Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Veving
NEG_44_9232_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_44_9232_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
I. 1. Til mannsklær - utpåklær - var det vadmål. Mannsklæde vart i trøye (frakk) bindliv (vest) brok (bukse). Til undklæde var det vanleg skjorte av bomull og und- brok av halvulla, heilulla eller bomull. I eldre tid var det skorte av strie. da var det meir sjeldan med undbrok. Halvulla ty og skjortety var \[\_vend\]. d.v.s einskjefta. Halvulla til undklæde kunne óg vera trivkjefta. 2: Kvinneklæde i vanleg stakk (skjørt) og liv. Svært vanleg rondastakk og ruta liv til kvardagsbruk. Stakken kunne vera av ull eller halvull, og vove triskjefta. Renninga til ronda- ty var helst med render ( i fleire farger) og einsfarga islett. Det var óg vore vove vefteronda ty til stakkty. men rendene skulle gå etter lengda på stakken og da vart det skøyt. Ruta-livet var vove med render både i varf og veft. Det var ull eller halvull, tviskjefta underklæde til kvinner var undstakk av hul eller halvull, tviskjeft. Skjorta \[s. 2\] av vanleg bommullaty. Plagg til ronda-kjolen til helgdagsbruk var av kvitt lin, helst kjøpt. Til kvar- dagsbruk vanleg ei trøye av farga ty, rondaty av bomull, stødt tvi- skjefta. Utapåtrøye til rondakjo- len var av svart vadmål. (Rondakjol alltid med liv.) Kvinnebukser av bomull, med vendty, med hekla border på nedre kanten. 4: Ikkje \[?veggsenger\] her, og da heller ikkje sengeomheng. 5: Laken ( bløyer. 1 1/2 m.) av tviekjefta bomull med vanleg breidd, så dei var skøytte etter midten. Puter - (hugulag) av stuttvevd, så det var så tett at det heldt på fjæra. Det var eit slag \[?\]. Tyet var vanleg ronda, med fleire fargar på langs sengetepe (åkla). På senga var åklæ til \[?overkreidsel\]. Tjukk-åklæ var stas- klæde med mange slag border og fargar. Vanleg var rennigna av \[?\]- garn. Islett av farga ull. PÅ sume border var det serskilte namn. (Ein \[?\] vi heitte ''båregangen''.) Den var eit anna åklæ som var vove tviskjerfta. Det hadde kvit botn med farga border. Dette vart lettere en tjukkåklædet. For å få eit tjukk åklæ tett og fast, slo dei tråden av islett i så laust som råd, \[?der\] sto to harde slag med \[?skeibommen\]. Da vart det tett og fast. \[s. 3\] Svar 6. Duker og servietter var vovne i \[?\]. Duker kunne vera vovne i tvi-breidd vevstol (vevgreie) det same som dei vov åklæ i. 7: Handklæ av eit slag vend, ei rand til høgre, ei til vinstre, heile, rygg-vend. Breidd : 1 alen. Ofte ei farga rad \[?fast\] og nedst på kvart handklæ. 8: Sjå svar 5. Eit slag vend heiter ringvend, Bilætåklæ vov dei i eit serskilt greie. Uppsta greie. Her slo dei ikkje inn tråden av islett med vanleg skyttel, og ikkje skei , men hadde ei spilk til å få trådane saman med. Eit slag åklæ kalla dei bragda - åklæ. (Eg har set, men har ikkje noko slikt her, så eg kan teikne mønster eller forklare vevings- måten. Men slikt fins andre stader så det går an å få tak i det. ) Mønster og border på tjukkåklæ kan ein best få fram ved foto- grafering, og det har eg ikkje høve til nå. (Meir om nr. 8). Somme tjukk-åklæ har ein botn millom bordene. Bordene er i ljosare fargar enn botnen. Andre åklæde har ingen botn millom bor- dene. Det er dei eldste åklæde som er slike. Sjøl har eg eit slikt. Det er så gamalt at det er ull i renninga \[?Hovalgarn\] av bomull var ikkje kome i bruk ennå.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste