Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14453_He_Tynset
Transkripsjon av filen #NEG_71_14453_He_Tynset
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: \[\_I. Synet på giftarmål\]. 1: Vanleg å gifte seg i bygda. Ungdomen kom sjeldan lenger ut. 2: Å bli gift til ein stor gard, var gjævt. 3: Ingen standskildnad. Det var berre bønder eller folk som arbeidde med jorda i denne grenda og for det meste i Tynset elles. Embetsfolk og storfolk (t. d. Tangen på Neby), tok gifte innan sin stand. Ei dotter vart rett nok g. m. Morten Mortenson, av bondeætt men han var stortingsmann og noko utanom vanlege bønder. 4: Ja. 5: I eldre tid avgjorde foreldra. Ein kan her vise til N. R. Østgårds bok: En fjellbygd. Forteljinga: De to fæste- piger. (truleg frå tida 1760-1800), og soga om Ragnhild Tjønnmoen (noko seinare) fortel om dette. Innan den vanlege bondestand og i manns minne har foreldra ikkje lagt seg noko borti valet av ektema- ke. 6: Store gardseigarar la mykje inn på godt gifte i eldre tid. 7: Det er fortald at 3 gubbar frå Steimoeggen, Storstrøm og Nordigarden dreiv å para ihop, men det vart ikkje noko av det 8: Systerbyte og søskenbyte er kjende. Fleire døme. 9: Det galdt om å styrke ætta. \[s. 2\] 2 10: Ein har heilt ned til syskenbarn. 11: Nei. 12: Vart sjeldan spørsmål om dette avdi dei unge stod fritt. 13: – ukjend – 14: Ikkje noko kjend tilfelle. 15: Ukjend. 16: –«– 17: I gamle dagar var husbonden også ansvarleg for tenarane sine, og han hjelpte til så dei vart godt gifte. Hjå Tangen var det mange tenarar, og ein veit om fleire av desse som vart gifte. Ragnhild Randen (f 1865) tente der, saman m. Knut Tunbrumo, og dei vart gifte. 18: Enkja spurde ingen om kven ho skulle eller ville gifte seg med. 19: Gutane spurde ikkje etter korkje pengar eller anna «liggendefæ». 20: Nei. 21: Nei. 22: Ukjend. 23: Gamalt var folk meire vâre av seg, og dei la ikkje vinn om å få sammøte. men om dei ved eit reint tilfelle kom saman, så vart slike høve nytta. Dette var sers ofte tilfelle ved kyrkja etter messa når folk samlast ute på kyrkjebakken. \[\_II. Nattefriing.\] 24: Det blir nok praktisera enda, men i mindre \[?nælestav\]. 25: Nattfriar. 26: Det børja med nattlauping. Da var det fleire i følge, og det ende med nattfriing når guten og gjenta hadde funne kvarandre, hadde \[s. 3\] 2: «festa seg». 27: Eit 2-3 gode vener fylgdes. 28: Aldri før 17års-alderen. 29: Gutane var frå grenda. 30: Bondesøner og tenestgutar fylgdest. Det var ingen sosial skilnad. 31: Nei. 32: Nokre gutar kunne halde saman heile tida og det var konkurranse med gutar frå granne- grendene om så hende at slike kom. 33: Både bondegutar og tenestgutar fylgdest 34: Ukjend. 35: Berre laurdagsfriing. Laurdagskvelden vart kalla «Gud\[-s\]skjelov-kvelden». 36: Jørgen Strømshoved gjekk på friing åt dottera på Dalstrøm, Fåset. Ho låg på buret. Men så hadde gubben på Dalstrøm dødd, og liket vart sett på stabburet. \[-Dette hadde\] Jørgen hadde ikkje høyrt noko om dødsfallet, og laurdagskvelden kom han, og gjekk inn på buret som vanleg, men oppdaga korleis det til stod. «Det vart lenge før eg kom der att,» sa han seinare. Skikken var at friinga skjedde laurdagsnatta. når laurdagen var ein \[\_vanleg\] laurdag. 37: Ein gjekk dit dei kjekkaste gjentene var å finne. 38: Ein måtte namngi seg for å sleppe inn der- som gjenta ikkje kjende guten på målet. Gjente- ne slepte ikkje inn kven som helst, og slett ikkje ukjende folk. 39: Nei 40: Ein måtte fare stilt fram så ein ikkje vekte sjølvefolka. 41: Dei hadde ingenting imot det, for dei hadde sjølve vore med på same moroa i sin ungdom , og det høyrde med til bygdeskikken. 42: Så ymse med det. Somme gjenta kunne \[s. 4\] 4 ha hug til å erte gutane med å drygje, så gutane laut be både pent og vakkert om at «ha upp da, Mari!» el. likn. 43: Ikkje til vanleg 44: Nei. 45: Nei. 46: Ein kom ved 11-12 tida og gjekk at ved 2-3 tida. 47: Det hende at den gjenta lika best, vart att. Dei første gongane gjekk alle saman samstundes men når guten og gjenta hadde funne kvar- andre, vart guten att. 48: Når det vart enda meire visst, gjekk friaren i tidlegaste laget og aleine, og da var døra stengd når dei andre friarane kom, og dei måtte gå att med uforretta sak. 49: Det skulle gå løynd for seg i førstninga. Når det leid uti leiken, så var det ikkje så farleg for da var det kjend for alle at dei to skulle ha kvarandre. 50: Eit års tid eller så, til dei vart gifte. Denne friinga endte med giftarmål. 51: Ikkje vanleg med gaver. Men det var nok bruka. Sjå N. R. Østgård: En fjellbygd (Ulvskree). 52: Unggutane kunne fare med fantestykke når dei kom til med det. (men det var ikkje vanleg. Hadde gjenta vald ut guten sin, så var det ikkje noko å gjera der for dei andre). 53: Ukjend 54: –«– 55: –«– 56: –«– 57: Til vanleg fleire i fylgje. Ein gong var dei 3-4 ilag hjå ei budeie. Noko seinare på natta kom ein einsleg friar som nok tykte vel om budeia, medan ho ikkje brydde seg større om guten. Da guten skulle gå inn, kasta B. F. ein \[s. 5\] 3 stor neve mjøl i anletet hans, og slik tilreidd fann han det rettast å fordufte. I grannebygda (om lag 30 år sidan) kom friaren og til setra og ville sjå om gjenta si. Han hadde forstått det slik at ho også lika han. Gjenta var noko lettlyndt av seg, og da guten kom fram, var døra stengd, og han høyrde ho lo og prata med ein annan gut. Friaren tok seg så nær av dette, at han på heimvegen drukna seg i ei tjønn. (Gjenta lever enda). Den einslege friaren hadde alltid ordna det så han hadde eit ærend. Gjekk hestane i den trakta, tok han med seg eit beksel så han var på hesteleiting. Eller det var kome burt kalvar eller ungfe som han skulle finne att eller få spurlag på. Når friaren så gjekk forbi andre sætrar, kunne det hende at budeia ga han fantord eller ymta innpå det verkelege ærendet hans. Det kunne også forme seg i tonar som i ein liten stubb frå Vingebu. (Sjå Sandvik: Østerdalsmusikken (frå Sæterlivet) Budeia song etter friaren slik: «Du går etter grenga, du Lars, du Lars». (Det er ein liten men svært melodiøs tone til.) Grenga = greung; årsgamal ukskalv. Sers vanleg var det for friaren å ut- styre seg med fiskestong og tilbehør. \[\_III. A. Gå kyrkjebakken.\] 58: Når dei var kjende frå før, og det laga seg slik at di kom nær kvarandre. 59: Nei 60: Nei 61: Det var gutane som gjekk til gjentene. 62: Det var ikkje vanskeleg å sjå kven gjenta lika best. \[s. 6\] 63: Ukjend 64: Det var så tutt kyrkjeveg at ein trong ikkje kvile- plassar. 65: Nei 66: Nei \[\_B. Gjestebod saman med andre.\] 67: Vanlege gjestebod i julehelga. Ved barndåp var berre fadrane samla saman med foreldra og andre nære slektningar. Gravferd. Bedarlag 68: Til å byrje med heldt gutane og gjentene seg kvar for seg. Det tok alltid ei tid før dei liksom vart så mykje kjende at dei fritt kunne om- gåes kvarandre. Dette gjorde seg gjeldand i alle lag. Først på kvelden var dei framande for kvarandre. 69: Ukjend å ligge på flatseng. Dei som høyrde bedar- laget til, gjekk heim att, medan langfarande folk vart innlogert i grannegardane. 70: Stabbedansen vart bruka da foreldra til Arne Nyheim gifta seg i 1896, og på Sageng i 1914: B. F. var med i desse to brylluppa. 71: Først skulle brur og brudgom oppa, så andre. Det var for å få liv i laget når drengeskåla gjekk. 72: Par som var hemmeleg trulova, gøymde seg burt, for dei var sikre på at koma på stabben. 73: Måtte bite samstundes av ein \[\_liten\] brødbit. og deretter drikke av same drammeglaset, gjenta først og så guten. \[\_C. Andre høve der eldre var med.\] 74: Nokså vanleg med dans etter ein dugnad. 75: Ja, og somme gonger var det dans, (helst for å trekke meire folk. Gjentene kom da først når dei visste at dansen skulle ta til. 76: På Tynset var det marknad til 1780, men vart \[s. 7\] 4: nedlagt for skuld fyll og spetakkel. Etter 1900 har ein fått krøttermarknader, og da er det alltid marknadsdans. Frå 1890 var det ungdoms- stemner. som skifte frå bygd til bygd. Alltid dans om kvelden. \[-77\]. Rørosmarknaden har vore halde ved lag heilt til vår tid. Det hende at somme gjenter fekk vera med dit. 77: Det var nok prata om marknadsgave, men kva det kunne vera, kunne ikkje B. F. gi opplysningar om. 78: Pølsemorro om hausten når slaktinga var undagjort, var vanleg. 79: Ikkje noko sers namn. Var det berre dans, tala ein om bedardans, men dette var berre for innbedne. \[\_D. a) om Sommaren\]. 80: Nei. 81: « 82-87. Ukjend. 88: I Fådalen var det vanleg med jonsokfest som dei eldre laga istand. 89: nei 90: nei 91: Såsnart det var berrmark, samlast ungdomen om vårkveldane til leik og moro. Eldre kunne også vera med. Dei leika: Siste par ut. slo enkelt ring eller dobbelt ring. Gutane kunne Dra ukse, Spenne Elg, Spenne Revkrok, Ta Ryggtak, Trekke krok o.s.b. 92: Eldre folk var med for å more seg eller sjå på at ungdomen mora seg, men aldri for å passe på ungdomen. 93: Om sundagseftan samlast ungdomen oppå Moen, Dei for og gantast med kvarandre men det var ikkje leik. \[s. 8\] 94: Ukjend. \[\_b. Om Vinteren\] 95: I 1920-åra samla ungdomen til nytt ungdomshus. Da var det innsamlingsmøte som skifta frå gard til gard. Garden sørgde for kaffe og småting til utlodding. Gjenten hadde med seg strikking eller anna handarbeid. Gutane gjorde ingenting anna enn prata. og tok nummer. Inntekta gjekk til nytt hus. 96: Dette var i bruk 1915-25. Møta tok til om kvelden etter fjøstid. og slutta bortimot midnatt. 97: Gjekk på omgang 98: Ukjend 99: –«– \[?mei\] slike møte før 1915. 100: Gjentene bad saman til dans ein gong, og så var det gutane sin tur. Til vanleg to dansar for vinteren. 101: Dei som heldt dansen, hjelpte til. Når gutane hadde dansen, fekk dei hjelp av gjentene til golv- vasken. 102: Dei som stod for tilstellinga, skaffa også spelemann. 103: Dei bar utlegget kvar sin gong. Til spele- mannen vart det samla i luva. «Spelmanns- pengar.» 104: Nei 105: I måneskinskveldar var det kjelkeaking eller skeising på Glåma. Skiturar var vanleg. 106: All ungdom var med, også gifteferdig. Ingen trong spørja foreldra om lov, men dei fortalde at dei skulle «nedpå isen» eller «borti kjelkebak- ken». 107: Nei 108: Nei 109: Om det hende, så var det av religiøse grunnar. I Tynset var det mange haugianarar, og dei såg på all slik moro som synd. Derfor var det heller ikkje alle gardar som ga hus til dans \[s. 9\] 5 og fest, sjølv om dei ikkje var haugianarar. Ungdomen laut difor (før 1900) samlast på stader der eigaren var meir frilynd. Ofte var det ei stugu som låg avsides. På Fåset møttes dei i Skreddarstugun. På Tynset heldt dei til i Støparstugun som låg for seg sjøl oppi skogen. 110 Dei lydde nok foreldra i slike høve,. og tenarane retta seg etter husbondsfolka. \[\_IV. Juletråd\] 111: Rokkemann. 112: Nei. 113: Rokkemannen skulle vera skjegget, for det tydde 114: god saulykkje for gjenta,. B. F. fekk ei juldokke av lin i 4 fargar i 1920., fletta av 4 dottar med kvar si farge; men nå kan han ikkje finne att denne. 115: Gjenta hadde nok mange utgaver av juldokke Dette fortel N. R. Østgård også om (Ulvskree), og Olaf Røst: Minder fra Hjembygden (Tynset). 116: Nei. 117: Nei. 118: Han fekk traktering. 119: Han skull halde rokken istand. 120: Låvedumpe er ukjend. 121-124 ukjend 125: Ja. Dei helsa: - Gledeleg jul og ein lang jultråd» 126: Nei 127. Gøymde han til eit minne. 128: Ja, og det seiest at guten hadde ikkje lov til å seia nei. (Ny skikk). 129: Nei.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste