Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_15030_MR_Hareid
Transkripsjon av filen #NEG_71_15030_MR_Hareid
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: \[\_Spm.\] 1.-2. Til lenger vekk i frå heimbygda gifta kom til meir snakk og bisning vart det. I næraste grannelaget eller i næraste byg- dene der kjende dei kvarandre og visste om både dei gode og dei dårlege sider hjå dei ymse slekter. Men når guten eller gjenta kom langt burte frå framande bygder og kanskje frå andre landsluter då vart det grunn til uro og endå til litt misstru. Og kvifor gå utanom dei næraste bygdene etter gifta si? Var ikkje folket og dei gifteferdige jentene og gutane (helst gjentene) gode nok her i grannelaget? Slike tankar rørde seg \[-nok\] litt mellom bygdefolket for 80 – 90 år sidan. Men dette synet er slutt for lenge sidan. Eit vidfare fis- karfolk som her er, so tok dei gifta sine frå heile norskekysten \[s. 2\] og frå Austlandet og grannelanda like so gjerne som frå heimbygda. Det kan nok hende at ei og onnor gamal kjerring eller ein 80 år gamal kall med heilskjegg rister på hovudet åt ein slik gal- skap enno. Men grensene er nedbrotne for lenge sidan. \[\_Spm.\] 3-4. Ja, helst frå same sosiale lag. «Like born leikar best» sa dei gamle. Var det ein bondegut som fekk ei embets- mannsdotter vart det mykje å snakke om. (Det hende nesten aldri.) Og sameleis om nokon, guten eller jenta høyrde til rik- folk utanom bondestanden. Ein burde helst halde seg til \[-til\] sitt eige eige miljø, då var ein \[\_tryggast\]. Men dette synet er ogso kome vekk i seinare tid, endå om det nok kjem fram i tankegangen den dag i dag. \[\_Spm. 5-6-7.\] Nei, eg kjenner ikkje til at foreldra åleine avgjorde giftarmål korkje med borna var små eller når dei vart vaksne. Men eg vil ikkje nekte for at noko slikt kunne hende, men då var der noko åfått med guten eller gjenta. (Lite for seg, små evner) Men at foreldra ville ha eit ord med i laget til slutt, om dei hadde noko i mot guten eller gjenta eller folket dei kom frå, \[s. 3\] det hende nok ofte. Og då kunne det ogso verte tragediar av det. \[\_Spm. 8-9.\] Systerbyte og sysken- byte kjenner vi til både frå gamal og nyare tid. Det var når 2 sysken gutar eller jenter vart gifte med 2 sysken frå eit anna tun. Om der kanskje var nokon baktanke med det i gamal tid, styrking av midel eller ætt, veit eg ikkje. Men i nyare tid trur eg det var berre kjærleiken som spela inn. Eg kjenner ikkje noko døme på ekteskap med sys- kenbyte for auking av midel eller samanslåing av gardar her i bygda. Spm. 10-11. Nært skyldskapsgifte var ikkje ynskjeligt. Tremenningar gifte seg nok ofte. Syskenborn sjel- dan eller nesten aldri. Det hende ogso stundom at slike som var i slekt, men ikkje i bein line, gifte seg. T.d brudgommen var syskenbarn til mor åt bruda. I det heile reagerte ikkje \[s. 4\] folket so hardt på skyldskaps- gifte når det berre ikkje var allfor nær slekta og i bein line. 11. Eg har \[\_ikkje\] høyrt at folk såg nokon skil- nad på om slektskapen var på mannssida eller kvinnesida. \[\_Spm. 12-13-14.\] At born sette seg opp mot foreldra hende nok ofte. Det tvinga viljen sin gjennom og foreldra måtte gje seg. Folkemei- ninga i slike høve kunne vera so ymse. Men at folkedomen \[-i slike\] einsidigt gjekk ut frå som sik- kert at det kom til å gå ille med slike giftarmål det har eg \[\_ikkje\] funne. Men at foreldra stundom fekk syrgjeleg rett er ogso eit fak- tum. Men so skal det ogso sei- ast at mang ei lase tausakjerring og mang ein drengjakal har det sote att på gardane \[\_nettopp\] av den grunn at dei gav etter for stri- dige foreldre. 14: Det hende vel stundom at dei unge fekk studnad frå andre enn foreldra, \[s. 5\] \[-stundom\] men dette var slike ting som ingen hadde lyst å blanda seg opp i sjølv om dei var i slekt med vedkomande. \[\_Spm. 15.\] Nei, vi kjenner ikkje noko til dette. I alfall ikkje i sjølve brud- laupet. Men før den tid, i trulovings- tida når guten gjekk etter gjenta, då vart det gjort mange fantestykke. Og altid var det halvvaksne gutar (eller vaksne gutar) som fann på det. Men slike pretter fann dei på utan at dei hadde nokon ser- leg kritikk å bera fram mot dei to som det gjekk ut over. Helst var det slike som hadde eit eller anna «agg» i sida mot guten eller gjenta som fann på prettene. Eller ogso var \[-var\] eit eller begge litt rare av seg og skilde seg ut i ungdomsflokken. Men altid var det det gutane frå 15 til 25 år som fann på fantestykka. \[\_Spm. 16\]. Nei, dette kan eg ikkje fortelja noko om. Har ikkje døme på det her i bygda. \[\_Spm. 17\]. Tilhøva her i desse bygder har vel altid vore so demokratiske at \[\_alle\] har vore like frie med val av ektemake, anten dei hadde det eine eller andre yrke til liveveg. Men i eldre tid, for ei 70-80 år sidan var det nok slik at ein odelsgut som skulle ta garden hadde serleg auga at foreldra på seg ved val av henne som skulle verta kjerring på garden. \[\_Spm 18\]. \[-I eldre I eldre tid\] I eldre tid hadde enkja som \[s. 6\] sat med gard store sjangser til å velje og vrake når ugifte karar kom og melde seg. Ho trengde ikkje om å ta noko rask, for jord og gard det var sjølve tryggleiken og live- måten og maten på bygdene i gamal tid, når foreldra mine var i giftande år. Ja, endå so seint i tida som i 80-90 åra. Men då snudde det brått og idag vert aldri (nesten) ei enkje gift om ho er aldri so ung og fri. Og slett ikkje om ho har ein gard. \[\_Spm. 19\]. Gutane stod friare enn gjentene på den måten at initiativet var på deira side. Men ei gjente med komode eller helst bankbok hadde nok ein sjangse meir før i tida enn dei som var heilt snaude. Men so akkurat vanleg at gutane først og fremst valde slike gjenter endå om dei var litt eldre trur eg ikkje. Men som sagt var dei \[-jen\] jordjenter eller enkjer med gard såg det ljost ut. \[\_Spm. 20\]. Eg torer ikkje seia noko visst om dette. Eg er redd for at eg kan blanda i hop det eg har lese om dette frå andre bygder. Sjølv har eg aldri sett eller høyrt noko om dette og dei gamle eg har spurt (83 åringar) har ikkje noko å fortelja om det.\[-te\]. Heller ikkje høyrde eg mor nemnde nok om det. (Ho var fødd i 1856.) Likevel meiner eg at slike varsel har vore her og, men det er gløymt. Kring 1850 \[-åra\] 60 åra var \[s. 7\] eit tidskifte her i bygda for mykje av den gamle overtru. \[\_Spm. 21-22\].Eg hadde høyrt om dette og spurde ein gamal mann (84 år) om han kjende tiøl døme på slike ting i si tid. Nei, svarar han, ikkje medisin eller dropar, men eg har høyrt at \[\_grisebuster\] kunne vera vert å prøva. Dette fortalde han, men korleis ein skulle få lure bustene inn i maten al til den som skulle hugsemdast det visste han ikkje. Meir veit eg ikkje om dette. \[\_Spm. 23\]. Vaksne gutar og jenter kunne nok både halda fylgje og tala saman på åljos dag utan at det vekte noko forarging, når det var so berre ein hende gang. Men tok det seg jamnt oppatt då vart det snart folkesnakk av det. Og folkesnakket var ungdomen redd. Difor kom dei helst saman i skyminga inne i husa i fjøset eller løda, eller uti tuna. Men viktigaste møtestaden for gutane og jentene når dei ville tale hjårtespråket med kvarandre det var \[\_lofta\]. \[\_Nattefriing\]. \[\_Spm. 24\]. Heilt slutt har det aldri vore og er det vel ikkje den dag i dag. Men det har vel endra seg noko i seinare tid. Ein nattegangar, nattelau- par, ein som går på lofta, går helst åleine no. Dei samlar seg ikkje slik \[s. 8\] i flokkar som dei ofte gjorde i gamle dagar. (Det treffest nok dei er ei 2- 3 ilag no og). \[\_Spm. 25-30\]. «Dei gjekk på lofta sa dei om slike, eller ogso natte- lauparar». Om dei gamle la nokon skilnad i namna nattefriar og nattelaupar veit eg ikkje. I seinare tid sa vi helst «dei som gjeng på lofta». Men folk forstod nok å gjera skilnad på fantar som gjekk berre for moro og «galur» og den nyforlova guten som fann vegen opp loftstrappa til gjenta si. Slike gutar som gjekk frå gard til gard berre for moro var ille lika og vart ofte jaga av husbon- den. Men den som kom åleine og gjekk stillt fram var sedd på som ein som meinte noko med det og han \[-fekk gå i fred\]. vart det oftast ikkje lagt noko hin- dringar i vegen. Men nokolunde vaksne gutar var det altid, ialfall konfirmerte. 17 til 20 år var vel det vanlege. 15-16 \[-og opptil 25 år\].- åringar meir sjeldan. Og dei var helst frå same grenda, og kjende kvarandre. Men det hende ogso at gutar frå andre bygder kom \[-på natta\] og gjekk på lofta, men då berre en og han var trulova med jenta han gjekk til. Berre når det låg mange framande båtar til fiskjes i ei bygd kunne det hende at dei slo seg i lag \[-og tok\] og fann fram til gjentene i bygda der dei låg \[s. 9\] på loft eller fjøslem. Eg trur at det var berre gutar frå same sosiale lag som heldt i hop på desse turane. Men det kunne vere både tenestegutar og andre arbeids- karar, gardgutar, fiskarar og kven som helst. Åja, lærarsøner og lensmanns- drenger og for den del. Men \[\_ikkje\] born åt høgare embetsfolk, prest og doktor og fut og skrivar, dei blanda seg sjeldan med «almuen». \[\_Spm. 31\]. Nei, dette veit eg ikkje noko om. Framande eller ikkje so var det helst, og \[\_nesten berre laur- dagsnætene\] (natt til søndag) at dei gjekk både dei som høyrde bygda til og \[-andre\] dei som kom frå andre bygder. \[\_Spm. 32-33\].Trur ikkje der var nokon strid mellom bygdegutane og dei fra- mande, i alfall ikkje so langt att- ende eg kan minnast. Når ein gut frå grannesoknet hadde gått både 1 og 2 mil for å treffe ei gjente då var det sopass alvor i leiken at han fekk gå i fred. Onnorleis kunne det nok arte seg på stader der mange framande folk låg til fiskjes eller anleggsarbeid, da kunne der stundom verat \[-strid\]. litt samansverjing. Der var heller ingen skilnad på bonde- gutar og tenestgutar. Alle var like gode i flokken. (Sjå spm. 30) \[\_Spm. 34-35\]. Nei, tenestfolka var like gode som dei på garden og gjekk same kveldane.Og det var berre laur- dagskvelda i \[-gamal\] tida fram til kring 1920. Men desse siste 20-30 \[s. 10\] åra har det vorte ein temmeleg klår tendens ogso mot onsdags- kvelda, (lisjelaurdag.) Ikkje akku- rat til å gå på lofta, men til å pusse seg opp (snible seg) og gå på vift. Det var utenkjeleg i min ungdom, kring 1900. \[\_Spm. 36\]. Låg der lik i garden so heldt nok nattelauparane seg vekk ei tid. Og likeeins \[-høgste jule høgtidsdagane\]. i høgtidene. \[\_Spm. 37-46.\] Eg har ikkje skyna det slik at der var visse flokkar av gutane som gjekk i visse strok i bygda. Dei gjekk dit dei ville, og helst der dei hadde fått spurlag på \[\_nye\] tenestgjenter. Dei gjekk \[\_ikkje\] so mykje i flokk. Helst ein eller 2 i lag. Eg har ikkje høyrt at dei prøvde å gjera målet ukjenneleg eller sa fram vers når dei kom til døra. Langtifrå, det galdt å fara so stillt som råd var, tok ofte av seg skoa og stiltra seg på hoselestane. (Marie Lovise Vidnes: «Gangdøra») Husbondfolk og foreldra såg som oftast gjennom fingrane med det, i alfall so lenge det ikkje vart for mykje bråk. Men foreldra var gjerne meir ottefulle og påpasse- lege enn husbondfolk med tenarane. Om gjentene drygde med å lata gutane inn veit eg ikkje. Det var vel ingen regel utan at dei var redd gutane og slett ikkje ville ha dei inn til seg. Her ei lita soge som illustrerar \[s. 11\] korleis ein far tok det når han kom over ein gut som var på nattefriing til dotra hans: Det var ein god og velvyrd bygda- gut og no var han ferdug på loftet med jenta og kom ned trappa på veg ut. Men gamlen hadde høyrt stega, kom ut og møtte guten i gangen. Då vart det desse re- plikkane: «Kva det dokke fer og reke ette om natta. Kan kje dokke kome om dagen og ikkje fare slik og vandre i myrkna». Svaret kom kort og turt: «Det var det som skulle vere det.» Korleis det var om dei baud på noko til kvarandre veit eg ikkje. Baud dei brennevin so er det i al- fall avlagt for 100 år sidan her med oss. Men sukkergodt (brunsukker) og \[-jenta\] kjøsel er ikkje utruleg at dei baud kvarandre. Og var det i juletida so kan hende jenta hadde bunde eit belte med perler på til guten sin. Men då måtte han vera der åleine, ikkje fleire i lag. Ei nattevitjing på lofte varde aldrig lenge om dei var fliere i lag. Men han som kom åleine, eller vart att når dei andre stakk av, han drygde nok ofte heilt til det ljosna av dag. \[\_Den einslege nattefriaren.\] \[\_Spm. 47-56\]. So langt attende som eg og dei eldste i bygda vår kan \[s. 12\] minnast so er det helst den eins- lege nattefriaren vi hugsar som det vanlege. Dei kunne nok fylgjast åt fleire fram til tunet, men eg meiner det var sjeldan at meir enn ein gjekk inn til gjenta. Det spurdest snart i flokken kva for ein gut jenta lika og då heldt dei andre seg borte. \[-som\] Og kom dei fleire inn var det berre for ei lita stund. Den eine som kjende seg mest velkomen vart att. (Eg trur som sagt at det oftast var berre ein som torde seg inn.) Og når den einslege nattefriaren var ute og gjekk måtte det vera so løynt som mogeleg. Ingen skulle vita om det. Sidan dei vart tru- lova slik at det var kjent i grenda vart guten meir motig og kom når han ville. Men denne nattevitjinga heldt visst fram heilt til giftarmålet. Om gåver kan det vel seiast at eit brodert perlebelte til guten og eller klokkekjede av håret åt jenta, og eit smykkeskrin \[-eller eit\] til jenta var pant på trulovinga til den dagen kom at dei skifte ringar. 52 Det vart ofte gjort små og store fantestykke mot den eins- klege nattefriaren. «Ein gut rodde over fjorden til gjenta si på andre sida. Drog båten fram i støda og gjekk opp i garden. Om morgonen fann han båten att opp i ein møkedunge \[s. 13\] (gjødseldunge) på ein av gardane i bygda.» Dette er berre ein av dei mange hundrad slike pretter som gutane gjorde med dein einslege nattefriaren. Denne guten med båten høyrde \[\_ikkje\] grenda til der jenta var frå. Han var frå ei onnor bygd og jenta var \[\_ikkje\] tenestjente, men høyrde garden til. Elles var det so mange slag pretter dei gjorde. Ei nokso vanleg \[-var\] slik var å \[\_pisse\] full skoa åt han som var på loftet. Det var vel helst av dei yngste gutane som \[-gjorde\] fann på desse prettene, 16-17 åringar. Eller ogso ein eldre som var vraka av jenta og ville hemne seg. (Dette siste var sjeldan.) 53 Å strø sagflis, lage bjølleleik o a. kjenner eg ikkje til. Derimot å låte kattemusikk, slå i veggen og liknande er kjendt. 54.Guten og jenta lika sjølv- sagt dette berre so måteleg. Men det høyrde med i bygdalivet og måtte tolast. So snart dei var offentleg trulova fall dette bort av seg sjølv. Desse fantestykkja høyrde helst med i den første tida \[-når\] med same leiken tok til. \[\_Spm. 57\]. Det er lite og inkje sætre- liv som har vore her i bygda. Kan difor ikkje svara på dette. \[\_På kyrkjebakken\]. \[\_Spm. 58-66\]. Dei eldste eg har snakka med om desse spursmåla seier \[s. 14\] at dei fritt kunne tala saman på kyrkjebakken gutar og jenter, etter gudstenesta. Det einaste som 59: då var bode fram var «Kjøsela» (av jentene). Om gutane baud på 60 noko veit eg ikkje. Men i 1840 åra og før, var det utsal av brennevin tett attmed Hareid- kyrkja, og då er det tenkjeleg at dette vart bode fram mellom ung- domen. Jentene baud ikkje på anna enn «Kjøsela». Eg trur helst at det var guten som måtte nærme seg gjenta. Det tok seg ikkje ut at ei jente stakk seg fram. Då fekk ho folkesnakket på seg. Påskeegg og liknande ved kyrkja veit \[\_vi ikkje\] om. I gamal tid fanst her \[\_ikkje\] høns på gardane. Langsmed Hareidkyrkja i ein halv- runding gjekk eit stort steingjerde og der sette kyrkjefolket seg og helste og prata før dei gjekk inn i kyrkja. Riksvegen (den gamle landevegen gjekk tett forbi kyrkja attmed denne steingarden. På andre sida av vegen i ei lengd av 60-70 m. låg ein jordvoll langsetter, turr og god å sitja på. Der sat mesteparten av karfolka (berre karane ikkje kvinnene). Der sat dei både før preika og etter- på og mange drygde ut og sat der og prata ogso under \[-gu\] mykje av gudstenesta. Kvinnene var gjerne tidlegare inne i kyrkja, men også dei \[s. 15\] stogga i småflokkar, helste og prata både før, men helst etter gudstenes- ta. Men altso: Karfolka heldt seg på for seg og kvinfolka for seg. Og inne i kyrkja var det strengt kvart p kjøn på si sida. Var det nokon som braut den skik- ken fekk han augo på seg. Då høyrde han ikkje bygda til. Han eller ho var vel byfolk. Det var liten høve \[-til\] for ein gut og ei gjenta å få talast ved noko serleg på eller attmed kyrkja. Der var for mange augnekast som fylgde med. Men her attmed kyrkja vår var eit ann høve som baud seg fram. Tett nedfor kyrkjegarden låg stove- husa på Hareidsgarden. Og der i ei av desse stovene, den som låg nærast, samla dei seg kvinnene unge og eldre, pynta og stellte seg åt av kyrkjenista, og so det vik- tigaste, dei \[-stod\] trengde seg borti det vesle glaset (vindauga) og bisna på folket som kom strøy- mande ut or kyrkja. \[-Men\] På heimvegane kunne dei vel fylgjast dei unge og få tala i \[-sl\] lag, men noko faste kvileplas- sar der dei sat og snakkast veit eg ikkje om. Dei som hadde lange vegar køyrde, eller rodde over fjorden eller rundt strendene. Eg minnest der var \[-lite\] visse vanskar for guten og gjenta å få snakka in- timt saman \[-på eller\] attmed kyrkja i eldre tid. Der var for mange \[-som\] augo som såg. \[s. 16\] Men dei eldre kunne feste tenest- folk, byte hestar, selje grisunga og gjera avtale om alt som vedkom det daglege liv utan at nokon såg rangauga på dei for det. Skikk og bruk var ein hard herre i gamal tid. Og autoriteten hadde fast tak i folket. Når han far kom stigande i svartkjolen og kvitekragen saman med klokkar og medhjelparane fra prestestova og skreid mellom flokken, dei på steingarden og dei på jord- vollen, då fauk hattane av, høgtideleg og audmjuke stod «almuen» og helsa \[-ein av\] represen- tantane for øvrigheita og Vårherre. (Ja ja, dette fall vel utanom svaret.) Leik og dans veit eg ikkje om i eldre tid attmed kyrkja vår på preikesundagane. Brennevin og kortspel deri- mot kunne dei gamle ikkje seia seg fri for. Ikkje akkurat tett att- med kyrkja, men i 2-300 m. i frå. Der var handelsmann med brennevin- rett fram til 1850 åra. \[\_Gjestbod saman med eldre. Spm. 67-69\]. Det er vanskeleg for meg å gji noko heilt litande svar på dette. Både eg sjølv og dei eg har tala med om dette meiner at dei eldre \[-og kom, var i\] og dei unge \[s. 17\] helst var kvar for seg i juledrikkar lag. Men borna fylgde dei eldre. Og gutane og gjntene i dei ser- skilde ungdomsgjesteboda var saman, det var då for å treffast og vera i lag dei var komne i selskap. So langt attende som nokon no kan minnast har det ikkje vore dans i eit vanleg juledrikkarlag her i bygda. Dansen var for seg \[-ofte\] sjølv og hadde ikkje samband med juledrikking (julegjestebod.) x) 69 Kven som skulle sova saman på flatseng var det ingen som avgjorde på førehand. Vertsfolket laga til sen- gane og ungdomen sjølv la seg der dei ville. Har ikkje høyrt at dei drog lul om det. Men ofte vart det mykje moro og leven når dei skulle velje seg seng- plassar. Det er for lenge sidan slutt med flatsenglofta. \[\_Spm. 70-73\]. Eg har aldri høyrt om stabbedansen korkje i bryllaup eller andre tider. Men ei gamal kone som er eldre enn eg (89 år) kunne fortelja meg at ho hadde sett på at dei tok ein gut og sette han på stabben. Om dei dansa kring stabben og guten var ho ikkje sikker på. Det var i eit bryllaup men han sat åleine på stabben. Ho trudde helst det var som ei straff eller soning for noko han hadde gjort. Han ville ikkje godviljugt so dei tok han med makt. Dette var i kring 1885. \[\_Spm. 74-75\]. Taktekkjing var den vissaste dugnad på våre kantar, men eg har ikkje høyrt at der var dans etterpå. x) Korleis det var med dette før 1870-80 veit eg ikkje. \[s. 18\] Det må vera eldre enn nokon no kan minnast her i bygda. 75 Auksjonar var det lite av og nokon samlingsstad for gifteferdig ungdom på dei ymsa små auksjonane som kunne slumpe til å vera eit og anna året har eg ikkje høyrt om. \[\_Spm. 76-79\]. Næraste marknadsplassen var Veblungsnes (inn på Neset.) Men dit var det lang veg og ingen reiste årvisst dit so langt attende eg kan minnast. Heller ikkje på Trondheims- marknaden. Men værfaren min frå Borgund fødd 1853 var flittig \[-han- del\] å reisa både til Veblungsnes og til Trondheim. 77 Då hadde han med seg gåver heimatt, men det var etter han var gift. Og på dei plassane dansa dei. Men som sagt, vår bygd hadde ingi tilknytning til desse 2 stadane etter 1890 åra, anna hestehandlarane, dei var der også frå Hareid og Ulstein. 78: Samskotslag med dans kjenner eg hel- ler ikkje til her i bygda i mi tid. Men kristelege (religiøse) samskotslag kjenner vi til, det heitte «Kjærlig- heitsmåltid», men der var nok ikkje dans. \[\_Spm. 80-83-85\]. Gjentegjestebod eller tausaveitsle er lite kjent her som fast skikk. Men det hende stundom at gutar og gjenter kom saman til eit lite lag. Då fekk dei i ein som kunne spele fele og dei kunne dansa 82(litt lenger ut) og litt drikke kanskje \[-og\] (før 1895) trur ikkje mat. 85 Hadde dei ikkje fele so plustra gu- tane fortalde ein gamal kone til meg. \[s. 19\] 83 Desse gjeste morrokveldane var utan fast regel og gjekk ikkje på omgang. 81 Eg veit ikkje om det var gutane eller gjentene som baud inn. 82Dei høyrde ikkje med i løna og det var ikkje berre tenesttausene som var med. 83 Dei kunne vere berre ei 3-4 gjenter og same med gutar. \[\_Spm. 86-87\]. Sætrehelgar med rjome- graut og leik eller dans har det vore frå gamal tid i dei bygder der dei hadde sætrar. Her i bygda kjenner vi ikkje til slike helgar før det kring 1910 vart bygd nokre sel på fjellet. Då vart det nokre år halde små samkomer i nokre sel. Der var det vel leik men ikkje dans. No er desse sela ned- lagde for lenge sidan. Og so er det slutt med fela ser det ut til på slike stader der ungdomen leikar i små samkomor. Det er gramofon eller trekkspel og munnspel over- alt. Ein snart 100 år gamal mann fortalde meg at dei laga felene sjølve i hans ungdom og laga strengane sjølve av saudetarmar. Det var ei gamal kone som hjelpte dei med tarmane. \[\_Spm. 88-94\]. Nei, dei kom saman berre jonsok og syftesok.89) \[\_Bær- sundag\] eller noko liknande kjenner eg ikkje til. 90)Veit heller ikkje om at dei drog ut i lag for å finne fisk, sanke måsegg, finne humlebol eller fiske. 91: Men sams leik om sommar- kveldane har det vore her i bygda frå gamalt av ute i fri luft so \[s. 20\] sant veret var til det. 92) At der då var eldre folk son var tiul stades og skulle fylgje med og passe på ungdomen har eg aldri høyrt. Derimot \[-har eg\] veit eg at noko liknande var gjort når ungdomen fekk leike innanhus (i skule- kjellaren i bygda. 93: Helgedagar etter middagen gjekk ungdomen i lag so langt attende som eg hugsar. Dei reika og rak etter vegane so lenge kvelden kom og dei samla seg til dans på ei sjøbud eller leika på eit vegasnat eller ei slette. 94: Brygge eller kai og jarnbanestasjon var ingen samlingsstad for ung- domen i eldre tid. Brygga var bygd i 1870 åra, men ho var for smal for ungdomsleik. Kaiane var bygde i kring 1900, og der har vore \[\_mang ein dans\] før ungdomshuset var bygdt og dei fekk danse der. Jarnbanestasjon har vi aldri hatt. \[\_Om vinteren\]. \[\_Spm. 95-99\]. Nei, desse kveldseta utanom den vanlege på gardane kjenner ingen her til. \[\_Spm. 100-104\]. I seinare tid, frå 1890 og utetter som er den tida eg kan hugse so var det dansar 2-3-4 ganger for året og det var både vinter og sommar, og som eg før har sagt utan at dei akkurat hadde noko samband med julehelga \[s. 21\] eller andre helgar. Høvde det so so hadde dei ein dans i jula eingang. Høvde det ikkje tok dei han seinare. Det var spursmål om gutane var heime for det var dei som tok seg av det, fekk i hus og spelmann. Gutane var det som rydda opp om det trengdest. Mat eller bruka dei ikkje. Men tuska og drakk gjorde vel nokre av dei i løynd. Før sjøbudene var bygde kring 1900 var det vanleg å få løyve med ein gardbrukar i bygda som hadde stor stove og danse der. Og slik har det sikkeret vore i u- minnelege tider her i bygda. At dei le leika ute i fri luft om som- marane er sikkert, men om dei dansa ute er eg ikkje so sikker på. Det var liksom det at til dansen var det likast med eit golv under føtene. Utgiftene, (der var ikkje andre utgifter enn til spelmannen) bar gutane åleine, det eg kan minnast. Sidan trekkspelet kom i bruk har det sikkert liksom vorte lettare å få til dansemorro, \[-serleg kanskje\] og billegare. 101 102 103 104 – se 100 \[\_Spm. 105-110\]. So langt attende som eg kan minnast (attende til 1890: var det vanleg med ungdom og serleg dei halvvaksne 14-15 åringar å møtast både i kjelkebakken og på isen. Kappkøyring var det ikkje det eg veit, ialfall ikkje om vinteren utan ved heimferd frå kyrkja. I den eldre tid før eg kan minnest \[s. 22\] var det ikkje so rart korkje med ski eller kjelkar og skeiser fanst ikkje som kan samanlik- nast med no for tida. Han bestefar \[-fortalde\] fødd 1817 fortalde at dei feste kuklauver oppunder skoa og pigga seg fram med ein stav med ein jarn- pigg i enden. Ski som var gagn i hadde dei heller ikkje før mi tid. 106 Eg veit lite å svara på desse spursmåla. Om dei som av ung- domen som ville vera med på isen eller i kjelkebakken måtte ha løyver av husbondsfolk eller foreldre veit eg ikkje. Men eg kan fortelje noko som ei gamal kone sa til meg: «Eg sat inne i stova heime og heldt på spinne, då høyrde eg gutane plustra etter meg itfor glaset.» «So sprang du vel ut,» sa eg. «Nei du, det gjorde eg ikkje, hadde eg gått ut hadde eg vel fått ei bra reisting. Vi skulle site stille og gjere arbeide vårt.» Denne kona var fødd kring 1840 og då var ho 15 år. 107 Eg trur husbondsfolk og foreldre var strengare mot jentene enn mot gutane. 108 Og som regel hadde kanskje borna slakkare taumar enn tena- rane. \[-Tenarar\] Dei siste hadde løn og skulle gjera like for seg. 109: Grunnane som husbondsfolk og foreldre hadde til å nekte born og tenarane til å vera med på slike \[-sam\]- \[s. 23\] leikarlag om kveldane var vel helst moralske og økonomiske. Ungdomen skulle haldast til arbeid, han skulle ikkje kaste tida vekk til tøv og tøys. 110 Tenarane fekk nok fint rette seg etter påboda. Borna gjorde vel som dei ville somme av dei, og trassa \[-seg til å få sin vilje\]. imot. Men då måtte dei ial- fall vera minst 16-17 år. \[\_Juletråd.\] \[\_Spm. 111-127\]. Dette er so vidt eg kan skyna heilt framand i vår bygd. Og noko liknande kjenner eg heller ikkje til. Kjem eg fram på noko som liknar dette skal eg skriva det opp seinare. \[\_Spm. 128-129\]. Ja det var vanleg seiemåte at i skotåret hadde jentene lov å fria, og ikkje berre den 29de men i heile skot- året. Men å peika på noko sikkert tilfelle då dette vart gjort kan eg ikkje. Men eg tykkest hugse at eg som barn høyrde dei vaksne fortalde om slike tilfelle. Og den vanlege meining mellom folket er at det altid er \[-ein eller annan\] einkvan jente som \[-prøver\] kastar seg ut på djupet og vågar spranget. \[s. 24\] Men som sagt, eit verkeleg prov for det kan ikkje skaffast. --- Når det gjeld gamle skikkar her i bygda vår, so vil eg take oppatt det eg har skrive om mange gonger før. Bygda ligg slik til at her var tidleg god gjennomtrekk. Mykje gjennom- gangstrafikk og gode reisetilhøve gjorde at nye tankar fekk feste seg nokso tidleg i 80-90 åra. Då fall det ganske fort vekk og vart gløymt. Dei eldste i dag var barn i kring 1880 og då tok nye skikkar alt til å koma hit til oss. Difor er det vanskeleg å få tak i mykje av det som kanskje var vanleg skikk og levemåte i 1840 åra. Når eg difor fær slike svar so ofte at nei dette kjenner dei ikkje til, dette har ikkje vore brukt her i bygda, so er eg overtydd om at det er dei gamle som \[-no\] var fødde kring 1800-1820 som tok med seg i grava mykje av den eldste bygdetradisjonen. Særleg gjeld dette alt som vedkjem overtru og trollskap. Ludv. N. Holstad. Hareid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste