Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14423_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_71_14423_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det var jamnast så at ein fann gifta si i Suldal. Her vart etter kvart mykje inngifte, serleg då i kvervane Kvilldal og Nes. Ein ser det og i alle søknader om å få gifte seg i "forbudte Led". 2: I Suldal såg ein seg betre enn røldøler og saudabuar td. Og ein finn få giftarmål mellom suldøl og saudabu, og mellom suldøl og røldal. Det var meir hopehav såleis med suldal og telemarking. 3:. Det var stor standsskilnad. Ein jordagut tok sjeldan ei husmannsgjente. Og ein hus- mannsgut fekk sjeldan ei jordagjente. Det var ei stort skilje her. 4:. Men ein bonde laut nå likevel ofte tole at ei eller fleire av døtrene fekk gifta \[-seg med\] si frå ein husmannsplass. \[side 2:\] Det var kje jordagutar åt alle. 5: og 6) Ja, oftast det. - Ingrid Øystad hadde ei dotter, Eldrid. Ho ville ha Tor Vetrhus. - Nei, de' kan kje veita, hermer dei etter Ingrid. For de' verte berre posen å stavne. Dei ska te Steine. Og såleis vart det og. Øystad var stor -gard, og rikdom var der og. Så var det med Steine og. Vetrhus var det skralare med. Og Tor var kje jordagut heller. 7: Nei. 8:. Ja, "søskjabyte". T.d. når bror og søster frå Oppigard gifte seg med søster og bror frå Nedigard. 9: Helst eit ynskje om å halda på pengane og eige- domen. 10:. Det ser kje ut til at ein var så redde skyldskap ved giftarmål. Me har døme på at ein jordagut gifte seg med \[\_faster si\]. 12: Ja, Men det "følde lite lukke me' de'", sa dei. 14: Ja. Pål Havrevoll ville ha \[side 3:\] Sissela, dottera på Bakka. Foreldra hennes sette seg imot det. Men presten Mohr (1845-1856) hjelpte dei unge, så dei fekk einannan (Ætteforeldra åt Havrevolls- slekta i Oslo, Tune og Olafr. o. fleire). 15: Nei 17:. Ja, husmenn og tenestfolk stod friare såleis. Me skal her merke oss at det kom mange setesdøler og telemarkinger til Suldal i 1800 og gifte seg her, ofte med gardsmannsdøttre Dei sette seg då til som husmenn, ofte under garden ho var frå. 18: Enkjer stod friare. Men ei enkje skulle gifte seg oppatt snarast. Lars Roalkvam drukna i Suldalsvatnet i februar 1802. Men før sumaren kom gifte enkja seg oppatt. På Nes var det ei enkje. Og på likferdsdagen åt mannen hadde ho fleire friarar. Ein såg kje noko gale i det. 19: Ja, Mikkel Veka, bestefar min, var 20 år då han gifte seg fyrste gongen med Anna Veka, ei folgekone på 60. Men "hu hadde penger". Håvard Dokkjo, husmann, gifte seg 18 år gamal, med \[side 4:\] Gro, ei enkje så hadde "100 daler ståande på renta". Ho var då over 60 år 20:. Med i juleskikkane. 23: Ja. \[\_Nattefriing\] 24:. Her tala ein om å "gå te jentedn". Det var oftast to-tre gutar i lag som stiltra seg inn til gjentene om laurdagskveldane etter gjentedne hadde lagt seg. Oftast venta gjentene på gutevitjing, og låg påkledde. Guten la seg då hjå gjenta, men oppå sengklerne. Det kalla ein "'jåssvev". - Men det var kje noko usømeleg med det. Og i ymse kvervar her i Suldal har skikken halde seg til åra straks før krigen 29: Det var oftast gutar frå kverven. Stundom og frå grannekvervane. 30: Ja, her var liten skilnad på jordagut og husmanns- gut. Ein laut ha lag, må vite. 35: Helst laurdagskvelden. - Men ein kan kje her tala om \[\_nattefriing\] til vanleg. Oftast var det berre ei form for moro. \[side 5:\] Var guten på friing, valde han kje med seg kven som helst. Då var det jamt ein gut han kunne lite på, ein som ikkje "bar friaren utøve" bygda. 36:. Ja. Det var usømeleg å gå etter gjentene, ifall det låg lik på garden. Eller i høgtidshelgene. 40:. Ja, det skal vere visst! 41:. I seinare tider, kom ofte foreldra eller husbondsfolk og "jaga ut". 42: Ofte brennevin. I seinare tid drops. 44:. Nei, det var kje vanleg. 46:. Til "frampå måråen". I 2-3-tida. 47: Ja. Men då bar det mot truloving. 50: Ikkje noko visst 53: Då Leiv Djuve "jekk te" ei tenestgjente på Bleskestad hadde gutane i kvelven strøytt sagflis ut frå huset på Bleskestad. (Ikring 1910.) \[side 6:\] Når gjentene kom heim frå stølen om hausten, hadde dei ofte ein ostebite som dei stakk bort i handa til gutane - og største ostemolen til guten ho lika best. Eller hadde "eit gott au'a te", som dei sa. 57: Det var på stølen som heime. Men det var ofte dans i samband med det - før dei kvelda. Eller anna moro a) \[\_På kyrkjebakken\] 58: Nei, det var kje sømeleg. Men dei "kikka" nå på kvarandre såleis i løynd. 61: Gutane måtte sjølv ta initativet. Det kunne einast vere ei enkje som var så frihuga at ho baud på "godter". Dei hadde meir fridom såleis. 63: Ikkje kjent her. Men alt\[-t\]så ost på kyrkjebakken etter heimkoma frå stølen (Sjå ovanfor). 64: Nei 65: " 66: " 67: Gjenter og gutar var med i alle vetler - likferd, barsøl, bryllaup, jule- gjestebod. Men dei sat aldri ved "høgabordet". \[side 7:\] ") Gjenter og gutar sat alltid nedst ved bordet. Og ein tok det kje så nøye med rekkefylgja. Men gutar og gjenter sat oftast på kvar si side av bordet - aldri par og par. Ikkje i bryllaup heller. Par- sitjinga er kome til i seinare tid. Frå 1890-åra eller så. 74: Ikkje alltid. 75: Ja. 76: Ja. Vårfromersmarken og haustmarken i Stavanger. Til 1811 og marknaden jonsok i Røldal. I samband med pilegrimsferdene det. 78: Samanskotslag ved kjøp av brennevin. 80:. Ja, her kalla dei samkomene "Ittesæta". 81: Gutane kom og då, ubedne. 82: Husbondsfolket heldt mat. Eit måltid. Men det vart kje rekna med i løna. 84:. Oftast laurdagskvelden 85: Song, leik, \[\_stevjing\], dans 86:. Ja, både i Suldal og Sauda. Ein søndag på haustparten helst. Men og olsok 87) Ofte spelemann med. \[side 8:\] 91:. Ja, ballslåing. Det har dei halde på med i (Suldal) Bråtveit alt til nå. 92: Nei. 93: Det var sjeldan. Det måtte helst verte skumt då. Aldri i dagsljoset. Ein våga seg kje til med det før. 93:. "Ittesæta" (sjå før). Gjentene sat med spølet då. Etter dei samna: \[merknad: kluss\] 96:) Heile vinteren. Ein slutta i 12-1-tida. 97:) Ja, på omgang 100: Ja, dans i stovene. Aldri mat då. 102: Ikkje nokon sers. Og hadde ein kje spelemann, så tulla ein slåttane. 104:. Ja, oftare dans då. 105:. Ja, dei møttest på isen. Eller i kjelkebakker. Etter 1920 har det vorte vanleg med skiturar \[-åt\]. i heia og. 109:. Oftast religiøse grunnar. Sosiale og stundom. 110: Ja, det mest vanlege. \[side 9:\] 5: IV Juletråd. \[\_Rokkakar.\] Gamal skikk her. 118:. Ja, alltid. 124: Ja, kjærastefolk. 128:. Nei, ein tok det kje alvorleg.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste