Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Veving
NEG_44_10695_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_44_10695_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_1.\] Mansklær. Til mansklær brukte ein helst vadmel. Det brukte ein til \[?trøri\], bukse, vest og undertøi for om lag 100 år sidan. Elles brukte ein og mykje skinnklær. Det brukte ein til bukser, vest og sume tider jakkor og. \[\_2.\] Til kvinneklær brukte ein helst einskjefte Einskjefta skulde vera vovi av serleg tunn heimespunnen ulltråd. Til bruradøsser skulde varpe vera så tunt at ein kun- de træ renningen gjennom gifteringar. Til trøier brukte ein og einskjefta og til understakka. Mange brukte underklær og av same vevnad. Elles kunde dei og bruke triskjefta til understakka. Min mors brudeskjørt. Det var kvitt heimevove med mykje innslag av tjukke bomuldstrådar. Underskjørtet skulde vera så stivt at det stod på golvet. Det var i krenolinens tid for 100 år sidan \[\_3.\] Menn brukte mykje vadmel til undertøi sume kunde no bruke einskjefta og. Kvinnone skulde gjerne ha 3 underskjørt på seg med ei gong når dei skulle vera til kyrkje eller i festleg samver. \[s. 2\] \[\_3.\] då kalla dei den stakken som var næraste «horla» so kom stakk nr 2 og deretter gjerne ein kvit stakk i bomuldsvevnad. dersom det var sumartid. Om vinteren hadde dei fine rutute stakkar med bånd og gramaner på eller fløiel på. Det var retteleg eit fagert syn å sjå alle desse fine understakkane når folki kom køyrande til kyrkje joledag. Då batt dei op døssene og stakkane kom til syne. Desse stakkane var heimevovne og av ull makalaus fine fargar i rutete mynster. So vov dei seg gjerne ein herdaklut. Den kunde vera av einskjefta og i blåt eller raut rutete mynster. Min beste- mors brureherdaklut var voven i blåt Men min mors herdaklut var voven i raut gråt og svart – svert fin. Han er komen til Bygdø museum. 4 – Sengeomheng var vove sume tider av ull randute eller rutete, Andre vov det i bomuld med striper i av tjukka- re trådar. 5-. Lakener var vovne av lin. likeeins putevari, sengetreppi sume tider av ull andre tider av bonuld. Elles bruka dei mykje ullteppe å ligga i Dei kunde vera randute, gråe eller kvite med bord i endane. Dei var vovne som vadmel. Sume tider bruka dei bomuldsvarp til desse teppi. \[\_6\] Dukar og serviettar var heimevove av lin. Det kunde og henda at dei var vovne av bomuld. 7: Handklær var ogso heimevove av lin seinare vov dei og mykje av bomuld. \[s. 3\] \[\_8\] Dei gamle åkledi var serleg fine. Dei var vovne av ull i 8te blad rosur eller firkan- ta mynster i mange forskjellige mynster og fargar. Alt det garnet skulde vera plantefarga og varpe var 12 trådar lin Sume bruka ullgarn og til varp. Teppi var og forsegjorde. Her på Voss bruka ein mykje «Brokkkvitla» eller krokakvitla å breidde på sengene i bestemors tid og frarmetter. Dei er enno i bruk i dag på divanar og til veggpynt. Desse teppi var av ull med plantefarga garn – Varpe var bonuld eller hamp – sume tider av ull det og. Me hadd eit serleg mynster på bruarteppi Det var i raut blått og kvit. Det var i klos- termynster. Elles kalle me dei 8te blad rose teppe eller åklæ. Så var det krokakvitla eller «Brokkkvitla» på ekta vossisk -. Attåt dette var det billedveving. Det kun- de henda me fekk sjå slike og. Eg har sett eit stort bilætteppe på Bordalen som skulle symbolisera dei 7 kloge og dei 7 dår- lige jomfruer. Det var bra gjort for 200 år sidan om lag. Me har border her i ve- vingi vår som stamma heilt frå oldtidi Den skal vera frå Hellas. Min mors brura- teppe har de fenge til Bygdøy. Dei same teppi bruka dei alltid når dei bar born til dåpen. - I vår tid veva dei og mykje på Voss. Dei veva, Aaklæ, Brokkkvitla, vadmel, einskjefta, trisjefta, løpara, putor, bordukar, handklær, serviettar, ja so å segja alle slags bruksting. Me har slik ein god husflitskule her no. – \[s. 4\] I min mors ungdom skulde kvar bondegjente ha «heimegjerdsla» med seg. Det var ting som var laga i heimen so bruri bringa med i heimkoma si. Det var eit eller fleire åklæ, nokre brokkkvitlar, fleire ullkvitlar, ein vadmalsrull og nokre døss dette var av ull attåt dette hadde mange vove ein linvev. Det vart då til handklær, dukar, sengespreide og understakkar. Eg har ein kvit understakk etter mi mor Midt oppå er det innvove tjukke bomulds- tradar om lag 1 cm. i tvermål. Når denne stakken då vart sett på golve stod den sjølv. Det var i krenolinens tid dette og eg totte det var eit lurt knep-. Aaklodi var mykje vove i 8te blad rosur med 4 kanta innimillum. Elles var det ei mengd med mønster. Krokakvitlane dei var vovne meir i sik sak med mange fargar dei og-. Einsjefta var uvanleg fin her på Voss. Dersom det var ei flink gjente så skulle ein kunna træ varperenninga gjennom gifteringen. Mi mor spann så fint varp, og eg vov denne væven som eg har fenge både sylv og gullmedalje for -. I handklædi hadde dei gjerne ei enkel raud bord. Den kunde sume tider vere blå Brodukane bruka dei dreielsvævnad på. Ullteppe var stundom rutete men helst med blå eller raude render i endane Brurateppi var ovne i klostervævnad. Dei var uvanleg fine. Mit er no kome til Bygøy så de kan sjå det der. Targane var mørkelblåt, raut og kvit. Skal sjå om eg kan få tak i noka teigninga å senda inn-.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste