Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14431_ST_Haltdalen
Transkripsjon av filen #NEG_71_14431_ST_Haltdalen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Å ja, det var vel mest vanleg det, men slett ikkje alltid. 2: Jau, var det eit bra gifte så var det O.K. 3: Ja apsolutt. 4: Helst det. 5: Avgjorde giftarmålet kan ein vel ikkje akkurat seie, men at dei hadde ein finger med i spelet er tvillaust, og kunne nok gripe aktivt inn for å leie utviklinga i rett lei, t.d. med å stenge dørene for friarar dei ikkje lika, eller beint fram jaga dei. 6: Helst det. 7: Nei, ikkje direkte avtala, men – men 8: Nei, men det var nok ofte at det vart fleire giftarmål mellom to familier utan at det nett var avtala. 9: Det var nok det om så var. 10: Vi har fleire dømer på gifting mellom syskenbarn, så det var dei nok ikkje redde! 11: Det har eg ikkje høyrt. \[s. 2\] 12: Ja, det kunne nok hende, men det var sikkert sjeldnare. Elles var det nok ikkje så svært patriarkalske forhold som rådde her, sjølv om det nok var sjeldan at dei gifte seg under si stand. 13: Har ikkje høyrt det, men at søner t.d. som gifte seg "under si stand" vart meir hundsett, og ofte måtte flytte heimefrå, var nok tilfelle. 14: Har ikkje høyrt om det, men finne det rimelieg at det kunne hende. 15: Har ikkje høyrt om det. Nei, dersom Haltdalingen ville gjera nokon merknad om eit giftarmål, så gjorde dei det nok på ein lurare måte – i folkesnakket. 16: Slike prøver har eg aldri høyrt om. At det derimot vart sett mykje på om "mågen" eller "sonekona" var duglege arbeidsfolk er sikkert, og at ein gut eller gjente kunne score ekstrapoeng i konkuransen veit eg sikkert, – attåt \[attepenga\]. 17: Tenestefolk, husmenn og inderstar såg ikkje så nøye på dette, for ingen av dei hadde nokon middel, og kunne ikkje vente å få gifte frå kretsar som hadde middel. 18: Ja kanskje. 19: Slikt hende nok. 20: Nei. 21: Ukjent. 22: Nei, det var nok ikkje brukeleg. \[s. 3\] 24: Ja, er det slutt? 25: "Utpåkar." 26: Ikkje anna enn nattefriarane helst gjekk for seg sjølve, men under natte- løyping kunne det vera fleire. 27: Så ymse eller så stor som grenda eller nabolaget var. 28 Konfirmert måtte dei vera. 29: Helst frå same grenda. 30: Det kunne nok hende. 31: Nei, det er ukjent her. 32: Det hende nok. 33: Som oftast ikkje saman. 34: Ukjent. 35 Helst laurdagskveldane. 36: Forbod var det ikkje, men det var ikkje god skikk å gå slike kveldar. 37: Helst i heimegrenda, men i enkelte tilfelle også i nabogrendene. 38: Nei, det trur eg ikkje. Det var vel sjeldan dørene var låst, og gjentene – i alle fall tausene – lag jo i fjøset. 39: Nei. 40: Å ja, det veit du. 41: Som oftast fann dei seg i det, for det var så vanleg, men ein og annan kom nok i harnisk dersom det vart leven. 42: Tja, – – – 43: Det hende nok, – serleg godteri – og dram. 44: Det har eg ikkje høyrt. 45: Nei, ikkje gåver under natteløyping. Nei, men eit blikk eller eit handtrykk så ikkje dei andre såg det – – 46: Så ymse, – ein times tid eller meir eller mindre etter som – – – \[s. 4\] 47: Ja, bevars, flokken vart som oftast mindre og mindre etter kvart. 48: Helst andre kveldar. 49: Sjølvsagt. 50: Til dei vart gifte – eller det vart slutt. 51: Pene kledeplagg – vottar, strømper O.L. 52: Ja bevars. Det var helst dei andre i kameratflokken. Eg hugser frå ungdoms- åra ein slik nattefriar hadde set frå seg skoene ute. Kameratane slo begge skoene full av vatn, så det spekte, og guten måtte springe heimatt i strømpeleistene. 53: Sagflisa har eg ikkje høyrt om, men å ringe med bjøller veit eg av. Det var helst for at foreldra til gjenta skulle bli merksam på forholdet. 54: Jau, dersom det var O.K. hadde dei ikkje noko imot det. Annleis var det dersom foreldra deira var imot sambandet, eller foreldra til gjenta ikkje viste av forholdet. 55: Var foreldra nøgd med friaren, var det O.K., og tok det berre som heider, men var dei ikkje det, mislikte dei "musikken". 56: Tja, som oftast. 57: Nei, som oftast einsleg, i alle fall om det var berre ei gjente på seteren. 58: Å nei som oftast ikkje. 59 Ikkje vanleg ved kyrkja. 60: Nei. 61: Nei, gjentene tok nok ikkje noko initiativ. 62: å du veit det er mange måtar å vise det på. Et augnekast kan vera nok. 63: Nei, ikkje tale om. \[s. 5\] 64: Nei. 65 Nei. 66 Nei. 67: Forutan brøllopp, barnedåp, konfirmasjon og gravferd var det vanleg å be slektningar i høgtidene, helst i julehøgtida. 68: Å ja, helst det. 69: Det var helst vertsfolka. Elles låg dei ikkje så mykje, og ofte om ein annan. 70: Stabbdansen brukes enno. – Ja, i høg grad. 71: Langtifrå. 72: Ja, det var ikkje fritt, serleg dei som frykta for at det hadde vorti oppdaga i eit tidle- gare løynt forhold. Det var brødrene til brurfolka som ordna med å pare saman dei som skulle saman på stabben, og dei gav seg ikkje før dei hadde plukka fram slike par. 73: Ja, begge delar var brukeleg før, men ikkje no. 74: Hende nok det. 75: Ja. 76: Ja, på Røros. 77: Huver, sjerf, belter, o.l. – Ja. 78: Ja. 79: "Oppsøttu," – helst dei unge. 80: Nei. 86: I ei grend (Aunegrenda) var det seter- helg for alle. Da hadde dei dans i grenda om natta føreåt og etter, og om sundagen var dei på seterane. 88: Nei. 89 Nei. 90 Nei. \[s. 6\] 91: Nei. 92: Det har eg aldri høyrt. 93: Nei. 94 Nei. ## 95: Ikkje faste kveldar, men det kunne nok hende. 97 Nei, ikkje fast. 98: Har aldri høyrt det. 99: Ukjent. 100: Ja, det hende nok at dei tala saman og vart einige om å koma saman til dans. 101: Ja. 102: Det var oftast ein i laget som kunne spela, i motsett fall var det ein eller annan som var god til å tralle. 103: Kjenner ikkje til, elles kjøpte dei ikkje noko men hadde med seg litt mat kvar. 104: Kan nok hende. 105: Nei, det var det nok smått med. 106: Nei, det gjorde dei nok som dei ville om. 107: Gjentene var det kanskje strengare med. 108: Ukjent med slik skilnad. 109: Helst sosiale. 111: "Rokkmann" – "Skogfrue". 112: Nei. 113: Jultråd fekk gutane av gjentene på gårdane dei vitja på veg heim frå kyrkja juledagen. Nei, gåvene åt rokkmannen måtte vera solidare ting: hoser, vottar osb. – Jultråden var ei garnhespe, – storleiken vart fastsett etter så godt som gjenta likte guten. \[s. 7\] \[-114.\] 116: Sjå ovafor. 117: Ja, sleiver, tvarer O.L. 118 Ja 119 Ukjent. 120: Sjå sp. 117. 121: Ja. 124: Ikkje trudde. Men eg kjenner til at gjenta kunne gi ein gut ho lika eit vink om \[\_når\] det høvde å koma og bli rokk- mann. Og omvendt. 125: Ja. 126 Har ikkje høyrt det. 128 Ikkje for ålvor. 129: Nei. Haltdalen 24/5-1959 Jens Halstein Nygård
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste