Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Veving
NEG_44_16746_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_44_16746_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Vanleg vadmelsvev. Dette vart bruka til underty til: Udlo, dei kalla, og underbukser. Udla, eller skjorta hadde ofte berre bolen av vadmel, medan ermane var strikka. Undertyet til menn farga dei ikkje. Til yttertøy, - vest bukse og trøya bruka dei og vanleg vadmel, som dei farga. Men til bestty fekk dei det ofte over- skore, då det var loddent og fint. Det vert og tilverka og vove lin til mansskjorter, eller til klæde dei hadde i halsen. Dette var vanleg linvevnad. 2: Det var vanleg vadmelsvev til kvinner og til underty: Udlo, og hoso. - Dette var ufarga. - Likeeins vadmelsvev til kvardagsty, yttertyet. Men det farga dei. Men einskjeftavevnad gjorde finare og tunnare ty. - Garnet til dette var så grant spunne og. Dei skulde kunna dra veften til ei fin doss, gjennom ein gullring, var det grant nok spunne. Dei vov einskjefta til underdosser. Dei var svart og grønrutut eller svart og \[s. 2\] raudrutut. - Ytterdossene vart leta svarte. Dei var til forkle og med ymse render i. Så vov dei lin til skjorter, forkler og skaut. 3: \[\_a\] Undertøy for menn: Udla, underbrok. \[\_b\]) Undertøy for kvinner: Udla, hosa, understakk. Vadmelsvevnad i alt utan understakken, der var det einskjefte. 4: Bomulsrenning og ull vevf til omheng og putevar. Kvit, ufarga botnfarge med inslag særleg av raudt og svart. 5: Sengetepper var helst ryer. Dukar av opp- klipt garn, oftast raudt og svart, vart smett med fingrar inn millom spilene etter som dei vov. Dette vart tunge solide ting, lodne på eine sida som ein feld og glatte på hi sida med mønster. Kvitlane hadde vad- melsvevnad. Dei sende dei til stamping og overskjering om ein vilde ha dei sterke og varme. 6: Dukar vart vovne av lin, dei likjest damaskdukane ein kjøper sume. Andre har mønsterborder m. laustliggjande trådar, ofte åttebladrose-rand. 7: Håndkled var av lin med ymse mønster i. Pynte håndkled større og noko finare enn hine. Sume hadde frynser i endane. \[s. 3\] 5: Åkler vart vovne med åkldvevand, d.vs.: tredde med fingrar. Bråkvitlar, som kunde sjå mest like fine ut (bortsett frå at dei ofte var vovne smalare så dei var sydde i hop langs etter midten) var vovne med skyttel. Ryer, var som før nemnt, vovne ved knyting. Brureteppa, som var det staslegste av all vevnad, var helst vovne i rosengang. Helst med bomuls-varp og ullveft. - Der var mange ymse mynster til dei. Sume var i fargane, naturullfarge og raudt. Men andre hadde og grønt og svart i mønsteret. Vanlege teppe var ofte i \[\_smettvev.\] Det var noko dei kalla treskjefta - vevnad, dei vov då ofte med brun varp, med islag av grønt, blått og raudt. II: Dei hadde ofte krossen som motiv i bordene. Krokabord og rutebord og lynbord, var namna på vanlege border. Men der var utal andre og. Åtteblad-rosa gjekk att i mange motiv.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste