Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14841_VA_Laudal
Transkripsjon av filen #NEG_71_14841_VA_Laudal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Helst ikke så langt unna, men var slekta kjent kjendt så spilte det liten rolle.For odelsguten var det om å gjera å få ei som var vandt med bondeyrket 2 Var jenta og slekta lite kjendt henta ein gjerne opplys- ningar om dette.Var det ei byjenta var ein snart i tvil om korleis dette vilde gå. 3: Odelsguten skulde helst gifta seg med jordbrukar datter ellers ei som var vant med bondeyrket og som ikke stilte for store krav.Følgelig helst ei eller ein som høyrde til same sosiale lag. 4 I eldre tid gjorde foreldrenes ønsker seg meir gjelden- end nå. 6 Ja. 7: Nei- nerast bare som spøk . 8 Syskenbyte er kjendt. 9: Nerast for å styrka ætta og sikra økonomien i framtia. 10: Skyldskapen blei drøfta.Syskenbarn burde ikkje gifta seg.Firmenningger blei nok drøfta,men lagt liten vekt på. 11 Nerast mest redd for dkyldskap på kvinnesida. 12 Det hende nok.I slike tilfelde trak det ofte til ut før det blei brudlupp. Dei unge vilde nødig gjera foræld- imot.I millomtida kunde mogeleg forældrene gi efter. 13: Gifta dei seg mot forældrenes ønske blei nok ofte sagt at det snaut vilde bli noko lykkelig ekteskap. 14: Ja,det hende nok av og til.t.d. av ein nere slektning eller velset bekjendt. 15: Høyrde det omtalt og minnest også at der blei skote for brufolket når dette køyrde ti\[-k\]l og frå kyrka når det køy- rde forbi garane.Det ble til vanleg rekna for æra til brudefølge og brudepar.Kjøyrekaren måtte vanleg rekna med dette og kjøyra varsomt \[s. 2\] Det var oftest halvvasne gutar som stod for dette. Ein gamal \[-skikk\] skikk har vore å“kjikka”.Det var ungdomar,serleg halvvasne gutar som om kvelden brudlaups. dagen møte fram til garden der brudlupet var halden og holdt moro,og for å “sjå brura”.Ofte hadde dei drukke litt brennevin så dei var i godt humør.Dei rekna med å bli traktert på ymse måter millom anna ved at kjøgemeistaren kom ut med ølskåla og sjenkte kikkarne..Blei dei oppvarta mindre rikelig hende det at nokon lura seg til å få tak i noko av gjestebudsmaten.Kjøkken personalet måtte difor passa godt på.Tidligare gjekk det nokså fredelig for seg.Kjikka- ran var mest bare frå bygdelaget.Nå er det vorte onnorleis. Dei kjem med bil og bussar - og er iblandt heilt framande .Nå må det nerast kallast for ein uskikk. Tildels stod det mogeleg i samband med at brua tidligare haddevore hadde vore halvveges hadde vore forlova med eeinn annan. 16 Det hende nok av og til.serlig for dei som var unge 17 Det var nok garbrukarne som vilde ha eit ord med når deira barn skulde gifta seg. 18: 19. Enkene stod nok friare.Hadde ho vaksne born vilde nok dei ha eit ord med. 20 Ikkje her i bygda,men etter omtale frå andre bygdert. t.d. Lista og Åseral.Jenta sat“julestolen”.Professor Listøl omtaler dette i soga om skreddaren i Åseral.Jenta frå \[...\] Per skredder blei gift med ho som sad“Julestolen” Jonsokaften var også ein kveld eller ei nat” med ymse syner, ( Gutane stod nokså fritt Og valde gjerne i ha ei jente med ret til gård eller hadde spart op medel ) 201: Eg høyrde tale om “Hugvendings dråper”.Dei lo man av. 23 Ein tok seg gjerne“tankar” om slikt 24 Neppe heilt slutt endda/men det gjeng nok meir stille for seg. Nattefriing§ Sjølvsagt har den vært i bruk her også utan at der er noko sers å melda om den.Her var gresgrend og små bruk. Lite med tenestefolk.Praktisk talt ingen klasseforskeljel. Mange av ungdomen reiste ut på arbeide andre steder. Tenestefolk og ellers ungdomar bodde og spiste saman med husbondsfolket.Den eine dagen blei mykje som den andre. Samkomene ved møter var mest bare av religiøs art.Ellers var der lite som ga høve for ungdomen å vera saman. \[s. 3\] Måter som førde ungdomen saman. Tur til kyrkja. For mange var det lang veg.Dersom der var plass fek tenaren kjøyra med husbonden.Han måtte då retta seg et- ter husbonden.Der blei lita tid til å få tala med kjen- dingar.Gjek han tilfods blei der onnorleis.Var han eller henne tilbake til arbeidstid mandag kunde det gå an. Etter preika møtes ungdomen på kyrkebakken.Kjende og ukjende kom saman.På heimvegen kom fleire saman.Der var faste kvileplasser.Der blei det godt høve til å snakka samen.både om det eine og det andre.Der blei kanske budt på sukkertøi og litt kake.Dei unge blei kjend med kvar andre og hadde det morosamt.Dei avtala om korleis dei kunde treffast seinare. Etterkvart minka flokken og det kunde bli tale om kor dei dei kunde treffast seinare . Kanske ved neste preikesundag eller ved i anna kyrke. Jonsokkvelder Jonsokdagen var fridag.Likeeins kvelden fyreåt.Frå ga- malt hadde det vore fast regel å våke st.Hans på høgste heia i bygda.Lenge føreåt hadde ungdomen tala om dette og om å møtast der.Der samlast ungdom frå bygda og og- så andre som ein hadde blit kjend med.Der hadde dei moro og festa på ymse måtar.Etterkvart minka flokken.Dei stak av i mindre grupper og spelemannen med trekspil eller fele kunde slutta.I godt vær var det morosamt og til vanleg greit.Diverre var det nok einskilde som hadde brennevin med.Det blei ymse “ugreie” og samkoma kom i \[-mis\] vanry og slutta etterkvart.Folk og barn i krinsen samlast til mindre samvær. Kyrketurar om someren. Ei tid var det noså vanleg at vaksen ungdom hadde tur til nabokyrka.Der møtes ungdom frå fleire stader.Nye be- kjendtskaper blei stiftet.Frå Laudal var det t.d.tur til Grindheim,Bjelland,Konsmo og Finsland. 89) Likeeins var det Molteturar ein sndag på ettersumaren.Slike turar er det tildels endnå.Fellesturar er etterkvart blit nokså van- lege t.d.ved å leiga bus eller bussar.Tilsaman har dette gjort at ungdom frå mindre krinsar er blit kjent med ung- dom frå støre områder.Til vanleg var det ikkje dans ved slike samkomer.Det var nok ofte at foreldrene ikke likte slike turar.Dei forsøkte å få ungdommen med på \[s. 4\] turer som dei hadde.Slike samkåmer var vanleg av religi- art.Der var det ingen leik eller moro.Ungdomen hadde til vanleg mindre interesse av å vera med på slike møter eller stevner.Slike møter gjorde allikevel at ungdomar frå fleire bygder blei kjnd med kvarandre. Ungdomen i bygda gjorde nok forsøk med å få til samkome heima i bygda.Det var vanskelig.Det blei for få til å få noko ut av det.Hertil kom at det ofte blei dei flinkaste som snart reiste ut på arbeide eller skular.av ymse slag.Forholdene tilsaman gjorde sit til at fleire fek anna yrke og flytta ut.Det blei avfolking. 78 og 79? Joletrefester og utlodninger til ymse formål er sam komer der alle kan møtes og ungdommen bli saman med for- ældre og framande. Om “Juletråd” har eg ikkje noko å melda.Som smågut høyrde eg mor tala om “Roksmenn” og “Hogstekjerring”.Det gjalt første mann eller kvinde som kom inn i stova etter “hellig- 3 kongers dag.Dei fek visse plikter til å skaffe økseskaft eller spinderok.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste