Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14429_MR_Fræna
Transkripsjon av filen #NEG_71_14429_MR_Fræna
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Hovedomsynet ved gifarmål var: å gifta seg slik, at \[-æt\] verdiane ætta rådde over auka-og ikkje minka og at ætteæra ikkje leid tap. Det hadde då mindre å segja om ein vart gift i bygda eller utanbygds. 2: Å gifta seg til grannebygden var i orden, når dei to var like sosialt. Men å gifta seg solangt unna, at ein ikkje kjende folket eller tilhøva, var rekna for vågalt og ansvarslaust. 3: Dei to skulle helst vera sosialt like, det var rekna for det beste. Ein gardgut finna seg ei gardjente- o.s.b 4: For jentene var ikkje dette kravet so viktig som for gardguten, so det hende dei gifta seg til lågare stand. 5: I eldre tider fram til 1850 rådde foreldra mykje med kven borna skulle gifta seg med. Og dei unge tok då foreldra med på råd. 6: Dei store gardmenn såg jamnast etter at dei unge ikkje gifta seg til lågare stand. Og sa frå kva som var høve- leg gifte til borna. 7: Foreldra tala til borna om høveleg gifte, men klåre av- taler kjenner ein ikkje frå barnealderen. 8: Hemningslag vart tolka slik: Ein gardgut gifta seg med ei jente. Bror hennar – hemna seg – med å gifta seg med søster til gardguten. Men i seinare tid var det jamt kalla systkenbyte. Det har vore vanleg, liketil no, ogso dubbelt systkinbyte sume gonger. 9: Det var gjort for at dei gamle ætteverdiane skulle bli verande i ætta. Om eine parret ikkje fekk born, so kunne då andre parret erva dei, når dei hadde born. 10: Ofte gifta systkinborn seg saman. Dei rekna då med at bornflokken vart mindre og at verdiane vart i ætta. Tremenningar og firmenningar var vanleg gifte. Folke utanfor ætta meinte dei var for nerskylde. \[s. 2\] 11: Var dei sunne og sterke, gjorde dei ikkje skilnad på mann og kvinne. eller hadde nokon otte for skyldskapen. 12: Det hende at jenter nekta å gifte seg med gamle menn. når det sjølve var mykje yngre. 13: Dei trudde det straffa seg å ikkje lyda foreldra. 14: Dei kunne få hjelp av andre i ætta, og sume gonger var heller ikkje far og mor samde. 15: Ein veit om ein bror som gøymde vekk brurekleda til søs- tra avdi ho ikkje ville gifta seg med ein enkjemann, som foreldra hadde ettla henne. Han og den guten ho vilde ha skremde vekk enkjemannen med haubokk og ståk, so han tilslutt gav avkall på jenta. 16: Ein bonde hadde berre ei døtter, som då skulle ha gard- en. Ho hadde vald seg ein husmansson, som bonden trudde ikkje dugde til bonde. Han og kona festa guten som dreng for å finna ut kva han dugde til. Guten sette seg slik i respekt både på sjø og land, at bonden tilslutt sa: Nei no Trond er det besst du og Guri tek over garden, so kan heller eg og kona hjelpa dykk. 17: Det var slik fram til omlag 1850, at ein mann som ville gifte seg laut ha anten eit jordstykkje eller eit hus for å få gifta seg. Hadde han det, anten på bøksel eller til eige, fekk han bli gift. Prestane hadde stor makt i dette. Dei som ikkje høyrde til dei gamle bondeætter eller yngre born på garden stod friare, likeeins med tenarar, handverkarar og fiskarar. 18: Ja, enkjer gifta seg etter eige tykkje. 19: Båe partar, som åtte noko – gifta seg saman, og dei såg jamnt etter at dei hadde noko å setja bu med. 20: Guten sette skoene sine på ein krossveg st.hanskvelden. Den jenta som først møtte skoene og tok vare på dei skulde då vera hans. Jamnast låg han då på lur og såg på. 2:Møttest guten og jenta tre gonger i julelag skulle dei ha kvarandre. 3:Møttest dei einsleg tre gonger i veka etter nyår skulle dei vera gift innan tre år. 21: Det fannst Run-kjerringar. Skar ei jente seg i fingeren og hadde ein drope blod i skjenken ho gav guten, skul- le han få hug til henne. 2:Gav ein guten sjenk som det hadde vore Hugvendel- (planta Horndrager) i skulle den venda hugen hans til jenta. 22: Sume trudde på det – andre ikkje. 23: Ein kunne tala saman, når det ikkje vart for lenge, men ikkje gå lenge saman. \[s. 3\] 24: Nattefriing er det endå. 25: Han går «utpå» til henne, er på nattefriing. 26: Sume gjekk for å få spenning og moro, eller spela ein mann puss – erta – ein dei visste var galen for slikt. Kom kallen og skulle jaga, lage dei seg med eitt eller anna til å hindra han. Soleis fekk han eingong ei tynne med auske utover seg. Men det var ogso ålvorleg nattefriing. Sidan både gutar og jenter med noko lengre veg berre hadde laurdags- natta og sundagen fri til dette. 27: For moro var dei jamnast berre ei to tre, sjeldan flei- re. 28: Det var vanleg dei laut vera konfiremert for å bli med 29: Dei var jamnast fra grannelaget. 30: Det hende at ungdomane til læraren og presten var med. 31: Det var nokk messt i jula, andre helger og om sumaren at nattefriinga gjekk for seg, for då hadde dei unge besst tid. 32: Gutane i same grenda held oftast saman og var mot dei frå andre grender, og la snarer i vegen for dei. Ein friar frå ei anna grend, fann soleis båten sin dregen opp frå sjøen og satt i gjøsselhaugen bak løa på garden. 33: Dei gjekk saman ettersom dei var kamerater til, men helst var dei jamlikarar. 34: Dei andre visste at tenarar helst kom laurdagsnatta, eller ein hadde ein annan viss kveld. Då laga dei andre seg til å gjera han prettor. Ein som laut nytta stige for å koma inn til jenta, tok dei stigen bort for, so han datt ned, då han skulle attende. 35: Det var serleg jentene som kalla laurdags- og sundags- kvelden for Gudskjelovkveld. 36: Julaftan, juledag, langfredag og påskedag skulle ein halda seg heime, og når nokon låg sjuk eller lik. 37: Oftast var det på garder i grenda, og serleg der fleire tevla om jentene, men dei kunne og taka på ferder til granne- grendene. 38: Det var jamnast dei gjorde seg ukjende, men dei gutane jentene lika best hjelpte dei oftaste inn. 39: Gutar og jenter som heldt saman kunde ha løynde kjen- ningsord, eller namn, men vers dei nytta er ikje kjend. 40: Til å byrja med for dei varleg fram og granska tilhøva 41: Det var ymse. Sume brydde seg ikkje om det. Andre jaga dei bort. \[s. 4\] 42: Jentene freista jamnast finna ut kven dei var før dei slapp inn. Lika dei ikkje friaren kom dei ikkje inn. 43: Dei hadde jamnast gotter eller dram med. 44: Dei kunne og ha gotter eller eit smørbrød til drammen. 45: Ho kunde blunka løynleg til han. Han fekk t.d. strømpeband 46: Ein time eller to – vart dei ikkje mottekne drog dei ein annan stad. 47: Han som vart besst motteken vart jamnast att. 48: Sume gonger var han komen før, eller han stakk seg bort frå dei andre og lurte seg inn seinare. 49: Før det vart visst millom han og jenta, skulle ingen vita noko. 50: Var det ein gut jenta lika godt – eller ho ikkje hadde andre friarar, vart han til ut på morgonen. 51: Gutane gav utkrota treskjeier eller ei bandgrind, jent- ene hoseband eller vovne selar. 52: Det var vanleg å gjera fantestykkje og det var helst yngre gutar, men ogso folk på garden – serleg drengen. 53: Det var serleg dei yngre gutane som dreiv med fantestykkje 54: Jamnast like dei ikkje slikt, men heldt guten og jenta likevel lag, ga det seg snart. 55: Lika foreldra guten jenta helst lag med, freista dei stogga oppstyret. 56: Soframt guten og jenta framleis held saman, vart dei rekna for kjærestar. 57: Var det fleire jenter på setra, gjekk jamnast gutane ilag, eller når fleire ville ha same jenta, komdei ofte åleine og lura på kvarandre. 58: Ja. Dei stakk seg jamnast av og tala saman. 59: Dei hadde jamnast -gotter, og jentene kunne ha lefse 60:eller vafler 61: Båe partar kunne gjera opptaket. 62: Ved å halda seg ner han, beda om ein tur, fretta etter ymse o.s.b. 63: Påske-egg er ikkje kjend – men brunsukker eller anna gotter kunne dei ha med . 64: Nei – men kring kyrkja, i nausta og skogen sat dei saman både fleire og parvis. 65: I godt ver – kunne dei leiak saman på vollen bak kyrkje- haugen. 66: Nei – ikkje ved kyrkja. B. Gjestebod saman med eldre. 67: Jule-påske-pintse-StHans-årsmålsdagar. Dåp, grevøl, var det jamnast lag. 68: Dei held seg jamnast for seg sjølv, anten ute eller inne. 69: Foreldra rådde dei unge, men ofte gjorde dei det annleis 70: Stabbedansen var i bruk her fram til 1870. Det var messt slike som hadde ord for å lika kvarandre – eller slike som var eldre og ugifte dei ertast med. 71: Det var messt som moro – ikkje straff, og dei fleste som kom på stabben tok det og slik. 72: Dei fleste ville ikkje på stabben, men det hende dei likevel vart havt dit. \[s. 5\] 73: Dei skulle bita i same lefsestykkjet eller drikka øl av av ein liten kopp eller glas. Messt kvisamt var det for jenta, når mannen hadde mykje skjegg. 74: I dugnad var det jamnt øl, brennevin og dans. 75: Ja, på større auksjonar var dei unge med og der var dans. 76: Her var ikkje marknader i nerleiken. 78: Det var samskotlag i jula og om sumaren. Det var drikk og dans 79: Var kalla grendalag- samskotlag. 80: Dei hadde noko dei kalla «Oppesote»- Gjentene kom samanx og hadde handarbeid – eller dei lærte eitkvart av ein annan. Sist på kvelden kom gutane og det vart ein svingom. 81: Gutane var jamnast varsla før dei kom. 82: Var det mat og drikke hadde dei noko med seg, elles var det gutane som spanderte. 83: Det var frå dei neraste gardane dei kom saaam og dei større gardane, der det var gjenter, skiftast om halda laget. 84: Det var helst fredag- eller laurdagskveldane, serleg når det ikkje var preike på sundag. 85: Det kunne vera visesong – gjeta gåter, leik og dans. 86: Setergjentene laga gutahelg – serleg St. Hans og xxxxx. Olsok. 87: Spelemenn var med – elles som i vanlege grendalag. 88: Jonsok var det jamt lag – eller dei laga ei serleg Seter- helg. 89: Dei gjekk ilag etter bær og nøtter, dei tok ogso fjell- turar, -skogsdag – netadag – berdag. 90: Fleire var ilag på eggsanking. 91: Det var leik sume sumarkveldar – serleg i helgane. 92: Vanleg var det sume gifte folk med. 93: Dei frå nederste gardane gjekk til kvarandre. 94: Det var vanleg, i førstninga gjekk dei kvar for seg, men seinare vart ogso gutar og gjenter ilag. 95: – sjå80. Kveldsete – Oppesæte. 96: Det var jamnast om hausten framover til jul 97: Det gjekk oftast på omgang. 98: Ikkje i fjøset – men om sumaren på låven sume gomger 99: Dei fortalde om hendingar på sjø land – ymse leiker– små panteleiker – bytte namn – rope nummer – ringleikar – Det kjem tre glade spelemenn – leita makje – dei song ymse heimlaga viser og stev, ofte skjemteviser og kjempeviser 100: Det var ikkje serleg dans om vinteren utanom lag. 101: Både gjenter og gutar hjelpte til. 102: Det var jamnast gutane som fekk tak i spelemann 103: Gjentene syrgde oftast for maten – gutane hadde dei andre utgiftene. \[s. 6\] 104: Ved den tida vart det meir motvilje mot dans i det heile/frå dei religiøse – so noko meir dans enn før vart det ikkje. 105: So vanleg var ikkje ski og kjelke nytta til sport i eldre tid, men det hende at gutar og jenter var i ake- bakken med kjelkar og sleder. Der det var skeise- is i nerleiken, samlast der om kveldane og i helgene, og dei kappast. 106: Gifteferdig ungdom var med – både med og uten løyve. 107: Gjentene laut helst ha løyve, serleg når dei var svært unge. 108: Foreldra var meir atterhaldne, enn husbonden med xxx tenarane når dei hadde fri. xxx. Gutane hadde det jamnast friare enn gjentene 109: Her var det serleg religiøse og økonomiske grunnar dei la vekt på. 110: Vanleg retta borna seg etter foreldra – men vaksne ten- arar ga seg mindre om dei. J u l e t r å d. 111: Gutane vart kalla etter arbeidet gjenta gjorde når 112 dei kom. Spann ho fekk han noko tråd til å bøta med – 113 – eit lite nøste, og var då kalla spinnarkall – rokkemann 114 Vov ho – skulle han ha noko vevd – lommeduk vanleg. Ein serleg juletråd er ikkje kjend her. 115: Lika ho guten sers godt – fekk han vovne strømpeband- våttar, vovne bukseselar o.a. 116: Han fekk smaka julekosten 117: Fekk han hoseband – gav han jamnast ei bandgrind – fekk han av veven - kunne han gje ein vevskyttel 118: Vanleg fekk han mat og drikke. 119.Andre plikter er ikkje kjende. 120: Låvedumpa fekk ogso ei gåve – ei tvåre – ei skjei, ei ause – 121: Ho fekk mat og drikke jamnast. 122: Ho skulle hjelpa med å bake flatbrød ein dag – eller gjeva ein dag i skuronna. 123: Dei rekna det slik at dei to skulle vera hjelpsame mot kvarandre det året. 124: Dei såg ein lagnad i dette, og serleg om guten var rokkemann eller vevkall til gjenta, og på hi sida låvekjerring osb. til guten, so trudde dei at des- se skulle bli kjærester. 125:Ukjennt. 126:ukjennt. 127: do. 128: Det var vanleg å segja at gjentene kunne fri i skot- året og serleg 29 februar. 129: Ein veit om ei gardtaus i 35 års alder. Ho hadde nokk havt friarar i ungdomen, men både ho og foreldra var store på det då. Ho kom til ein jamnaldra dreng og sa: Kunne ikkje du Ola koma til meg no. Likar du deg og me trivst i lag, so gifter me oss. Og slik vart det. \[s. 7\] Elles er det fortalt om enkjer som fekk seg ny mann på den måten.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste