Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14454_He_Folldal
Transkripsjon av filen #NEG_71_14454_He_Folldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Da eg har send fyldige svar for Fåset i Tynset. blir det her berre gjeve ei utfylling til somme spørsmål som kan få anna svar frå Folldal. 1: Folldal er ei fjellbygd med harde levekår. Dette har ført til at mange reiste ut. Mange gjen- ter reiste til . grannebygda Alvdal, tok tenest der og vart gift, tildels på større gardar. Det vanlege var nok at dei gifte seg innen- bygdes. 2: Folk tykte det var bra å bli gift i Alvdal eller i andre bygder \[-b\]med betre vilkår for å greide seg enn i Folldal. 5: I eldre tid avgjorde foreldra giftarmålet. Her kan ein nemne fleire døme: Ragnhild Ivarsdtr. Fallet f. 1860 hadde huglagt ein gut, men far hennar lika det ikkje. Ragnhild hadde fått ei klokke av guten. sin. Faren nekta henne å gifte seg. Han hadde istaden funne ein gårdmansson, velstandsmann, og Ragnhild heldt bryllup med denne i 1883. I bryllupet var ho tung og sturen. Nokre koner tala med \[s. 2\] henne, og sa m.a. : «Du æ nå væl glad idag, du som ha fått så gjæv ein mann,». «E æ gladare i klukkun mine,» svara brura. Oldemor mi, Beret Hansdtr. f.1811. var frå ein stor gard, Straumbue. Ho hadde huglagt gardguten på Streitlien, ein mindre gard, og da mora fekk veta det, sa ho: «Streitlie æ ingen gard å bli gift på. Ein ser heile jordet frå dørahellun.» Men Beret fekk nå sin vilje igjennom og gifta seg i 1838. Da var systera hennar, ho Anne Hansdtr, meire ille ute. Ho hadde huglagt ein aargangs- skulelærar, som tente 16 skilling dagen, og det måtte bli reine armoda. Men Anne såg det annorleis. Ho reiste ned til Jørn- lærar og tok til å lage istand til bryllup. Da kom mor hennar reisande (oml. 2,5 mil) og tok dottera med makt med seg heimatt, og det vart ingor gifting av. Anne vart seinare g. m. ein annan mann. Fra Alvdal kjenner eg eit døme på at gjenta som hadde huglagt ein fatig lærar, skulle få \[-eit kjolety\] ein fin sundagskjole av mor si dersom ho ville gifte seg med gard- guten på ein av dei største gardane. Dottera selde guten for finkjolen, og gjorde som mora vilde. (1891). Ho var sjøl dotter på ein av storgardane. Lærar Rasmus Pedersen .f. 1841. fekk heller ikkje den gjenta han helst ville ha, avdi mor til gjenta la seg borti og skipla det for dei. Born frå store gardar skulle helst ha gifte frå like store gardar. \[s. 3\] 2: Borkhus var ein av dei største gardane i Folldal Jo Borkhus f.1767 d.1855 hadde 6 døtre, og det kunne bli vanskelig å finne høveleg gifte for alle desse. Det går enda ei herme etter Jo. Dei 3 eldste fekk seg brukande gifte i Folldal. og ‘n Jo sa da: «Dei tri gamlaste ha plukka all \[\_fanten\] uppi Dalen (Folldal), så ner døkk an- dre skal i vegen, lyt døkk åt Vehlerdale. (Alvdal) å få ti tå \[Marte-Slekten\]. (Marte-fanten, ei fanteslekt der). Lærar Peder Aspeggen \[-gjekk og fridde til\] budde i Borkhus da spelemannen Per Husom gjekk på friing til ei av gjentene der, Marit. f. 1841: Ein spelemann var ikkje ynsjande som måg, sjøl om han var frå Husom, tykte mor til Marit (Mora var ei av dei 6 døttene nemnd ovanfor), difor passa ho vel på. Men dei lura ho godt. Når det leid til den tid at friaren kom, gjekk Aspeggen ut eit ærend frå romet sitt, råka friaren ute og tok han på ryggen og bar han inn, så gamla høyrde berre \[\_ein\] som gjekk inn. og trudde det var Aspeggen. 10: Syskenbarn gifta seg, men folk vanleg lika det ikkje. 17: Etter 1900 kan ein merke at dei unge stod meire fritt i valet av ektemake. 18/Enkja spurde ingen om kven ho skulle ta til mann. 20: Julekvelden skulle ein kl 12.00 ta grautsleiva og gå rundt stua (ute) tri gong rangsøles. Tridje gongen møtte ein den ein skulle bli gift med; dersom ein kom til å døy i det nye året, møtte ein ei likkiste. Eg har ikkje høyrt om at nokon har prøvd denne råda. \[s. 4\] Da Vinje i 1860 gjekk gjennom Sollia fekk han høyre om «trollkjerringa» Dordi Gunnarsdtr. Bortpa-Egga. Han var plaga av ein fæl tannverk, og fekk. den råda at han skulle gå til Dordi som da budde på Amper- haugen, og det gjorde han, og god att vart han også. Ein gut på Brenn var forelska i ei gjente frå Straum- buen i Alvdal (Folldal), men ho ville ikkje veta av han. 21 Dordi gav han denne råda: Han skulle ta ein orm med så tjukke elgskinnsvottar at ormen ikkje kunne hogge igjennom, og så sy ein raud silketråd med ei nål tri gonger gjennom venstre auga på ormen og der- etter sleppe ormen burt att. Kunne så guten få lurt denne tråden burti stakken åt gjenta, så ville ho elske han. Korleis det gjekk, veit ein ikkje Årbok for Glåmdalen. s. 77-82. /1958 24: Nattefriinga vart det slutt med etter 1910. (til vanleg) 41: Min bestefar jaga dei friarane som han ikkje lika kom inn til tenestgjenta, Marit Eiriksrud. Han hadde sett ut søskenbarnet sitt, Per Brandsnes, til høveleg gifte åt ‘u Marit. (1900). 73: Stabbedansen har vore bruka i to bryllupp som eg har vore med på. Først skulle brur og brud- gom oppå stabben, beit samstundes av ein liten brødbit, etterpå danse rundt stabben ein gong. Gamalt bruka dei å pare saman så det vart mest ulikt par. Var det gifte folk som før giftarmålet hadde fylgd andre, vart desse para saman att på stabben og måtte gjennom same seremonien som brurfolka. 75 \[-74.\] Etter auksjonar var det vanleg med dans. 78 Om hausten var det pølsemoro. \[s. 5\] 3: 100: Da eg voks opp (1905-15) var det dans på gardane. Gutane og gjentene tala saman om at nå burde ein få til ein dans snart. Så spurdest det om hus, og folk var viljuge. Nokre av gutane måtte i veg å spørje om hus til dansen. Av 19 gardar har eg vore til dans på 10. Gutane måtte sørge for spelemann. Det var berre ein å gå på, ein skomaker, som var sers vanskeleg å få ut. Eg lærde så først å spela fele, og var da spelemann. Seinare lærde eg på trekkspel, og da vert det fleire som også lærde på trekkspel. og hjelpte til. Gifte folk var også med på dansen, i alle høve dei næraste grannane. 111: I jula vart rokken sett burt. Etter høgtida vart den første mannen som kom inn, kalla rokkemann. Han måtte ikkje ha vore inne i huset i høgtida. Gjenta mått vidare ha spun- ne på rokken. Nå ville dei gjerne ha ein rok- kemann med mykje skjegg, for det tydde saue- lykke. Difor hadde dei rokken ståande inne, og når dei (gjentene) såg ein skjeggemann stemnde mot gården, skunda dei seg til rokken, og den som kom først, trødde rundt nokre gonger såvidt ho spann ein trådstubb. Gutane fekk skogfruge, men kva dette tydde, har eg aldri fått greie på. For å få skogfruge, måtte ein koma att frå skogen etter å ha sett om snarene, og den framan- de kvinna som da var inne, vart skogfruge. Ho måtte heller ikkje ha vore gjest i julehelga. Det var (meire) vrident å få skogfruge, for det var sjeldan at framande kvinner var inne den \[s. 6\] gongen det trongtes. 125: Den vanlege helsinga som ungdomen bruka: «Gledeleg jul og ein lang jultråd», tyder på at det var vanleg å be om slik gave. Det var aldri bruka jultråd eller juldokke. det eg minnest, så skikken var gått ut av bruk før 1900.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste