Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_15207_MR_Volda
Transkripsjon av filen #NEG_71_15207_MR_Volda
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Sømelegt giftemal: 1: For bondesøner og odelsgutar var det ein vanleg regel: Dei søkte og fann seg gifte i sitt eige stand. Lukkast ikkje, var det i eldre dagar \[\_berre undantak\] som braut denne regel. 2: Det var ikkje uvanleg her i bygda å finne gifte i grannebygder. Her i Volda hev – gjenom tidene i fleire hundrad år vore stort innslag i ætte og familjelivet – frå Nordfjord især. Men og frå Ørsta og litt fra Hjøringfjord Men det vart fleire t.d som ved gifte kom fra Nordfjord til Volda enn Voldingar som fann sin heimstad der. Vart t.d ein ættegard til salgs, vart mykje vanleg han vart kjøpt av Nordfjording og gifte seg ofte med gjente i fra bygda her. Men det hender og, dei kom med \[\_kone\] fra Nordfjord og. Sp 3) Bondesøner og jordagjenter gifte seg helst med personar av sitt \[\_eige stand\]. Det var og funne fyremunar derved, i den praktiske arbeidsryttmen i å stelle ein gard t d. Sp. 4) Dette var det same grunnsyn bå for gutar og gjenter Dei som var oppvaksne på gard hadde visse fyremuner å kome til ein heim på gard og stelle med jord hus og dyr. Sp 5) Di lenger ein gjeng attende i eldre tider, di meir var det regel at foreldra avgjorde giftemålet. \[s. 2\] Sp 6) Alle som sat med gard, bå store og små, la sine planer då i fylje odelstradisjon, for nyt ætteledd å halda fram på deira ættegard. Dei la og planer for korleis dei skulde få sine andre born gifte til gard og grunn so framt dei hadde fleire born. Derso forldra til born på en gard var døde – eit eller båe – då tilfall ansvaret for plana for ættgegarden og ætta dei \[\_næraste skyldfolka\] og ordna på beste og fornuftigaste måte, bå for giftemål og andre nærliggande saker. Sp 7. Eg kjenner serskilt godt til ei soge um gårdegjente «Kari Knutsdotter på Nes som var fødd på ættegard. Ho hadd ikkje \[\_bror\] som kund vera odelsgut. Kari vart lova burt til gifte til ein grannegut på Langvatn før ho var konfirmant i året 1806. Hennar trulova Ola Langvatn var enda tilflytta før ho var konfirmant. Då Knut Nilson hennar far otte berre ein mindre del av Odelsgarden sin, so fekk Ola som verson skulde verta, orina sin Bøksele- avtale med Meldalsætta som eigde det meste av garden Nes før hans festermøy var konfirmert og langt mindre gift. Men so hende noko tragesk: Knut Nilson hans verfar skulde verta, og den Ola verson, dei vart ein dag mykje \[\_usamde\], truleg var det \[\_um hus\] og \[\_busettnaden\]. Da slo Knut stort på for å få viljen sin. Han lova at når det var slik han la iveg som skulle han vera blåsikker på å verta ho Kari forutan som kone. Ola svara med same mynt. Knut kunde berre få ha ho Kari ugift for hans del. No hadde han fenge ordna Bøkslebrev på \[\_garden\]. Då vart det nokk ei \[\_råd med å rå seg tak i Kone på garden\]. Og so enda denne trageske soga med: Kari som \[\_jordataus\] laut fara fra garden ugift. Denne Ola Ivarson Langvatn fekk Bøksel på Nes 1803. Vart gifta med si grannegjente Brot Olsd Langvatn 3de sundag året 1807. Denne Kari Knudsd vart seinare gift med Ander Bueid og vart plassefolk i Karihaugen på Sandalsfolla. Denne Kari Kd Nes f 1791 g 1811 m Anders Bueid, døyde 1873 5/2 \[s. 3\] Sp 8) Me kjenner god kva \[\_syskenbyte\] og systerbyte tyde. Det var ikkje sjeldan i fortida at tvo brør gifte seg med tvo systre. Då var det sers «Nærskylde» heitte det. Men likeso ofte hende det at ein bror og ei syster gjorde syskenbyte på det vis dei vart gifte med bror og syster i ein annan huslyd. Sp 9) Grunanne kunde vera so ymse. Derso båe desse syskeflokkane sat på kvar sin ættegard, so vart gjerne båe desse syskenbyta feste til desse ættargardar. Det vart sett stort på det av foreldra derso dei såg det so at båe desse ætter var av \[\_godt folk\]. Det var nok sjeldnare at hovedgrunnen var å taka burt \[\_skjegardar\] og gjere tvo bruk til eit. Aa verta gift med «Godtfolk» var til vanleg hovedmotivet for avtalar. Og til litt midel attåt um mogeleg. Sp10) Skyldskapsgifte var ofte eit aktuelt men \[\_ømt\] problem, særleg for \[\_godtfolk\] som var nærskylde. Det var ikkje so sjeldan det vart giftemål med bå firmenningar og tremenningar. Sjeldnare vart syskeborn ektefolk. Men det hende i einskilde tilfelle. Men for fylgje i deira avkom, var heller ikkje utan grunn i \[\_folkemedvitet\]. Og synte det seg helsemein hjå deira born, verka det til skrekk og åtvaring serleg for tilårskomne folk. Men ikkje alle ungdomar tok skrekk av dette. Det hende unge trassa seg fram. Sp11) Nei, det rædde skyldskap på manssida er ukjendt her. Sp 12. Det hende det vart giftemål mot foreldre sin vilje Men då flytte dei gifte oftast ut av bygda. Sp13) Det var vanleg meining: sovore gifte imot foreldra var ikkje som det skulde. Det vart gjamvæl tolka som trassig synd mot «det 4de bodordet» Sp 14) Det hender i einskilde tilfelle når det var usemje millom dei som skulde verta foreldra som valde mot- viljen og då fann nærskyld dette som urett å føre over dette til borna når dei var mykje glad i kvarandre. Sp 15) Det hender stundom at gutar som hadde vore \[s. 4\] «Rivalar» om giftemål til same gjente, at desse i einskilde høve kunde få til læven og det me kalla «ablegøy» - både ved trulovinga og i brudlaup. Sp16) Jau, det hende at foreldre endra syn på giftemål dei var imot, når det vart synt betre dugleik og velvilje enn dei frå fyrst av rekna med. Sp17) Tenestefolk på gardar stod allidt friare i valg av sine gifte enn heimeverande odelsborna. Og fiskara som drog ut på sunnmørsøyane i fiskje fann sine gifte lettare andre stader enn i si eiga heimegrend. Sp18) Enkjer som sat med gard etter sin avdøde ektemann hadde til vanleg lett å få sitt ynske oppfylt om ho akta ny ektemakje. Eit gamalt ordtøke prova det. «Jorda-torva gifta Lurva.» Sjølv um enkja var lite væn å sjå til, hadde ho heim og gard og ellest ei dugande husmor, so var det til vanleg ingen vanske å få både ein stram og dugande ektemake på nytt. Sp19) Det hender at bå gutar og foreldra hans såg med velvilje til eldre gjentor når dei hadde «Komode» og andre medlar i \[\_formuesverdiar\]. \[\_Verdiar\] og eigedom hadde i vissa vorte stort for en mann i ei grannebygd her. Han var \[\_såre skuffa\] yver vækja sonen hans ynskte: «Det var berre nakne baken og kolblåkjæften.» Sp 20) Varsel i \[\_draumar\] – draumesyn der dei kunde sjå kven som var deira tiletla ektemake å verte gifta med. Det hende ofte sovore vart til ålvor og røyndom i fortida – mendre i dag. Ymse midel som gut og gjente nytta for å koma i kontakt på rett måte i ekteskap – til dette var julelag eit kjærkome og nyttigt reidskap for samhug. Dei såg det på einannan når kjærleik var til stades, heitte det. Då folk lærde skrive, vart kjærleiksbreva til. Sp21) Eit midel gjentone nytta for å kveikja kjærleikseld hjå guten ho hade kjær var: Ho gjeva han ei hugvendings\[\_kake\]. Men kva denne kaka var laga av, det veit eg ikkje. \[s. 5\] Sp 22) I mi tid lo folk åt slike midlar, og smilte åt bå virknaden og midelet. Sp 23.) Det var halde for mindre god folkeskikk når gutar og gjentor \[\_floksa\] i lag ba i tide og utide. Når gjentor t.d gav seg ut pa slik galei, vart dei kalla «Flokse.» Nattefriinga. Sp 24.) Når det tok slutt er eit so tøyeleg å vurdera det er uråd å svara på med konkred tidfeste. Sp 25) Nattegangara og nattelaupara. Sp 26) Skilnaden på sokalla nattefriing og Nattlauping var: Nattefriing var til vanleg rekna slike som alt hadde si visse gjente dei akta giftemål med. Dei vitja gjerne desse i løynd for ikkje å gjera halde dette som løyndom til fullvissa var i orden. m.a med gjenta sine foreldre og ætt. Stundom og hans eigne nærskylde. Nattegangara og nattelaupara var serleg kalla slike som vat ute på \[\_natterangel\] utan fast meining og mål for sitt rangel. Sp27) Nattefriara akta å vera einsame til gjenta si. Nattegangara og nattelaupara var gjerne ba 3 og fire i fylje. Det var gjerne læven og ranglen som samla dei Sp28) Det var i eldre tider fåre for at gutar i ung alder som gav seg ut på natterangel ikkje vart konfirmert derso foreldra ikkje heldt dei burte frå sovore. Det hender at sume som ikkje var \[\_skuleljos\] vart både 20 år og meir fyr dei vart konfirmerte. Det var soleis helst gutar millom 20 og 25 år likte best \[\_balade\] og \[\_læven\]. Sp29) Her var det berre bygdeguta som tok del i desse små akter å halde læven. Slike moroakte var dei gjerne ute på i samhøve med at ein eller annan bygdegut var på vitjing hjå gjenta si og akta å halda det løynt at han var hjå henne. Sp 30 Med i desse små nattetokter for \[\_leventes skyld\] var dei med fra alle sosiale lag – Sp 31) Nei, det er ukjendt for meg dei nytta visse dagar. \[s. 6\] Sp 32) Kjenne ikkje til større ugreie i so måte. Sp 33) Bondesøner og tenestegutar hadde ikkje i siste 100 året i vissa noko imot å vera i saman i lyd og lag. Sp34) Nei det er ukjendt her. Sp 35. Visse kveldar for frierei var her neppe. Men laurdagskveldar og sundagskveldar vart gjerne mest lagleg, då kom dei seg lettast utav arbeidsryttmen for helga. Det var m a. kveldasetearbeid midt i veka utan avslutta arbeidsdag før fram imot sengtid. Sp 36) Nei ikkje \[\_forbod\], men det var brot på god sømd å reke i bygda jolekveldar, påskevika og når det låg sjuke folk i huset. Eller når nokon låg på likstrå. osk Sp 37) Nei, ikkje etter visse grenser \[\_eller\] reglar. Sp 38. Det hender når tvo eller tri gutar hadde tokke av at ei gjenta hadde lova seg burt, at dei fann for moro å herme og etterlike målet at guten ho gjern såg koma på frieri, og narra henne å late opp. 39:Nei ikkje som eg no minnest. Sp 40) Ei viss varsemd synte bå gutar og gjentor i vissa i trulovingsdagar. Det vart rekna som god sømd. Sp 41) Foreldre og husbondsfolk ynskte ikkje ubudne gjester i huset før dei fekk visse for det var slike dei ynskte i gifte. Sp 42) Det var rekna for \[\_god sømd\] at gjentone var måtehaldne og varsame og tedde seg \[\_kostbare\] med å slepa friara inn. Sp 43). For fyrste umgang for å få «Audijens» og koma i samtale var det nokk å ha med «\[\_Pepparmynte med kjærlighedsprat\].», som det heitte: eit ord-stev. Ogso \[\_Brunesukker\] var funne brukande. Sp 44) Det var ikkje so vanleg gjentor spandera sukkergod – som gutane. Men di meir \[\_spandabel\] synte dei seg når dei baud gutane til sætrehelg eller gutehelgar på sætrane. Da vankar det med rjomeboller og rjomegraut og kakor av ymse slag. Sp 45). Når ei gjenta akta å vise sin godhug til den gut ho syntes godt om – Då gav ho han ei gåve i løynd for uvedkomandee. Det kunde vera eit vakker utbrota belte, gjenre \[\_perlebelte\]. Hoseband dregne i grind \[s. 7\] eller bukseselar sydde med roser eller \[\_dregne\] i grind. Sp 46) Hender det at flokkar av nattelaupara på frieri kom til gards samstundes, vart dei snarast råd var bedne å fjerna seg. Og gjentor med god sømd varsla da sine foreldre eller husbondsfolk som fekk slutt på lævenet og \[\_gilde\]. \[\_Den einslege friaren\]. Sp 47) Den som meinte det for rame alvor med å fri han vara seg helst for å gå med i nattelauparflokka Sp 48) Han tok seg kveldar der han søkte finna gjenta \[\_einsam\]. Var ho budeie, tok han gjerne ein visitt innom fjoset fyrst. Sp 49) Friaren akta best å koma uventa fyrste gongen SP 50) Um ikkje serlege grunnar var tvingande, var det ikkje uvanleg dei vitjar einanna bå eit og tvo år før lysing og ekteskapet vart røyndom med brudlaup. Sp 51) Smågaver dei tvo gav einannan som tekn på bindande lovnad for giftemål kunde vera som ymest. Men so eg alt hev nemt sp 45) var gjenta snøgt ute med eit \[\_par hoseband\], selar eller \[\_perlebelte\], når ho syntes om sin friar. Då var guten gjerne ikkje sein med eit krota smykkeskrin, syskrin OSV Hadde han god råd, kjøpte han gjerne Bringesylv og venskapsring eller sokalla fingersylv. Trulovingsring kom seinare. Sp 52. Til vanleg var unggutar og rivalar om same gjente som stod fyre ymse fantestykke. Det hender i slike høve at senga til friaren vart bori inn på tunet der gjenta var i fult oppreid stand, og sett att der so den måtte kjøyrast heimatt på høgljos dag. Dermed vart trulovinga gjort ålment kjendt i bygda. Sp 53 Når senga kom inn att på tunet der gjenta var, vart gjerne blåse i horn og spela kattemusikk. Sp 54) Foreldra måtte og rekne med sovore. Sp 56) Slike oppvartningssermonia vart offentleg forloving i praksis, mellom bygdefolket. \[s. 8\] Sp 57) I sætrehelgar kom friaren ilag med andre i fullt dagslys i gutehelga. Me vart gjerne verande over natta om han var kjærast til ei av budeiene. III Måtar dei lærde kvarandre å kjenna. Sp 58) Dei unge skulde vera varsame i samtal ved kyrkje etter Gudsteneste. Det var god sømd. Sp 59) Det kunde enast vera å by pa \[\_peparmynte\], brunsukker eller og litt kveitebrød frå bakerbuda. Sp 60) Det var helst gjentor som baud bakor med «hugnad- vendingsdropar i.» Sp 61. Det var so ymest med insjinativet i \[\_agjeva\]. ׀׀ 62. Dei hadde båe høve derved å gjeva sitt tips til kven dei syntes best om. Sp 63) Kjenner godt ordet påskeegg. Men er ikkje kjend med det vart gjeve guter ved kyrkja påskesundag. Meir kjendt soleis er: \[\_snikalefsa\] – Det var god kyrkjemat som symbolik for vensemd. Sp 64. Her var det i kyrkjebåten ba unge og eldre tala mest i saman på kyrkjeferder pa 2 mils veg. 65: Her toldest ingen leik ved kyrkja – sumar som vetter. 66: Nei ingen dans. B. Gjestebod Sp 67) Gjestebod hadde dei eldre rikeleg ad i heimane Ætargilde minst ein gong um året på kvar gard. I jolehelge jolegilde. grannelage årvisst. Det heitte da «Dei drakk jol» for då skulde joleølet smakast på. Dei hadde og \[\_Barseløl\] ved barnedåp og \[\_gravøl\] ved \[\_gravferd\]. Påska og pinsehelga var meir for vitjing for ætter osv. mindre visst med \[\_ølet\] – då. Sp 68) Vaksne gutar og gjentor fekk gjerne lov til ein joledans der det var hus som var sovore når dei «Drakk jol» med kvarandre. I Brudlaup var det bå øl og dans for 50 år sidan. Det var \[\_Aå drikka brudlaup\] Sp 69) Det var nokso vanleg at ungdom i brudlaupa for fyrste gong fekk høve å syna sin godhug til den dei seinare akta å dele bå gode og vond dagar med. \[s. 9\] Sp 69) Som \[\_storhending\] frå flatsengane, hende det gjamvel at Kjøkemeister eller ein vikar av han med oppsynsmynd, steig fram og kun- gjorde \[\_når brudagrauten\] skulde etast, kven han hadde sett i \[\_flatsengane\]. Her gjorde han kjendt kven som låg i lag ba unge og eldre, undom som ektefolk. For undom sit vedkomande, gjerne med den \[\_komplimang\]: «\[\_So veit me kvar det vert brudlaup i nær framtid\].» Sp 70) Stabbedans kjenner me lite til her. 71: 72) og 73) Kritikk og straff fann andre former her i bygda. Men «skåla» gjorde dei med øl. C Høve der eldre var med SP 74 Det hende, men ikkje vanleg. 75\) På uksjonar var unngdom med. Men Sjeldan høve til dans der. Sp 76) Marknad umlag årvisst, men ikkje nett her i bygda. 77: Venskapsringar, perleband og små sylvsaker og var guten rik nok gjerne ei klokk med kjæde i. Sp 78 og 79) Her vart slikke kalla «\[\_Dansestove\]» Dei skipa til dansestove med mat og drykk og spelemenn. D. Samkome for ungdomen Spørsmåla 80 til 87: Det var sætrehelgar for gutar som var det sentrale i jentegjesteboda og desse skifte frå \[\_sætr til sæter\] 82)Her var det husbondsfolket for gjentone som sætra og foreldra når det var deira detter som spanderte gildet. (81)(83) Slike sætrehelga for gutar kunde 20-30 verta bedne.(85)På desse samkomer hadde dei ofte fjelltura til høgste fjelltopp. La skoda der, tok dei gjerne leik og dans istaden. Til kring åri 1890 var det litt tilfeldig med formene for ungdomen sine møte og festa. Men kom isaman gjorde dei som rimeleg var. Sp \[\_88-89-90\]: Både Olsok og Jonsokhelga vart nytta for slike samkome for ungdom. Jonsok med Bål og leik (Jonsokbresingen måtte lendrast skulde væl vera. Olsokfestane var her gjennast sætrefesta. 90 Stundom og med fisketura i vatn og elvar i fjellet. \[s. 10\] Sp.91.-92-93: Sumarkveldar for ungdom var gjerne leik med \[\_Fri mann i vinden\],- og \[\_siste par ut\]. Handball vart og nytta. (Fotball kom seinare)92) Sjølvsagt hadde dei eldre mykje interesse for kva ungdomen tok seg til. Sume eldre tok og del for å føre dei til \[\_god leik\]. \[\_Sp 93\]) I Aaret 1893 hende det eit stort umskifte for ungdomen her i bygda. Då vart \[\_Austefjord ungdomslag\] skipa. Der i ungdomslagsarbeidet samlast då ungdomens aktivitet i lagsarbeidet på National og Kristeleg grunn. Her vart læraren i bygda SM Dahle og fleire mogne menn som hjelpte til med program Her vart song, upplesing, foredrag, skodespel, leik. Men sjeldan dans. Dei hadde mindre tid til sovore då dei for fult alvor var med i ungdomsarbeide. Møteverksemda vart mest knytta til Sundags ettermiddagar og helgedagskveldar. Umskifte var bå til glede og gagn for ungdomen mest. Sp 94: Jarnbanestasjon var ikkje i vår bygd, men dapskips- brygge der ungdomenm gjerne møttest og slo av ei samrøda. B. Om Vetteren. Sp 95) \[\_Kveldasete\] var tradisjon i si tid, der gjenter sal med handarbeid. Og det hende at gutar kom pa vitjing. Desse vart etterkvart eit ledd i ymse misjonslag. Sp 96) Til vanleg varde desse umlag tri timar. Sp 97 Desse gjekk pa omgang fra gard til gard. Sp 98-99. Fjøsane var berre samlingsstad for: «Stille moro» Sp 100, 101) Dansemoro vart det sjeldan ette at ungdomslage vart røyndom – Og vart det, so var det tilskipa av slike som syntest \[\_dette med dans\] fekk forlite rom i ungdomslage. Då var bå gutar og gjentor med å fyrebu. Sp 103) Det var ofte \[\_spelemenner\] sjølve som baud seg til å spele Deira trong vart då altfor sterk. I byrja var her fleire flinke spelemenn som gjamvel laga slåttar sjølve. Hans Geilvik, Vika-Petter og Sivert Holebø, ofl. Sp 104. Nei, her vart ikkje oftare dansegilde etter at trekkspelet kom. \[s. 11\] 6 Sp 105 Vintersporter i eldre tid var god. Især var skeisesporten på blank ståliss på dei mange vatna. Det var sjølve Vettereventyret det bå for gutar og gjentor. Var isen mindre god og snøen lag fin i bakkane kom bå ski og kjelke ibruk. Sp 106: Gifteferdig ungdom var med. Foreldre, husbondsfolk hindra dei ikkje i sporten, soframt dei ikkje forsømde Sitt arbeid derved. 107 Ingen skilnad på gutar eller gjentor i dette. Sp 108 Heller ingen skilnad på lov og løyve frå foreldre og andre husbondsfolk og tenarskap. Sp 109) Syntest foreldre og husbondsfolk det gjikk for vidt med aking og sport, so var det gjamnast forsøming av arbeidet som var hovedgrunnen. Stundom og Relgjøse – når det vart altfor mykje læven. Sp 110) Det var med få undantak vanleg at ungdom hadde \[\_respekt\] for foreldra og husbondsfolka sin vilje. IV Juletråd Vedkomande dei spursmål er det i vår bygd altfor lite tradisjonar å bygga rette svar pa. Men gamle lærar Nils Magerøy i Volda som er ætta av Romsdal og Nordmøre, hev mykje betre kjendskap til dette som tradisjon derifrå. Men til spursmål \[\_128\] kan eg svara: Det var vanleg seiemåte at gjentone hadde lov \[\_å fri\] den 29 \[\_februar\] i skotåret. Ja, det var endå hevda dei hadde visse tilfelle plikt og – i det høve guten var måtehalden og bljug av å halda seg frampa. Heile skotåret skuld ellest vera gjentene sin rett å halda seg frampa i giftevegen. Sp 129) I eit tilfelle er det meg fortalt at retten vart nytta og gifte vart verkeleg røydom. MKG.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste