Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14449_VA_Laudal
Transkripsjon av filen #NEG_71_14449_VA_Laudal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Fann helst gifte si i same bygda eller 2: i grannebygdene. Sjeldan gifte dei seg med folk frå framande bygder (langt borte) Dei meinte det kunne verte leng- ting. Og best var det å gifte seg med folk som ein kjente godt. 2: Helst gifta seg med folk frå same sosiale lag, dette galdt serleg for søner. I mi heimbygd var det to bonde- gutar som gifte seg med prestedøt ter. Folk tykte dette var uklokt gjort. Prestedøtrene vart ikkje gode bondekoner. 5: Det var ofte foreldra som avgjor- de giftarmålet. Eg minnest frå eg var liten to gjenter som gifte seg med eldre (rike) karar som dei nok slett ikkje lika. Eg minnest koss den eine gjenta gret og klaga seg. Men ho laut lyde foreldra. \[s. 2\] Serleg var mora stri. Eg minnest og eit anna tilfelle. Gjenta laut ta ein ho ikkje lika. Ho hadde ein gut ho var glad i. Men, han måtte ho ikkje ha. Etter giftermå- let kom så elskaren saman med ein hjelpar og kravde ekte- skapet omstøytt, med den grunn- gjevinga at gjenta hadde vorte tvinga inn i ekteskap med ein ho ikkje lika. Det vart ein fæl sjau av dette. Elskaren og hjelparen hans fekk dom og laut på tukthuset, for som det heitte, dei ville fri gjenta (kona) ut or tvangsekteskapet med makt. 6: Rike folk tok det ofte svært al- vorleg med ekteskapet. Dei tok det på “langt sikt”. “Rikt te rikt” sa dei. Dei galdt å binda rikfolket saman, så ikkje rigedommen skulle “rotast bort. (spreiast) Fattigfolk heldt seg ofte til ringe folk (fattigfolk) “Når ein fær sin jamlika så lyt ein vera fornøydd” sa dei. 7: Det hende at foreldre avtala giftarmål mellom born som ennå var små 8: Syskenbyte. Jau, det hende. Guten kunne gifta seg med dottera i grannehuset. Gjenta \[s. 3\] kunne gifta seg med sonen i grannehuset. 9: På denne måten kunne dei betre halda gardane i ætta og dei kunne og få greitt samarbeid i gardsdrefta. 10: Skyldskapsgifte var meir vanleg før. Men, vart det så nær som syskenborn, så gjekk det ut over evner, venleik og styrke, dersom det varde i len- gere tid. Likevel, det var kje så lite gifte mellom syskenborn. Det gald om å halda eiga iætta. På ein gard var svært mykje skyld- skapsgifte. Ein gifte seg med dotter til bror sin (Han laut ha løyve til dette, Men folk tykte dette tok seg rart ut). 11: Folk var nok mest redde for skyld skap på mannsida. 12: Det hende at born sette seg opp mot foreldra. Eg minnest ein gut. Mor hans ville gifta han med ei enkje. Ho hadde born og fin gard. Ho var tolleg ung og helst ven. Men, guten sa nei, reiste til Amerika og kom kje att. 13: Det var nokse vanleg meining \[s. 4\] at borna skulle lyda far og mor når det galdt gifting Det gjekk oftast gale for dei som var sjølvrådige og trassige, sa folk 14: Dei unge kunne finna hjelp hjå andre enn foreldra. Far min gjekk til besteforeldra og søkte råd og rettleiding. \[\_15\] 16: Det hende at foreldra sette prøve på den dei var i mot. Tobias var litt lei etter flaska. Kunne han halda seg frå gjenta flaska, skulle han få gjenta. Han klara det og fekk gjenta. 17: Vanlege folk, tenarar og slike sto friare og kunne gifta seg etter eige ynskje. “Eg har det godt,” sa ein tenestgut, “eg kan gifta meg med kven eg vil. Det er godt eg ikkje er nokon riking” 19 Gutane stod friare i valet. Men alt med måte - Grannen min ville gifta seg med ei fattig gjente. “Bevare meg føre deg” sa mor hans, vi du jipta deg mæ eit nake menneskje. Det var kje så verst å få ei gjente mæ “heimel”) kommode symaskin, mykje klede, og så det beste av alt - pengar. - \[s. 5\] Eg minnest fleire unge gutar som gifte seg med eldre gardgjenter eller ogsa gardenkjer. På den måten kunne dei svin- ga seg opp i vellstand tolleg lett Eg minnest ei samrøde. “Tenk at den unge, vene guten vil ha den gardenkjå. Ho er så mykje eldre enn han. “Nei men om dæ æ rart. Tenk, nå slepp‘n å gå te Amerika. Nå fær’n både gard og hus og heimel for ingen ting. - Eller dette: Ja, eg ska seia du slo deg, Tenk nå site du mæ store gard - og så penga på renta. “Jau, garden er væl nok. Men du, der fylgde noke mæ.--- 18 Enkjer stod nokså fritt. Klokt var det om dei kunne få ein spræk ungkar som kunne ta seg av garden (og borna hennar) \[\_20\] Mange tok det ålvårleg med giftinga. Dei trudde så visst at ein fekk eit eller anna teikn (frå Vårherre). Bror til bestefar gjekk på friarfot til ei ven, rik gjente i grannebygda) Så kom dagen då han skulle ta avgjersle. Han tok i veg tidleg. Men, au! oppi skogsvegen møtte han ei gamal kjerring - eit vondt teikn. \[s. 6\] Det var sårt for han. Gjenta kun- ne han nok få. Men lukkeleg vart samlivet ikkje, og då - Så vart han glad i ei gjente i ei annar bygd. Då han då skulle ta avgjersle og var komen mest fram, la han seg ned og bad til Gud at han måtte sleppa møta gamle kjer- ringar og at ingen svarte kattar måtte springa over vegen. Han slapp fram, og fekk gjenta. Ola høyrde ein røyst då han heldt på å trulova seg. “Ola, Ola, kva er det du gjer?” Han ansa ikkje røysta, gifte seg, men vart ikkje lukkeleg. I svært gamle dagar, kunne ein gå med tvora julekvelden. Når grauten var kokt, tok ein tvora og gjekk tri gonger baklengs rundt husa. Så fekk ein sjå (med au- go eller i tankane) den ein skulle verta gift med. Eg minnest ein som gjekk med tvo- ra. Han fekk sjå “kona” si, og stokk så han \[...\]. Men ko- na, det var bror hans som hadde kledd seg ut. 21: Brennevinsflaske som var boren i indrelomma (nær hjarta). Skjenkte ein av dette brennevinet vir- ka det slik at ein vart glad i han (ho) som skjenkte. \[s. 7\] 23: Gutar og gjenter skulle ikkje i utry- mål ha fylgje om dagen. II \[\_Nattefriing. lite kjend her.\] 40: Friarar måtte fara stille å varleg, så ingen fekk sjå dei. “\[Kamufjering\]” vart mykje bruka. Ein gut tok arbeid på ein gard i grannebygda. Der fekk han kona si. Ein lærar søkte prost i ei ein- sleg heiegrend. Der fekk han kona si. ``` III ``` \[\_På kyrkjebakken.\] Etter preika kunne gutar og gjenter tala nokså fritt med kvarandre. Gutane hadde ofte brennevin med seg. Gjentene hadde niste 59 (pannekake, kokte egg, lefser osv) . Gjentene bar nista i ei stor lumme i underskjørtet. Det fanst og gjenter som bar brennevinsflaske i lumma si. Eg hoyrde ei gamal kone sa: Eg gjekk ved sida av Maria inn gjennom kyrkja. Ho hadde flaske i lumma si. Eg høyrde det susla. Det var den sumaren Danjel gjekk etter henne. Eg trur nok han fekk det alt i hop. (Dette hende vel kring 1870) 64: Eit par faste kvileplassar var det nær kyrkja. Dei dansa ikkje her. Danseplas- sane låg lenger frå. \[s. 8\] 67: Gildaste gjesteboda var i jule- helga, og så ved bryllaup og bar- nedåp. Då var det dans for ung- domen, og ofte var dei eldre og med. Gutar og gjenter var ofte saman om dei ikkje dansa. Dei hadde ymse leikar “selja strie”, tilfelle og råd” “sitja på forundringstol.” - Både på kyrkjebakken, på dans og i leik, laut gjente- ne venta til gutane kom til dei. Men gjentene måtte så gjer- ne syna kven dei lika, ber- re dei gjorde det lurt og “med greislighet.” \[\_69 – 73\] 74-75. Gjestebod slutta ofte med dans, og på auksjonar var det gjerne dans, og der møttest gifteferdig ungdom. 88: Jonsok kom ungdomen saman til leik og dans kring jonsokbålet. 89: Og midsumars tok ofte ungdomen ut på bærturar. Molteturar på heia var det gildaste. Kom dei så fram til ein heie- gard, vart det gjerne leik og dans på tunet. \[s. 9\] 90,91) Ungdomen drog stundom på fiskeferd. gutar og gjenter saman, serleg midsumarstid. Var det då ei ven øy i vatnet, gjekk ungdo- men gjerne i land på øya, gjorde opp bål, sat saman i koseleg prat utover sumarnatte, dreiv også leik og dans, dersom det var høve- leg plass. 92 Av og til var eldre folk med. Ein rekna på at det då gjekk meir greitt og sømeleg føre seg. 91 Ungdomen hadde plassar der dei møttest om sundagskveldane til leik og dans, eller berre til prat. På heimveg gjekk dei gjerne i små- flokkar (klikkar), eller gut og gjente saman. “Fya heim gjentå.” 95, 93 Vinterstid samlast ungdomen om sundagskveldane, ja også av og til midt i veka i slike hus der dei “tok ungdomen inn.” 100 / Sume 100 stader fekk dei lov å dansa når det gjekk sømeleg føre seg. I andre hus fekk dei ikkje lov å dansa. / 95 Men så dreiv dei med prat, og så høyrde dei på når dei gamle for- talde frå sin ungdom, og så om skrømt, underjordiske osv. Eg min- nest slike kvelder. Interesante, men ovtrua var stor, og ofte var vi så redde når det bar på heimvegen at vi laut fylgjast så mykje som råd. Vi hadde og hus som ikkje var gilde for ungdomen. fyllehus som dei kalda dei. \[s. 10\] Skipeleg ungdom gjekk ikkje på slike stader. 106 Husbondsfolk var ofte strenge med ungdomen, ofte strengare enn foreldra. Mi mor tente hjå presten i sju år. Han var så livende redd at gjentene skulle “gå på sjau,” og difor fann han gjerne på litt moro heime om sundagskveldane. Spela dummino om ymse småting var nokså vanleg. 109 Dersom foreldre eller husbondsfolk nekta ungdomen å ga “på sjau”, brukte dei religiose grunner - eller meir sosiale. Renkra ute om netten og så vera vera sturen og trøytt dagen etter, det tok seg ikkje godt ut. 110 Ikkje all ungdom retta seg etter det foreldra sa. Men, eg trur likevel at lydnadan var vel så god då/ . Rokkemann. Den fyste som kom inn i stova etter nyår, han vart “roksmann” det året. Folk som høyrde huslyden kunne ikkje verta roksmann, Det måtte vera ein framand, og han laut koma inn når kona (gjenta) sat og spann. Rokksmannen fekk gjerne mat og kaffi, eller skjenk, der dei bruka slike ting. “Eg fekk god rokksmann i år,” sa gamle Oline. God r. mann d v. ein mann med mykje hår og skjegg. Skotår kan gjentene fri. Men eg har aldri høyrt at nokon har nytta den men.rett.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste