Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14419_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_71_14419_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ja. 2: Med mistru. Meinte dei visse forlite til etta då. 3: Ja: eller oppover, ikkje nedover. 4: Ja. 5: I svært mange høve. 6: Ja, dei var nøgnaste. 7: Var foreldra i godt lag, som t.d. i brudlaup o.l, lova dei ofte bort borna sine tilkvar- andre, sjølv om borna var heilt små. Eg kjenner til eit einaste tilfelle. Det var ein konfirmasjonsdag 1923, at ein mann frå garden Kvarekval avtala gifte millom dotter si og ein gut frå Fletre. Desse tvo borna vart konfirmerte den dagen og gjekk jamsides på kyrkjegolvet! – Foreldra på båe kantar meintest vera \[-gruse\] (gjeve) folk, og borna var firmenningar. – Men om foreldra var samde, så vart det likevel ikkje av noko giftarmål, for borni var imot det. 8: Ja. Det hende ikkje sjeldan at fleire par syskin vart gift med fleire syskin or eit anna hus. Soleis vart tvo systre frå garden Gjøstein gifte \[s. 2\] med tvo brør frå garden Hefte, og ei syster åt Hefte’s brørne vart gift med bror til dei tvo systrene frå Gjøstein. Slikt kalla dei hemdabyte. 9: Det vart gjerne sagt so: «Når ein fyrst er byrja på eit godt slag, får ein halda seg til det». – Dei rekna ofte folka som dei rekna dyra, og vilde ha god avstamming. – Vilde gjerne gifta borna inn med «gilde» folk. D.v.s.: kloke folk, rike folk, og folk med gode gardar. 10: Det vart ikkje rekna for bra, at syskinborn gifte seg i hop. – Det veikte etterkomarane, Men som unnantak tillet foreldra det, når det gjeld å redda ettegardar og binda stor rikdom i hop. Dei la ikkje hinddringar i vegen for tremenningsgifte, og gifte millom fir- menningar, vart rekna for ein \[\_fordel\] om det var \[\_grust\] på båe kantar. 11: Nei. 12: Det hende, men skjeldan. 13: Ja. – Det var mot bodorda. – Og gjekk det mindre bra økonomisk og hende ulukker o.a. i eit ekteskap mot foreldreviljen, vart det rekna for straffedom som laut koma. 14: Det hende ja, dei fann støtte hjå rettleidings- mannen i grenda. – Han kunde vera ein ombodsmann, eller ein vanleg mann som folket hadde fått tillit til. – I sume høve var det ei nerkona (jordmor) eller onnor myndig klok, eller særleg religiøs kvinne. Desse kunde rettleida i slike høve og. \[s. 3\] 15: Skjendarskot, kalla, hender det dei skyt no og. Det er vanlegvis ein som vilde havt brura sjølv. Eller bror at ei som er sviken av brudgomen. – Men ikkje sjeldan er det uvener av brurparet eller helst foreldra deira, so som tenarar som har tent på garden , og tykkjer seg dårleg hand- sama, som steller til dette så dei får skjemma ut noko. 16: Eg har hørt døme på det: Ei gjenta av «ringe» folk som gardguten ikkje vilde sleppa, sjølv om mor hans var mot det, vart teken i teneste på garden deira på Vossestrand, eit halvt års stid. Og vart så godteken for giftarmål med sonen. Mor hans sa desse orda: «Ho har rikdomen sin i hendene sine.» Ho vart godteken utan onnor medgift. – Det hene sameleis, at jordegjenter (gardsgjenter) fekk gifta seg med dugande dreng, om han var av fattigfolk. 17: Husmannsborn stod friare. 18: Ja til vanleg. Men eit døme eg kjenner til, der nekta far til den unge enkja henne å gifta seg att. 19: Ja. Dei såg lite på om gjenta var noko eldre, dersom ho var rik, hadde bankbok, gard og onnor eiga. 20: Gjenter la gjerne tre strå av jonsokgarset under hovudputa, jonsaknatta. Dei sa gutenamn for kvart strå. Og ved bløminga på strået morgonen etter, fann dei ut kven dei skulde ha. Dei tok og varsel når dei tok ned vevspilene. Og gjenta som greidde springa rundt stova med ein heil klingeleiv oversmurt med rjome, skulde sist på etter det meisterstykkje sjå sin tilkomande bita i klingen. Eg har høyrt om ei frå Bordalen som påstod ho føreåt hadde set mannen sin slik. \[s. 4\] 21: Nei. – Men brennevin, bruka av gjente so vel som gut var eit drastisk «hugvendingsmedel» som var brukt. Dertil var det i eldre tid sagt her at dei «forgjorde» den guten dei vilde ha. – Soleis fekk vonde kvinner gode gutar til gifte. 22: Folk meinte at kvinnor som forgjode menn bruka si vonde ånd til det. Det gjekk ikkje over, men ulukkeleg for alltid vart den mannen. 23: Ja, Det var god folkeskikk og sømd. 24: Heilt slutt er det vel ikkj i bygda enno. 25: Sjauar 26: Ein som gjekk på nattefriing gjekk åleine, og var vel helst ein ærleg belar. Medan sjauarar helst gjekk i flokk, og berre for å ha moro. 27: Opptil ti-tolv stykkje. 28: Dei måtte vera konfirmerte. 29: Gutane var som regel frå same grenda. Kom der frå andre grender eller bygdar, vart det helst slosting og spetakel. – Såleis låg Vik i Sogn og Myrkdalen (Vossestrand) stadig i uvenskap, fordi Myrkdølingane kvar haust gjekk over fjellet til Vik for å finna seg gjenter. Det enda ofte med skamfaring. 30: Det hende nok at tenarar og husmannsgutar gjekk i lag. Då både tenarar og husmansgutar kunde vera syskinborn åt gardsgutane. 31: Ja, laurdagskveldane. \[s. 5\] 32: Det hende dei slumpa i lag. Men vanleg var der lite venskap. 33: Dei gjekk i lag. 34: Ja, fredagskvelden, var deira kveld, helst. 35: Laurdags og onsdagskvelden var etla til slikt. 36: Det var \[\_vanleg skikk\] at dei tok omsyn til dette. 37: Ja. Dei heldt seg helst til heimegrenda og nærmaste grendene. 38: Ja. 39: - Eg kjenner ikkje til dei eldste rima. Men: «Eg ser deg, eg ser deg og kan kje koma til deg» har vore bruka i seinare tid. 40: Ja. Gutane gjekk på lodneskor, eller sokkeleisten inne då. 41: Dei lika det helst lite. Ein bonde på Hjelle, Bordalen, sprang soleis mot sjauarane (som vitja døtrene hans) med ei ovnslok av gjarn og ropa: «Nei det er no vel synd å drepa dykk og» Men nattefriarane tok til beina. 42: - Bra gjenter drygde lengje med å lata dei inn. 43: Gutane hadde med brennevin, eller brunsukker, seinare peparmynte med ord på. 44: Gjentene kunde og ha brennevin i kista si, å by på. ( Der er kister med flaskerom i ledika.) 45: Gjenta kunde gøyme krotakling å bjoda nattefriaren ho lika. Ho kunde òg gjeva flamma sokkeband, eller tøffelforma klokkehua som ho sjølv hadde laga til den ho føretrekte. 46: Ein time eller, mindre var det sjauarar som skulde vitja fleste husa i grenda på ei natt. Ein kvar nattefriar såg til og for heim før stjornings- tid neste morgon. 47: - Det kjenner eg ikkje til. 48: Var han glad i gjenta, kom han føre og sytte for at hine ikkje slapp inn. 49: - I fleste høve, ja. 50: Til dess dei trulova seg. 51: Ringar av fletta tæger. – Guten gav gjenta hovudturkle (gjerne av silke) Ho gav han halsklut. Han kunde gjeva henne ei sylvnål eller brevskrin med namn og årstal (gotiske \[s. 6\] bokstavar.) Ein venskapsring av sylv, gav dei kvar- andre gjerne båe. Det var det mest bindande teikn. 52: Det var helst medbelarar. Gjentor som var åbrue. Stundom laga far til gjenta snare for han, om han ikkje var omtykt som friar. 53: Det var helst ungdom som vilde ha morro. 54: Det var vel helst ille lika. 55: Dei rekna det helst for ei skam for seg. 56: Nei. – Men anten rakna venskapet eller vart fastare. 57: Båe deler. På Jonstølen, Voss, var ti budeier. Friarar kom i flokk. 58: Ja. 59: På lemmen over hestestallen på Vossevangen, vermde dei drikke og klær, og møttest unddomane etter guds- tenesta. Gutane baud brennevin, og brunsukker. Og gjentene baud stundom av nista si. 60: Gjentene baud kling, stundom kringle. (Fettakringle.) 61: Dei venta. 62: Det kjenner eg ikkje til. 63: Nei. 64: Ja. – 65: Nær kyrkja, i Prestegardsmoen, leika dei, folkeviseleik, slå på ringen, siste par ut, tre mann i vinden, o. m. Dei kallar det Gladdalen der. 66: Nei. 67: Dei hadde ettegjestadbud i julehelga, vanleg gjeste bod dei andre høgtidene. Men etta måtte bedast då og helst. 68: Ja, det var god skikk. 69: Det var vanelg skikk at ungdomane skulde liggja på flatseng. 70, 71, 72, 73: Dette er ukjende ting for meg. 74: - Det hende ofte, men var vel ikkje vanleg. 75: - Ja, og der var ofte høve til dans. 76: Her var einslags marknad årviss: Smaleauksjonen. Den var alltid fyrste måndag i november. Dei har enno denne sjeldne marknadskikken her. 77: Det kunde vera sylgjer dei kjøpe, og silkelummedukar. – Der var ikkje dans på staden. 78: Ja - låvedansar. \[s. 7\] 79: Dei kalla dei: veitle om det dei var i mindre omfang, og med mat og drykk. 80: Ja. 81: Ja, dei baud inn gutane. Pakkefestane var slik. 82: Pakkefestane, der heldt husbandsfolket maten og drikke. – Det høyrde kje med i løna, men var god skikk. 83: Små vanlege gjentegjestebod gjekk på omgang. 84: Fredag. – Men pakkefestar laurdag. 85: Fortalde sogor, gjette gåtor sitjande leikar. Men på pakkefestane var der leik og dans. 86: Ja. Helst olsok. 87: Ja. Og dei hadde ofte spelemann med. 88: Berre jonsok og olsok. 89: Ja dei samlast sunar om hausten og fann bær, stundom kvanne. Ikkje særkilt namn. 90: Nei. 91: Det hende nok stundom. 92: Det hende sjeldan. 93: Ja 94: - Gjenter og gutar gjekk i flokkar kvar for seg. 95: - Gardsfolket si vanlege kveldsete kalla dei «å skumta seg». Men fredagskvedsete var gjentene sin hyggjekveld med saum og spøt og prat. Stundom fekk gutane koma på vitjing. 96: Dette var tre månader vinterstid. Samkoma varde frå kl. 8 til 12 om kvelden, vanlegast. 97: Ja. 98: Ja. I den tida gjenten låg i fjøset. 99: Gøymespel, og Borsjen, leika dei, og song viser. 100: Dei dansa i jolehelga og nyårsafta. Gardbrukarar heldt hus. Ymse ungdomar eller ein spelemann stod for. 101: Gutar og gjenter hjelpte til. 102: Gutane. 103: Gutane betala spelemannen. Gjentene stod helst for hitt. 104: Ja det vart mykje oftare dansemoro då. 105: Ja ungdomen møttest i ski og kjelkebakke \[s. 8\] 106: Gifteferdig ungdom var slik då som no, sume spurde om lov, andre ikkje. 107: Gutane stod alltid friare i so måte. 108: Tenarane var vel mindre frie, av omsuta til arbeidet.. 109: Helst religiøse. 110: Ja det var det vanlege. I alle spurgsmål kring juletråd står eg uvitande. Her har eg aldri høyrt gjete desse skikkane. - Men ein ting har eg høyrt: Att eldste kvinna på garden alltid hadde tråd i alle regn- bogen sine fargar. (Trugleg vevgarn.) Dei som skulde vera brudpiker, henta tråd hjå henne (i mange fargar) og vova heilt inn \[\_flettone\] sine i det.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste