Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14588_Ho_Kvam
Transkripsjon av filen #NEG_71_14588_Ho_Kvam
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det var vanlegt, men ved å granska altarbøker og ymse slekter så syner det seg at frå 1750-1900 so har det vore omlag 1 giftarmål for året i medetal millom Vik og Øystese kyrkjosokner i Kvam Heran dvs omlag 150 ekteskap med ein frå kvar sokn i 150 år. Ellest fyrekom det einskilde giftarmål med eine parten frå andre bygder. I eldre tid reiste dei frå Hardanger til Bergen, Haugesund og Stavanger med seglfartyg og robåtar. I storm og uver vart dei liggjande verfaste ymse stader. Soleis vart Jørgen Freim fra Odda liggjande verfast i austavind på Kvamsøy utfor Rykkje ikring 1848-50. Ein dag rodde dei burt til Rykkje. Han vart kjend med ei jordagjenta der. Vart trulova og gift. \[-?namet\] og alti sit på garden endå. Ein Jørgen S. Rykkje bur no på garden nærast Fyksesundbrui på vest og sørsida til Fyksesundbrui. I 1848 var bruket heime i Rykkjetunet. vart utskift og flytt i 1910. \[s. 2\] Gomor Skåre, – mor-mor mi var frå Søgne ved Kristiansand S. Ho tente hjå bror sin i Skudesnæs. Gofar Skåre, min morfar, hadde fartyg og reiste med laudsvarer sørover. Han vart kjend med Rakel Sørensdotter Lunde i Skudesnæs. Dei vart gifte der og ho fylgde mannen heim til Skåre i Fyksesund på skøyta. Det var i 1856 Han var fødd i 1826 ho i 1828. 2 Dei såg mykje på at ektemaken var av bra folk: Då var det bra. I krigens år 1807-1814 var det ein soldat frå Nesthus i Kvam som vart kjend med ei husmansdotter burtpå austlandet der soldaten var lægra. Dei vart trulova. Dei kunde båe skriva og skreiv til kvar- andre. Etter krigen vart dei gifte. Soldaten var jordagut, hadde rett på garden Nesthus, men foreldri let han ikkje få garden sidan ho var dotter til ein husmann. Han fikk bygsla eit stykke av garden og var husmann heile livet. Ei dotter \[-?\] deira Aagot vart gift i Ryfylke og ein ættling etter henne er historiegranskaren Ola Berge i Stavanger. Han har ein bringklut etter oldemor si. Bringklutane vart avstiva inni med stift papir I et hol etter molen (\[?Mølleff\]) har han sitt at det er eit \[s. 3\] kjærleiksbrev frå trulovingstide 1808-14 som er nytta inni denne bringkluten. Men han har ikkje sprett opp bringkluten for å lesa brevet. Han har fortaldt meg dette. 3: Ja, men var det mange døtter i ein heim laut dei gjerne gifta seg med ein husmann dersom dei ikkje fekk ein jordamann som hadde gard. Ho Malla Krakalidi var gardmansdotter og vart gift med Svein Krakalidi. Han var \[?dei\] sjømann. Men det gjekk ikkje noko bra. So vart han husmann etter faren i Krakalidi. Der ol dei opp 6 gutar og 2 gjenter. Alle flinke arbeidsfolk. x) Ein dag for omlag 50 år sidan var ho Malla Krakalidi på Mo og baka flatbrød ilag med Pernhilda Aasen. «Du Pernhilda var no husmans- «dotter, men eg var gardmans- «dotter, so eg måtte stiga «eit trin ned då eg gifte meg. Slik var synet ikring 1900. \[Notat: x) Etter yngste son deira har eg skrive opp husmansminne.\] 4: Det var omlag likt for gutar og gjenter. Men det var ymse foreldre som var flinkare å få plassert borni sine godt. 5 Ja ofte. \[s. 4\] 6 Ja, og dei rekna ofte med ei bra slekt. At dei var av godt folk. 7 Ja. Han gamle Måns-Ola på Øystese hadde 7 døttre. Han gifte dei burt alle 7. Den som var minst væn (vakker) fekk garden Øystese. Ein stor og gild gard. Den vænaste vart gift med Ola E Sældal – i si tid rikaste mannen i bygdi Ei vart gift med Mikjel O Laupsa. Han fortalde sjølv til sonason sin Mikjel O Laupsa f. 1877 detti: «Ein dag eg var til kyrkje \[-som\] so «kom han gamle Måns Ola til meg «etter preike og sa: Du får fylgja «meg nedom kyrkja. Han so «gjorde. Då sa han: Eg kan «etla deg na Anna (1817-1901) dotter mi «til kona åt Deg. Ho er ei gild «gjenta som Du vil verta vel «hjelpen med. Du får tenkja «på det.» Han so gjorde. Tala med gjenta. Dei vart trulova og gifte. Dei livde lukkelegt saman i over 59 år. 8 Hemneskrok er godt kjennt. Det var når tvo systkinn gifte seg med tvo andre systkinn. Det er fleire slike døme i vår bygd. I 1922 var eg sjølv i eit sovore brudlaup i Klyve \[s. 5\] der 2 par heldt brudlaup same dagen. Men ofte so heldt dei brudlaup kvar for seg. Og var det ulik alder so var det gjerne fleire år mellom. 9: Det kunde vera for å halda på \[?medelen\] eller å auka den. Men skyldfolk hadde for vis å reisa på gisna til slekti vår og haust. Var det so gifte- ferdig ungdom i heimen so kom dei saman, vart kjende og sidan trulova og gifte. Det var også til styrke for ætti. Det er serleg einskilde ætter som har so sterk ættarkjensle. 10 Tremenningar og firmenningar gjekk svært godt. Var det systkinnborn so var dei meir varsame, serleg om det var ein veikskap i slekti. Dei var redde at veikskapen kunde få sterkare utslag ved giftarmål millom systkinn- born. Serleg var de redde for sinnsjukdom. Dei hadde fleire døme på korleis denne sjukdomen utarta. Dette er fortalt av godfar (farfar) min f. 1826 død 1930 = 103 2/3 år gamal. 11 Nei, det var likt. 12 Ja. Godfar min f. 1826 og bror hans hadde foreldri etla til 2 systre \[s. 6\] til kone. Den eine skulde få garden og den andre skylde koma til Vik som gardkona. Men båe gutane lika ikkje gjentene. Det vart då samde om å gjera trulovingi ominkje. Ein kveld tok dei med seg fyrste- gåvena, gjekk til Skålheim og slo opp, eller fekk trulovingi gjort om ikkje. «Eg har aldri gått so lett heimetter Ståena som den kvelden.» sa han Godfar. Sidan spurte dei ikkje foredri, men båe fekk seg gode gilde ektemakar og livde væl og lukkelegt ihop i mange år. 13: Nei. 14 Ja, det var stundom at skyldfolk hjelpte til. 15: Ukjennt, men det var ofte at unggutane gjorde pretta for friaren, td. drog båten oppi ein åker, eller oppi tunet ol 16 Nei. 17: Ja. Husmenn og strandsetjarar. 18: Enkjer stod friare, men dei var so etterspurde at dei trong ikkje fria sjølve. Har haurt at det var ordna med ny mann, før den fyrste var komen på kyrkjegarden. \[s. 7\] 19 Ja. og det hende at dei valde enkjor med gard eller eldre gjenter med eindel pengar, men det var no undantak. Ikring 1700 var det en 25 års gut som gifte seg med enkja på Sandven Ho hadde nokre døtre som alle var eldre enn 25 år. Um nokre år døydde kona. Då gifte mannen seg oppatt i 1715 med ei ung gjenta og fekk ein heile flokk born 8 i alt. Eit anna døme frå 1860 åri Odelsguten på ein bra gard vilde ikkje overtaka farsgarden då det var so stor skuld. Odelsguten hadde stor lærehug og vilde på lærar- skule. Han fekk då vita om ei eldre gjenta lenger inne i fjorden som hadde bra med pengar. Han fria, fikk ja, gifte seg og reiste på lærarskule. Kona var med og koka mat og stellte huset. Han vart ein utifrå flink lærar, ein av dei beste i bygdi på lange tider. Då han gifte seg var han 23 år Ho var 42 år. 20 Som smågut haure eg av tenestgjentena våre at dei fortalte om korleis ein kunde få få sjå den som skulde verta mann, men eg minnest ikkje dette so at eg kan gjeva det att. \[s. 8\] 22 At det var overtru 23 Ja. Og hende det nokre gonger so tok folk seg tankar og lage eit parfolk av dei. II Natterfriing. 24 Ikring 1910-1915. 25 Han gjekk på tusko. 26: Mykje av gutane gjekk på tusko. Men vart det meir alvor eller meining med det so sa folk at han er på frirei. 27 Dei kunde vera 1 – 2 – 3 og opptil 4-5 ilag. 28 Ja. 29 Dei kunde vera fra ein gard og frå 2 eller 3 garder etter som det høvde. 30: Ja. 31 Nei. Det var som regel på laurdagskveldane, og so i dei store høgtidene – jol – påske og kvitsunhelg. \[s. 9\] 32: Ja. 33 Ja, dei gjekk saman. 34 Fredagskveldane hadde tenest- gjentene fri etter at dei var ferdige med fjøsstellet. Etter kveldsmaten reiste dei då til soteveitla. 35 Ja laurdagskveldane sjå svar 31. 36: Ja, det sømde seg ikkje i vika mellom palmesundag og påskedag eller når det låg lik på garden. 37 Ja det var so ymsa. 38 Ja dei prøvde det. Men var gjenta trulova i løgnd so let ho ikkje opp sjølv om den rette var med i flokken. Men ei stund etter skilde gjerne han lag og reiste åleine attende til gjenta. Då kom han inn. 39 Nei ikkje om det, men eg haure eit vers i 1898 av ein som hadde vore på tusko og so kom ei gamal gjenta og jaga dei vekk. Dei song verset med tone: Av høyheden opprunden er. «Pao Haugasund dar bur ei taus. «ho e so lita so ei mus. «ho fære dar å trippa \[s. 10\] «Å gutar e dar utan tal «dei fære dar i kvar ein sal; «men ein so bare ljose. «Men ho, Gamlo, «Halt og heinkja, «grann og spinkja, «kjæme nakja «Ut å spyre kven «so braka.» 40 Ja. 41 So mregel so rekna dei med dette som sjølvsagt. 42 Det var so ymse. Eindel let opp med eingong. Andre gjorde seg meir kostbare, og andre let ikkje opp anna for den eine. 43: Ofte hadde dei ingen ting, men i dei store høgtidene hadde dei gjerne ei flaska brennevin i lumma. 44 \[-I\] I joli hadde gjentena ofti brennevin, \[?nøter\] og kringle. 45 Kjenner ikkje til det. 46 Det var so ymse Hadde dei store planar, var det å koma inn, prata litt å fara vidare. Var dei berre på ein plass so stogga dei litt lenger. \[s. 11\] 47 Som regel ikkje. 48 Han kom etter at flokken var gjengen, eller ein annan kveld. 49 Ja. 50 Liketil giftarmålet. 51 Ho kunde gjeva han eit klokke- band laga av hennar eige hår. Eller eit par utsauma bukse- selar, ei liti rund sydd puta til å hengja lummeklokka på o.l. Han kunde gjeva henne ein spegel, ei bok, ei øskja til å ha syljer i o.l. 52 Når flokken fekk vita at ein gut berre gjekk til ei gjenta so \[-laga\] strøydde dei sagmjøl frå heimen hans til der gjenta var. Stundom heldt dei bjølleleik etterpå men ikkje alltid 53 Det var gutane i grendi, eller i grendene i nærleiken 54 Nokre vart harme og sinna. Andre tok det med godt humør og takka for at det hadde omsut for dei. Andre var tidleg oppe og sopa sagmjølet vekk eit \[s. 12\] stykke frå huset, slik at det kunde villeia ukjende folk 55 Ja det var ogso so ymse omlag som svaret til spm 54. 56 Ofte var det slik, men det førte ogso til at det vart heilt slutt etter strøyingi. I dei fleste tilfelle vart dei då offentleg trulova. 57 Då kom friaren som regel åleine, men stundom kunde han ha sin beste ven med. III Andre måtar som førde ung- domen saman slik at dei lærde kvarandre å kjenna. 58 Som regel ikkje, utan dei hadde eit sers ærend. 59 Ikkje vanlege kyrkjesundagar. 60 Ikkje vanlegt. Det kunde vera ei høgtidshelg etter preiki, når dei åt nista før dei tok på heimveg. 61 Regelen var at gutane tok opptaket, men som \[s. 13\] undantak, når guten var flau og lite tiltak i, so kunde nok gjenta ta saki i eige hand og fekk trulovingi ordna. 62: Det hadde dei nok, men eg har aldri haurt noko ser men dei kunde no gjera ei sers being åt vedkomande slik at berre den ho hadde godt auga til merkte det. 63 Nei. 64 Ja. Midt millom Porsmyr og Øysteste-kyrkja er Botna- Kvili. Det er ein \[?hildre\] attmed vegen. Der kunde dei sitja turt i regnver og kvila og eta nista si. Då hadde dei unge høve å samlast i eine enden og prata saman og gantast \[?\] og vart soleis kjende med ungdomar frå andre grender som gjekk same vegen. 65 Nei ikkje som eg har haurt. 66 Ikkje anna i brudlaup etter at paret er vigde i kyrkja. Då var det gjerne lett dans attmed båtstøde medan gjestene \[s. 14\] fekk mat og drikka før dei tok på heimvegen og kapproingi tok til. B. Gjestebod med eldre. 67 Vanleg gjestebod i jolehelgi. So var det gamal sædvane å reisa på gjesting til nære slektningar tvo gonge for året, vår og haust. Til meir fjerne slektningar ein gong for året. I barnedåp var det berre dei næraste slektningar og fadrane som var med. Det kunde vera undantak med stort gilde dersom jordaguten kom etter ein heil flokk gjenter. Då var det ekstra stas. I gravferd var det faste visse reglar. Dei bad \[?slekti\] og alle i tunet der dei var og so eit eller tvo frå kvart bruk i dei andre tuni på garden. På store gardar var det ofte 2 og tre tun. 68 Ved bordsæta sat dei eldre mennene ved langbordet, dvs alle gifte mannfolk. Konena, dvs dei gifte kvinner \[s. 15\] sat med tverbordet langs glaset. Ungdomen sat med tverbordet langs øvre veggen. Var det ikkje plass åt ungdomen i storstova fekk dei plass i kårstova og det lika dei svært godt. Då vart det liv og hugnad, sjølv i ei gravferd. 69: Det laga seg sjølv. Det var gjerne ein som tok på seg å ordna det, men har aldri haurt dei drog lut om det. 70 Det er 60-70 år sedan det var slutt i vår bygd, men i Granvin er den i bruk endå. Sjå Hadangerjol for 1958 der er eit brudlaup skildra av Svein Hovet. 71 Veit ikkje 72 Ukjennt 73 Dei måtte drekka av same ølskanten eller kjenga. C. andre høve 74: Ja, som oftaste var det hustekkjing \[-på\] so var det som regel \[s. 16\] dans etterpå. 75: Det kjenner eg ikke til 76: Nei 77 Fell burt 78 Ja, men det var berre ungdomar som skejsa det til. 79 Har ikkje haurt noko sers namn på veitla. D. Samkomer der ungdomen var mest for seg sjølv a) om sumaren. 80 Ja. 81 Gutane eller ein av dei fekk veta det og då kom dei då det leid på kvelden og hadde spelemann med seg. 82 Der var mat og det var husbondsfolket som gav den. Det var sjølvsagt, og ein kunde som sædvane rekna det som ein del av løni 83 Det var gjentene på garden og gjerne litt vidare. \[s. 17\] Dett gjekk på omgang i grendi 84 Ja. Det var soteveitla om fredagskveldane. 85 Det var song, samtale, forteljeng og etter at gutane kom var det dans 86 Ja det var gjistarehelg. Som regel 2 dre helgi etter dei var flytte til fjellstølen, og det var ikring Olsokhelgi. Men det var ikkje berre for gutane. Gjentena på gardene i grendi var ogso med. 87 Ja dei hadde spelemann med. Det var mest dans, men ogso leik på stølsvollen. På Ruedal, fjellstølen vår vart det 1880 åri bygt eit stort sæl som endå kallast Nyasælet. Det var 2 bønder som budde sæli ihop. Dei hadde ingen vegg mellom sælstovena. Difor vart det ei stor sælstova. Der var det alltid dans om kvelden og utover natti. Dagen etter var det dans og leik på stølsvollen. På ruedal nedpå Gullringehaugen, ein gamal fin leikeplass med flott utsyn over Fitjadalen og fjelli \[s. 18\] ikring. Sundag var det rjomegraut, spikekjøt og flatbrød til mat – festmat. Om sundag – so nonstider reiste gjestene heimatt 88 Jonsokafta var ungdomen samla på ymse leikeplassar t.d. på Jonsoksletto, på \[?Seleng\], Håmannen eller på danseplassen på Haugane eller Lundaneshaugen der dei leika, \[?soke\] og dansa. 89: Dei drog stundom til fjells til Kvanndalen for å finna kvanna. 90 Det hende dei rodde til Kvanesog eller Aksnes- holmane for å finna måsegg 91 Dei samlast av og til på dei stadene som er nemnde på nr 88 og leika og dansa før skyftarhuset vart bygt i 1902 og ungdomshuset i 1927. 92 Det var aldri eldre folk med for å passa på ungdomen, men det var gjerne litt eldre med for å ha moro sjølve. \[s. 19\] 93 Ja dei samlast i tuni og prata og hadde gjerne nokre småturar. 94 Det var ingen jarnveg- stasjon i bygdi vår. Og fyre 1900 var det ikkje noko dampbåt som gjekk innom Øystese på sundag. Men det hende etter 1900 at det var sundagsdamp. Då samlast ungdomen og såg på dampen. Dei stod i flokkar kvar for seg, men når dei gjekk derfrå var det gjerne so at nokre gutar slo lag med gjentane. b. Om vinteren. 95 Ja. Det var soteveitle om fredagskveldane i vintertidi. 96: Det tok til om hausten i november og vara til påsketider då utearbeidet tok til. 97 Ja, det gjekk på omgang men ikkje etter noko fast vita. Det var dei \[s. 20\] som baud til neste gong. 98 Nei, det har eg aldri haurt gjete i vår bygd. 99 Som nemnt før var det leik, moro, song og ofte dans tilslutt, då gutane kom. «Stille moro» er eit uttrykk som lever endå. 100: Det hende av og til at det var dansemoro i ei stova. Det var einskilde bønder som let dei unge få dansa i stova si Stundom var det ein husmann som var spelemann og so let han dei unge dansa i husmansstova medan han sjølv spela hardingfela 101: Ved ein vanleg dans var det ikkje mat. Ellest var det ikkje so stor rydding i stova. Det var å flytta burt til veggjene dei ting som stod på gulvet. 102: Det var dei gutane som var mest huga å få dansen igong. 103 Gutane betalte spelemannen Noko andre utlegg var det ikkje i ein vanlig dans. \[s. 21\] 104: Nei, det var som før 105 I Kjelkebakken møttest dei ofte. Ogso på isen på skeissing. Fyre 1910 var det lite skri skriing med gjentene. 106 Nei det var ingen kontrol. Kven som vilde kunde vera med. 107 Nei 108 Kjenner ikkje til noko skilnad. 109 Det var i tilfelle religiøse. 110 Ja som oftaste IV Juletråd \[s. 22\] 111-127 Dette kjenner eg ikkje noko til. Men eg hugsar som smågut i 1890 åri at tenestgjentene tala om noko sovore seg i mellom, men eg fekk ikkje tak i det slik at eg minnest noko no. 128 Ja i skotåret reknar alle med at gjentene hadde lov å fria 129 Ja det har hendt i skotåret og andre tider. Eg kjenner til at kona på fjellgarden Blekel døydde. Mannen måtte straks få kvinnfolkhjelp. Han fekk tak i ei halvgamal gjenta Brita Steine. Då kona var vel kome i jordi på kyrkjegarden so sa ho til husbonden at no fekk han antan gifta seg med henne eller so reiste ho. Han togg no litt på det. Fekk nok tenkja på det og 6 vikor etter fyrste kona døydde stod han brudgom med Brita Steine som brur. Det har vore liknande tilfelle men det gjekk ikke so fort. 11-10-1959
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste