Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ard og plog
NEG_1_1486_Ho_Modalen
Transkripsjon av filen #NEG_1_1486_Ho_Modalen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Ard kjenner eg ikkje til her frå dalen. Men me visste um at Arden vart bruka, i andre bygder. t.d. Vossestrand, og Framfjorden i Vik i Sogn. Folk herifrå, som flutte til Framfjorden, tala jamt um, at bønderne her måtte frå seg Ard, men eg veit aldri av at det vart gjort. Skoklerne til plogen vart kalla so ymse. Plogdrag.et-, sjækerne vart jamnast kalla plogtillor, plogtille, plogtillna. Aasen som tillna var festa i, kallast Hummelen, humlastokk, humlastokkjen. Plogbandet elder plogkjettingjen var festa i humlestok- kjen, i den andre enden av plogbandet var ein krok, som vart hekta i plogåsen. No vert her berre bruka moderne, fabrik- smidde plogar. Desse kom til bygdi kring 1900, nokre få var nok komne sisste åri av 1800 talet. Men etter 1910 var ikkje dei gamle plogane i bruk, noko nemnade då. Då far var ung, for her farande smedar kring bygdi, og arbeidde ljå, øksar, plogar og slikt som folk trong um. Smidjor var her då, umlag på kvart bruk. Eg hugsar ikkje farande \[s. 2\] smedar. Men frå kring 1890, hugsar eg at bønder her frå dalen, kjøpte plogar frå Brekkhus, i Teigdalen. Dei bar plogane yver fjellet, frå Brekk- hus og til Bergo i Eksingedalen - 11 km. - . Ja, ein stendig bonde her, leigde smeden til å bera plogen heim til seg, det kosta kr. 2.-, og folk totte det var flott gjort. Desse plogane var slike som er på fig. 14. Dei kosta kr. 21 22, og folk totte dei var dyre, difor sleit folk lenger enn lenge med dei gamle plogane Merknad: Hugsa på: \[\_Eksingedalen låg heilt av- stengd til 1888\]. Då byrja vegarbeidet ned med sjøen, 1890 kom køyrevegen til Høvik, 10 km. upp i dalen, 1894 kom køyrevegen til Lavik, 23 km. - Plogen som er vist på fig. 8 hugsar eg var i bruk, vart nemd for Grindplog. Såg tvo typer av dei. Den eine hadde veltefjøl av tre, den andre av jarn. Båe veltefjøler var flate. Men trefjøli hadde skoning under, der ho grov nedi auren. Aurvolen var av jarn, sameleis skjeret, spissen sa tunne. Kniven; ogso sagt Ristelen, Ristidln - kunna De utala det ordet - var av jarn. Plogkaren hadde altid Moldskjei med seg, so han grov veltefjøli rein når han hadde pløgt Jori tilendes. Moldskjeii var av tre, og hang på plogstyret, lett attmed handtaket. Mold- skjeii, var ei vanelg sleiv. \[Figur: Teikning av moldskjei\] Plogen vart helst \[\_ikkje\] lagd på veltefjøli når plogen vart køyrd attende, det sleit veltefjøli formykje i enden. Veltefjøli skulde snu upp når plogen vart køyrd attende. Dei spikra ein kloss på plogåsen, so bar plogen uppe. Klossen vart kalla holdhæl, \[s. 3\] Saurhæl, Surphæl, Skjelthæl. Solangt eg kjenner til det var der berre ein plog på bruket, høgreplog. Dei pløgde - oftast vart sagt pløydde - 4-5 tommor djupt med desse plogane. Hjul hug- sar eg ikkje at der var, oftast var der ingenting på plogåsen, som regulera plogdjupni. Men eg hugsar um, at ein av dei sisste gamledags plo- gane hadde fenge noko på seg dei kall drag- sko. Den plogen gjekk stødare enn andre, var let- tare å styra. Dragskoen var nærast som ein klau av jarn, som var festa uppunder plog- åsen, noko framanfor ristelen. Der var altid ristill på plogane. Plog som fig. 10 veit eg ikkje um. Trur knapt at slikt hev vore i bruk her. Falkenstensplog eller Jarlsbergplog hev sikkert ikkje vore i bruk her. Framst på plogåsen var Beitle. Beitle var ei sterk, noko tjukk jarnplata, som var smidd til ei spira, på kvar sida åt plogåsen, og festa med ein nagle - av jarn - som gjekk gjenom båe spiror og plogåsen med. I jarnplata var 4 - 5 hol. So \[?flukke\] dei plogbandet i desse holi ettersom dei pløyde breid elder smal for. Plog var namnet som vart brukt her i dalen, plog var eit reidskap, elder jamnat sagt "vella", ard var ei onnor slags "vella". Eg veit ikkje um nokon som bruka namnet Ard, um dei vellor me hadde. Ard vart uttala ar, d\[\_en\] kunde ikkje høy- rast. Plog vart sagt nett som eg skriv det. Ein plog, plogjen. Ein ard - ar -, arden - aren. Til å mylda, milda, kornet ned i åkeren vart helst bruka harv. Harv er eit, ja eg kan vel \[s. 4\] seia nytt ord i bygdemålet, dei gamle sa altid Jørv, ei Jørv - Jørvæ. Men altmed åkerreina gjorde ikkje Jørvi arbeidet godt nok, husbonden gjekk då kring åkeren med ei riva, og jamna til so kornet kom \[?but\] råd var nedi. Denne riva var av jarn, ja skafte var av tre. Riva vart kalla hilderiva - mylderiva. Same riva bruka dei og til å reinska potetåkrane med. Dei små plogane som no vert bruka til å grava uppmed potetorne med - grava uppmed poto - verta ofta kalla poteplogar. Hyppe- plog høyrer eg mindre nemd. Men dei som hev Hulehakka brukar namnet. Ein mann - døydde i 1945 - 80 år gamal, bruka den måten i bratte åkra: Han sådde kornet på åkeren, breidde so myki utyver, tok so ein Spade - spa - og spadde so kornet og myki nedi. Men det laut gjerast fint, so ikkje kornet kom for djupt. Men mannen læt væl yver den arbeidsmåten. Under pløgjengi gjekk kvinnfolki og største borni og "slo atti". Til det vart bruka - då far vaks upp - ei "spaskia". Det var ein spade, jam- nast sagt Spåa - med treskaft og treblad, ar- beidt i eitt, og so skodd med jarn i bladet \[s. 5\] Figur 14 namnsett Armen Stytta - armstytta Ristillhampo Spensel Veltefjøl Plogåsen Beitle Dragsko - er teikna forliten Kniv elder Ristedl Skjær elder spiss
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste