Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14488_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_71_14488_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: I \[\_Synet på giftarmål.\] Kva var sømeleg giftarmål? - Frå fyrre århundre.- 1: Ja. 2: Gifte frå andre bygder skulle ein helst ikkje ha, heller ikkje grannebygder. Døme ordtaket: « Ho tok ein utbygdar!» Men der var ein relativ skilnad. Ri- melegvis fordi ein i grannebygder kunne skaffe seg pålitelege opplysning- ar om slekta – og om økonomiske forhold – hjå dei ein gifte seg med. Frå og til grannebygder. Vossetrand, Evanger, Gran- vin, kunne det endå gå, Men der var ikkje mang ihopgifte der heller. Frå Hallingdal kunne det òg gå – det var mykje samkvæme mellom Voss og Hallingdal over fjellet i eldre tid -. I Raundalen var såleis inngifte frå Villand- ætta i Hallingdal. Men kom ein leger aust vart det reint gale. Ordtaket : «Ho tok ein valdris!» Det lydde heilt nedsetjande. \[s. 2\] 3: Ja. Gardmannsfolk med gardmanns- søner og døtter. Husmannsfolk med husmenn eller andre småfolk. 4: Ja. 5: Ja, i mange tilfelle. Og i alle tilfelle måtte dei unge rådføra seg med foreldra, elles kunne forel- dra gjera dei arvelause. 6: Ja. 7: Nei. Ikkje noko visst, heller som i spøk. 8: Hemningslag, hemdabyte kjenner eg ikkje. Men: Hevnekrokar (hevn = hemn.) Uttrykket er: « Dei hogde hevnekrokar.» Det svarar rimelegvis til «systerbyte». Hogga hevnekrokar tyder: Når ein jord- agut hogg til seg systera til ein annan jordagut, vart den siste ofte kvinnfolklaus. Han måtte då hog- ga borti hjå den andre og få til seg hans syster til kona på garden. Hevnekrokar var alltid bror og syster, syster og bror. 9: Grunnen har eg alt nemnt: Hemn for kvinnfolkløyse. Om det skulle styrkje ætta, har eg ikkje vismun om. Men det skulle styrke økonomien – når dei gav heime- gjerd, skulle dei få att heimegjerd. 10: Skyldskapsgifte meinte dei var bra. Syskinborn både kunne og skulle gifta seg i hop. Dei måtte i den tid ikkje ha tanke om arvelege lover. Ho mor hermde det slik: Når det var formuande folk, skulle dei gifta \[s. 3\] seg i hop, så pengane kunne verta veran- de i ætta. 11: Nei. 12: Ja, det hende ikkje så skjeldan. Sume vart også arvelause. Andre gav etter for press. 13: Ja det var det. 14: Ja, T.d. bestefar om han levde. 15: Ja. Dei skaut to skot, det var «skammaskot». Det kunne vera ein forsmådd friar, oftare ein sviken kjærast som fekk det- te til. Han fekk andre menn med seg til å skjota skota. Ein gong då ein 18 årgamal teneste- dreng gifte seg med ein 76 år gamal enkja, hadde dei på vegen til bryllausps- garden laga sperring av store tre – det var på Grauo i Tjukkebyga -. Og heile brudlaupslaget laut køyra ut i ein åker for å koma forbi. Denne gongen var det ikkje nokon einskildperson som stod bak, men heile folkeopinionen i grenda som rea- gerte. 16: Eg har høyrt at hans mor kunne setja ei prøve på den gjenta ho skul- le ta til sonekone. Kanskje kunne for- eldra etter det gje etter, men elles var dei oftast stendige. 17: Ja. Husmannsfolk og tenestefolk stod på ein måte friare, dei måtte ber- re ikkje stila for høgt. 18: Ja, gardenkjer stod friare. Dei had de levemåte for ein mann, og kun ne stundom fria sjølve. Det gjorde den 76 år gamle enkja som fridde til den \[s. 4\] 18 år gamle drengen sin. 19: Gutane hadde retten til å fri, men burde rådføra seg med foreldra, eller dei eldre i huset før dei gjorde det. Nei, det med eldre gjenter, veit eg ikkje. Men det skulle vera gjenter med heimegjerd. Enkjer med gard var godt gifte. 20: Åja, det var stor tru på det. Serleg jonsoknatta tok gjentene «jonsokgras» og la seg hjå bekk eller elv og ville drøy- ma om den dei skulle få. Eller dei tok varsel med skilspilane, og den dei fyrst såg. Eg har før skive om det. 21: Ja, Dei hadde ymse slik middel. 22: At slike middel var brukte, er visst. Men kor mykje dei hjelpte, er ikkje stadfest. Sume trudde på verknaden, andre ikkje. 23: Vaksne gutar og gjenter skulle ikkje fyl- gjast, eller snakka saman om dagen, det var ikkje god folkeskikk. Det skulle dei gjera inne på romet til gjentene om kvelden. Ei herming frå vart århundre: « Når dei er so mykje i hop om dagen, korleis skal det då vera om natta!» Denne tankegangen er frå folk som levde i fyrre århundre. II \[\_Nattefriing.\] På Voss heldt skikken seg til 1900, og eit stykke inn i det 20 de. Føre 1900 hadde det vore opplese frå preksestolen, åtvaring mot nattefriing (natteløberi). Ein av medhjelpa- rane, Johan Skutle, steig fram og sa at han hadde vorte klår over at det var gale, og ville no ta avstand frå det. Av eldre pålitelege folk har eg høyrt at skikken var feilvurdert. Det trong ikkje vera nok usømeleg i at ein gut gjekk til ei gjenta \[s. 5\] om kvelden eller natta og snakka med henne. At der også var utuktig omgang, er ein annan ting. 24: I min barndom kom der sjauarar på garden, på Lid, til om lag 1906. 25: Sjauarar. 26: Ja, der var ein skilnad. Dei som heldt ståk og sjau, og gjekk frå hus til hus var oftast unggutar og dei var fleire i lag. Guten som gjekk til gjenta for å fri, eller til gjenta si, var åleine. Han kom stilferdig etter hine var lagde, og gjekk att like stilt. 27: Det var ymist, Vanleg i vår grend 6-7, yngre og eldre. 28: Ja, dei måtte vera over konfirma- sjonsalderen. 29: Frå same grenda. 30: Ja. Tenestgutar og andre. 31: Nei. 32: Ja. 33: Alltid saman. 34: Nei. 35: Det var alltid laurdagskveld. 36: Forbod har eg ikkje høyrt om. Men desse laga av gutar som «gjekk på sjau», d.v.s. for å halda høgrøysta moro, fylgde den uskrevne lova at når det låg lik på garden, i påskevika, skulle det vera stilt. Like eins fyrste luten av jola. 37: Ja, det gjorde dei. Helst i heimegrenda. Stundom i nærast grannegrend – ja også lenger i frå. Var det stølsgrender nær ein dal med gardar, gjekk gutane i dalen i flokk på sjau til stølsgrenda. 38: Ja, det var heilt vanleg. Ikkje berre \[s. 6\] ein, men fleire. Dei brukte «sjauare- màol». 39: Stev. T.d. «Dar oppi gåro e gjento man- ga, og summa stutta og summa langa, og summa e so ei rjupa kvit , og summa e so ei barka hit». 40: Nei ikkje desse laga. Berre einskildmenn. 41: Ymist. 42: Ja, dei kunne erta dei litt. 43: Nei. 44: Dei kunne ha det. Kringla, kaka. 45: Ja, ho kunne be han bort til seg, og visa dei andre ut. Kunne få far sin eller andre å hjelpa seg med det. 46: Til midnatt, eller kl: 2-3. \[\_Den nattlege friaren.\] 47: Det kunne han sakte. 48: Han kom laurdagsveld. Kankje før eller etter dei som heldt sjau (bråk). 49: Ja. 50: Han gjekk til henne i løynd til dess dei tok ut lysing. Sidan gjekk han åpen- lyst inn i stova, for då var dei festar- folk. 51: Sokkeband og sokkar. Utskorne ting. 52: Ja, det vart gjort. Helslt av jamn- aldra kameratar, yngre gutar kunne og vera med. 53: Dei som strødde sagflis – «busste fy dei» - var andre ungdomar som vil- le ha dei til narr. Dette var brukt langt fram i vårt århundre. Det kun- ne ikkje gjerast utan dei hadde snusa opp at guten og gjenta var saman den natta. Det reknast for ei skam. Dei sjølve, eller folket deira, skunda seg og sopa vekk frå dørene om morgonen. \[s. 7\] Bjølleleik var like eins. Men det var meir åpenlyst. Dei gjekk frå gardkrull til gardkrull og ropa ut at det var lyst for: Ungkar N.N. og damepika N.N. og så skramla dei laust med bjøller og slo på koparkjelar. Men det vart slutt med Bjølleleikane i slutten av fyrre århundre. 54: Dei lika det ikkje. Det var ei skam. 55: Dei lika det ikkje. 56: Nei. Men det kunne takast som ei oppfordring til å gjera det offentleg. 57: Båe deler, nett som heime. Men der helst om våren, for då var det gjentene som var på stølen. Både gardmanssdøtter og tenestgjenter fekk ferien sin med 2-3 veker på fjellstølen. På Jonsstølen, der eg var budeia då eg var ung, kom det heile flokkar av unggutar frå Raunda- len på sjau om laurdagsnettene. Dei heldt eit styggeleg spetakkel, braut seg inn her og der, knuste steinty og for fælt fram. Sume var også fulle. Det var rådlaust å få sova slike netter. Detter var etter eg var konfirmert i 1907. Seinare på året kom konene på stølen og då vart det slutt med desse sjauar- flokkane. III Andre måtar som førde ungdomen saman slik at dei lærde kvarandre å kjenna. A På kyrkjebakken. 58: På sjølve kyrkjebakken kunne dei tala saman i lag med foreldre og andre, men helst ikkje enkeltvis. 59: Dei gjekk frå kyrkjebakken bort til stallane, der gutane skulle ta ut øykene, \[s. 8\] eller til naustet ved Vangsvatnet der båten var, og der kunne dei uhindra tala saman. Gutane hadde lommelerker og baud bren- nevin. Det hende òg at ei gjenta hadde lommelerke, men det var undantak. Gjentene hadde ofte nistebomba, baud kaka, ost, kringla. 61: Gutane skulle ta initiastivet. Men sume gjenter var frie nok til å ta det sjølve. 62: Javisst hadde ho det. 63: Nei. 64: Ja. Kvilesteinar. 65: Nei. Dans var lenger undan og om kveldane. 66: Nei. Ikkje nær kyrkja. B. Gjestebod saman med eldre. 67: Jolegjestebod. Skirslaveitsla, Gravferd. Grautaleik på gardane. Bryllaup. 68: Nei, aldri. 69: Ingen avgjorde det. Dei la seg ofte om einannan. Men gjentene kunne slå seg i hop og jaga gutane, dei fekk assi- stanse av dei eldre, om dei trong det. 70: Stabbedans er ukjent på Voss. C. Andre høve der eldre var med. 74: Ja, nokså vanleg. 75: Ja. 76: Ikkje markander. Men «Smalaaksjon» Mikkjelsmessdag om hausten. Då strøym- de folk til også frå Vossestr. Evanger, Granvin. 77: Silkedukar, knivar, slireknivar, og anna. Ikkje dans i mitt minne. 78: Ja, i «grautalag» og andre veitsler. 79 Grautalag. Gjestebod. \[s. 9\] D. Samkomer der ungdomen var mest for seg sjølv. a) Om sumaren. 80: Nei 86: Nei 88: Ja, dei kom saman til Jonsokmoro, eller jonsokleik. Då brende dei brising. Og olsokaftan. Då brende dei og brising. 89: Nei. Det har eg ikkje høyrt. 90: Nei. 91: Ja. 92: Nei. Eg har ikkje høyrt det. 93: Det gjorde dei. 94: Nei. Der er seinare tids skikk. b) Om Vinteren. 95: Ja, det var «kveldsæta» om fredags- kveldane, også kalla «fredagssæta». Gjentene sat med arbeid, ikkje spinning, men spøting, flamming av sokkeband, sauming. Gutane kom ikkje på vitjing. 96: Etter at utearbeidet om hausten var slutt, og til jol. Gjentene laga mykje jolegåver og på «fredagssæta» fekk dei ha det løynt. Til over midnatt – opp til kl. 3 – 4. 97: Ja. 98: Den tid gjentene «låg på florslemmen» kunne dei ha det der. 99: Ja, det gjekk allltid stilt for seg på «fredagssætene». Husbondsfolk og born var lagde. Me song, fortalde stubbar, skrøner og forteljingar. Allsalgs songar som me var glade i, me song ikkje høgt. Leikar vart det ikkje stort, - for me var ivrige å arbeida på jolegåvene. Men eitkvartslags mat spanderte den som det var hjå. Kling og kaka og mjølk – - eller frukt t.d. eple - . \[s. 10\] 100: Ja, det var det. Ymse flokkar, eller lag. 101: Ja. 102: Dei som fekk i stand dansen. 103: Det veit eg ikkje. 104: Nei. Fela var i vinden på Voss. 105: På isen, og ved kappkøyring i eldre i tid. Etter 1900 tok skisporten seg opp. 106: Dei kunne vera med etter eige ynske. 107 – 108. Nei. 109: Helst religiøse. Foreldre kunne og nekta av økonomiske eller sosiale grunnar. 110: Ja det var mest sjølvsagt. IV Juletråd. Nei, dette uttrykket, og dei andre, kjen- ner eg ikkje. 128: Ja, det var vanleg seiemåte at gjen- tene hadde lov å fri skotårsdagen, 29: februar. Ikkje heile skotåret. 129: Ja, einskilde tilfelle.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste