Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14496_Ho_Odda
Transkripsjon av filen #NEG_71_14496_Ho_Odda
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det har vist aldrig vore so nøgje med det her i vor bygd. 2: Det har heller ikkje vore påtala, utover det var åbryggskap eller ovundsykja med i spelet 3: Ja det kunne vel henda, at dei rekna med at «like born leikar best.» 4: Ja, det trur eg. 5: Det har vel hendt, men det må vera fyre mi tid. 6: Eg har ikkje kjenskap til noko slikt. 7: Nei det kjenner eg ikkje til. 8: Det har hendt fleier gonger, at bror til t.d. bruri har fenge syster til brudgomen, og den kan ein vel kalla syskinbyte? 9: Nokon avtale trong ikkje det vera; men kom i stand, som eit fornuftigt tiltak. \[s. 2\] 10: Det har aldrig vore rekna for heldigt med formykje ingifte og nerskyld, so folk tykte det var best uskylt; men det kunne gå an med tremenning og firmenning. 11: Nei det har eg ikkje høyrt. 12: Ja, det har nokk hendt av og til. 13: Har ikkje høyrt noko sers um det. 14: Det kunne vel henda det og stundom. 15: Ja det har hendt, at då han som brudgom sku verta, skulde henta bruri heim, var ein som vart forsmådd av bruri skaut skammarskot, so det var påtak, at ikkje hesten sprang ut. 16: Noko slikt kjenner eg ikkje til her. 17: Det måtte i tilfelle då vera strand- sitjarar og husmenner, 18: Ja, 19: So lenge eg kan hugsa har det vore nokso fritt bå for gutar og gjentor soleis; men sjølvsagt var det bra med ei gild heimagjerd. 20: Nei, det har eg ikkje høyrt um her. 21: Det kjenner eg heller ikkje til her. 22: Det måtte vel hels vera uvetingar som for med slikt? \[s. 3\] 23: Ja det var ei tid, helst fyre ungdomslagi kom i stand, at folk var meir varsomme til å møtast med dagen. II Nattefriing. 24: Etter at der vart skipa ungdomslag foring i bygdene, vart det mykje friare for ungdomen å koma saman og kunna tala saman utan å vera redde folkesnakket Og her i var bygd, tok det smått i send slutt då storindustsrien tok til for ikring 50 år sidan. 25: Det kunne vera so ymse, etter som det var for moro eller meir på ålvor. var det for moro, og fleire i lag, kalla dei det å gå til gjentene, eller gå på tussko- men var det for ålvor, då kalla dei det fri- eri. 26: Ja det var den skilna, at når dei gjekk på tussko, var det for å få skøya litt og få ligga på armen til gjenta og det kalla dei for hjåsveve. 27: Å det var oftaste 2 – 3.; men på frieri var det som regel berre 1 åleina. 28: Ja sjølvsagt, dei var `kje vaksne fyrr 29: Det var helst grendagutar. 30: Det kunne vel henda det og. 31: Det var helst laurdagskveld og sundags- kveld og elles ingen regel. 32: Det var vel litt ymse med det trur eg. Dei gjorde vel noko til meins for einanan. stundom \[s. 5\] 33: Ja, det hende nokk båe deler. 34: Nei det kjenner ikkje eg til. 35: Sjå nr 31. 36: Eg har ikkje høyrt um noko forbod; men elles skulle det vera sjølvsagt, at slikt forbaud seg sjølv. 37: Det var vel helst gode kjenningar som gjekk saman, og elles var det vel ymse. 38: Det kunne nokk henda i sume høve. 39: Nei. 40: Ja, sjølvsagt måtte dei fara stillt. 41: Det var ogso heilt forskjelligt. 42: Ja, det var vistnokk ymse med det trur eg. I min ungdom høyrde eg um tvo gutar, som hadde fenge tak i ein stige, og sette upp for glaset til eit gjenteloft, og den eine skulde upp og prøva koma inn; men det vart ikkje upplete, og guten i stigen snudde seg rundt med rævi mot glaset so det skaldra i ruta 43: Det har eg ikkje greida på. 44: Det var vel ymse med det og trur eg 45: Det hende kanskje; men eg kjenner ikkje til det. 46: Det kunne vel ikkje vara so lenge, at folk vart vise med kven som var ute. \[s. 5\] Den einslege nattefriaren 47: Nei det var sjeldan, at ein slik fylgde med flkken. 48: Den friaren, som gjekk for ålvor, var som regel åleine, og gjekk på ei tid som andre ikkje måtte få greida på. 49: Ja det måtte vera dulgt, so lenge som råd. 50: Dersom det var tanke på giftarmål, so gjekk han til den same, heile tidi. 51: Det kunne vera so ymse, klokkeband eller klokkeputa, tobakspung, perleband o.s.b. 52: Ja, det hende nokk ofte, at det vart gjort bå det eine og det andre, var det ein som kom sjøvegen vart gjerne båten burte og kom aldrig te skelar meir, eller ogso vart båten dregen like til gards der gjenta var, so guten måtte få hjelp til å få båten til sjøs att. Det var helst slike som hadde eit godt auga til gjenta, som fekk ondre med seg til å gjera friaren til meins på ymse vis. 53: Det var oftaste grannegutar, som hadde moro med slikt. 54: Nei, Dei lika det vist, so måteleg trur eg? 55: Dei var vist ikkje altid blide, dei heller. 56: Det hende vell; men ikkje jamt. 57: var det ein som gjek for ålvor, so var han helst åleine; men var det meir for moro so kunne dei vera fleire i lag \[s. 6\] III Andre måtar som førde ungdomen saman slik, at dei lærde kvarandre å kjenna A. På kyrkjebakken. 58: Ja, det kunne dei nokk. 59: Nei, det har eg ikkje høyrt um her. 60: Det hende vist um hausto, når dei kom frå stølen, at budeia hadde nævost med til kyrkjé 61: Nei det var ingen regel for det? 62: Ja, det hadde ho sikkert 63: Nei det kjenner eg ikkje til i vor bygd. 64: Nei, her kom dei roande i båt eller kom frå fjelgarane i båt yver sandvinvatnet, so dei hadde sagta høve til å tala saman. 65: Nei. 66: Nei. B. Gjestebod saman med eldre. 67: Her i bygdi var det lite av det som heiter gjestebod, for det var helst langt millom grannar, og vegsamband var det ofte skralt med. Men ved bryllaup og gravferd var det altid gjestebod, og ved barnedåp og konfirmasjon. 68: Nei, det var ingen regel for det. 69: Det var ingen som avgjorde det, og alt fekk helst gå som det vilde. 70: Eg har aldrig høyrt gjete nokon stabbedans her. 71: Det kjenner eg ikkje til. \[s. 7\] 72: Som sagt har eg aldrig høyrt, at det har vore nokon stabbedans her i bygdi, og då so – 73: Dei hadde kanske andre ting å moroa seg med? C. Andre høve der eldre var med. 74: Nei, ikkje altid. 75: Det kunne vel henda; men nokon regel var det ikkje. 76: Nei her var helst eit einstøde, so her var ikkje nokon lagleg stad for marknad. 77: Nei, det veit eg ikkje noko um. 78: Det var helst langt millom garane her i gamal tid, og lite vegsamband, so det var ulagleg for store lag; men det hende vel, at der det var fleire bruk på ein gard at dei kunne koma saman av og til? 79: Då måtte det vel heita grannaveitla? D. Samkomor der ungdomen var for seg sjølv a) um sumaren. 80: Ja, det hende nokk av og til (med kveldseta) 81: Nei dei kom helst sjølvbedne. 82: Det kunne vera so ymse, dei fekk vel hjelp av matmori, Nei det var ikkje rekna som løn 83: Det skilde seg kor mange gjenter som høyrde med til krinsen, og kor mange på kvart hus. og gjekk vel helst på umgang 84: Som regel var det helst fredagskveld, og var helst som eit pratelag og kanske ymse arbeid for seg sjølve \[s. 8\] 85: Dei hadde kanskje litt moro attåt, serleg dersom det kom gutar i laget. 86: Nei det veit eg ikkje noko um, det hende vel kanskje, på laurdagskveld, um det var på stølen. 87: Ja det vart vist noko lunde det same, utan av det var spelemann, og vart litt svingum 88: Det veit eg sandeleg ikkje. 89: Det kan nokk henda, utan at eg har høyrt noko um det. 90: Nei, ikkje det eg veit her i bygdi. 91: Ja, det hende so mang ei gong. 92: Nei, det var vist ikkje vanleg her. 93: Ja det hende vist ofte 94: Det var nokk ymse med det. trur eg. \[\_b) um vinteren\] 95: Ja, det hende ofte, at det var kveldsæta helst fredagsæta dei kalla, der dei sat til lagt på natt med ymse arbeid, og då kom det gjerne gutar på vitjing. Det var helst tenestegjentor og døtter på garen som var saman. 96: Det var helst utyver frå Nyår til Kyndelsmesse. 97: Nei, det var ingen regel for det. 98: Nei det har eg aldri høyrt, dei helt helst til inne i stova. \[s. 9\] 99: Ja, det var helst stille moro, som eit byte på, når dei var leie av å arbeida og etter at gutane måtte upp, og so måtte dei ha mat millom anna. Og so song dei mykje bå gamle og nye visor, som kjerleiksvisor, som ikkje altid var so verdfulle. 100: ja, av og til var det ogso dansemoro. som gjentone sjølve laga til, og var saman um tilstelling. 101: Ja, dei hjelptest um å få det i stand 102: Det fall vel helst på gutane det? 103: Det var ikkje so mange øri som skulde til i gamle dagar, so dei skifte det ofte med å halda kvar si gong, og eller på ymse vis. 104: Nei eg tur `kje det. 105: På ski var det alrig her, men på isen var det ofte, og gjerne ogso i kjelkebakkar. 106: Ja, det var frit for alle kven som vilde utan å spyrgja um lov. 107: Nei. 108: Nei. ikkje som eg veit. 109: Eg har aldrig høyrt, at nokon vart nekta å vera med på slik moro. 110: Det gjorde vel det, um so var? \[s. 10\] IV. Juletråd. 111: Det vanleg her, var at den som kom fyrst in eit hus, der gjenta eller kona sat og spann på rokken etter 13de dagen han vart rokkakadl, og då laut han få skjenk 112: Nei det høyrde eg aldrig. 113: Nei, som regel berre mat og skjenk. 114: Eg har aldrig høyrt um Juletråd her, og veit defor ikkje å seia noko um det. 115: Heller ikkje har eg høyrt um Juledokka her i bygdi. 116: Ja, som regel måtte han få ein dram. 117: Nei. 118: Ja, det var vanleg med mat og skjenk. 119: Nei. 120: Det veit eg ikkje, for det var ikkje gjengs her. 121: Ja, dersom det ver eit kvinfolk fekk ho ogso mat. 122: Ikkje det eg veit? 123: Det kjenner eg ikkje til. 124: Nei, det har eg ikkje høyrt. 125: Nei, « « « « « 126: Nei. 127: Sjå 114. 128: Ja, det var vanleg. 129: Det har nok hendt, utan at eg kjenner noko \[…\] Ragde den 18/6-59 O. Ragde Odda
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste