Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14532_MR_Hjørundfjord
Transkripsjon av filen #NEG_71_14532_MR_Hjørundfjord
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ja, ein skulle helst finne gifta si i same bygda. Utfor bygda eller sokna var kje vanleg. Dei gamle totte helst at guten ikkje gjorde rett om han kom til gards med ei gjente frå ei onnor sokn. 2: Ja, det var no «so som so» dersom gjenta for or bygda eller vart gift lenger hint. Det gjekk gjerne ei tid før ho vart bygdemenneske og bygdekjend. 3: Det var det vanlege, og folk heldt det for det rette. Ei gardmannsgjente «kasta seg vekk» om ho fekk ein plassgut eller nokon som stod under henne sosialt. Men dei såg det gjævt om ein småkårs gut kunne få ei gjente som sosialt stod bedre enn han. «Han steig opp i hau». «Han var heldige han», o.l. 4: Ja, for både søner og døtre. 5: Dei hadde mykje å seia. Vanleg skikk var det at dersom guten hadde fått eit godt auga til gjenta så «fria» han ikkje sjølv men han «opna seg» for ein «kvambelsmann» eller kvinne – og han tok seg gjerne av saka. For slike såg det gjerne som ei æra å verte brukt slik. Mannen «kirkjekledde seg» og gjekk til gards. Lirka saka inn på foreldra fyrst. Utan at gjenta vart spurd. Fekk han \[s. 2\] samtykkje av dei, så vart gjenta spurd, og saka var ordna. Guten kunne då kome til gards – og det vart grumt og gjevt. Kvambelsmann (m) ͻ: Talsmann for ein friar Kvam = kone, bel. av å beila, frie. Ein som hjelper ein gut til å få seg kjæreste – Ellist var det ei brukeleg skikk om ingen friar baud seg fram, at faren tok saka i si eiga hand. Han tok ein sundag under gudstenesta og leide henne langs stol- rekkjene og sa: «\[\_Dotter mi vil manne seg\]» - Ho hadde eit belte med tom slire på seg. Var det ein gut som gjekk fram og stokk kniv i slira – eller gjerne ein kjepp, så beit han på. Lika så faren guten, let han kniven vera, likte han kje guten, kasta han kjeppe eller kniven får seg. Dette vart ordtøke som ein kan høyra enno: «Friing med tom slire.» Eller: «Ja, den «kjella» slapp fare heimatt med tom slire, ho.» \[\_Referat frå Elling Urkegjerde\]. 6: Ja, i grunnen var det så. Dei fekk gjerne så mykje å prate saman om og tok til vanke til kvarandre. 7: Nei, det har eg ikkje høyrt. Det gjekk i fall stilt for seg. 8: Omgrepet hemningslag, hemdabyte er ukjent heime. Men systerbyte, syskinbyte var og er jamvel i bruk enno ͻ: jamast ein gut får ei syster fra ein gard, og bror hennar får ei syster att \[-den fyrste guten\]. Folk totte stundom det var gjævt. 9: Det hav vore sagt at det var gjort for å få større gardar eller eigedomar, stundom – men om det er rett kan eg ikkje seia. 10: Kom skyldskapen til syskenborn, vart folk stuss, det likte dei som regel ikkje, firmenninger kunne gå, men helst ikkje nærare enn tremenninga, sjølv dei var så som så. – \[s. 3\] 11: Folk var mest redd på kvinnesida. 12: Ja, det hende nok. 13: Ja, det var vanleg. Det var vågeleg. «Store- mannen» kan nok setje stoppar for slikt – Det var helst sett på som synd, for dei såg på dette \[-dette\] som brot på «Gudsordningane». 14: Det kjenner eg ikkje til 15: Eg har høyrt at det hende ein forsmådd (friar) friar kunne få med seg nokre unggutar og lage pretter når brufolket kom frå kyrkja. Klæ seg ut Drage busker i vegen o.l. skjota. 16: Ja, det hende. Gjenta vart teki som «rakstad- due» og ghuten gjerne som «slåttekar». Synte dei seg dugelig, gav dei seg gjerne. 17: Plassemannsborn, tenestefolk og sosialt dei små i samfunnet. 18: Eg har ikkje høyrt om/det. Lite truleg i våre bygder. 19: Det var noksa vanleg at gutane såg og la mest merk til gjenter som dei visste hadde godt heimanfylgje – og var av gjevt folk. Dei var jamnast i vinden slike. Og ofte hadde dei fleire beilarar. 20: Nei, kjenner ikkje mykje til det. Veit berre dei kunne gå i halvdraum og ynskje seg den eine. Rusle i fjos og løde som i halvdraum. 21: Nei, men mor fortalde at dei bad til gud om å få den som hadde vekt elskhugen i dei. Det er vel ikkje ukjent heller i dag. 22: Veit kje. 23: Nei det vart ikkje rekna som god folkeskikk difor såg ein det ikkje ofte. II \[\_Nattefriing\] 24: Den skikken er neppe slutt enno i våre bygder. 25: Nattlauper, stundom nattgangar. 26: Ja, nattefriing var meir stilsleg – ofte både alvor og ein viss stil over det. \[s. 4\] Natteløyping var meir sport – rols – gøy – og kunne ofte gå for seg i simple former. Uro og slik og bråk så folk vart harme. 27: Det kom mykje an på kor stor grenda eller garden var. Ikkje alle var med. 28: Ja, dei som ikkje var konfirmert fekk ikkje vera med. Dei vart jaga heim. 29: Frå same grend eller gard – stundom kom dei frå nabogrenda, då vart det ofte litt oppgjør Gardsgutane lika lite slike «viljingar» 30: Ja, det kunne dei. 31: Ja, natta mellom 2-3dje dag jul var jamt brukt – og så nyttårsnatta og kring jonsokk. 32: Ja, det er visst. Det var sterk patriotisme i det høvet (sjå 29) 33: Som vanleg gjekk både bondesøner og tenest- gutar saman. 34: Nei. 35: Ja det var laurdagskvelden og sundags- kveldane. Laurdagsfriing var vanleg. 36: Ja, desse tider var det mest ingen som gjekk på nattefriing – dei respekterte desse tider og våga seg lite ut serleg hvis det låg lik. 37: Nei. Det var meir på planlaust. 38: Ja det var brukvis det. 39: Nei. 40: Ja om dei ville at \[\_ein\] bestemt skulle få kome inn, men om ikkje det, så var det jamt meir bråk. 41: Var det tenestegjenter på gården som dei for etter, såg dei helst gjennom fingrar med det. Var det deira eigne, kunne dei vera strenge nok og ofte fikk flokken «send» derifrå. 42: Lås for dørene var det ikkje alle stader, så dei gjekk på og ofte overrumpla gjentene. Var det lås, let dei ikkje opp om det var fleire i flokken. \[s. 5\] III 43: Nei, brennevin hadde dei omtrent aldri med, men sukker – «brunsukker» - var brukt- Ellest hadde dei ingen ting med. 44: Nei var det fleire saman hadde dei ikkje noko å by dei – for dei lest som dei ville ha dei ut og skjente på - sjølv om han var i flokken som dei hadde eit godt auga til. 45: Å ja karane såg snart kven ho lika best og det fekk dei gjerne vissa for gjennom replikkverksemd og anna, sjølv om dei ikkje fekk gaver av noko slag. 46: Å, dei for gjerne på fleire stader same natta – medan flokken minka inn litt om senn. \[\_Dei einskilde nattefriaren\] 47: Ja, det var vanleg. 48: Han kom som regel ein kveld då han hadde «nyss» om at han fekk vere åleine. 49: Ja, det var det. 50: Det kunne vere så ymist. Var det verkeleg noko med dei kunne det vare lenge. Skjøna han gjerne at ho helst «tuska» med ein annan, vart han «tykkjen» og slutta. 51: Sokkeband, hoseband som gjenta sjølv hadde laga («hemta» ͻ: Dei var laga – fletta saman av helst 3 fargar ulltråd. \[\_Kyselen\]: Det var laga av skyr elle renne- mjølk dei kalla. Det var helst på sætrane at setergjentene laga dei, før dei jaga buskapen heim. Det var sers vanleg at gjenta gøymde den finaste kyselen og gav han til den guten ho hadde huglagt. Stundom haddde dei dei med til kyrkja – og etter kyrkjetid såg dei seg gjerne høve til å lure dei til guten. \[s. 6\] Gutane gav gjerne ei mindre sylja eller nål. Det hende og at dei fekk stikka til dei ein ring eller eit kvart lite. 52: Ofte dei andre i flokken. Var dei friarar i ein onnor bygd – var det guten fra den grenda. Ein gamal mann fortalde: han rodde om kvelden ca. 2 mil. Og gjekk til gjenta si om natta. Om morgonen stod færingen hans utfor stovedøra – Dei hadde køyrt båten 6-7 km opp gjennom dalen. Den vordende svigerfar laut ta merra si og han køyrde friaren til sjøen atter sundags morgonen. Friaraen fortalde han sat i båten ned dalen. Folk såg dette «skue», men Karl – så heitte han, var like fjåg – han hadde fenge ja hjå ho Oline, han! 53: Det var ungdomen. Der var gjentene Ofte med. 54: Det tok dei jamnast som festleg, moro. 55: Å, dei sa kje så mykje, men var saka i orden og dei likte partiet, lo dei helst til det. 56: Som regel. Ikkje alltid. 57: Både og – Helst var det laurdagskveldane og då var dei gjerne fleire saman. III. \[\_Andre måtar som førde ungdomene saman\] A. \[På kyrkjebakken\] 58: Nei det var kje vanleg. Blygskapen og skikken hindra det. Men dei gjekk ofta fram og attende forbi einannan i flokken og stundom åleine. Men då lest dei som dei hadde «erend» - (Og det hadde dei …!) 59: Det kjenner eg ikkje til. 60: Nei, det var vanlkeg berre mellom skyld- folk. 61: Ja, det var vanleg. Har høyrd at modige gjenter serleg i skotår kunne gjera det. Men då gjekk det mest gitord om dei. \[s. 7\] 62: Det var kje lett å få til ved kyrkja - . Dei for som regel stilt med det. 63: Det kjunne henda dei, gjentene, gav gutane «kysel» (sjå 51.) Det var ein kjærleiksgåve. 64: Ikkje for dei som rodde båt. Men opp Bondalen kunne det henda på «Kvile». – 65: Nei. 66: Nei. B. \[\_Gjestebod saman med andre\]. 67: 1. ættegilde i julehelga. 2. Vanlege gjestebod i julehelga. 3. barnedåp. 4. gravferd. 68: Nei det var ingen fast skikk, men jamt var det slik at hadde dei fleire rom så vart dei unge meir for seg sjølve. Under leik og moro var dei jamnast saman. 69: Det var ingen. Dei kraup seg saman som best det høvde, og det såg gjerne ruske ut når morgonen kom. «Sparkerloft.» 70:-73. Denne skikken var ikkje vanleg i mi heimbygd. C. \[\_Andre høve der eldre var med\] 74: Nei, men dei kunne ha annan Moro. Ein som song viser eller fortalde rispor so dei fekk låtten på glid. Spurde gåter eller fekk gamle koner til danse springar, halling. Då stod jubelen i taket. 75: Ja, det var dei. Men dans? Ja, det var stundom ungdom fann på det. Det var ikkje forbod mot det. 76: Nei. 77: Ja, der var jamt dans og ofte mykji drikking. Mange heldt seg derifrå – \[s. 8\] 78: Det hende for lang tid attende fortalde eldre folk.. At dei feira jonsokkvelød såleis. 79: Ukjent. D. Samkomer der ungdom var mest for seg Seg sjølv. a) Om sumaren. 80: Det var ikkje vanleg. 81-82. Kom deis mana ein hende gong kom gjerne guten utan ein byding, og mat hadde dei ikkje med. Lite råd til slikt. 83: ? 84: ? 85: ? 86: Ja, det høyrde til dei store festdagar om sumaren. Gutahelga på setra heldt dei gjerne næst siste helga dei var på sætra. 87: Ja, der hadde ein mykjen moro: song, leik dans. Stundom hadde ein og spelemann med og dansen gjekk fint på sætervollen. 88: Nei, det vat jamnast berre ved jonsok og olsok. 89: Ja, bærsundagen hadde dei. Ellest gjekk dei gjerne på fjellet. Fjellturar det var oftast når gjentene var på sætra. 90: Det var ikkje vanleg. Ein hende gong var dei ute på fjorden og drog sei. Då tok dei med den gjenta dei likte best. Oftast var dei berre paret om bord. – 91: Det var sundagskveldane leik ved tunet den tid gjentene var heime og ikkje var på stølen. 92: Eldre folk var med, men ikkje for å passe på – men for moro sjølve \[\_93\]. I meir tettbygde strok. 94: Dei råkast nok på visse stader men jamnast gjekk gutar og gjenter kvar for seg. Dei erta kvarandre gjerne når dei råkast og gjekk framom einannan. \[s. 9\] V. b. Om vinteren 95: Det hadde dei lite tid til, ikkje brukt. 96: Sundagskveldane kunne dei kome smana og syngja. Prøvde fleirtonig song. 97: Desse gjekk på omgang – 98: Det har eg ikkje høyrt. 99: Stille moro, spurde gåter, san viser – og gudelege songar. «Slo firsko.» - trædde nål ved å sitje på flaske – blindebukk – m.m. 100: Nei, ikkje i mi heimbygd. 101-2-3 ― ˶ ― 104: Ja, det vart meir vanleg både laurdags- og sundagskveldane. 105: Ja, gifteferdig ungdom var gjerne med etter eige ynskje – foreldra la ikkje, så langt eg har høyrt, hindringar i vegen for det 107: Nei. 108: Ikkje som regel. Stundom av religiøse grunnar. Strenge pietistar såg ofte synd i truskyldig moro. 109: Jamnast var det av religiøse grunnar. 110: Ja. IV. \[\_Juletråd\] Dette har eg ikkje kjennskap til. Ukjend av dei eg har spurt. \[s. 10\] Tilleggsspørsmål til Nr. 39. \[\_Mors- og farsdag\] 1: Morsdagen vert halden vanleg. 2: Både og. Men fast vanleg i heimane. 3: Gjerne ungdomslag, ljoser – songlag. 4: Nei, det er ikkje vanleg. Berre hjå einskilde, som har små- Barn. 5: Nei. 6: Det hender, og då helst i heimen. 7: Borna heime. 8: Ja, morsdagen vert gjerne omtala Både i aviser og i skulen – Har og høyrt det frå preikestolen og I lagsmøter. Soltun, Ulsteinvik 7/7 – 1959. Ed. Standal. Avskrift lagt i nr. 72
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste