Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Veving
NEG_44_10227_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_44_10227_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1 Vevmåtar. Til mannskler bruka ein det ein kalla "vendavedmål" - til bukser, trøyer og vestar 2 Til kvinnkler, til kjolar, huver, underbukser og skjurter bruka ein "tviskjeft", ein sa. Det vert kje så tjukt det. Vendavedmål var tjukkare, sterkare, og høvde betre til mannskler. Ein laga og snø- sokkar av vendavedmål Til kvitlar bruka ein både vendavedmål og tviskjeft. I vevnaden til høgjendet, (putevar) hadde ein avleta striper, raudt, blått, grønt. Og slik var det med "dynetrekkjo" og. Dei med var "reika", som dei sa - i grønt, blått, gult, helst. Det var og "tviskjeft" vevnad. \[side 2:\] Handklede, dukar, \[\_lik- kler\] var linvevnad. Dei hausta lin i Suldal i gamal tid. Det finst ennå att nokre "linbråker". På Eide i Sand er lindukar som er over 200 år. Dei er vovne på Maldal i Sauda. Og dei er fine den dag i dag. Til åkler til dagleg bruk spann ein "ruske- ull" mykje. Altså grov- ull. Til fine åkler bruka ein av den "fina udlo", som dei sa. Med fine åkler meinast her åkler ein hadde på gjestesenger. Dei var fleirfarga, og vovne i ymse slag mønster. Men her i Suldal nytta ein det ein kalla "døkke leter" (fargar) frå gamalt. I seinare tid nytta ein bomullsrenning. Men ifrå gamalt var det ullrenning. Til "bosbreier", teppet oppå sengehalmen, brukte ein å veve av "uvandt gadn" (simplare kvalitet). Dei var jamnast samleta, kvite eller grå. Bosbreiene vart og kalla reigger\[?rugger\]. \[side 3:\] Dei likaste \[kluss\] åkleda vart kalla "krorsåkle"\[?kroesåkle\]. Og vevnaden krorsvevna. Og så hadde dei ymse border i rosemønster. Det var stor ferdsle mellom Telemark (og Setes- dalen) og Suldal i gamal tid. Og vevnaden i indre Ryfylke i det heile er påverka av vevnaden austanom fjella. Som gamal dekor og rosemåling er det. Dei vov òg mykje "bregdaband", dei kalla Til sokkeband og hår- band. Ofte med rose- mønster. Den dominerande leten (fargen) var raudt. Ein vov bregdaband i vanlege vevgogner. Men sume hadde sers vev- gogner til bregdaband. Ingeborg Djuvik, som nå er kring 80 år, har ennå ei slik lita vev- gogn. Og har nytta ho like til nå.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste