Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14561_Ho_Modalen
Transkripsjon av filen #NEG_71_14561_Ho_Modalen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: I. Synet på Giftarmål 1: Nei, ein kunde godt ganga utum bygdi, sokni, el- der grendi etter gifta si. 2: Gifte til grannebygdi var væl; lenger burt og, det som galdt var: ein Kom i lag med agtan- folk. 3: Frå det eldste var det so, at gjenta måtte få seg ein jordagut. At ei gjenta skulde «stiga upp». brydde ingen seg rett um, og at ei gjenta uppali på ein gard gifte seg på ein husmannsplass, var lika illa. 4: Dette var so for både søner og døtter. 5: og Frå det eldste var det mykje godt so, at for- 6: eldri hadde mest og seia ved giftarmål. Då var det \[-mest\] garden og midlane, som dei såg mest etter. Og her var sanneleg større og mindre gardeigarar like, elder sannast var det, at kjeringane var vel dei mest hardsette til og driva gifting fram. 7: Døme på at foreldra avtala gifting med borni var små, hev eg ikkje høyrt um. 8, 9. Her i bygdi var hemdabyte, syskenbyte, og slik skipnad, heilt ukjend. \[s. 2\] 10: Skyldskapsgifte var her nok av og til. Syskinborn var rekna som skyldskaps- gifte, trimenningar og lenger ute var lite å snakka um. 11: Folk var ikkje rædde skyldskaps, anten det var på mann elder kvindesida. Men her våga korkje gut elder gjenta seg frampå u- tan det var friske, arbeidsføre folk. 12: Det hende at born sette seg upp mot foreldri. Her kjem ei soga frå 1860 åri: Ein lærar som kom til bygdi huglagde ei bondegjenta og ho han. Far til gjenta hadde gjeve dotteri løyve til å gifta seg med læraren, men mori var hardare enn stein. Det vart so, at læraren kunde ikkje vera i grendi, men han og gjenta samdest um og halda ut. Han skulde skriva til henne. Og skreiv gjorde han, men gjenta fekk aldri eitt brev. Mori greidde ha seg fat i dei, ho opna dei nok ikkje, men gøymde dei i eitt hol i løda. Læraren var i ei onnor bygde, ikkje lenger undan enn han frette kor gjenta levde. So sette mor hennar inn på og få dotteri gift på ein gard. Det gjekk år fram, og tilslutt dreiv mori sitt igjennom. Men ho som kona vart skulde knapt ha mange glade dagar, endå ho fekk ein bra mann. Eg kjende desse folki. Ei onnor soga: Tvo unge hadde samst um og slå lag, men ingenting sagt med foreldri. So kom ein enkjemann, med 6 born til far åt gjenta og tinga på henne til kona. Jau, faren lova vel, og sa det med dotteri. Nei, ho bar imot både kvasst og fritt. Og då kom det fram. Kva ho og ein gut var samde um. Gamlingen vart vond, sette skulde aldri få framgang, den guten vart det ingenting «tå». Og det vart \[s. 3\] harde tak millom far og dotter. So fekk faren henne med seg på noko arbeid, og han maka det so at ho vart att på ein holme i vatne, og der skulde ho vera, utan mat, til ho gav seg. Ho var der i tri døger, då gav ho seg, og tok enkje- mannen. Men so so «stor» var ho, at ho var av det gullet som reinsast i eld, ei gild og vyrdeleg kona vart det. – Og det var ei av bestemørne mine som vart so medfari, eg kjende henne, men det kjennest hardt og fortelja detta. 13: og Men so kunde det og henda at dei dei unge vann 14: fram, ved hjelp av gjæve skyldfolk. Då var det helst so, at foreldri vilde havt ei onnor gjen- ta til kona på garden, elder at gjenta skulde teke ein annan gut. Desse som då gjekk inn i strid for dei unge, vog vel på kva dei tok på seg, det kunde vera slektskap med ein av par- tane, elder dei unna ikkje foreldri, at dei skul- få driva sitt fram. 15: Urimelege giftarmål var her, strakt fyre mitt minne, det snakka folk um. Men \[\_då\] var det heilt stilt. Utan var det ofta skjoting til æra for brudeparet. Upptog vart ikkje stelt til. 16: Døme som dette som er nemt i dette spurs målet kjennest ikkje herifrå 17: Tenestfolk stod friare enn andre i val av make. Det var og døme på, at dugelege og gilde tenest- drengjer kunde få ei gild bondegjenta, når foreldri til gjenta kjende guten, for ein som la seg upp pengar av løni si, og var framtøk i arbeid, og ikkje for og sumla og drakk. Her var slike tilfelle, og dei eg veit um, kjøpte seg garder, anten i heim- bygdi, eller grannebygderne. Men desse tenestdrengjerne vart nok sikta \[\_væl\] so nøgje som jordagutane. 18: Det vart fortalt, av dei eldre, at enkjor, um \[s. 4\] dei var unge, stod nokso fritt i val av make. I mi tid har, merkeleg nok, ikkje dette hendt. 19: Ei gjenta gjekk lettare undan, um ho hadde noko på bok, \[\_dersom ho var eitt gildt og\] godlitande menneske. Var ho ikkje \[\_det\]. då fekk ho ikkje vera vandsam. Dei prøv- de velja slike gjentor, enden vart at dei tok det som baud seg, for å verta gifte, for det vilde dei. 20: Både gutar og gjentor kunde få sjå den dei skulde verta gifte med, um so årevis framføre. Gjenta kunde sopa låven jolafta, då kom guten i lødøri. Elde ho kunde ta ein kara- vest, rulla han godt i hop, og leggja vesten under hove, då ho la seg til sova jolafta, so fekk ho sjå guten i draume. Båe partar kunde taka ein kling, um jolafta, og ganga ut på ein krossveg, då kom den som skulde verta egtemagken og beit av klingen. Elder taka ein stein, or kvar, av tri bekkjer, som rann mot nord, leggja steinane i ein handduk, leggja det under hovudputa, so fekk dei sjå den som vart maken, i draume. Det sisste vart prøvt eingong av tvo gjentor, og båe tvo, sa det slo til. Den eine sa, at ho aldri hadde visst um den guten før, han var frå ei framand bygd, men ho såg han i draum. 21-22. Nei, hugvendingmidlar hev eg aldri høyrt um vart bruka. 23: Det var no berre so som so, at vaksne gu- tar og gjentor fylgdest mykje um dagen. Ein treff – ein gong elder tvo – det vart der ikkje sagt noko um, men hende det oftare, då var dei snart på folke tunga. Då var det eittkvart i gjerdom. \[s. 5\] Nattefriing. 24: Kva tid det vart slutt med nattefriing, nei det er vel uråd og svara på. Kanskje det er slutt no, kanhenda inkje. 25: Ein som gjekk på nattefriing heitte nattesjauar, ganga på sjau. «hev Dei vore på sjau i natt?» 26: Den guten som vilde få seg make gjekk altid åleine. Då galdt det å stilla seg iveg so ingen vart vis med det. Då vart døri stengd då han var innkomen, og der vart rolegt på lemmen, han kom ikkje for å halda ståk elder sjau. 27: Gjekk gutane ilag, tvo, det hende vel tri og, då var det berre for å halda leik og leven. 28: Ukonfirmera gutar vilde ingen ha med seg på sjau. Var dei konfirmera, so fekk dei vera med. 29: Når dei fylgdest på sjauarveg, so var det helst gutar frå næraste grenda, elder garden. Ingen vilde ha med seg slike dei ikkje kjende full godt, kunde lita på 30: Då her ikkje var nokon sosial skilnad, sonen i huset, og tenestdrengen var heldne jam- gode, når dei heldes førde seg sømeleg, elder vyrdeleg, so kunde sagta jordaguten, og tenestdrengen fylgjast på sjauarveg. 31: Visse næter elder kvelder for framande gutar er heilt ukjent. 32: Det var nok so at gutane frå eitt visst strok, ei viss grend, brydde seg lite um sjauara frå andre grender. Og var der gjentor som var heldne gilde, so laut desse «passast», so langt råd var, men noko «uppstyr» laut dei vara seg for, det toldest ikkje helder. 33: Bondesøner og tenestgutar gjekk saman utan so den eine av dei gjekk på «ålvor», då vilde han sjølvsagt gå åleine! 34: Visse kveldar sett av for tenestfolka er ukjent. \[s. 6\] 35: Visse kveldar i vika til nattesjau, elder natte- friing – der er skilnad millom desse tvo ting, var laurdagskveldane, det kunde vel slumpa til andre kveldar. Men då var det ein gut, som gjekk til «si eigi gjenta». 36: Forbod mot nattefriing visse kveldar er ukjent. Men var der lik på eitt hus, anten hjå guten elder gjenta so gjekk ingen der då. 37, 38, 39. Desse spursmåli rører med slik som er ukjent her. 40: Etter meir ålvor det var i leiken etter stillare for dei fram, 41: Og då hadde ikkje foreldri og husbondsfolk somykje imot slike vitjingar. Men sjauar- kveldar med leik og leven, song dei \[onast\] upp um. 42\. Gutane fekk oftast koma inn, men skyna gjen- torne, at dei kom helst for og halda leven, so fekk dei gjerna venta og. Gjentorne kunde ofta vera kvassmynte og, det somykje, at sume gutar «tok til vete». 43: Hadde gutane noko og by på, då hadde dei to ei meining med det, at dei gjekk til den gjenta. \[\_44\] Og sume gjentor kunde ha ei flaska og, helst \[Punat\], men det var berre framme når det var ein gut ho sette pris på. Andre fekk nok inkje traktering. Dette er nok heilt gjenge ut no. 45: Gjenta gav aldri noko, korkje av flaska, elder nokon gåva, utan ho hadde ei mining med det. Eitt par sokkeband, ei klokkekjeda, eitt leiste- par, elder noko slikt smått. 46: Nattesjauara som berre heldt leven, stogga gjerna ein time til elder so. Eingong vart det fortalt, at tvo slike sjauara, som hadde helde heile huset vakande, vart møtte av husmori, då dei kom ned trappa og i gangen, ho bar ein lampe i handi: « De trenga ljos so de sjå koma dykk utatt», sa ho. Karane vart skjemde som hundar. \[s. 7\] Før eg går vidare i «teksten», er eg huga merkja dette: Ein mann frå Bergen, sa til ein bonde- gut, nærskyld meg, at «dette med nattefriing, var ikkje noko annat enn at gut og gjenta møt- test til sedløysa, det var alt det gjekk ut på. Det var betre i byen i so måte», meinte han. «Det er ei skammeleg lygn, meinte guten,» dei møttest so, for dei ofte ikkje kunde koma til og møtast og prate ilag andre tider, og um det var um natti, so møttest dei so seduge som nokon. At det hende det som var illa, var nok so, men det hende nok i byen og, um der ingen nattefriing var. Og skulde me i bygdi møtast til used då vorte det altfor ille, storparten av bønderne er ikkje slik, dei møtest laurdagsnatti for og læra kvarandre å kjenna.» Ein per- sonleg merknad: «Eg veit kva eg snakka um, eg kan ikkje seia meg fri for nattefriing sjølv, men eg gjekk nok berre til den eine. Eg kjenner bygdefolket og». Den einslege nattefriaren. 47: At ein vart att av nattefriarane hende, og då drog dei andre seg tilsides, dei lagde merke til at her var ikkje noko for dei. Då var det nok so og, at no visste bygdi um dei, og det fekk dei finna seg i. 48: Den einslege nattefriaren gjekk når det høvde for han, han hadde viss gjenta og gå til, og ho hadde gjerna ei råd so ingen annan slapp inn. 49: Var det visst millom tvo, so slapp nok guten inn, um so husfolket lagde merke til det. Dei måtte væl veta um det. Men dei unge måtte ikkje «hutta seg burt», so det gjekk utover arbeidet deira. 50: Den einsleg nattefriaren gjekk solenge \[s. 8\] til same gjenta – til dei gifte seg. Elder – um dette sjeldan hende – «der kom ein kurle på tråden», so det gjekk som folkeskjemten sa i slike høve: «Det var då det vatne som rann åv – av – att». Alle visste kva det tydde. 51: Gjenta fekk gjerna ei sylgja, elder ein annan liten ting, helst av sylv. Guten kunde få eit par krota sokkar med sokkeband, elder noko liknande. 52: Fantestykke kunde verta gjort med ein natte- friar. Det kunde vera nokon som var «forsmådd», av gjenta – det hende – og då var det gjort på alvor. Helst var det væl dei yngste ungdomane som gjorde prettor berre for moro. Det hende nok, - eg veit det – at det var gjort pettor for og syna vanvyrnad. 53: Strø sagflis, «rubba», millom heimen til guten og gjenta, og samstundes laga bjølleleik, var ein sams ungdoms- sport. Alle som berre vilde kunde vera med. Dette måtte helst gjerast ei laurdagsnatt. Skaut dei nokre skot attåt var det bra. 54 – 55. Etter rolegare gut og gjenta og foreldre tok det, etter betre var det. Hende det at gut og gjenta og foreldri vart arge, sinte, og skjente – ja, då totte rubba- rane, at det var retteleg moro. 56: Når det vart «rubba» for nokon, ja, då var desse retteleg forlova, kjærestefolk, det var sikkert og det. 57: Nattefriinga på stølen var som heime i bygdi. Den guten som hadde noko visst, gjekk åleina. Kom andre, ein elder fleire var døri stengd. Hadde gjenta ingen viss, og der kom ein elder fleire, vart det berre skøy. \[s. 9\] På Kyrkjebakken 58: Gutar og gjentor kunde tala saman på kyrkjebakken 59: Men gutane kunde ikkje spandera noko før dei var komne på heimvegen. 60: Hev aldri høyrt at gjentorne baud på noko, utan so dei hadde fenge bod på noko fyrst. Gamalt var det å by på brunsukker. 61: Gjentorne kunde snakka til gutane fyrst, men då laut dei helst ha ærend. 62: På Kyrkjebakken viste aldri gjenta kven ho lika best, utan so det var kjent før. 63: Gåvor som Påskeegg, elder andre ting, visse sundagar er ukjent. 64: Gamall var der faste kvileplassar på kyrkje- vegen, der kunde dei unge tala saman, men vart no oftast berre skøy og moro 65 – 66. Leik og dans var det ikkje nær kyrkja, men væl dei var komne – helst noko langt på heimvegen. Gjestebod saman med eldre. 67: Gjestebod hadde dei i eldre tid i joli, når slektingar vitja kvarandre, som ofta hende ved påske og pinse, og barnedåp, og sjølvsagt ved gravferd. 68: Vaksne gutar og gjentor var saman i slike høve, dei trong ikkje vera kvar for seg. 69: Kven som skulde sova saman på flatseng i bryllaup gjekk no reint på slump, vart fortalt. Det vart bygdeord um gut og gjenta nokon gjorde det, utan so «det var visst med dei». Og slikt bygdeord lika ingen og få på seg. Det var eingong ei gjenta som bygdi hadde til moro; som la seg millom tvo gutar, dei låg berre og gjorde narr av henne, so fint at ho skyna det ikkje, og bygde låtten høyrde ho ikkje \[s. 10\] 70: Eg har aldri fenge spurlag, på att stabbedans var i bruk her. Men fram til 1860 sette dei ein stabbe i brudlauspsstova, og so maka dei nokon saman og fekk dei på stabben. So kom brudlausplaget med skjemt og alvor kor desse høvde i hop. Ein- gong sette dei tvo born, 6 – 7 år gamle, på stabben, og desse vart gifte seinare. Stabbe- skikken er utgjengen for lenge sidan. 71: Denne skikken med Stabben var berre for moro, dei hadde det i jolegjestebod og. 72: Skikken med Stabben var for moro, og dei unge i laget kunde og ha moro med dei som stod til «åtgaum». So det var ufårlegt, 73: og gjekk helst med godo og få folk på Stab- ben. Dei skulde ikkje eta elder drikka med dei stod der. 74 – 79. Noko av dette har eg aldri høyrt um her. 80 – 85. Er ogso ukjent. 86: Det var frå gamalt ei «Stølshelg», då gutar og dei største borni kunde ganga til støls. Tidi var so nær Olsok som råd var, og vart kalla «Koppaleik», «Koppaleiksundane». Det skulde vera eitt gamallt Olsokminne. Var husmori sjølv budeia på stølen, so svitta jamnst husbonden seg til støls um laurdagsvelden, og kom ikkje heimatt før um sundagskvelden. 87 – 90. Er ukjent. 91: Det var leik um sumarkveldane, anten med ball, elder andre ting, men der var ikkje gjentorne med. 92: Ukjent. 93: Gjekk saman helgedagsettermiddagane gjorde ungdomen før, nett som no. Men dei gamle var nøgne på at dei kom so tidleg innatt, at det ikkje vart arbeidsskulking. \[s. 11\] Har gjort ein feil og må retta. Det er vedk. sp. 91. Det var nok so at gjentorne ikkje var med i slike leikar som \[\_slå ball\], elder \[\_kasta skothedla\], slå klure, men gjentorne var med når dei leika \[\_tridjemann i vinden\]; \[\_taka rei\], ogso sagt \[\_taka mann få\]; elder \[\_sta på stengo\], og dette vart ofte gjort. Så svar 94. 94 – 129. Dette er spursmål eg ikkje kan svara på, kjenner ikkje noko slikt her frå bygdi
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste