Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14910_SF_Balestrand
Transkripsjon av filen #NEG_71_14910_SF_Balestrand
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: I Meiningi um giftarmålet. 1: I bygder der det var liti sam- ferdsla gifte dei seg ofte i hop, d.e fann seg kona eller mann i bygdi. Men ein kan ikkje segja det var fast skikk. 2: Dei rekna det vanleg so ein fyremun um det kom godt nytt blod inn i ætti. 3: I \[rådomde\] ætter såg dei vel etter at guten og gjenta kunde høva for kvarondre. 4: Det gjaldt helst for odelsguten eller for odelsgjenta, um so var, at ho skulde verta kona på garden. 5: Ja, ofte det fram til kring 1850. 6: Ja, det var helst i ætter som sat på store gardar. 7: Dei såg seg um etter høvande og vonfulle manns – eller koneemne, alt medan dei gjekk i skulen. Det var \[s. 2\] helst ei \[u…fram\] mor som gjorde mest for det. Galdt det å finna ein gild gut til ei odelsgjenta vart den utvalde guten ofte beden vera i lag med gjenta ofte på saueleiting, so dei kunde vera åleine saman i fjellet eller skogen ein heil dag. Det kunde ofte vera hard karakter-\[…ning\] for guten. Avtale um gifting vart fyrst gjort når ungdomane nådde den gifteferdige alder. Her er døme frå at konor hadde med seg store korgor gjestebodsmat til kyrkje. Hadde dei lang kyrkjeveg åt dei på haugar utanfor kyrkjegarden x) etter preiki – og før dei for på heimferd. Dei som det var ein lognd tanke å knyta nærare samband med vart då bede vera med og «byta ein matubite», Det kunde ofte vera festelege samkomor. – Og det var ikkje alle som hadde givnad til å dylgja sine hugmål. Dei som soleis søkte ut frå kyrkjelyden fekk sitja i fred for dei vaksne. Men born for alle stader. Dei x) um sumrane. \[s. 3\] brydde slikt eit «kyrkjelag» seg minde um. Men gløgge born i 10 – 12 års alder både høyrde og såg mangt, som dei seinare bar i minne heile livet. – Denne sida ved foke- livet kom heilt burt med den store framgang i sam- ferdsla, motorbåt på sjø, og bilar på vegar – 8: Hemmingelag og hemdabyta er ukjende ord her. Systerbyte var det når 2 gutar gifte seg med kvar si syster. I ættene såg dei det jamnast som ei lukka. 9: Dei tenkte på ordet x) um garden og vyrdnaden for ætti. Umsynet til garden stod jamnast lengst framme. - 10: Dei gifte seg saman - heilt til dobble systkinborn, når det galdt um å halda gardane samla – eller verna um midelen i ætti. Men dette gjekk i lengdi ille. Ættene veikna burt. 11: Det kunde vera umlag likt. 12: Ja – etter umlag 1880. - 13: Dei tykte det var «stygt å setja seg upp mot foreldri». 14: Ofte kunde ei klok plass- mannekona koma til hjelp i slik ein strid. Men ho x) Det som vart sagt \[s. 4\] hadde den rette livsrøynsla såg ho meir etter menneske verdet – enn på det sjølv kjære huglaget i ei ætt som ofte heldt på å missa si makt. 15: Ukjent her. - 16: Slik prøve er ikkje kjend her, Men det er mange døme på at ein ung mann eller ei ung kona vart møtt med so stor uvilje at foreldre ikkje var med i brulaupet. Men dei «vann seg» i arbeidet, og um ei tid vart dei vel likte i ætti.- 17: Ja, plassfolk og vanleg arbeidarar fekk jamast fritt avgjera valet ved giftarmål. 18: Ja, dugande enkjor kunde vera sjølvrådige. Dei såg mest på manndomskrafti og dugleiken til arbeidet. 19: Mest vart det vakta på odelsgutar. Då vart det teke umsyn både til ætti og garden. Det mest vanlege var at gjenta skulde vera noko yngre enn guten. Men det er og, døme på at giftar- målet vart avgjort etter umsyn til « gard og grunn» eller «pengar i banken». Ein rik bonde hadde tri døttre. Den eine \[s. 5\] var lite pen, og ho var lenge ugift. Men far til gjenta tok det med ro. - Han sa: « Det kan vel vera ein pengelaus odelskar som ser seg mun i å få ei kjæring med bankbok». Og denne gjenta vart kona på ein gard. 20: Ja, \[-afta\] jolafta kunde dei taka mark på kven dei skulde verta gifte med. Ei gjenta av god bondeætt sat ei jolafta ved bordet. Ho var um og «drog yver» - somna lett og ho drøymde at ein ukjend mann med høg hatt kom og fridde til henne. Det var ein gild kar å sjå til. Ho drøymde og kvar han var frå. Nokre dagar etterpå kom mannen i høg hatt, nett som ho såg han i draum- en. x) Han fridde til henne. Dei vart gifte – og ætteforeldre til ei sterk og stor ætt. Dette hende i Balestrand herad 1801 – og er etter pålitelege kjel- dor. Det var elles ymse råder dei nytta til å få slike vitringar. Men det er lause segner, som ein kritisk granskar ikkje x) Det drøymde namnet var og rett – \[s. 6\] kan setja full lit til. – 21: Ja, dei trudde at um ein kunde få noko av sitt blod på ei skeid – utan at ho eller han som skulde bruka skeidi visst um det, so skulde det verta kjærleik mellom dei tvo - Ei gjenta vart ein gong redd for det. Og ho kasta skeidi langt burt frå bordet. Slike freistnader nemde dei å «venda hugen». 22: Dei rekna med at hugvendinga kunde verta vær- ande. 23: Tvo ungdomar som tykte godt um kvarande kunde ikkje vera i lag – eller tala saman soleis at folk såg det. – Då vart det folke- snakk um dei. Fram til 1840 åri samlast umgdomar då på kyrkjebakken etter preiki. Det stod dei i tvo rader, gjentor på ei sida og gutar på hi sida. Dei stod for det meste tagalle og såg på kvarandre. Gjentene heldt kvar- andre i armen, og det var lett å få låtten fram for den som hadde mod til å opna munnen. \[s. 7\] II Nattefriing. 24: Nattefriing kan ein rekna dei – for det meste – heldt upp med her kring 1890. Ein odelsgut som gjekk på friri 1878 tok uløyves ein båt til å ro um fjorden. Eigaren av båten såg det um morgonen, når båten hadde vore ute Ei natt heldt han vakt, so han kunde sjå kven det var som tok båten. På morgon- kvisten kom friaren att. Eigar- en av båten kom då fram so blid og spurde um han skulde hjelpa til med å setja båten upp. Friaren betalte då ½ dalar til båteigaren. 25: Um ein nattefriar sa dei her at han «gjekk til gjentone». 26: Det var skilnad på fyre- måtet med å gå til gjentone. Dei som fridde « på visst» gjekk åleine og kom helst um fredagskveldane. Dei som gjekk med et fyremal å liggja «på armen» kom vanleg um laurdagskveldane, og dei kunde ofte vera nokre kjenningar i lag. 27: Det var no ymse. Um sumarkveldar kunde dei vera \[s. 8\] upptil 10 – 12 karar i lag på store stølar, der det kunde vera mange budeior. 28: Ja, det laut vera vaksne gutar. «Helplyggor», guar i konfirmasjonsaldern fekk ikkje vera med. 29: Dei var helst frå same gard – eller næraste grend. Det vart ofte slagsmål, um framande gutar vilde freista å vera med. 30: Det skilde seg kor alvorleg fyremålet var. Det hende at ein bondegut hadde ein hjelp- esmann med – når det var 2 som gjekk til same gjenta. Den eine skulde då vera hjelpesmann. Det kunde vera ein sterk og litande hus mannsgut. Største striden var då til gjenta hadde gjort sitt val. Han som tapte freista då ofte å vera den sigrande guten til meins. 31: Ukjent her. 32: Ja, gutar frå ein gard eller ei grend heldt jamnast godt samen – mot framande gutar. 33: I sume byger var det stor standsskilnad. Men mange stader kunde husmanns- gutar og gardmannsgutar semjast so mykje at dei gjekk i lag. \[s. 9\] 34: Ukjent her. 35: Dei som fridde «på visst» gjekk ofte um fredagskveldande. Dei som gjekk med tanke på å få moro var jamnst ute um laurdagskveldane. 36: Ukjent her. 37: Det var ofte dei hadde lange vegar – um gjenta var langt burte. 38: Nar dei kom fram var det vanleg at dei tok «anna mål» vart ukjenne lege på målet. Men friaren slapp ikkje inn før gjenta kjende han. Dei nytta mange slag råder til å løyna sine vegar. – Dei vrengde trøy- one sine, var det nysnø so snudde dei skoene so faret synte motsett leid 39 Ukjent her 40: Ja. ein vyrd enkjemann som var bonde fridde til ei budeiea, som var på ein fjellstøl. Han gjekk um eit høgt fjell um natti, og han fekk ein vyrd bonde frå garden der budeia var frå til å syna seg farande veg. 41: Foreldre eller husbondsfolk tykte vel um nattefriingi, um det var ein vonfull gut som kom. 42: Ja, guten laut ofte bida \[s. 10\] bida lenge – og beda varmt og uthaldane før han fekk koma inn. Men det var jamnast eit godt teikn. Tvo gutar kom ein gong inn til 2 gjentor som låg på ein halvlem. Gutane vart ikkje godt mottekne av gjentone. Hus- bonden som låg i stova høyrde dette. Han tok burt stigen til halvlemen og bad hund- en passa på so dei ikkje slapp ned att. Gutane fekk fliren over seg, og dei laut sitja på halvlemen heile natti til husbonden stod upp. 43: Det var lite dei kunde få kjøpa på bygdene den tid. Men det hende at gutar hadde med seg brunt kandis sukker. 44 Vart ein gut mottekn med velvilje fekk han ofte søt mjølk å drikka. 45: Den tid ungdomar såg på kvarandre på kyrkjebakken hende det at gjentor gav gåvor til den guten dei tyket best um. Gåva kunde vera ein silkeklut, eit par fine vottar \[s. 11\] eller ein prydeleg slirekniv. 46 Det kunde vera so ymse. Stundom for dei fort, og ofte kunde dei vera der det meste av natti. Den einslege nattefriaren. 47: Ja, det hende at ein vilde vera att. Det vart godteke stundom. Men jamnast laga då dei andre bråk og uro ute kring selet. 48: Friaren som meinte det ålvorleg gjekk alltid åleine og gjerne ein av kveldane midt i veka. 49 Ja, slike ferder skulde vera løynde. 50: Til trulovinga var kunngjord. 51: Guten gav gjenta ein silke- klut – eller ei sylja. Sjølv hadde han jamnast ordet av gjenta å halda seg til 52 Dei som gjorte fantestykke med friaren var ofte slike karar som gjenta hadde vist frå seg. 53 Dei som strødde for - eller bjølla ein friar var ofte ungdomar i grendi. Dette gjorde dei mest for moro. 54 Guten og gjenta tykte jamnast gildt um dette 55 Foreldri til gjenta likte det og jamnast, um det var æra med friaren. Det \[s. 12\] hende at dei som bjølla vart bedne inn og fekk trakte- menta. 56 Ja, i folkemeiningi var det so. 57 På store stølar var det ofte uro um helgane. Men den ærelege friaren kom alltid stillfarande og einsam. III A. På kyrkjebakken 58 Det fyrste \[upplakei\] laut vera i løynd. Det kunde berre vera eit lysande augne- kast på ein møtestad. 59 Til jol hadde både gutar og gjentor ei drammeflaska. Det fylgde ei sers høgtid med «gjentedrammen». Brunt kandis- sukker hadde gutane stundom. 60: Kakor var det lite av den tid. Men gjenta kunde gjeva guten ein lefsekling. 61: Var ein gut lite for seg so hende det at gjenta fridde sjølv. 62 Ja, etter stemna på kyrkjebakken. 63 Ukjent her 64 På dei stader der det var lang kyrkjeveg kunde dei unge laga det soleis at dei fekk tala saman. 65 Ja, det var ein fast stad der ungdom hadde stemna. 66: Um sumaren og ved brudlaup danste dei på \[s. 13\] kyrkjebakken. B. Gjestebod 67: Dei hadde ofte gjestebod og store lag: Ved jol, tjug- endedag, kyndelsmess, vårfru- mess, summarmål, jonsok, syftesok, stølshelg – mikkjel- mess og helgemess, \[-barne\]- barsøl, konfirmasjon, bela- mål, brydlalup, gravøl dugnadsveitsla og tingstemnor. Dette gjaldt fram til 1850. Frå 1890 tok dei nasjonale festdagane til å verta haldne, Olsokdagen vart uppatt teken frå kring 1914. 68 Ja, gutane og gjentone flokka seg og gjekk kvar sin veg. 69 I velskipa lag var det litande konor som hadde tilsegn med dette. Lutkast var det ikkje. 70 Ukjend her 71 ----«----------- 72 –--- « ----- 73 ------« ---------- C. Andre festtilskipingar 74 Ja, dei danste etter dugnad, i sjaund (vakestovor) og dei danste inn nye hus. 75 På ausjonar var ungdom ofte med. I store auksjonar \[-det\] var det ofte dans. – \[s. 14\] 76 Det var stor marknad i Lærdal ved mikkjelsmess kvar haust. Der var store – og ville danseleikar. 77 Der var teltbuor med mange slag kram, som kjøpsmenn frå Bjørgvin (Bergen) hadde 78: Ja, dei hadde korgagilde, der gjentone kom med kvar si korg. Gutande heldt so eit anna gjilde. I båe desse samkomor var det dans. 79: Dei nemnde det mest vanleg korgaleik eller gutafest. D. Samkomor for ungdom a) Um sumaren. 80 Ordet tausavitsle er ukjent her. 81 Til korgeleikar kom gutane sjølvbedde. Korgone vart selde på ausjon. 82 I korgone var festmat og godt drikka. 83 Det kunde vera både store og småe lag – alt etter som folkesetnaden var – 84 Det var mest laurdagskveldane. 85 Dei gita gåtor, leika, song og danste. 86 Ukjent her 87 ----«---- \[s. 15\] 88 – Sjå nr. 67 89 Ukjent. 90 –«-- 91 Um vårkeldar, sundagskveldar kunde ungdomar samlast til leik. 92 Ofte var det eldre folk som såg på. 93 Ja, dei møttest i samtale- loget – mest guar. 94 På bryggja møttest dei ofta um sundagskveldane, når dampen kom. b) Um vinteren. 95: Ukjent her 96 –«-- 97 --« -- 98 --«-- 99 –«- 100 Dei danste ofte utan at det var sers grunn til sam- koma 101: Slik dans var utan fyre- buing. 102 Spelemann hadde dei då på garden. 103 For slike danseleikar var det ingen kostnad 104 Nei her vart mindre dans. Ungdomane var reiste ut. 105 Her var ingen vintersport fyre 1914. 106 Ukjent her 107 –«- \[s. 16\] 108 Tenarane gjorde som dei vilde i si fritid (halvhelge dagar, tofredagar) 109 Av sosiale grunnar laut gardmannsborni ofte halda seg heime fyre 1850. 110: Borni lydde jamnast foreldri. IV Joletråd. 111 Gjenta fekk Rokkemann. 112 Minne um dette er sers uklårt her. 113 –«- 114 Kan ikkje svara 115 –«- « 116 -«- « 117 –«- « 118 –«- « 119 -«- « 120 -«- « 121 –«- « 122 -«- « 123 –«- « 124 -«- « 125 -«- « 126 Ukjent her 127 Kan ikkje svara. 128 Ja. 129 Når guten var lite for seg hendet det at gjenta «løyste knuten». Det kunde og verta gjort um det ikkje var skotår. Slike kvinnor tok førarskapen i heimen, Men mann en vart ofte ein dott. – Balestrand 19/12 1959 A. Skåsheim.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste