Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Veving
NEG_44_9221_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_44_9221_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Veving.\] Dei vanlegste vevemåtane var. Ullvev: Vend. Vadmål. Kalla vadmål. (varmaol, eller venda-varmaol). 3 skaft (eller 6 skaft). Einskjeft. 2 skaft (eller 4. 2 opp, 2 ned). kalla "einskjefta". Eintratt (berre 2 skaft). Bomasi. (Varpet synte ikkje). Krokabragd. Kalla "bròkkkvitlavev". Smettevev. Kalla "smetting" eller "åkle- vev". Brureteppe (bruratepe). Lin eller bomull: Vend Einskjeft Dreiel. 1: Mannsklede. Vend. Kalla vadmål, eller venda- vadmål. a.) Vadmålsklede (dress), einsfarga. Dei vov det kvitt. Brukte det forutan til dress, også til bukser (kne- og langbukser). \[s. 2\] Trøyer. Frakkar. Dei farga det anten mørkeblått eller svart. Stundom fekk dei det overskore etter det var farga, slik at det vart lo på retta, loa låg til ein kant. Slikt overskore vadmål brukte dei ikkje så lite i slutten av førre og i byrjinga av dette arhundre, til dressar, frakkar, trøyer. Til einskilde bukser (kne- og langbukser) brukte dei ikkje overskore, for dei skulle vera til slitsbruk. Og vadmålet var sterkare når det ikkje var overskore. Fint, tunt vendavadmål vov dei til vester - vove kvitt - farga høyraudt. (No kala bu- nadsvest.) b) Vadmålsklede, eins- eller fleirfarga. Vove grått, eller av farga garn. Dei kalla det også vadmål, etter vevemåten, vend. Men veven kalla dei gråvev (graovev), Den tid dei spann garnet sjølve, var det skikk å blanda kvit og svart ull, til ljosare eller mørkare gråvev, og veva det slik. Dei kunne òg renna ein svart - eller mørk - trå inni her og der, då vart det imut. Eller fleire svarte trådar med visse mellomrom, så vart det randut. Eller eit ljosgrått og eit svart skil, og bruka eins- farga ljosgrå veft, då vart det ørsmå ru- ter. Det var \[-mykje\] brukt både til dressar og frakkar for menn, og kåper for kvinner. Eg hadde i 24 årsalderen ei slik kåpa som ho mor hadde vove, den var sers fin. Så var det mønstra vev, ymsa med mange fargar. Grunnfargen (botnfargen) \[s. 3\] var det likevel ein regel for, den skulle vera anten grå, blå, svart, grågrøn, eller sers mørk brun. Skarpe fargar var ikkje brukt til botnfarge. Det var to hovudliner: Randut, Rutut. \[\_Randut\] (rònndutù). Det kunne altså ha ymist botnfarge. Ren- dene kunne vera berre \[\_ein) farge, t.d. svart, brunt (ofte farga med steinmòse), grønt eller anna. Eller rendene kunne vera samansette, breiare og med fleire fargar. Rendene gjekk alltid på langt (var rende inn i varpet), veften var einsfarga, anten lik botnfargen, eller så at den sjatterte med den. Randut var brukt både til frakkar, dressar og einskildbukser. Stundom og til vestar. Men ikkje til einskilde trøyer. Ran- dut trøya og einsfarga buksa tykte dei ikkje høvde i hop - men omvendt kunne gå. \[\_Rutut.) Kalla spunset (spùnnsùtù). Veven kalla "spunnsevev" etter mønsteret. Spunset var i mitt minne meir brukt enn ran- dut. Då laut ein fyrst renna inn mønste- ret - det kunne ha mange, men helst døkke fargar - og så bruka same fargane att i veften. Det var ofte svort fint. Det var brukt til frakkar, dressar, einskild- bukser, vestar. Stundom også einskilde trøyer. Både randut og rutut vadmål av same slag var brukt til kåper for kvinner. Eg har liggjande heime fleire buntar med gråvev, i ymse mønster, som ho mor har \[s. 4\] vove, til manns og kvinneklede. c) Lin eller bomullsvev, kvit. Linveven einskeft, til mannnsskjorter. Bomullsveven, einskjeft eller vend. Også til mannsskjorter. d.) Einskjeft (einskjefta). Allvev. Tjukk, grov einskjeft. Brukt til "under- trøyer" (helga- og arbeidstrøyer) for menn, og vestar. Desse vestane var i gamle dagar utsauma med fleirfarga saum, t.d. "lindormasaum". Dei vov det kvitt, farga det i ymse leter, mørkraudt, blått, grønt, til undertrøyer. Blått eller grønt til vestar. \[\_Rutut.) Dei vov vanleg veven anten med jamne småruter, eller med fleirranda storruter, i kvitt og svart (kvit botnfarge, svarte ruter, eller ruterender). Farga det etterpå, blått, raudt eller grønt. Det var same slag vev som dei vov til understakkar til kvinner. Men veven til mannsundertrøy- er var vanleg grovare, av tjukkare garn - \[Figur: Rutete mønster\] \[Figur: Anna rutete mønster\] Det kunne vera Og større enn dette. mindre ruter enn dette. 2: Kvinneklede. a) Vend. Einsfarga til trøyer, helga- og kvar- dagstrøyer. Og til stutte jakker. Einsfarga, eller fleirfarga (av grå- vev), til kåper. b). Einskjeft. Einsfarga til døsser. Av grovare eller finare garn, etter det dei skul- \[s. 5\] le brukast til. Grann einskjeft til dei finaste, lagt opp av 4 eller opp til 5 alnagarn. Vove kvitt, og farga mørkeblått, eller svart. Understakk, den dei hadde ytst, nærast dossa. Eg veit ikkje om den skal rek- nast til underkleda, han synte ofte. Når dei reid, eller køyrde, tok dei opp dossa, når det kom regn like eins. Av grann fin einskjefta. Anten voven kvit, og farga, høgraud, blå, eller grøn. Eller av "spunsevev". Dei same to slaga (og fleire) voven med kvitt-svart og farga etterpå, i same fargar som til undertrøyer for menn. Høgraudt var og brukt nokså mykje til spunsete understakkar. Forklede. Av grann einskjefta som til døsser. Vove kvitt, farga mellomblått. Ut- sauma med fleirfarga ullgarn i eit ser- skilt mønster. Brukt om vinteren (no kal- la vinterbunad). Forklede. Av rutut (spunsut) farga vev, ei rift, med lagde foller. Underty. a) For menn. Vend. Kvit vendavev, brukt til bulund (bùl) på undertrøyer. Ermane var spøta. Helst brukt kvitt. Men også farga i lakseraud eller bleikraud farge etter trøya var sydd. Til underbukser var det brukt kvitt. Einskjeft. Brukt like eins. Eintrædd vev (berre 2 skaft) var òg brukt, både til undertrøyer og bukse. Den vart lett og laus og mjuk. I mange høve sydde dei då også ermane av veven. \[s. 6\] Liv og bomullsvev til skjorter. b). For kvinner. Vend og einskjeft same slag vev som til menn. Vart brukt til bulung på undertrøyer og til bukser. Farga trøyer i sume høve, ikkje bukser. Seinare kom strikka bukser meir i bruk. Eintrædd vev vart brukt til heile trøyer og til bukser. Understakkar. Desse brukte dei under dei stakkane eg før har skrive om, då det var dei ver- kelege understakkane. Dei var anten av grovare einskjeft enn dei andre, eller av halvulls-stoff. Einsfarga (eller melert) halvull. Ofte skilnad på varp og veft, t.t. Kaffibrunt varp, ljosblå veft. Vend eller einskeft vevnad. Langrandut, t.t. brunt og blått bom- ullsgarn til varp. Brun ullveft. Einsfarga med fot (fleirfarga bord) nede. Voven einsfarga, eller med ulik varp og veft, ned til "foten", og så slå inn den. Ein smal kant av grunnveven nedanfor. Veven så brei at ein trong berre to rifter (lengder). 4: Sengeomheng brukte dei ikkje i vår grend. 5: I gamle dagar vov dei linvev til lakan og putevær. Sume vov bomulls vend til lakan. Og bomullseinskjeft til putevor. Elles vov dei smårandut ullvev (vend) til underputevor. Eller halvulls bomsai. Det \[s. 7\] brukte dei også til fjør- eller dunputer. Og til overdyner. Til overbreidsel (spreie) vov dei i lin og bomull ymse dreielsmønster. Eller i mønstr som brureteppe, men då med ull veft. 6: Dukar vov dei frå gamalt i lin, store dukar til langbord, og mindre. Anten i einskjeft, vend, eller dreielsvev- nad. Små serviettar trur eg ikkje dei vov. Men linskaut, i einskjeft til å sauma på, og i dreiel som ikkje skulle saumast på. Og linvev til skjorter og forkle. 7: Handkle vov dei i vend, eller dreiel, av bomull. 8: Åklede, teppe. Av åkle var det to hovudslag. Krokabragd (bròkkkvitlar). Anten som "skakktenner", eller i krossmønster. \[Figur: Teikning av mønster, skakktenner.\] Desse tennene tek ut i botnfargen i vanta, og lagar mønsteret. \[Figur: Teikning av mønster, Krossmønster\] --- Smettevev. Kalla "smetting" eller "åklevev". Dei smette då mønsteret inn. Frå gamalt vov dei åkle. Brukte dei både for gagn og til pryd på sengene. Og på veggen i veitsler og bryllaup. Brokkvitlane brukte dei òg både til gagn og til pryd. Dei låg øvst på sengene både natt og dag. Så var det i mitt oppeldre. Vattplater i vor (stoppetape) dekte dei over med ein brokk- kvitel \[s. 8\] \[-dei over med ein bròkk-kvitel.\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste