slåtten er. 7: Det hender ein brukar fyrst eit grøvre og så eit finare bryne. Slåttekarar frå her i bygda som var utanbygds på slått kunne fortelja at dei i sume bygder brukte sandstikker til å bryne med. Det var treskykker duppa i våt sand. 8: Ljåen sit alltid på arvet når dei slipar han. 9: Ein set arvet i bakken, \[-eg\] slik at den enden av arvet ljåen sit på når opp i vinstre armhola. Slåttarv brukast ikkje her i bygda. \[s. 2\] 10: Brynstokk eller brynkopp. Laga av tre. \[Figur: tegning av brynstokk\] Brynstokk. 12: Slåttekaren har ljåbelte. Og brynstokken heng i beltet midt på baken. 13: Ja ein brukar alltid vatn. 14: Brynsand. 19: Det var almindeleg brukt og spytte på brynet eller heina når ein brynte anna enn ljå. Om det låg nokar djupare meining bak det er uvisst.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste