Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14670_Ho_Lindås
Transkripsjon av filen #NEG_71_14670_Ho_Lindås
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Nei, det var ikkje sa um å gjera, men det vart gjerne sa då det ofte i gamle dagar var lite samfersla mill- om folk, bygd og bygd millom. 2: Syne på gifte til utabygds folk kunne vera so ymes, men fyrst og fremst såg ein på om den tillkomande hadde «noko å by på» med umsyn til livemåten, \[\_det vôg tyngst\]. På landsbygdi gjalt det um at ein av partarne hadde \[\_gard\], byg- sla eller eigande. I 2den rekkja kjem spurgsmåla um den tilkomande er av godt-folk, enkelte ætter ser stort på det og vil gjerne ikkje slippa «mindreverdige» inn i ætti. Ein segjer gjerne um folk som høyrer til i slikke stor-ætter at «\[\_dei er av folkje\]» 5-6. Ja, ein kan vel segja at det var foreldri som avgjorde giftar- måle, serleg når det var adels- \[s. 2\] bønder. 7: Eg kjenner «spesielt» til ein slik «avtale» som gjekk etter ynskje. 8: Når ein gut på garden A. vert gift med ei gjenta på garden B. \[-og\] og bror til gjenta på garden B. vert gift med syster til guten på garden A, kallar me ditta fyrr \[\_hemnebyte\], det vil segja, dei hemnar (hevner) seg på einannen. \[-men un\] 9: Det kunne vera båe deler, kort sagt alt som hadde noko verd skulle verta verande i slekti so mykje som mogeleg og styrkja ætti. 10: Skyldskapsgifte var ikkje held- ne fyrr å vera bra, men forekom, serleg når ein kunne ha øko- nomisk vinning av eit sovore gifte. Nermare skyldskap end syskjen- born fyrekom ikkje det eg veit. 11: Dette hev eg alder høyrt noko um. 12: Eg hev ikkje høyrt gite noko \[-sers\] særs usemje millom born og foreld- re når det gjaldt spurgsmål um ektemake til borni untaken når det gjalt arveleg sjukdom eller uheldige fylgjer som dei var redd kunne syna seg ved for nærskyd ekteskap. \[s. 3\] 13-14. Hev ikkje høyrt noko um ditta. 15: Noko målbering av denslags «kritikk» som er nemnt hev ikkje vore brukt her. Um nokon ville heidra eit burepar med skåt på vegen til \[-å\] eller frå kyrkja var det altid skåte tre skåt, men vart det berre skåte eit eller tvo var det kalla \[\_skam- askåt\]. Å skjota for brurefolk hev vore og er brukt her, men skammaskåt er ikkje kjend. Men på Voss, Vangen sokn, veit eg at båte \[-kamma\] skammaskåt og meir skjemmande fyre brureparet var brukt. Og her \[-er\] er his- torien om ditta: På ein gard der, eg nemner ikkje namn, budde ei ovrik einkja som var millom 70-80 år gamal. Ein 20 års gamal gut, som tente hjå einkja, fridde til gamla og fekk ja, og der vart brulaup. Men ungdomarne i bygdi ville ikkje lata ditta ganga «upåtala». Notti til brudlaupsdagen sam- las dei og drog store tre og mukje skrammel i vegen, der \[s. 4\] brurafylgje skulle fara til kyrkja., og atttåt ditta vart det skåte skamdaskåt langs heile vegen til og frå kyrkja. Guten som tok kjerringi, rekna vel med at kjerringi daua snart, men ho livde i mange år etter den dagen dei drog i «brudeferd til kirke». Men mykje pengar fekk han, til ergrelse fyrr arvingarne til ein- kja. 16: Ditta er ikkje kjend her. 17: Nåko «grupper» av tenstefolk som skulle varetaka sine medlemers «tarv og trang» i ekteskapspurgsmål hev her alder våre, og stemer heller ikkje med folks uppfattning i slike spurgsmål. 18: Einkjer som sat på eigande eller bygsla gard hadde som oftast nøgdi friara, eg kjenner soleids til ei velståande kona som sat på eigande og stor gard «sleit ut» tre menn fyrr ho «stupa». Gamle ungkara var på farten straks det spurgdes at ei eller annar einkje var \[-ful\] fûl. Her er eit døme: Lensmannen, her i bygdi, hadde mange born, og alle var heima, ditta tykte mor deira \[s. 5\] var ille, men so vart det tvo einkjer som sat på eigade grunne fûle samstundes, so nok kunne det verta ei rå fyrr ein av sønerne til lensmannen. So ein dag sa \[-ho\] \[-til\] kona til lensmannen til ein av gutarne sine, at han skulle gå og fri til einkja på garden A. Han gjekk, og når han kom heimat sa han, «nei dette ser eg ikkje syn med» «Vil du heller ganga til enkja på B. då?» «Ja det vill eg» svara han, og dei vart gifte og etterlet seg ei stor slekt. Det var levemåten som «talde» i dei dagar. Elles var det einkjerne som kunne velgja og vrake etter sitt tykkje for det meste. 19: Ei eldre tenestjenta hadde lite vôn um å verta gift med ein «unkar» um ho då ikkje råka å få ein gamal enkjemann. 20-21-22 får De nøgdi av svar på frå andre bygder, og so vilt eg veit er segn og skikk mest likt over alt, so De må orsaka at eg ikkje svara på ditta. \[s. 6\] 23: Ditta har eg alder høyrt gite um korkje her eller i andre bygder. 24: \[\_nattefriiing\] hev ikkje vore bruka her i bygdi, her var ikkje fjell-land og soleids heller ingi stølar (seter) der gutarne i bygdi gjerne hadde gjenta si, eller den han gjekk etter, låg som stølsgjen- ta (budeia) Det var helst laur- dagskvellarne gutarne tok til støls, ditta var sjølvsagt so heilt naturleg. I grannebygdi Masfjorden, og andre stader der dei stølar, går gutarne til støls til gjenta si som i game dagar. På Voss var det kona på garden og borni som låg på stølen, so der gjekk gutarne til gjentorne, som låg på fjøslemmen, vetters dag. På spurgsmåli frå 25 til 36 kan eg berre svara at det ikkje var noko fast regel for det omspurgte. 37: \[-28\] Ditta kunne vera so ymse. 38:Å ja det hente av og til. 39: Nei. 40: Ja gjekk ein på friarføtter var det skjølvsagd um å gjera å «konett» som muleg \[s. 7\] 41: Det kunne vera so ymse etter som dei lika han som kom. 42: Gjenta, som guten gjekk etter, synte seg gjerne ikke fyrr guten var omen inn i stova der han helsa på ho. Men bryde ho seg ikkje om han synte ho seg ikkje Då kunne det henda at han målbar si æren til gjenta sine fyreldre i vôn um at dei sku- le tala gjenta til rette. 43: Ein friar som kom på dinna vis hadde gjerne ein dramm «under vesten». Her skal eg for telgja etter Bestemor mi, Johana f. Nilsdatter Spjeldnæs, korleids friingi gjek fyrr seg på \[?Jam- nen\] i gamle dagar i desse bygder og kanskje i store deler av Vest- landet: Når ein gut hadde sett seg ut ei gjenta rusta han seg ut med eit kalvskinn og ei flaska rosen-likør, so gjekk han på huse der gjenta var og kom altid so seint at de måtte hysa han um notti. Då han hadde helst på folkje i huset gav han kalvskinne til kona i huset, og so traktere han alle av flas- ka. Um morgonen fekk han \[s. 8\] svar på friingi: Fekk han ikkje kalvskinne att var det «Ja» men fekk han det att var det: «Nei». I eit vers, eller regla, som eg var so heppen å få høyra av ein gamal mann frå Austerheim i Nordh.land, stad- festa dinna måten at fri på. Her er verset: Hei lystig kling-klang! ta pigen i fang, giv konen et kalvskinn og piken et glass vin. Hei lystig på den eine foten hei lystig på dei begge to! Det skal røyna um nokon \[?andre\] egner som kjenner til dinn friarskikken og «verset» um den. Eg skulle havt stor hug vita um de hev denna må- ten å fri på i samlengerne, og «verset» med. 44: Um gjenta lika friaren trak- tera ho han gjerne med ein dram som dei fleste gjentarne hadde i kista si 46: Ein friar gjekk altid åleine og ville helst ikkje syna seg fyrr han kom til huse, der gjenta var. \[s. 9\] 50: Guten gjekk til same gjenta til dei vart gifte, og den tidi kunne vera båte stutt og lang. Ein «rundtom»-friar ville ei gjenta av æra ikkje vita av. 51: Etter bindande lovnad mellom gut og gjenta gav dei kvarandre govar, gutarne gav syljer, ringer eller \[?sylvledte\], og gjentarne gav gjerne ei sylvslegi pipa o.l. alt ettersom råi som var. 52: Det hendte at dei som gjekk på nattefriing vart uti fyrr at ungdomarne i bygdi gjorde friaren ei helld annen preina, spenna snorar yver vegen, \[-d\] draga båten hans langt på land, o.s.b. Um dei visste at han var inne hjå gjenta bruka dei og å skjota 53: Ditta med å strø sagflis mellom guten og gjenta sine heimar er nytt her i bygderne, likeso det med «bjølleleik» òg. Dette vart altid ordna av ungdomerne. 54: Um det var av «godtfolk», guten eller gjenta som kom på kuret, held dei pårørande ein slik «bjølle- leik» helst osm ei æra fyrr seg, og «bråkmakarane» vart ofte inn- bedne å trakterte på 56: Dinna bjølleleiken vart helst av-vikla straks dei ottas noko forloving «her eller der». \[s. 10\] 58: Ungdomen kunne fritt talas ved på kyrkjebakken etter preiki 59: Rigtigtig gammalt hadde gutarne, og eldre, gjerne brennevin med til kyrkja særlig i joli. På Voss hadde \[-gjetore\] gjentorne òg brennevin-vin med til kyrkja i joli, og der var den skikken bruka til 1880 åri. 60: Nei, gjentorne hadde ikkje noko «bitane» med til kyrkja. 61: Det \[-det\] kunne vera so ymes med det. 62: Ja skjølvsagt fekk ho høve til det, men som regel var ho svert vâr fyrr at nokon skulle liggja merkje til det. 63: Ditta er ikkje kjendt her. 64: Der vegen til kyrkja var lang var det, som regel, ein held annan stad gjerne lagt upp ei hella \[-som\] ved vegen som folk kvilte seg på, her fekk då båte unge og gamle helsa på kvar andre og verta kjende um dei ikke var det fyrr. 65-66. Noko leik eller dans på kyrkjebakk- en forekom berre um sumaren når det var brulaup, då gjekk heile brunafylgje med spelemannen i spissen på kyrkjebakken der de dan- sa ei stund fyrr dei reiste att i brud- laupsgarden. 67: Som regel held ein \[\_gjestabod\] i \[\_jolahelgi\] fyrr vener og nærskylde, og då var båte unga og gamle saman, men i påsko og kvitsun var det meir skjøldo ein held gjestabod so fleire var saman. \[s. 11\] 68: I dei nemnde gjestabod gjekk alle saman. 69: I brudlaup kund dei som skulle sova i flatseng velgja det legebol han, eller ho, vill. Spurgsmåli 70-72: ditta er ikkje brukt eller kjendt her. 74: Å slutta ein hell annan dugnad med dans fyrekjem, men er ikkje vanleg. 75: Til ein auksjon kom båte eldre og yngre, og av og til kunne ungdomen ta seg ein svingom der når auksjonen var slut. 76: Her var ingi årvisse marknader. På spurgsmåli frå 78 – til og med 92 – kan eg berre svara at ditta hev og er ukjendt her, som regel då. 93-94. Sundags- og andre helgedagskveller, \[-sum\] um sumaren var det skikk at ungdomarne kom saman til leik eller dans på brygjer eller andre høvelege stader, gutar og gjentor gjekk i lag. 95: Kvellseta på vissa dagar i veka var ikkje kjend her, men på Voss hadde dei kvell- seta på flors-lemmen \[*fredagskvellerne um \[?vettoren\]\]. Der samlas gjentorne med ymes handarbeid frå ei «bestemt» grend til prat og moro. Der samla òg gutarne seg, so disse kvellsetor var til stor 96 hugnad fyrr båe partar. 96. Til ei sovori kvellseta samlas dei etter ein hadde stellt frå seg i floren og kunne vara til yver midnatt. Med disse kvellsetorne tok dei til straks etter jol og varda til våronna tok til. No er det berre gam- le folk på Voss som kann minnas eller hev vore med på disse kvellsetorne, ei herleg og rik tid er til ende \_ \_ . \[s. 12\] 97: Disse kvellsetorne gjekk på umgang inn- an ein viss krinns og fast rekkja. 98: Disse kvellsetorne vart \[* alle tider\] heldne på fjøslemmen, \[\_ikkje i skjølve floren\] På den lemmen låg unglyen på garden òg. Men i 90 åri kom ei ny tid, og dei og unglyen laut flytte i stovehusi. Leiken på fjøslemmen var slutt. 99: Her i yttre nordhordaland låg alle i huset på stovelemmen, berre hus- bondsfolkje låg i stova. Noko fast omgang med kvellseta, ungdomarne millom, var der ikkje, det kunne berre vera so av og til det. Kveldarne gjekk med ymes arbeid, kvinnorne gjekk med spøting og spinning, og kararne skov til \[-krøtri\] krøtri burt i ei krå i stoa eller med anna arbeid t.d. lappa sko, arbeide tresko m.m. So hadde ein moro med \[-med\] å leggja upp gåtur, syngja kjerleiksvisor og andre skillingsvisor. Disse visorne var prenta på lause ark, og kvar ark kosta ein skjilling, derav er namne. 100: (101) Frå tredje dag jol og til trettenhelgi (101 se 100) gjekk ungdomen i våkenatt hjå ein eller annan i grannelaget. Det var liksom ingen som hadde teke på seg å skaffa stova til dansen, men det spurgdes, so det heile gjekk liksom av seg skjølv. I desse våkenetter var det ingi traktering eller tilstelling på noko vis. Som ovanfyrr nemnt dreiv ein det ogso i jonsokhelgi. \[s. 13\] 102: Spelemann syte \[-ein\] ein held annan fyr av dem som skulle vera med på dansen, noko fast regel fyrr dette var det ikkje 104: Entan ein bruka belgspel eller fela var samkoma til dans den same. 105: Noko som kan kallas sport var her ikkje i gamal tid, men ungdomen av båe kjøn møttes gjerne i kjelkebakken serleg sundags- kvellarne, eller på isen med skeisar eller på \[?skreinkar\], gjentorne vart då dregne på ein kjelke av gutarne, då dei alder hadde lært den kunsten at stå på skeisor 106: Alle kunne vera med på slike \[?sreitle- turar\] utan å spyrgja korkje fyrreldre eller husbonnsfolk um løyve. 108: Ja, det kunde nok henda at fyrreldri nekta borni sine vera med i ei våke- nat, serleg gjentorne um «huset» hadde eit, der dansen skulle vera, dårlig ord på seg, eller sosialt sett stod lågt på rangstegen. Heima hjå oss var det soleids eit hus i bygdi me alder fekk vera med på dans 110: Me gjorde alder krav på å ganga på på slike rampehus heller. 111 til og med 127, kjenner eg ikkje til. 128: Det er og var vanleg å segja at gjentorne hadde lov å fria i skotåri, men at det vart gjort kjenner eg \[-ikkj\] personleg ikkje til, men hev høyrt at gamle gifte- galne attegløymar hev prøvt seg fram vid å fri i skotåret, liksom fyrr moro skuld, men likevel al- varleg nokk meint. \[s. 14\] Som De ser kjem disse svar båte «seint og ubeint», men alderen gjer at eg ikkje no er \[?før\] å gjera som eg hev hug til, so De fer orsaka. Med helsing Venlegst Anders \[\_Spjeldnes\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste