Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_15024_SF_Selje
Transkripsjon av filen #NEG_71_15024_SF_Selje
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Nei, det var ikkje nokon regel. 2: Heilt naturlegt. 3: Ja. 4: Ja. 5: I mange tilfelle var det det. 6: Ja, i stor mon, men ellers alle som hadde stor midel å etterlate dei. 7: Nei. 8: Systerbyte eller syskinbyte, betydde, at t.d. "lars gifte seg med Anne, og Annes bror med Lars si syster". Dei bytte syskin. 9: Det var vel ikkje nokon avtale. Det var vel helst slik, at det eine paret som vart truvlova, førde med seg at også dei andre vart kjende. Eg kjenner fleire slike "syskinbyte", også frå notida. 10: Næraste skyldskap mellom ektefolk var "syskinborn" men ein rekna med at deira born vart undermåls,og veike. 11: ? 12: Ja, det hende ofte. 13: Ja, sers i eldre tider. 14: Ja, iblandt, men ikkje alle tider. 15: Ukjendt. 16: Ukjendt. 17: ja, det var helst fattigfolk, men og her kunne det verte familiestrid. 18: Truleg var enkjene meir sjølvstendige, til å vraka og velja, men det hende og at dei tok kven dei kunne få, då ein mann var billigare enn ein dreng. Det er fortald om ei enkje, som hyrte "ein dreng som ho slapp å løne." Og det gikk godt. Dei vart gifte, (Kring 1900). 19: Det kunne nok hende, at ein før såg på om gjenta hadde "bok". 20: Der var ymse slike varsel, men eg minnest ikkje so mykje av dei. Det var serleg eit, som skulle vere "å lite på", og det var når ein kokte graut julekvelden, so skulle ein ta "grautatvora" (som ein brukte å stampa grauten med) og direkte ut or gryta,- gå baklengst ut stovedøra og rundt stove- huset tri gongen. Den fyrste ho då fekk sjå, vart ho gift med. (Den fyrste ho fekk sjå ute då med det samme.) 21-23. Er ukjende \[s. 2\] Emne nr 71- blad LL Nattefriing. 24-46 Desse spurgsmåla er for det meste ukjende og uråd å svare på. Til vanleg var husa føre hundradårskifte sokalla røykstove, og ellers med berre eit brukande loft. På loftet låg so alle tenarar og ungdomen på garen, båe gutar og gjenter. Etter den tid eg minnest hadde gutar og gjenter kvar sine rom 47-52. Kan og vere vanskelikt å svare på. 51: Før var det, etter det eg minnest fortald, at gjenta fekk "haudeplagg" eit hodetørklæ, som gave 53: Bjølleleik, førekjem enno, og som oftast når dei unge etter at trulovinga er kjend, fyrste gong bur under samme tak. Der vert brukt bøtter, spann og ellers alt muligt til"musikkinstrument". 54-55. Det er vel ingen av delene som likar det, men dei lyt nok finne seg i det. Det er ikkje alltid slik bjølling går for seg, det er serleg når guten eller gjenta har gått med "fleire" og det so ser ut for å verte ein endskap, at Der vert "bjølla" 56: Det var vel helst når forlovelse frettest, at slik "bjølling" vart aktuelt. 57: Ukjend. 58-68. Ukjendt her det eg veit. 69: Det var vel mest truleg at det var dei unge s sjølve, som bestemte kven som skulle liggja i lag. 70-87. Ukjedt her, når undtatt dans. Dansing var det nok av og til, men ikkje so ofte. Det var vel skort på høvelige dansegolv. 88:89. Ja, serleg Jonsok og sundagskveldane. Om su- maren likeeins på bærsanking. 90-94 Ukjendt. 95-127. Ukjendt. 128: So lengje eg kan minnast høyrde eg at " i år er det skotår, då kan gjentene fri sjølve." Andre stader var det berre 29. febr. som dei hadde lov til å fri. 129: Nei, eg kan ikkje seie eg kjenner slike tilfelle for som regel held folk dette løynt kva tid dei bar fram målemne i friarvegen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste