Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_15036_SF_Leikanger
Transkripsjon av filen #NEG_71_15036_SF_Leikanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: I Synet på giftarmål. Kva var sømeleg giftarmål? 1 Det store fleirtal fann gifta si i heimbygda eller i same sokna, 2 men mange fann seg kona utanfor sokna og det var ikkje nokon som tyk- te det var so urimeleg. 3 Ein skulle helst gifta seg med ein person av same sosiale lag, 4 og mellom bøndene galdt dette både for søner og døtre. 5 Ein kan ikkje seia, at foreldra av- gjorde giftarmåla, men det var van- leg, at dei gav sitt samtykkje, når dei vart spurde om det. 6 Men det kunne nok vera dei som la planar for for borna sine på lang slikt. 7 Ein kjenner ikkje til noko døme frå vår bygd, at foreldra avtala \[s. 2\] giftarmål mellom borna som enno var heilt små 8 Det var stundom det var nemnt, at ein gjorde «systrabyte», og det var i dei høve at eit syskenpar – ein gut og ei gjenta – gifte seg med eit anna syskenpar. 9 Slike giftarmål kom i stand utan nokon avtale på fyrehand og utan noko visst fyremål. 10 Når det galdt skyldskapsgifte meinte folk, at brur og brudgom ikkje motte vera nærare i slekt enn trimenningar. 11: Nært skyldskap i giftarmål var ikkje bra anten det galdt på mannsida eller kvinnesida. 12 Ein veit ikkje om, at born sette seg opp i mot foreldra, 13 men det var vanleg meining, at det ikkje ville gå godt med slike born. 14 Ein kjenner ikkje til, at dei unge kunne finna støtte og hjelp hjå andre enn foreldra i ein slik strid 15 Ein brukte å salutera, når eit brud- laup var på veg til kyrkja, men det vart ikkje skote skammaskot i slike høve. 16 Det har hendt, at fedrar har havt i mot å gifta dotter si burt til den ho \[s. 3\] hadde utvald, men at dei gav etter då vedkomande la bankboka si på bordet og sa, at dei fekk lata dotter si få ein like stor sum. 17 Det var ømse grupper av folk der dei unge stod friare og kunne gifta seg etter eige ynskje, so som tenestefolk, strandsitjarar og andre arbeidsfolk. 18 Det hende at enkjer gifte seg att, og dei stod mykje friare i val av ein ungkar. 19 Gutane kunne elles velgja meir fritt, men eldre gjenter gjekk ein forbi, sjølv om dei hadde pengar på bok. 20 Ein kjenner ikkje til, at gutar og gjen- ter tok varsel om kven dei skulle gifta seg med. 21 Ein kan ikkje hugsa noko middel, som kunne tvinga ein annan til kjærleik ved at han eller ho åt det utan å vita om det. 22 Folk meinte at slike middel var berre tøys. 23 Det høyrde med til god folkeskikk, at vaksne gutar og gjenter ikkje i utrengsmål skulle ha fylgjè om dagen. II 24 Ein kan ikkje setja nokon dato eller årstal for kva tid det var slutt \[s. 4\] på nattefriing, men slutt er det i den form, at ein gjekk fleire i lag. 25 Her i vår bygd vart nattefriiing kalla: «å gao til gjentedn» 26 Det var skilnad på nattefriing og natteløyping, ved anttefriing kunne det vera ein eller to i lag, men ved 27 natteløyping var det helst fleire i lag, og dei kunne gå frå gard til gard og halda sjau med gjentene. 28 Det var gutar i framslengalderen 16 – 20 år som slo seg i lag. 29 og desse kunne vera frå ømse kantar av bygda, 30 og gutar frå andre sosiale lag enn bønder kunne vera med. 31 Ein kjenner ikkje til at visse neter t.d. natta mellom 2. og 3. juledag kunne fra mande gå på nattefriing, men heile julehelga med unnatak av natta til 1: juledag var ei lagleg tid både for framande og andre å møtast med venn sin. 32 Ein kan seia det var godt mellom gutane i bygda, når det kom framande på friing. 33 Bondesøner og tenarar kunne godt vera \[s. 5\] i lag, det var ikkje nokon skilna soleis. 34 Det var snakk om, at tenestfolka rekna med, at laurdagskvelden «eigde dei sjølv», 35 og det var serleg den kvelden ein gjekk på nattefriing, 36 elles var det rekna for god folkeskikk å ikkje uroa folk om natta ved alle høgtids- dagar og after og når det låg lik på garden. 37 Det kunne vera visse grupper på ein to – tre mann som gjekk saman på «nattesjau», og dei kunne vera både i heimegrenda og lenger burte, 38 Og når dei kom fram, kunne dei gjera seg anna mål – «snakka uskjele» - og ba om å få koma inn. 39 Og var høve der, so kunne ein syngja eller seia: «Høyr meg her Olinemor, eg fridde til deg i fjor, no må eg få dit ord, for no må du pisketre be- stemma deg, for kjærleheiti er so fæl å klemma meg.» 40 Ein motte sjølsagt fara fram so stillt som mogeleg, 41 so ein ikkje uroa husbondsfolk eller foreldre, 42 og gjenta var ikkje den som let opp, men gutane hadde ofte ei råd \[s. 6\] med å opna anten dør eller glas. 43 Gutane kunne i sume høve ha drops med eller sjokolade 44 men gjentene hadde ikkje noko å by på ved slik vitjing. 45 og gjenta kunne ikkje \[-ved slik vitjing syna\] på den måten syna kven ho likte best. 46 Ei slik vitjing kunne vara ein times tid, alt ettersom tilhøva var. Den einslege friaren. 47 Det kunne nok henda, at den eine av flokken kunne verta verande att om han likte gjenta. 48 Den nattefriaren som gjekk åleine fann seg altid eit høve a stikka 49 av garde, ein ville i lengste laget løyna at han var ute på friing. 50 Det var ingen regel for korlenge ein gut gjekk til same gjenta, det kun- ne vara berre ei kort tid, men det kunne og verta grunnlaget for seinare ekteskap. 51 Det hende nok, at dei to gav kvarandre smagåver som teikn \[s. 7\] på at dei var glad i kvarandre, det kunne vera i sølv eller små heime- arbeid 52 Det hende stundom det vart gjort fantestykke med den einsleg nat- tefriaren, dersom han motte bruka båt kunne han finna båten sin att langt opp i bygda, so han motte ha folkehjelp for å få han på sjøen 53 att. Det kunne i sume høve verta strøtt sagflis frå heimen til guten til heimen åt gjenta, Dette kunne vera ei pretta av eit par ungdomar. Å verta «bjødla» var meir som ei æra for det vart gjort berre i dei høve der ein visste, at guten og gjenta var trulova, og i sume høve takka ved- komande for arbeidet, ja det hende at sume av laget vart bedne inn på dram. 53 Dei som strødde sagflis gjorde det i all stilla og var berre eit par mann, når det gjeld «bjødleleiken» var som regel all ungdom med, ja det hende at kvinner og var med. \[s. 8\] 54 Det å strø sagflis var å kungjera eit frieri på eit tidleg stadiom, og korkje guten eller gjenta lika det og heller ikkje 55 foreldra til gjenta. 56 Når det vart halde «belamaol» - bjødleleik visste ein om, at vedkomande var tru- lova, og dette vart på lag som kunngje- ring for ålmugen, og det unge paret hadde kje noko i mot ei slik kun gjering, det var meir ei fornærming om ein ikkje brydde seg om dei. 57 Nattefriinga på sætra var mykje på same måten som heima. Sume likte å vera to i lag, andre likte å gå åleine, og desse siste ville helst løyna seg for andre som var ute i same ærend. III Andre måtar som førde ungdomen saman slik at dei lærde kvarandre å kjenna. A. På kyrkjebakken. 58 Det var utanom det vanlege, at gutar og gjenter kunne tala saman på kyrkjebakken etter gudstenesta. \[s. 9\] 59 – 66 Det er soleis ikkje å nemna at gutane kunne spandera brennevin eller sukkerklumpar på gjente, og dei baud heller ikkje på kake. Når gutane ikkje kunne syna noko interesse for gjentene opp i dagen so må ein ikkje venta, at gjentene tok initativet og kunne syna kven dei lika best ved å gjeva gutane smågåver. Her i bygda var ikkje so lang veg til kyrkja, at ein trengde faste kvileplassar der ungdomen kunne tala saman. Det var ikkje leik eller dans nær kyrkja korkje sumar eller vinter. B Gjestebod saman med andre. 67 I eldre tid kunne ein koma saman til julegjestebod eller til andre tider av året so som påske og pinse eller til andre tider av året i andre høve so som barnedåp eller likferd. 68 I slik \[-høve\] gjestebod høvde det ikkje so bra for den vaksne ungdomen \[s. 10\] når det ikkje var leik eller dans. 69 Når det var brudlaup tura ein på til langt på natt, og dei som ville leggja seg gjekk heim, det var berre dei framande som kunne få plass i brudlaupsgarden og var dei mange laut ein nok nytta flatseng. 70 – 73 Stabbedansen er ein ukjend leik her. C Andre høve der eldre var med. 74 Det var vanleg, at dei ymse slag dug- na enda med dans og det var fest for dei unge. 75 Gifteferdig ungdom var nok med på ausjon, men ein veit ikkje om at ein dansa då. 76 Her på våre kantar var det ikkje noko slags marknad der ungdomen kunne samlast til hugna og moro. 77 og det var soleis ikkje høve mellom gjenter og gutar å veksla smågå ver. 78 Samskotlag der både unge og eldre var med med mat og drikke og dans kjenner ein fyrst til etter at dei fri lynde ungdomslagi vart skipa for \[s. 11\] om lag 70 år sidan. 79 og slike samkomér kalla ein korga- fest – pakkefest. D Samkomer der ungdomen var mest for seg sjølv. a) Om sumaren 80 Om sumaren var det ikkje halde noko tausaveitla her hjå oss, 86 men då hadde ein stølshelg som ein kalla ungdoms helgi, og då var det mange som fann vegen til fjells, då vart det sett til livs mykje både rømmagraut og mølsa og går ein 60 – 70 år attende vart det drukke nøgda med brennevin og. Der var ingen dans, men ein kunne gjesta andre stølar som låg i nærleiken. Denne stølshelga vart feira etter å ha vore 4 viker i fjellet. 87 Ein kan ikkje seia, at det var same slags moro som i gjentegjestebodet, ein hadde ikkje spelemann, og so var det ingen dans, men ein gjekk i gjestebod frå den eine budeia til den andre og var moltene mogne fann ein ogso vegen til dei. 88 Det var \[-ikkje\] vanleg, at ungdomen \[s-12\] kom saman på gamle helgedagar so som jonsok. 89 Ein kan ikkje seia, at ungdomen drog ut i lag for å eta ber og soleis ha ein bærsundag. 91 Om sumarkveldane kunne det vera ømse slags leik som å « slå monken», kasta skothella eller ømse slags friidrott. 93 Om helgedagskveldane gjekk ung- domen saman, 94 og når båten kom 94 Kunne ein samlast på kaien og etterpå ta ein svingom utover kvelden og gjenter og gutar gjekk då i lag. 95 B. Om vinteren Det var ikkje vanleg, at det var møte eller samkoma om kveldane, der gjentene sat med syarbeid eller med rokken og gutane kom på vitjing. 100 Om vinteren var det dansmoro av og til om sundagskveldane. eit par gutar var omkring på gardane og fekk lov på hus. 101 Dei som budde i huset sytte sjølv for den opprydding som trengdes, noko matstell vart ikkje brukt. \[s. 13\] 102 Her var eit par spelemenn og dei var mellom ongdomenen og var lett å få tak i, vidare var her fleire som spela trekkspel. 103 Slike dansekveldar kosta ingenting, huset var gratis, spelemann sameleis og det var ingen bevertning. 104 Jau det vart nok dans oftare då trekkspelet vart kjent og vanleg. 105 I eldre tid var det ikkje so mykje ski- sport, litt skriding var det på «skreisko», men isforholdi var so usikre, men derimot var de tmykje sigling på kjelke. alle hadde fin bana på 1,5 km. etter bydevegen, og her samlast ung- dom om kveldane og rende på kjel- ke, og alle motte fylgja «toget» både fram og attende. 106 Det var vanleg, at vaksen ungdom kunne vera med på denne sporten laurdag- og sundagskveldane etter eige ynskje uten løyve frå forelddre eller husbond, når dei elles gjorde sitt vanlege arbeid, 107 og det var i so måte ingen skilna på gutar og gjenter. 108 Men det kunne vera skilna soleis, \[s. 14\] at foreldra heldt borna sine meir borte frå alle slags samkomer enn husbonden gjorde med tenarane sine. 109 Dersom foreldre eller hundbondfolk nekta ungdomen å vera med på allslags samkomer, so kunne det vera av religiøse eller sosiale grunnar, 110 og det var vanleg, at born og \[-det var vanleg vaksne\] tenarar retta seg etter eit slikt forbod 111 Den guten som etter arbeidskvila i jula og nyttårshelga kom inn i ein heim der gjenta sat og spann vart kalla «rokkabel», og det var von om at dei kunne verta kjærest- folk. Var det nokon som ville sjå «laoakatten» so kunne dei gå burt til laoamann, han var då eldande for (snøgg) svinga tusta som ein klave rundt halsen på vedkomande og klemde til. 112 At rokkabelen m.fl. vart kalla embedsfolk er ukjent her. 113 – 114 Om juletråd er ukjent her. 118 Rokkabelen fekk mat og drykk 119 og hadde plikt til å halda rokken \[s. 15\] i stand heile året 128 Det var vanleg seiemåte, at gjentene hadde både lov og rett til å fri den 129: 29.februar eller i heile skotåret, 130 men ein kjenner ikkje til, at dette verkeleg vart gjort, for slikt kjem ikkje \[-ikkje\] opp i dagen, som rimeleg kan vera. Fresvik i Sogn jan. 1960 Hans O. Hov
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste