Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14421_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_71_14421_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ein skulle helst finna maken sin i same bygda eller same sokne. 2: Ein var rædd framande – Det kunde lig- gja ein dårleg arv i ætta - Det kunde gjerne vera splint eller av fantefolk. 3: Dei trudde det var best at dei som skulle gifta seg var av same stand, so sa dei: «like børn leke best – « 4: Dette gjaldt for begge kjøn. 5: Rikmansfolk og på dei store gardane blanda seg mest oppi borni sine planar soleis og med giftarmali. 6: Soleis kunde foreldri i tidleg alder åt borni, tenkja ut make til dei - . 7: Det hende nok her i bydi og at for- eldri alt i dåpsdagen tala om kven barne skulde verta gift med - . 8: Dei kalla det hemnbyte når 2 unge gifte seg, og då syster til brudgomen gifte seg med bror til bruri.; med det meinte dei at dei tok hemn. 9: Det kunde vera fleire grunnar, større garda – styrkja ætti, eller få rikdom inn i huslyden, sume tider å få meir venleik med gifte - . \[s. 2\] 10: Dei såg noko ængsteleg på for nær skyldskap. Men likevæl 4 meningar, trimeningar kunde gå – men systkinbarn var dei lit rædde. 11: Mange trudde det hadde meir å segja på mansida enn på kvinnesida. 12: Det hænde nok at borni hadde si eige meining, som ikkje stemde med foreldri si, og dei tok soleis sine eigne linjer – reiste til Amerika ,eller bygde sin eigen tarvelege heim i ei utmark eller kvar dei kunde få fotfeste. 13: Mange meinte at det inkje gjekk bra med borni, når dei inkje tok den vegen foreldri stikka ut for dei - . 14: Det hende at dei søkte hjelp hjå andre og fekk hjelp antan i pengar eller eit jordstykkje. 15: Det hende nok at unggutane hemna seg på brudefolki brudlaupsdagen – Soleis hadde me ein nær nabo frå min heim. Han hadde det med seg å skjæra næver av fine bjørke- stammor. Desse turka han og la i eit la, og sælde dei til nævertak til folk som hadde bruk for det. Dette dreiv han med som hobbi hjå grannane fyrr han var gift. Den som vart kona hans, ho gav arbeidsfolki sild til mid- dag 4 – 5 gonger i veka. ho skulde spara. Ungdomen laga ein æresport som alle brudlaupsfolki måtte rida gjennom. Øvst oppe hang ei sild og ein trebjørn (ekkorn) som omfavna henne - . Det var vel både vaksne og ungdom, som var med for å stella slikt til. \[s. 3\] 16: Det hænde at foreldri til joraguten tok kjærasten hans til seg, lærde henne op i alt som husmori på garden hadde å vareta. Vart ho flink, tok godt etter og var villig, blid og omgjængeleg so gav no gjerne foreldri etter om dei fyrst var tenkt å fraråda sonen. Soleis hænde det og, at dei tok guten til jordajenta på garden, for å sjå kva han dugde til – så vart det gifting. 17: Det var lettare for husmansfolk, te- nestefolk, fiskara og handverkara. Desse hadde inkje så mykje å ta vare på og stod på denne måten friare. 18: Dersom ei kona vart åleine på ein gard, so kunde ho velja sjølv kven ho ville ha, berre borni ikkje sette seg mot det. 19: Det var gutane som fridde, og mange rekna med kor stor heimegjerd hans veninne kunde koma med, eller om ho hadde noko i banken. Gjenta kunde gjerna vera i 30 åri - . 20: Dei hadde ymse døme som dei trudde på soleis la dei jonsakgras under hovud- puta, den dei drøymde om denne natti han vart det – Eller dei smurde ein leiv med rjone og sprang rundt stovehusi nyttårskvelden. Då skulle den koma å leita i leiven som vart deira make. 21: Gamalt so hadde dei tru for hugvending Sume hadde lit brennevin i maten for å snu hugen andre bruka ein medisin som dei kalla «livseleksir». Ein dram av denne skulde gjera hugen god mot den som ville ha denne gjesten til make. Eg har sjølv eigong smaka denne livselek- sir hjå ei gamal kvinna som no er død. Den smaka som kininvin -. \[s. 4\] 22: Mange trudde at det var synd med hugvending og at slike inkje vart sers lukkelege - . 23: Gutar og gjentor skulde helst inkje ha fylgje om dagen -. 24: Det er enno ikkje slut med nattefriing her i bygdi. 25: I vår bygd kalla dei i ældre tid ein nattefriar for «sjauar». 26: Natteløyping var same som ein heil gjeng gjekk saman for å halda moro, derimot når ein gjekk åleine, kunde det vera mistanke om nattefriing. 27: Når gutane slog seg saman og gjekk frå gard til gard kunde dei vera frå 6 – 12 saman i slike sjauargjeng. 28: Dei måtte no vera konformirt men då kunde dei få vera med - . 29: Helst var dei frå same grendi - , men det kunde og hende at dei kom frå nabogrenda eller ein annan stad frå. 30: Det kunde vera tenesteguar og embets- mansgutar og gardagutar med på «sjau». 31: Framande gutar som var på besøk hjå slektningar kunde koma med på sjau i joli t.d. 2-3 ie jol eller nyårsafta -. 32: Dersom det kom gutar frå grannestrå- ki, so helt gutane frå grendi eit, og skulde då jaga dei framande vekk. 33: Bondesøner og tenestegutar gjekk gjerne saman. Sume heldt seg høgre i rang og sku inkje ha tenesteguar med seg. 34: Det var kveldar som fredagskveldar, då hadde dei fredagssæta, og den kvellen hadde tenestefolki lov til å vera med på 35: Laurdagskvellen var det nattefriing. Trulova folk hadde gjerne sin eigen kvell, so inkje andre kom i vegen for dei. \[s. 5\] 36: Det var inkje god skikk, å gå på «sjau» like fyre jul, paskevika eller når nokon låg lik på garden. 37: Dei kundi ha sine visse strok, som dei gjekk på «sjau», visse garda i heimegrenda, nabogrenda, eller lenger borte -. 38: Dei bruka å laga måle sit om, so dei vart ukjennelege for å koma inn – Soleis laga Lars Tvinne med ein komme- rat seg ukjennelege. Eg trudde det var bror min, som ikkje var komen i hus. Eg læt op og baud deihus i stova vår heime, sjølv gjekk eg ut i kammerset og læste att - . Far og mor låg på lemen og høyrde kor dei lo til denne mot- takinga. Om morgonen åt dei frokost med oss. Det var sundag og far baud dei inn på hagen for å eta bær – Då var L. Tvinde hjå handelsmann Hustveit på Vangen. På denne måten gjekk mange ut for å halda moro - . Ein annan gong kom det ein sjauar til meg, so eg tykte svert lite om. Eg sa til han gå op til lofte der. Eg går inn etter lykelen. Han gjekk og der oppe i Buagangen stod ei geit. Eg låste gatedøre og såg ikkje guten att på lenge. Han vart fornerma. 39: Eit vers frå denne tid: Eg ser deg, eg ser deg; men kan ikkje koma til deg - . Likeins: Eg tykkjer so vent om det gule hår som eple det dryp upp av kviste Ja sæl er den som deg mun få – Gud betre den som må miste -. 40: Var det sanelge gutar so for dei stilseg fram, for dei sku inkje vekkja upp gardsfolki-. \[s. 6\] 41: Mange foreldre og husbandsfolk såg stykt på nattesjauen – soleis var det ein far til avdøde ordførar Hjelle, som hadde 5 fine døtre, som vart mykje plaga av friara. Ein laurdagskvell tok han eit grytlåk av desse store malmlåki i handa, og sa: ja de skulle ha hatt av dette; men det er synd å drepa dikka og - . 42: Sume gjentor tok vel mot friarane, andre var påverka av truande foreldre, og læt inkje op for andre ænn den eine. Dersom det gjekk, so braut dei gjerne op lås eller eit vindauga – sjauarane. 43: Sume gutar hadde med brunsukker, eller brennevin. 44: Gjentene hadde gjerne ein rjomekling eller ein krotakling som dei hadde etla åt friaren sin. 45: Dersom ei gjente likte godt guten kunde ha flamma han sokkeband eller laga han eit hekla slips eller laga ha saumde selaband -. 46: Var der ein flokk so for dei helst fort fram frå gard til gard, om lag eit kvar- ter på kvar plass. Den einslige nattefriaren. 47: Ein kunde lura seg att, når dei andre gjekk vidare-. 48: Den eine kom gjerna ein særskild kveld som var avtala, eller same kvellen som andre gjekk – men had- de ein eigen måte å koma på so gjenta kjende hans mål og ganga med ein gong. 49: Det var om å gjera å halda det so hemmeleg so mogeleg, so lenge det gjekk ann – \[s. 7\] 50: Ein einsleg friar kunde gå eit halvt år og upp til fleire år til same gjenta. 51: Guten gav gjerna gjenta ein ring – frå ring av tæger til ring av sølv. Det heitte venskapsring. Han kunde og gjeva henne brevskrin som han sjølv skar ut – Gjenta kunde gjeva skokkeband, selabånd, hekla slips, vottar o.anna -. 53 52. Her bruka dei å bjølla for den einslege friaren eller strø med sagamø -. Dette var det gjerna alle ungdomane var med på - . 52 53 Det kunde vera ein forsmåd friar, som var i spidsen for slik leven, og mange vart då med på moroe, som dei heldt. 54: Guten og gjenta lika det dårleg – 55: Foreldri tykte det var leitt -. 56: Dei unge vart rekna som trulova etter slike hende. 57 På sætra var det omlag som heime. Dei kom sume tider i lag og andre tider berre ein – III. Andre måtar som førde undgomen saman. A. På kyrkjebakken. 58: Ungdomen kunde knapt tala saman på kyrkjebakken. 59: Gutane hadde gjerne brennevinflaske med i eldre tid, so hadde dei brunsukker ogso 60: Gjentene hadde ogso lommelærka med i eldre tid. Elles kunde dei ha med kling. 61: Gjentene måtte venta til gutane kom -. 62: Gjenta kunde blinka på den ho lika bist. 63: Har inkje brukt påskeegg her -. 64: Det var faste kvileplassar. Der kunde dei unge møtast og tala saman. 65: Her leika dei i Prestegardsmoen. Ein dal som heitte «Gladalen» Der har eg vore med mange gonger å leika. \[s. 8\] 66: Her dansa dei inkje so nær kyrkja. Men i Prestegardsmoen kunde dei dansa -. B. Gjestebod saman med eldre. 67: I julahelgi hadde dei gjerne «veitla» for slekt og vener. Soleis og i Påskehelgi, Pintsehelgi ved barnedåp og gravferd - . 68: Gutane og gjentene kunde no snakkast saman i slike gjestebod. 69: I bryllup var det ofte vanskeleg med senger til gjestene og gutar og gjentor kunde sova på flatseng eller i løda som det høvde seg. Sume tider drog dei lut om dette og - . 70: Stabbedans har eg inkje høyrt om. 71: Det måtte i so høve vera krilik. 72: Det var rimeleg at dei prøvde å koma seg undan. 73: I eldre tid var dei inkje rædde å drikka av same koppen t.d. «ølkjenga» - C. Andre høve dei ældre var med. 74: Det hende ofte at dugnad slutta med dans. 75: Gifteferdige ungdomar var med på auksjo- na og mest vanleg var dans etterpå. 76: Her hadde me ein viss dag smalauksjons- dagen. Då møtte dei mannjamt op -. 77: Då baud helst gutane på kaffi og mat og ofte var det dans i ungdomslage etterpå. 78: Det hende at eldre og yngre var med på samskotslag t.d. grendafestar. jonsokbryllup og misjonsfestar 79: Grendafestar. jonsokkbryllup og misjonsfestar D. Samkomor der ungdomen var mest for seg sjølv. 80: A. Om sumaren. Dei hadde gjentegjestebod. 81: Sume tider bad dei gutane. Dei kom ogso utan inbjoding. 82: Mat og drikka helt husbandsfolki. Det kosta ingen ting for tenaren. 83: På eit gjentegjestebod var dei ca 5 – 10 – 15. Det gjekk helst på omgang. \[s. 9\] 84: Slike gjestebod helt dei fredagskvellane. 85: Gjentene arbeidde til seg sjølve. Elles hadde dei ymse leika. Gjette gåtor song visor og fortalde stubbar, sume var flinke å rima. 86: På sætra møttest ungdomen gjerne Olsok. Då brende dei bål og dansa. Mat og drikke fekk dei hjå sætergjentene. 87: Dei hadde gjerne same slag moro men ofte so hadde dei spelemann med seg. 88: Eg trur ikkje dei hadde anna jonsok og Ol- sok som samkomedagar her - . 89: Ungdomen reiste gjerne i flokk etter bær og sume fann kvann. Sume kalla denne dagen for bærsundag. 90: Dei reiste gjerne i lag for å fiska. 91: Um vår og sumarkvellar var det sams leik slag på ball og kasta skothella - . 92: Ofte kunde ældre folk vera med å sjå eller ta del i leiken. Passa på, Nei! 93: Helgedagsettermiddagane kunde ungdomen koma saman å leika og ræka etter vegane. 94: Her gjekk dei på stasjonen. Der traff dei einannan og gjekk gjerne i lag om kvellen. b. Om vinteren 95: Det var slike samkomor som eg har skreve om fredagskveldsæta for gjentor og gutar. 96: Når vinterkulden tok til byrja desse sam- komen og varde til mars. Samkoma vara frå kl. 20 – 23–24 om natta -. 97: Desse kveldsætene gjekk helst på omgang. 98: Mi mor fortalde at ho kunde hugsa dei helt fredagssæta på fjøslemen 99: Dei måtte inkje bråka mykje for dei eldre sku få sova. Dei song, gjette gåtor, fortalde stubbar. 100: Det kunde henda dei fekk dansa i ei stova som stod ubrukt etter kårfolk. Då stod husbonden på gareden for dette. S10 101: Gutar og gjentor hjalp til med fyrebuing. 102: Speleman sytte gjerne dei unge for. 103: Utgiftene tok dei del i dei som hadde råd. 104: Det vart oftare dansemoro når trekspele kom. 105 \[-104.\] Ungdomen møttest på ski, skeisor og i kjelkebakkar i eldre tid ogso. Kappkøyring var det ogso. 106: Gifteferdig ungdom kunde vera med på samkomor av dette slag. 107: Eg trur inkje det var noko skilnad. 108: Det kunde vera skilnad millom tenestefolk og borni i heimen. Tenestefolki måtte arbeida ofte hardare og dei måtte ha lov å gå. 109: Dersom foreldri nekta var det gjerne reli- gjøse, sosilale eller økonmiske grunnar. 110: Dei unge måtte retta seg etter dei eldre. IV Juletråd. 111: Har høyrt om Rokkemann og spinnekall og likeins at dei kalla kvinna tudskpike og skoghuldra. Det var den fyrste som dei møtte etter jolehelgi -. 112: Har inkje høyrt det vart kalla for embetsmenn. 113: Trur inkje det har vore brukt på Voss. 114: Anna Bere mi oldemor laga tråd i alle farga. Ho leta med planter og brurapikene kom alltid til henne og bad om tråd til lå binda om flettene sine i brylluppi. Kan hende ho laga juletråd ogso. 115: Me bruka inkje juledokkor på Voss. 116: Trur inkje rokkemannen fekk noko gåvor. 117: Har inkje høyrt at Rokkemannen gav gåvo. 118: Ja dei baud gjerne Rokkemannen på mat og drikke. 119: Har inkje høyrt at Rokkemannen hadde noko plikter soleis. 120: Dersom dei lika \[tusta\]pika so fekk ho gjene ei treausa med tida. 121: Ho fekk ogso gjerne mat og drikke. \[s. 11\] 122: Det var vel ventande det at ho hadde same plikter. 123: Det har eg aldri høyrt om. 124 Sume trudde vel på slikt men dei vart ofte skuffa. 125: Har inkje høyrt om det. 126: Det har eg aldri høyrt om. 127: Dei gjøymde han vel til eit minne. 128: Dei hadde no lov å fri på skotåri; men om det vart gjort har eg mine tvil om. 129: Har høyrt om tilfelle dette vart gjort; men dei levde inkje godt saman, sa folki. \[-Mors og farsdagen. Tillegsspørsmål til nr. 59 – spørs mål 71 – 75.\] \[s. 11\] Eg takkar for sendinga, og sender min hjartelege helsing om ein god sumar – Kjærleg helsing Martina Søylen 20 de juni vert eg 75 år, om eg lever til den tid. D.S. Då det ingen konvolut var inni pakka, so sender eg det i same konvolut som papiri kom i. M. Søylen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste