Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_15446_MR_Sande
Transkripsjon av filen #NEG_71_15446_MR_Sande
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Spursmål 1-2 Det var sømeleg og god skjikk at ein fann seg gifte i same bygda. Men det var og vanleg, at ein fekk seg kone frå andre bygder. Her i bygda, har minst det halve av konorne vore innflytta frå andre bygder, og sovidt eg har høyrt, hadde folk stort sett ingen ting i mot det. 3 Ja i eldre tid, skulle helst ikkje, ein gut, som hadde gard eller jord gifte seg med ei Plassemansdotter, eller Hus- mansdotter! 4 Ja det var like eins, for både kar og kvende! 5 Ja i eldre tid avgjorde foreldra dette, men so hende det ofte, at born gjorde det motsette av kva foreldra bestemte, og dette valde ofte usemje, millom foreldre og born! 6 Ja det var helst, dei som hadde beste gardane, og følte seg ein del betre, både sosialt og matrialistisk, som la slike planar for borna sine! \[s. 2\] 7 Nei at dei gjorde slike avtaler, med borna var små, har eg ikkje høyrt, utan at det var sakt for spøk, til borna! 8 Vi sa syskjenbyte. Det var, og er, når ein bror og ei syster, gifte seg med ein bror og ei syster! 9 Hadde ein av partane Gard, so var det om å gjera, at den andre parten, var frå ein gard, helst der det var velstand, sjeldan, at ei Plassemannsgjente, vart gift til ein Storgard! 10 Folk meinte, det var uheldig, at ein var i slekt. Det var sjeldan at syskjen- born gifta seg i hop. Men når det hende so var det helst for å berga garden for slegta, eller for at rikdom og velstand ikkje skulle koma ut or ætta! Men tremnningar og firmenningar vart ofte ihopgifte då som no! 11 Kva for side skjyldskapen var, hadde lite å betyde 12 Ja det hende ofte, at born sette seg upp mot foreldra, for at dei ikkje fekk gifta seg med kven dei vilde. 13 Ja det var vanleg at det skulle gå ille, når ein gjorde imot foreldra, men i sume høve gjekk denne foreldre retten for vidt, so dei unge fekk medhald av folket, og forldra hadde urett! 14 Ja dei unge, fekk ofte medhald, av slekta som hjelpte dei gjennom striden med foreldra! 15 Eg kjenner til at ein mann brukte å løysa skot, med same brura kom til den garden ho skulle bu. Men det var ein gardmann som gjorde dette, for å hæda Plassemanskonorne! \[s. 3\] Emne nr 71 Gifteferdig ungdom! 16 Jau det hende vist, at ein slik prøve vart sett, enten um han dugande fiskar, eller om han hadd evne til å tena pengar, eller få seg ein gard. Såg dei då at denne mannen dugde til det som trendges, gav dei sit sam- tykkje! 17 Jau Plassefolk, Husmenn, og Fiskarar stod heilt fritt i dette høve, og kunne gjifta seg med kven dei vilde. Sjølvsagt vilde nokk foreldra råde her og, men stort sett, stod denne klasse friare! 18 Jau enkone stod nokk friare, og dei var kje so nøgne kven dei fekk til mann berre han var arbeidsglad og flink! 19 Ja det var vanleg, at ein fekk ei kone, som hadde noko pengar, eller ein heim å starte med. Noko aldersforskjel tydde ikkje so mykje! 20 Nei dette med varsel i vært fall i jula har eg berre høyrt og lese om, men det har ikkje vore vanleg i vår bygd! 21 Heller ikkje har det vore brukt midlar eller Hugvendingsdropar, so vidt eg har høyrt! 22 Folk trudde ikkje på sovore! 23 Gjekk gutar og jentor saman, på høgljos dag, sa folkesnakket, at dei var forlova! II Nattefriing 24 I vår bygd, veit eg ikkje at har vore sokalla Nattefriing dei siste 60 åra. 25 Har høyrt at dei kalla slike for Natte- lauparar, eller Natteløparar! 26 Nei det var omtrent, det same, og det gjek vel ut på, at guten vilde ligg med jenta den natta. \[s. 4\] Emne nr 71. Gifteferdig ungdom 27 Der gutane viste, at der var tvo jentor gjekk tvo ilag, var det berre ei jente, turde guten seg av stad åleine. 28 Ja, ein var vaksen, før ein tok til å gå etter jentone. 29 Det var so ymest med det, viste dei at der var jentor som tok imot deim, svivar det både i grenda og nabobygda. 30 Ja var det for å halde leven var, dei med alle, både høge og låge. Ikkje minst dei som var av betre stand, var med på dette! 31 Nei nokon viss dag trur eg ikkje at det var. Men har høyrt at Laurdagskvelden, var mest brukt til nattefriing! 32 Kom det framande gutar til bygda, for å vera saman med jentone, vart det oftast gale, for gutane i bygda likte ikkje, at dei framande gutane for med jentone, og det ende ofta med slagsmål! 33 Jau so til vanleg gjekk, bondesøner, og tenestgutane i lag. Men var det meir ingåande, slik at bondeguten, hadde ei han foretrakk, gjekk han åleine! 34 Nei her har kje vore visse kveldar for tenarar, eller Husbondsøner! 35 Det har altid vore laurdag og sundags- kveldane, at ungdomane råkast, i seinare tid møttest ein etter eit møte eller samkome. 36 Nei noko forbod for å gå til jentorne var det ikkje. Sjølsakt gjekk ein ikkje når nokon låg død i garden. Men elles møttest ein alle dagar, so nær som 1: Juledag, den dagen har vore rekna som heimen sin dag! \[s. 5\] Emne nr 71. Gifteferdig ungdom 37 Ja det var ofte nabogrenda, nattefriarane vitja, dei vart ofte betre mottekne der, enn i heimegrenda, der var meir gjennom- siktig, og lett kom ut, kva som hende! 38 Aaja det var mangt dei fann på, og dei gjorde seg ofte ukjenneleg, både i mål og mæle, især når dei hadde noko i toppen! 39 Nei noko vers veit ikkje um, men dei song og tralla, og heldt mykje leven! 40 Ja var det tanken og opnå, noko hjå den jenta ein vilde gjesta, og ein hadde gjiftetankar til henne, gjekk det stilt for seg, helst so ingen i huset høyrde det. 41 Dei vilde gjerne, ha gjenta, gift. Og fekk dei vita at det var bra gutar, med gard og grunn, hadde dei ikkje noko imot, at den eller den ver hjå jenta! 42 Jau dei lest no dryga, med å sleppa guten inn, og var det ein dårleg gut eller rave, so fekk han slett ikkje koma inn! 43 Jau gutane hadde med Brunsukker Pepparmynte, og seinare Drobs og Sjokolade. 44 Til fjordane, hadde Seterjentone, noko som dei kalla Kjøsel. Det var som ei lita rund kake, laga av mjølk. Har høyrt, at det var jentor, som hadde litt Brennevin, åt nattefriaren, iallfall om ho vilde opnå noko! 45 Eg huksar, at dei strikka fine ting, av Kanavatråd. So som Klokkepute, Pulsvantar som stakk fram om Trøyeerma, Kyrkje- votter, fine sokkar. Slips. Sjorter og ymse anna som guten var glad i. 46 Den einslege nattefriaren, vart nokk lenge heilt mot morgonen. Men var det fleire i fylgje, for dei mest med leven, og for vidare! \[s. 6\] Emne nr 71. Gifteferdig ungdom! 47 Ja det var vist ikkje so sjeldan, var det berre ei jente i den garden, og ho likte guten, so vart han verande, og dei andre for vidare. 48 Den som gjekk åleine, hadde oftast tru på, at han vart motteken, difor gjekk han åleine, so ingen såg han, og helst ein kveld då dei andre var heime! 49 Var det eit tøv, med ei jente, so viste dei at han kom, især visse kveldar, og han hadde ikkje noko imot at dei viste det! 50 Var dei forlova, so gjekk han til jenta ofte i fleire år, til dei fekk høve og råd å gjifta seg, og setje bu! 51 Har nemd noko på 43-44. Ofte fekk jenta ein venskabsring. Brystnåler. Klokke og Forlovingsringar. 52 Jau det var ofte gjort fantestykke mot nattefriaren. Dei gøymde burt skoene Huva, ja til og med broka. Dette gjorde helst dei som var forsmådde av jenta, og vilde taka hemn. Andre gjorde det mest på moro! 53 Sumt av dette, har eg og høyrt um, men det var slike som vilde gjera narr, av guten og jenta som gjorde det! 54 Dei lika disse streka dårleg, men dei fann oftast, at det var klokast, og tola og teia! 55 Dei var ofte veldig forarga for alle disse fantestreka, og det hende dei gav mykje vondord frå seg, men i lengste laget fann dei, at det var best å tegja! 56 Ja dei vart rekna, for å vera forlova! På Setrane var det som heime, var det fleire ilag, so var det mest for å halde leven. Var det einslege, var det for å opnå noko! \[s. 7\] Emne 71 Gifteferdig ungdom På Kyrkjebakken 58 Ja etter Gudsteneste, helste ungdomen på kvarandre, og fylgdest med åt Kyrkje- båten! 59 Det var vanleg, at ein fekk kjøpe eple, nede ved sjøen, og brygga. Gutane kjøbte eple, og spanderte på jentorne. I eldre tider var det og smørbrød. Kringle og Kavring, og ymse slags Kjeks. Slikt kjøpte dei, og spanderte på jentorne. For 150 år sidan var det og Brennevin å få kjøbt, men det vart visstnok forbode, for salg ved kyrkja. 60 Ja dei hadde Lauper med kyrkjemat i. Det var då ofte, att dei gav gutane av Laupen eller Tina, som som Lefse eller kakor. Ja Brunsukker, eller seinare Peppermynte med prat på. 61 Helst skulde gutane koma fyrst, men jentone var heller ikkje att på veg for koma fyrst! 62 Ja ho ga fort til syne, kven ho lika best, og det gjorde ho på mange måtar, ved helsing, gåvor, brev, og alle tenkjelege måtar! 63 Nei dette med Påske egg, har eg ikkje høyrt her, men til fjordane, gav dei gutane ein slags ost, som kallast Kjøsel. Den var laga av Kost, som dei tok or Kalve- magen, med same den var slagta. Dei gav Kalven heller mykje mjølk, før den vart slagta. Elles gav dei guten fine Hoseband. Klokkeputer, Pulsvantar, og mangt anna! 64 Ja det var faste plassar, der dei kvilde både når det for til Kyrkja, og når dei kom att. Frå ei bygd her som, ligg litt langt unda, kvilde dei på Kleiva og Ormehaugen, og då vart det saktens prat millom dei unge! \[s. 8\] Emne 71 Gifteferdig ungdom! 65 Her ved Sande kyrkje, er ein stor kvit Sand, fast og hard, her har vore leikeplass for bygda sine born og ungdom, i alle tider. Ovanfor Sanden, er ein fast og fin Voll som har vore brukt å danse på! 66 Ja det var ofte dans på denne vollen nede ved Sanden, men dei siste 50 åra har dette vore slutt! 67 Gjestebod var helst berre i Jula, då slegt og grannar vitja kvarandre. Like eins når det var barnedåp, og Gravferd! 68 Det var so ymse med det, helst etterpå fann ungdomane kvarandre! 69 Når jentorne hadde lagt seg i flatsenga kom den guten, som jenta lika, og smette seg ned i senga til jenta! 70 Dette med Stabbedans, kjenner eg ikkje til! 71 Kjenner ikkje til dette! 72 Som ovanfor! 73 Veit ingen ting om dette! 74 Ja det hende, at når det var Taktekking og dei hadde fått i seg Tekkargrauten, at dei fekk dansa på Låven etterpå! 75 Jau ungdomen, var med på auksjon, men har kje høyrt, at dei hadde dans etterpå! 76 Nei her i våre bygder, har ikkje vore Marknad. 77 Ja eg har høyrt, at det var mykje dans på Marknadene! 78 Nei slike Samskotslag, har kje vore brukt her! 79 Her har kje vore slike lag, anna enn Bryllup, Gravferd! \[s. 9\] Emne 71 Gifteferdig ungdom 80 Har ikkje høyrt om slike samkomer i eldre tider. Men sidan dei Frilynde ungdoms- lag tok til for snart 70 år sidan, holdt jentone av og til festar, der dei spanderte på gutane! 81 Dei baud gutane til disse festane, ingen kom ubuden! 82 Det var rigtig god mat på disse festane, som jentone sjølv betalte. 83 Det var alle jentor i bygda, som var med på disse festane, og ofte var det 20 til 30 jentor med på disse festane! 84 Nei det var helst laurdag eller Sundagskvelden desse festane vart halde, i yrka, var det å arbeide! 85 Når dei var ferdige med fyrste bordsete so var det Leik og Dans, om ein annan. Song var det og mykje av, oplesing og små Foredrag, og til slutt nattmat! 86 Ja til fjordane, der det var Setrar, var det mykje rart, med Gutahelg og sovore, men her ute ved havet, var kje Setrar og Setreliv! 87 Dei hadde vistnok, same slags moro, med leik og dans, der som her! 88 Ja ungdom, har alle tider kome saman Jonsok afta, til leik og moro, og bålbrenning. Men nokon Halvards dag, har ikkje vore feira her på vore kantar! 89 Nei nokon Kvannesankingsdag, har ikkje vore her! 90 Dette å sanka Måse egg, høyrde berre til dei som åtte Mark og Holmar, der Måsen held til. Elles er det vanleg, og har vore det, å ro ut på fluder og fall, for å fiske Småsei og Torsk, men aldri i samla flokk! \[s. 10\] Emne 71 Gifteferdig ungdom 91 Ja ungdomen samlast, på den finaste flata og slo Ball, eller Lyra, som det var kalle her. Men berre Helgakveldane! 92 Det var ofte, at eldre folk var saman med ungdomen på leikeplassen. Dei sprekaste var med i leiken, og dei andre såg på. Men har kje høyrt, at det var for å passe på ungdomen dei var med! 93 Ja når det leid mot kvelden, kom ungdomen ut på vegane. Gutane for seg, og likeins jentorne for seg, men etter kvart, vart det meir i hop rote. 94 Det hende seg at ein møttest, anten på Post staden, eller andre stadar, og då gjekk gutar og jenter om ein annan. Var det då slike som hadde eit godt auga til kvarandre, so vart det gjerne ein lien tur! 95 Om vinteren sat alle kvar med sitt arbeid, med rokk og Vevstol, sat kvinfolka, til langt på kveld. Manfolka arbeidde med ymse Tre- vyrke, sledar, byttor og andre kjerald. Her på vore bygder, var det og mykje arbeid med sjøvegna, so nokon viss kveld å møtast var det ikkje. 96 Slike samkomer var ikkje her! 97 Som ovanfor! 98 Nei har ikkje høyrt om slike samkomor! 99 Veit ikkje om slike møter i yrka, men Sundags kveldane, var det mykje slik moro og underhalding! 100 Det var Dansarstove i Romhelga. I Fiskje tida, når her var mykje tilreisande fiskarar var det ofte dans på Sjøbudgolv. Det var Fiskjekarane, som fekk dette istand! 101 Det var helst gutane, som gjorde istand til dansen, og arangsjerte den! \[s. 11\] Emne nr 71 Gifteferdig Ungdom! 102 Det var karfolka, som fekk fatt i Spelemann. 103 Det var Gutarne, som delte utgiftene ved Danse moroa! 104 Det var omtrent som før, sjølv sidan ein fekk Trekkspel! 105 Her har vore lite av Vinter sport, for veiret er oftast so vekslande, at snø og is får kje ligga so lenge. Dog var det av og til noko moro på Isen, der sume hadde Is- skjøyter, og i Kjelkebakken, der ungdom møttest, og hadde det gildt! 106 Stort sett tok ungdomen seg løyve, til å vera med på disse samkomene. Men det hende og at foreldre og foresatte nekta dei dette, og då var det ofte, den utvegen, at dei laut stela seg lov, for å få vera med! 107 Ja gutane var kje godt å nekta, men jentorne var mest føyeleg, og dei vart ofte nekta, å vera med på alt! 108 Var det riktig strenge husbondsfolk, so var dei like streng mot tenarar, som sine eigne born! 109 Det var religiøse grunnar, som gjorde, at dei nekta born og ungdom, å vera med på Leik og Dans. 110 Ja når, det vart nekta av Far eller husbond so var det lov, og ingen torde bryta eit slikt forbod! 111 Har ikkje høyrt, at dei fekk noko namn om dei møtte nokon att Jula! 112 Disse skjikkar, er ukjende her! 113 Okso dette er framand for oss! 114 Kjenner ikkje til dette! 115 Heller ikkje har her vore brukt juledokke! 116-117-118-119. Dette er framande skjikker for oss \[s. 12\] Emne nr 71. Gifteferdig Ungdom 120 121 122 123 Dette er framande skikkar for oss! 124 125 126 Dette er og framande skikkar! 127 128 Ja frå gamalt, har det vore sakt, at jentor hadde lov å fri på Skotårsdagen 29/2. 129 Har høyrt, at jentor har fria på denne dagen. Men det var helst slike, som ingen vilde ha. So eg veit ikkje, at nokon ekteskap har kome istand, på denne måten. Sandshamn Pinse 196 Gerhard Bringsvor
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste