Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14464_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_71_14464_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ja, som oftast burde ein finna gifta si på Voss, og det høyrde til undatak at folk gifte seg med utbyg- dingar. På Lid (øvre og nedre) er det 8 gardsmenn, og to av brukar var kjøpte av gardmannssøner frå Gran- vin kring 1850 då folket på desse to bruka reiste til Amerika. Den eine av desse hardingane hadde kona med seg or Hardang, den andre gifte seg med ei Vossa- gjenta. Sidan har desse familiane teke gifta si av vossaslekter. 2: Det vekte ingen motvilje eller serleg oppsikt då ho Arngunna i Bortegarden i 1890-åra gifte seg med Anders Spjeldnes i Lindås, eller då søstra, ho Syn- neva gifte seg med Halldor Espeland i Odda. Og heller ikkje då han han Nils i Bortegarden i, bror til Synneva og Arngunna, i 1899 gifte seg med syster hans Halldor Espeland. Folket på Lid rekna dette for heilt nartur- leg framgangsmåte. --- Men då ein mann på Himle på Bordalen i 1917 tok gifta si frå Eidfjord, då vart det eit rama skrik frå Bordalen av alle dei som gjer- ne ville ha hatt han Aslak. Ja, det har eg høyrt. 3: Det vanlege var at folk heldt seg til sine jamlikar, 6: serleg galdt dette på større gardar, og slekter med gamal tradisjon og der det var større medel. 5: Det er mitt inntrykk, og etter mitt kjennskap til det som har gått for seg, at frå slutten av 1800-ta- let legg foreldra på Voss seg lite bort i giftermåls- planane til borna. Både gutane og gjentene er sjølv- stendige såleis. Men eg kjenner eit par tilfelle frå heilt ny tid (ikring 1930) der foreldra har sett seg opp mot giftarmål som barna hadde planlagt. I det eine tilfellet enda det heile svært ulukkeleg. 8: Å hogga hermekrokar sa sei gamle når to syskin gifte seg med to andre som var syskin. altså såleis som når Nils og Synneva i Bortegarden gifte seg med Gun- hild og Halldor Espeland. Det er av henne mor (Maria Lid 1855-1941) eg har høyrt uttrykket hemnekrokar, og berre i samband med giftermålet til tipptippolde- far min, han Berge Dolkve. Uttrykket «Å hogga hemne- krokar» må vel skriva seg frå gamalnorsk tid, og er ikkje kjent lengre av folk på Voss. Det batt famili- ane nærmare saman og gjorde opp all gamal skuld. Dei to bryllaupa skulle det helst ikkje vera for len- ge imellom, best var det om dei var på same dagen. I mi slekt har vi eit tilfelle til: I 1805 gifte min oldefar, Torleiv Bryn, seg med Gudve Lid, og i 1808 gifte søster hans, ho Marta Bryn, seg med Anders Lid, bror hennar Gudve Lid. \[s. 2\] 10: Gifte mellom trimenningar og meir utlede slektskap var heilt normalt, og gifte mellom syskinbarn var og er ikkje sjeldsynt på Voss. Men somme syntes nok at dette siste ikkje var heldig. Eg kjenner tilfelle at gifte mellom syskinbarn har gjeve unormale barn, og mi tante sa at syskinbarn skulle aldri gifta seg med kvarandre. Men dette trur eg ikkje var vanleg meining på Voss, og unormale barn kunne folk få om dei aldri så lite i skyldskap med kvarandre. \[-15. I 1800-åra, kanskje noko seinare òg, var det ikkje uvanleg at det vart halde «bjødlaleik» om natta i tunet.\] 24: Nattefriing tek vel aldri heilt slutt. 25: Ein nattefriar heiter «sjauar», dei gjekk på sjau. 26: Ein ekte nattefriar gjekk alltid åleine. Når dei var fleire saman, var dei helst ute for å gjera gape- strekar og å halda halløy, utan alvorleg friing. 28: Når det gjekk fleire i lag, kunne det også vera med unggutar som ikkje var konfirmerte. 29: Gutane var helst frå same grenda. 30: Ikkje berre gardsmannssøner, men søner til handver- karar og husmenn kunne gå i lag, og søner av han- delsmenn som var av vossaslekt. 35: Når sjauaren gjekk åleine, gjekk han kva dag som helst, men sikraste var laurdagskvelden. Når sjauar- ane gjekk i lag, var det praktisk talt berre laurdag. 38, Dersom dei kom i prat med folk, var det skikken å trekkja trøya over hovedet, og å rengja på målet sitt, å prata sjauaremål. 40: Den som gjekk åleine for alltid så stilt som råd var. Når dei gjekk i flokk, heldt dei gjerne eit svare leven og spetakkel, det er det som heiter «sjau» på Voss. Når barna leikar voldsomt, sier mora: De mao ikkje halda slikein sjau. 41: Foreldre og husbondsfolk lika sjølvsagt ikkje sjauen. Ein annan sak var det om foreldra hadde mistanke om at ein sjauar var hos dattera som friar, og det ein friar som dei kunne godta. 42: Inntil ca 1850 var det skikken at gjentene låg på florslemmen, og at det var der friing vart gjord, utan at husbondsfolket i stovebygnaden høyrde noko til det. Med den skikken, å liggja på florslemmen, var det heilt slutt med i mitt minne. 46: Ein flokk sjauarar for gjerne i faret etter ein sjau- ar som var ute etter gejnta si, utan å ha noko anna erend enn å halda spetakkel og gjera narr av friaren. 49: Ja, den einslege sjauaran gjekk alltid i duldo, han kunne gå la nge omvegar for å misleia konkurrentar eller sjauarflokkar. 52: Det var helst halvvaksne gutar som gjekk i flokk og prøvde gjera til meins for den einslege friaren, og ikkje folket på garden der gjenta var. 53: Det var desse gutegjengene som strøydde. Og det var natt til søndag dei gjorde det. Eg trur mest at den- ne skikken tok til i kring 1900, det var då eg såg det første gongen. Dei strødde frå den garden fri- aren var frå og til det tunet gjenta var. I Kvitlæ og i Tjukkebygdæ var det lett å få tak i sagamod på Palmafoss-saga, så det strødde dei helst med. Ellles skøytte dei om hausten på med turnips- og kålrot- blad, og i nødsfall tok dei hesjatro og kornstaur til hjelp. Dersom strøinga var lang, måtte det mange gutar til. Tjukkast strødde dei der dei kom nær eller \[s. 3\] over bygdevegen eller postvegen for at det skulle sy- na godt når folk skulle til kyrkje om søndagen. Bjødleleik trur eg mest at det var slutt med ikring slutten av 1890- åra, i all fall har eg korkje sett eller høyrt om nokon i mitt minne. Men så seint som i 1886 var det ein svær bjødleleik på Kinne ei natt det var ein friar der. Det var ein heil muge med gu- tar og karar som hadde samla seg med kyrabjøller og anna til å skramla med, ja dei hadde fått tak i ko- parkjelar og koparpanner som dei brukte som trombe. Det var ein leik og eit spetakkel har ho mor fortalt som ho ikkje hadde opplevd korkje før eller sidan Det var reint uhyggeleg, skjoting var det visst òg, det var så fælt at ho ville helst ikkje snakka om det. Far og mor hadde gard og budde på Kinne då, og det var i grannetunet leiken var. Derom eg ikkje tek feil, så var vel ein av grunnane til dette svære oppstuss, at friaren var frå grannebygda. 54 og 55. I dei fleste tilfelle heldt guten og gjenta og foreldra deira saman, og prøvde best mogeleg å få det som var strødd bort or tunet og nærmast til gar- den tidleg om søndagsmorgonen, kanskje heller prøva få det til å peika i ei annan lei. Men som oftast var det ikkje lett å løyna kven det galdt. Det var serleg i tida frå 1900 og utover til 1914 at slik strøing var vanleg på Voss. 56: Nei, det vart ikkje rekna for noko stadfesting på at guten og gjenta var forlovde ved slik strøing, fri- inga heldt fram eller gjekk om inkje som før. 91: Ved kloppa over Geilagroæ i gamlevegen på Nere Lid var det ofte dans om laurdagskveldane om sommaren i 1890- åra og utover etter 1900 òg. Slik laurdagsdans 92: var det nok også mange andre stader i bygda. 97) Eg har aldri høyrt om at eldre folk var med for å passa på at alt gjekk sømeleg for seg. 128: Dette med gjentefriing 29 februar trur eg var eit ukjent omgrip på Voss. Det høyrde eg først om i 1920- åra i Oslo, og der veit eg det var praktisert. Til spørsmål 5. Nå nyleg har eg fått pållitande opplys- ningar om ei ulykkeleg hending på Voss i 1902. Ein odelsgut hadde gift seg med ei gjente som ikkje var frå Voss, og det mot foreldra og systkinna sitt ynskje. Dei hadde ei dotter, og kona skulle ha eit barn til. Dei var glade i einannan, og alt skulle ha gått vel, men det var eit stadig gnål frå foreldre og systkin at kona var ikkje god nok. Så brast det for mannen og han gjorde ende på kona og barna og seg sjølv. I våre dagar ville nok ikkje slikt ha kunna gå for seg, for nå er ikkje odelsguten og odelsgarden lenger så sterkt knutte til einannan som dei var då. Oslo 2. juni 1959. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste