Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14774_He_Elverum
Transkripsjon av filen #NEG_71_14774_He_Elverum
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1:Det har ikkje vore noen regel for det.Så lenge ein har tradisjonar om det, har det vore vanleg med gifting utanbygdes."Di fremmene var gjevest", sa ein eldre mann som eg spurde om dette.I Bjørsetgrenda var det to stykker som gifta seg med Jenter frå Sverige for 80 år sidan. Ellers var det her i grenda vanleg at dei henta gifta si frå Valer i Solør, og Løten skogbygda når dei ikkje skulle ta ei jente(gutt) frå Bjørsetgrenda Eller andre stader innan Elverum. 2: Ingen såg noe gale i å gifta seg utanom bygda. Ja, dei fleste sa at det var bra å få inn "friskt blod". 3:Det var vanleg meining at det beste var å gifte seg med ein person frå same sosiale laget.Dette vart ganske strengt halde."Like barn leiker best", sa dei. 4: Dette galdt både for sønner og døtre. 5:For gamalt var det slik her i bygda og at foreldra hadde mye å seie ved giftarmålet når det galdt å seie ifrå kven den unge skulle gifta seg med. Serleg var dette tilfelle hos dei betre stilla økonomisk. Omkring 1870 gjekk det for seg ein tragedie i ein av dei rik- \[s. 2\] kaste slektene i Elverum(Møystad) Ei jente var av for- eldra tvungen til å gifte seg med ein ho ikkje ville ha.Like før brudlaupet gjekk ho avstad og hengde seg.Tragedien fekk folkeromanforfattaren Flatabø til å skrive romanen "Skogkongens datter" som var svært om- tykt av folk frå "det breie lag" i lang tid.Hos folk flest var det sterk motvilje mot det at dei rike ville tvinge borna sine inn i ekteskap dei ikkje ønska.Eg har som ei slags kjensle av at folk tykte dei fekk som ei slags hevn over denne rike slekta og misgrepa deira \[-når\] da denne romanen kom ut så alle kunne lesa om kva som hadde gått for seg.Her vart det skreve om det som folk hadde tala mann og mann i mellom, men ikkje tord sagt. Hos ringare folk var det visst sjeldan at for- eldra blanda seg inn i kven barna skulle gifta seg med om det da ikkje var rein farlege folk. Tater ville dei ikkje gjerne få inn i familien. Slik er det nok ennå. 6: Det var berre rike gardbrukarar som la slike planar for borna sine. 7:Eg kjenner ikkje døme på at foreldra avtala giftemål mellom born som ennå var reint små. 8:Omgrepet systerbytte og søskenbytte. I første helvta av 1800 talet gifta tre brør på Engemoen seg med tre søstre frå Sorperud . Det var Amund Engemoen som gifta seg med Berte Sorperud,Oluf Engemoen(kalte seg seinare Toten) som gifta seg med Ragnhild Sorperud og Jens Engemoen som gifta seg med Anne Sorperud. 9:Når slike avtaler vart inngått , var det mest for å halda medla samla.Det å styrka ætta var ikkje det første dei tenkte på, ser det ut til. 10:Folk flest hadde svært mye imot skyldskapsgifte. Det gjekk ut over etterkomarane, sa dei.Dei kunne \[s. 3\] peike på slike skræmande fylgjer som det hadde fått på Hagagarden, der alle borna vart tosingar, og garden gjekk ut av ætta fordi foreldra var for nær skylde. Søskenbarn vart ofte gifte, men det tykte folk var alt for nær skyldskap. 11:Her i Elverum var folk meir redd skyldskap på manns- sida enn på kvinnesida. 12: Ein har mange døme på at borna sette seg opp mot for eldra i giftemålsaker. 13:Eg trur dei fleste meinte det fylgde lite lykke med å sette seg opp mot foreldra si vilje. 14:Det skal ofte ha hendt at dei unge fekk hjelp i slike saker av onkler og tanter eller andre i slekta.Så vidt eg har kunne skjøna, var det meir uskuldig å bryte med foreldra når andre i slekta støtta dei. 15:Frå mi bygd kjenner eg ikkje segner om at det vart skoti skamskot eller\[-c\] stelt til opptog mot urimelege giftemål. Da Jens Bronka , ein velståande gardbrukar, gifta seg med hushaldaren sin , var det mange som heldt leven med dette.Den dagen han kom kjørande heim frå viinga i kyrkja hadde karane i Bjørsethagen stelt seg opp ved låven og \[-bl?\] blese på lur til ære for brur- folka. Dette tykte han Jens så godt om at han betalte kvar av dei ein daler. 16:Det er døme på at mødre stelte til prøver for jenter som var vald til gifte mot deira vilje.Greidde ho å baka 100 flatbrød om dagen, vart ho godteke. 17: Hos tenestefolk og husmenn stod dei friare med omsyn til valg av gifte 18: Det var tydeleg at enker stod mye friare når det galdt å velja ein ungkar til ny mann.Dei rådde seg som regel sjølve heilt ut. \[s. 4\] 19:Stort set kan ein seie at gutta kunne velja meir fritt men det var ikkje vanleg at dei valde eldre jenter eller slike som hadde bankbok.Var det noen som gjekk etter slikt, vart det tala på, og folk såg ikkje på slikt med sympati. 20:Jonsok kvelden skulle ein plukke tri,noen seier ni, slags blomster og legge under hodeputa si. Den ein \[-drøy\] drøymde om , skulle ein bli gift med. Gikk ein ut på ein korsveg nyttårsnatta ville ein bli gift med den første jenta ein møtte. 21:Svartebøkene som det har funnest av her i bygda og, hadde fleire slike råd.I \[-1860\] 1861 vart det trykt ei bok i Elverum som kaltes "Den kloge Gubben.En Bog for Land- manden hvorudi læres paa den \[-enkleste maaden\] enfoldigste Maade at helbrede henimod 200 \[-sygdomme\] forskjellige Slags Menneske- og Kreatursygdomme samt mange nyttige og simple Huusraad". Her er det sjølsagt og med råder om korleis ein skal vinne kjærleiken til ein som ikkje bryr seg om deg. Men under arbeid eg har drive med innsamling av folkeminne i Heradsbygda har eg like- vel ikkje funne noen slike truer eller råder.Dei må ha gått tur minne før mi tid. 22:Av dei grunnane eg nevner i nr. 21 veit ingen noe å fortelja om verknaden av slike råder. 23:Folk såg ikkje med blide auga på \[-gutar\] gutter og jenter som i utrengsmål tala saman eller heldt fylgje om dagen. Det var nok ikkje god folkeskikk. \[\_II Nattefriing.\] 24:Min heimelsmann ,Olai Sandaker, meiner det vart slutt med nattefriing i Bjørsetgrenda for om lag 40 år sia. Altså omkring første verdenskrigen. \[s. 5\] 25: Ein som var på nattefriing vart kalt \[\_nattfriar.\] Det vart også tala om \[\_nattløparer \]. 26: Nattfriar sa dei når ein gjekk aleine til ei jente. Var det fleire i lag om å gå til jenter på ein stad, vart dei kalla nattløparer. 27:Skulle ein gutt på friing, gjekk han aleine,Men var det meire for berre å treffe i lag med jenter, kunne dei gå både to og tre i følje. 28: For å få vera med måtte dei nok i det minste vera konfirmerte. 29:Her i grannelaget kunne det nok ofte vera med gutter frå andre grannelag og. Det kom seg mye an på om dei hadde venner i det grannelaget der dei ville gå på natteløping. 30:Så vidt eg har kunne skjøna var det ikkje noe i vegen folk frå andre sosiale lag kunne vera med på dette. 31:Om dette har ikkje eg hørt noe bestemt i Elverum, men ellers var nå laurdagsnatta den natta da ein helst skulle gå. 32:Sjølvsagt var det eit visst samhald mellom gutane frå eit grannelag mot gutter frå eit anna, og det kunne koma til slagsmål og. 33: Vanlegvis gjekk bondesønner og tenestegutter i kvart sitt lag.Det var naturleg all den tid dei heldt seg til kvar sine sosiale lag mest mogleg. 34:Eg har aldri hørt om at visse kveldar var sett av" til tenestefolka i mi bygd. 35:Laurdag\[-en\]skvelden var den kvelden da dei helst skulle gå på nattefriing, men onsdagskvelden var det heller ikkje usømeleg.Fredagskvelden hadde derimot eit dår- leg ord på seg. Dei som gjekk da, har frå gamal tid fått eit leitt rykte på seg. \[s.6\] 36: Det einaste som eg veit kunne vera til hinder for å gå på nattefriing, var at det låg lik på garden. Da måtte ein halde seg borte . 37: Vanlegvis gjekk dei på nattefriing i heimegrenda,men noe fast og sikker regel for dette kan ein ikkje fin- -na spor etter nå. 38:Dei fleste dreiv litt leven når dei skulle gje seg til kjenne.Når dei hadde banka på, stakk dei gjerne bak ei busk, eit hushjørne eller noe liknande, og når jentene lukte opp for å sjå kven det var, svara dei gjerne med tilgjort mål og sa namna sine.Dei kunne og svara på surnaden om kven dei var med å bruke eit eller anna hekjenamn eller eit morosamt navn dei likte å bruke om seg sjølve. 39:Eg kjenner ikkje til noe vers dei brukte ved slike høve. 40: Det galdt å fara fram så stille som mogeleg, slik at ein ikkje vekte andre på garden. \[-41\]42. Det var nå som oftast om å gjera og ikkje syne seg alt for ivrige når det vart banka på, men helst halde dei i spaning og venting ei stund.Det kunne da å vera noen i fylgje dei ikkje tykte om, og så venta dei gjerne til dei var sikre på kven det var som stod utanfor.To tømmerhoggere skulle gå på nattefriing til to gardjenter som låg som budeier på Bjørsetsetra ein gong i 1880 åra.Han som banka på gjorde ikkje noe for å skjule kven han var. Jentene lukka ikkje opp kor mye han banka på. "A, vil\[-l\] du ha opp døra åt meg Mathilde, sker du få en brunsukker-kladd så stor som halve hue mitt".Men det hjelpte visst ikkje. 42: \[s. 7\] 41:Mine heimelsmenn meiner at foreldra stort sett ikkje var begeistra for nattefriarane.På den tid det kan hugse frå, var vel arbeide mot nattefriarskikken teke til å verka. 43:Guttene hadde gjerne noe med .Brunsukker var vanleg ei tid. 44:Jentene kunne også ha eit og anna å by på. Var det til ei setergrend nattefriarane \[-kom\] kom, fekk dei gjerne rømme.Mannen på Bjørset i \[-188\] 1850 åra solgte seter- vollen sin i Bjørsetsetra og kjøpte ein voll i den avsides liggande Flatåsen i staden.I Bjørsetsetra åt friarane opp rømmen, sa han. 45:Jenta kunne sikkert syne kven ho likte best på ein eller annan måte, men ein kjenner ikkje til at dette t.d. kunne gå for seg gjennom å gje ei gåve. 46:Kor lenge ei slik vitjing av ein flokk nattefriarar kunne vara, var det ikkje noen regel for.Det kom seg mye på kor velvillig dei vart motteke. Den einslege nattefriaren. 47: Det var regel at heile flokken gjekk samla.Ein annan sak var det at den \[-?\] som hadde serskilde intresser kunne finna eit påskot til å skilja lag frå dei andre og gå attende usett. 48: Den nattefriaren som kom aleine, kom etter at dei andre hadde gått, eller aller helst kom han ein annan kveld. 49: Det var viktig for nattefriaren at ingen såg han. 50:Så vidt eg har kunne skjøna kom dette seg på kor stor interesse jenta synte for han.Noen fast regel for kor mange gonger han skulle kunne gå til den same var det visst ingen regel for. \[s. 8\] 51:Gutten kunne gje jenta ei pyntenål.Jenta ga gjerne gutten noe ho hadde strikka.I den seinare tid var eit par strømper som ho hadde strikka sjølv eit teikn på bindande lovnad.Eg har hørt halvgamle folk seie slik i skjemt: "Han ga a et par bukser(benklær), så det må full vera sikkert milla døm". 52:Det vart ofte halde leven med nattefriaren.Det kunne vera halvvaksne gutter, dei som før hadde vore i lag med han eller brørne til jenta, som fekk i stand dette. 53:Eg har hørt om eit tilfelle der noen hadde rekt ut eit garnnyste mellom heimen til jenta og heimen til gutten.Men her var det noen kjerringer som hadde stått for det, trulegvis for å gjera kjeresteparet og folk på garden merksame på at dei visste om noe dei sjølve ville skulle vera dølgt. Ellers var det vanleg moro å "reise skigard " for friaren, slik at han reiv ned dette når han skulle heim på morgonsida.Dette var i bruk i Austre Elverum så seint som i 1943-44.I eit tilfelle eg veit om var det brødrene til jenta som "reiste ski- garden".Vanleg var det å sette opp skramel av blikk og sink som friaren reiv ned når han opna døra for å gå heim.I slike tilfelle var det unggutter som var utpå. 54Gutten og jenta likte som regel slett ikkje slike på- funn, og ein gamal mann som fortalde at han hadde vore med på ein slik spøk sa at dei sprang for livet da friaren \[-g\] hadde reve ned det dei hadde sett opp."Du vet vi var litt redd'n au". 55:Trulegvis var det ikkje mange som likte dette noe særleg av foreldra heller.Men var friaren ein velsett kar, kunne det stilla seg annorleis, sjølvsagt. 56:Når dei unge hadde vore ute for slikt, såg folk på dei som det var avgjort mellom dei. Difor var det \[s. 9\] ikkje morosamt for ein som gjekk på nattefriing mest for ei tidtrøyte utan alvorlegare meining.Det var da og helst når folk skjønte det var ein slik kar som var utpå at dei laga til slike "oppvartning".Eldre folk gjorde det sjeldan av andre grunnar, det eg kan skjønne.Det var rett og slett ein måte til å gje ut- trykk for den offentlege "forargrelse" på. 57:Nattefriinga på setrene gjekk for seg mye på same måt- en.Ein mann som døydde for 4-5 år sidan, vel 80 år gamal fortalde:"Da je var så ein 4-5 år gamal var je med på setra om samar'n. Det var skikken da at budeien skulle ha e \[\_hinvittu\] ( vel noe slik som anstand eller "forkle")Men du vet , når friara kom sendte døm mei bort , hell døm fekk mei i senga". Dette var på ei seter som kalles Nord-Flotta.Frå den er det godt utsyn over skoger og myrer ned til Heradsbygda.Når friarane kom, stansa dei på ein hole nedunder Flotta og \[-xxxx\] lala til budeiene.Dei svara .Så vart det travelt med all slags førebuing innan friarane vann fram.Dei vart først traktert med kald mjølk frå ein bolle.Sidan fekk dei ostsold og rømme. III Andre måtar som førde ungdommen saman slik at dei lærde kvarandre å kjenne. A.På kyrkjebakken. 58: Det var ikkje uvanleg at ungdomen av begge kjønn tala saman på kyrkjebakken. 59:Det ser ikkje ut til at det har vore vanleg med at gutta skulle ha noe å by på i slike høve.Heller ikkje 60 ser det ut til at jentene skulle ha det. 61:Vanleg sømmelighet sa at gutta skulle ta initiativet. Ei jente som synte for stor interesse her vart stempla som "guttgalen og ei flokse", \[s. 10\] 62:Jentene kunne vel syne kven dei likte best på fleire vis, men noen bestemt måte dei kunne gjøre dette på, kan eg ikkje seie eg veit om. 63: Det er ingen som kjenner til at det var skikk å gje gåver ved kyrkja påskesundagen eller andre sundager i året. 64:Det var faste kvileplasser på kyrkjevegen. Bjørseting- ane kvilte på Snippen i Heradsbygda. Sjølvsagt kunne dei unge talast ved her. 65:66.Det var korkje dans eller leik ner kyrkja om sumar- en. B.Gjestebod saman med eldre. 67:Dei rike heldt store fester i jula, så der hadde dei unge alltid gode høve til å treffe kvarandre.Hos fat- tig folk heldt dei stuedanser i Jula.Ellers var det vanleg med samankomer jonsokkvelden.Ellers var det høve til å koma saman i barndåp og brudlaup og i grav- øl.Så vidt eg har kunne skjøna var det her ikkje så vanleg med festar i påske og pinse. 68:Nei, dei vaksne gutter og jenter kunne halde seg i lag på festane sjølv om det ikkje var dans.Men det vanlege var at det gjekk ei tid utover festen før dei fann påskott til å gli meir saman. 69:Dette med å sova saman på flatseng i brudlap, ser det ikkje ut til at noen kjenner til her. 70:72.72 og 73.Skikken med stabbedans er det ikkje mogleg å få veta noe om i dag. Skikken må ha døydd ut for så lang tid attende, at ingen har minne om han. C. Andre høve der eldre var med. 74:Det var ikkje sjeldan at dugnaden slutta med dans.Men dei seinare tid da dugnaden ennå var i bruk. var dans meir sjeldan etterpå. \[s. 11\] 75:Gifteferdig ungdom var orte med på auksjon, og der var det ofte høve til dans. 76:Første sundagen i mars tok Grundsetmarknaden til. 77:På grundsetmarknaden kjøpte \[-xx\] guttene pyntetørklær eller pynteringer som gaver til jentene.Men eg har ikkje kunne få skikkeleg greie på om jentene kjøpte noe til gutta. På marknaden var det dans, og her tok ung- dommen del med liv og lyst.Til Grundsetmarknaden kom så mye folk at slett ikkje alle kunne finna husrom, og mange kjørte heilt til Kverndalen(12 km unna) og til Sormbrua(17 km unna) for å få husrom om nettene. så vart det mest som ein marknad her og.Slik tala dei om både Kverndalsmarten og Sormstumarten. Her var det dans om kveldane. Der dansa både bygdefolk,solungar og svensker av båe kjønn. Det var livat her, sa beste- mor. 78: Samskottslag var mye brukt i eldre tid. 79:Slike festar kalla dei sammenskuddslag og kaffefest. \[\_D.Samkomer der ungdomen var mest for seg sjølve.\] a) Om sumaren. 80:81.82.83.84.85.86. og 87,Det som vedkjem desse spørs- måla er ikkje kjent i mi bygd. I Heradsbygda heldt tenestejentene vakenatt når dei hadde lagt veven ut på skaresnøen til bleiking om våren.Det var ikkje av- di dei var så redde for tjuveri, men avdi dei her fekk høve til ein liten fest.Når det leid på natta, kom gjerne gutane. Dei stakk fram og stal med seg eit plagg og sprang. Men det var ikkje lenge før \[-xTjxxxx\] "tjuvane" kom attende. Nå vart det prat og moro. Jentene hadde med kaffe og biteti, og så vart det traktering \[-xx\] på gutta. 88:På andre gamle helgedagar enn Jonsok kom ikkje ung- \[s. 12\] domen saman. Men det var ikkje sjeldan at dei kom saman laurdagskveldane. På ei slette i skogen kun- ne dei kome saman til dans. Dette har vore brukt brukt lenge attende.Før trekkselet kom til Bjørsetgrenda omkr. 1875, var det fela dei brukte til musikkinstru- ment på desse dansane.Mangla dei musikk, var det ein eller annan som tralla. På Breimyrvollen,på skogen mellom Bjørsetgrenda og Løtenskogbygda, kom ungdomen frå desse grendene saman til dans laurdagskveldane sumars tid.Her dansa dei etter trallinga til ein av dei frammøtte.Så var det ymse slags leik ig tevlingar.Dei drog spisskavle,drog krok, vendte neva og spann revkrok. 89:90, Er ikkje kjent her i bygda. 92:Det var ikkje vanleg at eldre var med for å passe på dei ungdommen på slike fester. 93:I dei siste 60 -70 åra har det vore nokså vanleg at ungdom av begge kjøn gjekk saman om helge-ettermiddag- ane. 94:Etter at Solørbanen vart ferdig til Elverum, har det vore skikk at ungdommen gjekk i lag til jernbanestas- jonen for å sjå på toget. Dette var særleg gjevt etter 1910 , da banen var ferdig, og utover til 1920 åra. \[\_b) Om vinteren.\] 95:til og med 99.Det det blir spurt etter her er det ikkje mye å høre om i Elverum. Det einaste eg har hørt om som kan minne litt om detter , er det Randine Sya for- talde frå sin ungdom(Ho var født i 1865):Far og mor tykte godt om at ungdomen kom dit om kveldane til kveld- sete.Det var tenara på Engemoen som kom.Da gjette vi gåter og sang litt.\[-i\] ungdoma i Sya var så glade i desse kvelda."Men ho fortalde \[-ixxx\] ikkje om kva vekekveldar dette gjek for seg. \[s. 13\] 100: Det vart halde dansemoroer hos somme bort gjennom grenda.Dei \[-xxxxxxxxxxxxxxxxxx\] skifta på med å halde slike dansemoroer. 101:Det var vanleg at gutter og jenter hjelptes åt med førebuingane til festen. 102:Den som var beste organisatoren i flokken sytte for spelemann eller han peika ut ein til å gjera det. 103:Dei delte utlegg til slike dansemoroer ved at gutta og jentene heldt moroa kvar sin gong. 104:Dei eg har spurt ut om dette vil ha det til at det vart oftare dansemoro etter at trekkspelet kom i bruk. 105:1 Bjørsetgrenda var det slik at ungdomen møttest til kjelkeaking i Tømtebakken når været og føret var lage- leg om vintersundagane.Likeeins var det gromt med skeiserenning og karusellkjøring på isen på Glåma den tid på vinteren når isen var fin. Når det var karusell Bjørsethagan, kom det mange dit.(Karusellen var ein pål sett ned gjennon isen til botn. På den \[-sto\] låg ei lang stang festa til ein pigg. I enden på stanga var festa ein kjelke.På den låg eller satt dei som skulle ake. Ein del av dei sterkaste karane skøv karusella tanga) Skisport vart ikkje dreve slik at dei to kjøn hadde så godt høve til å koma saman på den tid.Først i 1920 åra vart det vanleg med skistevner der både jenter og gutter deltok. 106:Her deltok dei fleste etter eige ynskje. 107:Med dette var det likt for begge kjøn. 108:Det var ingen skilnad på borna til bøndene og på det tenestefolka fekk lov til her. 109:Det vart sjeldan nekta noen å vera med på dette. 110:Eg har ikkje hørt om noe tilfelle der slikt vart nekta. \[s. 14\] 111:Den første mannen som kom inn i huset etter at ei jente hadde teke fram rokken etter jula vart rokk- mannen hennes.Det hadde mye på seg at det var ein kjekk kar og helst skulle han ha mye hår.Det fylgde lykke til arbeidet med det.Mange sa og at jenta skulle kunne bli gift med rokkmannen.Hadde ein gutt godt auge til ei jente, passa han på å ordna det slik at han vart rokkmannen hennes.Ofte brukte gutta å ordne det slik for å erta ei jente som venta svært på ein gutt, at dei sendte inn ein legdekall eller noe slikt når jentene hadde teke rokken fram att. 112:Dette med embetsmanntitel er ukjent her. 113:Eg har spurt ein del om dette med jultråd eller jul- dokke, men ingen her i grenda kan fortelja om det. 114 til 118 kan eg diverre ikkje fortelle noe meir om. 119:Rokkmannen skulle reparere rokken eller veven i året som kom for den jenta han vart rokkmann for. 120 til 123. har eg heller ikkje noe å fortelja om. 124:Dei ville ha det til at jenta skulle bli gift med rokkmannen sin. Difor var det viktig at han var ein kjekk og bra kar. 125: 126. 127.Dette har eg heller ingen ting å fortelle om. 128: Det er ennå og har vore brukeleg å seie at jentene kunne fri sjølve på skottår og serleg den 29.februar. 129: Eg kjenner ikkje til noe serskildt tilfelle, men det blir sagt at fleire skal ha gjort det her i bygda og.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste