Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_14408_He_Elverum
Transkripsjon av filen #NEG_71_14408_He_Elverum
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ja, men det vart ikkje lagt same vekt på det i alle bygder. Åmot i Østerdalen heldt på «innavel», Elverum og Solør-bygdene la mindre brett på det. 2: Ei grannebygd som Hof og Våler til Åsnes var jamgodt med eiga bygd. Men desse bygdene var opphaveleg ein kommune. Det var ikkje berre morosamt å kome vilt framand til grenda ved inngifting. Her spelar skikk og bruk i arbeid ei stor rolle, og dialekten og. 3: Dette var nok viktigare enn grannebygd. Her er det skjedd eit stort omskifte som eg vil datere til krisetidene i 1930-åra. 4: Ja. 5: Det var nokså vanleg for den eldste som skulle ta over garden. Her spelar systemet med føråd eller kår inn. 6: Dei velståande og dei med store ambisjonar. 7: Ja, men vanleg var det ikkje. 8: Syskenbytte kom ofte i stand. Når ein av ein stor barneflokk gifte seg med ei av ein annan syskenflokk, vart det lett omgang mellom ungdommen , og dette drog ofte meir etter seg. 9: Spørsmålet refererer vel til 7. Både og. 10: «Kva meinte folk « Det dei meinte i 1750, og i 1850 og i 1950 fell ikkje saman. 1800-talet hadde mykje av skyldskapsgifte. Til og med dobbelte syskenborn (Resultat idiotar til born). Firmenningar har ikkje vori rekna for skyldfolk dei siste mannsaldrane. Men syskjenborn- og fremenninggifte vart no gjerne kommentert i bygda, utan at ein kan tale om forarging. 11: Det har eg aldri høyrt. 12: Ja. 13: «Vanleg meining» er for sterkt sagt. 14: Ja, onkler og tanter blanda seg ofte inn. \[s. 2\] 2 71 15: Nei. 16: Kloke foreldrar har alltid visst at ein bør fara med lempe i slike saker om ikkje resultatet skal bli det stikk motsette av det ein ynskjer. Det gjeld da å finne grunnar for ei utsetjing. Dei fleste foreldre gir seg når dei ser alvoret. Foreldreautoriteten var større før, men elles er det lite som skil. 17: Ja. «Fanten» dvs. proletarane stod friare. Men dei hadde mindre å velja i. 18: Ja. 19: Det var gutane som «valde», i alle fall offisielt. Kommoder og bankbøker spelte inga avgerande rolle, det var viktigare å sjå bra ut og vera «takug» (arbeidsam). 20: Ja, sjå artikkelen min «Liv og levemåte» i «Glåmdal». 21: do. 22: Slike spørsmål likar eg ikkje. Kva slags folk ? Når ? Svara her \[-er\] må bli verdlause for ein granskar. 23: Blugskapen var ein realitet heilt til no i etterkrigstida. Det som høyrde natta til, det høyrde natta til. Klining og kjeling i dagslys var utenkjeleg rett og slett. Samvær i arbeid var noko anna. 24: Er det så sikkert at det er slutt ? Formene skiftar, det er så. Men menneskenaturen er som før. 25: 26. «Nattfriaren» visste kva han gikk etter, «nattløparen» var kanskje berre ute etter moro, eller for å orientere seg. 27: Det tek til å ligge langt tilbake i tida no, denne friinga i flokk. Og mine besteforeldre er døde. 28: Ja. 29: Ja. Det var risikabelt å dra til andre bygder, det kunne vanke juling. 30: Ja. 31: Ukjent. 32: Ja, sjå 29. 33: Av ei rettsak frå 1850 ser eg at tenestegutar og bondesøner var i lag på fjøsfriing. (Heradsbygda i Elverum). 34: \[-kj\] Ukjent. 35: Laurdag. 36: Det trongst ikkje "forbod" på helgekveldar, det sa seg sjølv. 38: Rengjing av målet høyrde med til moroa. Men vers ukjent 40: Ofte. 41: Generelt svar umogleg. 42: Ja. 43: Det hende, men eg tør ikkje seia det var fast skikk. \[s. 3\] 3 71 44: Det var alltid skikken på sætra. Gutane hadde gått langt og var svoltne, og litt rømme kunne ein alltid setja til side. 45: Det let seg ikkje generalisere. 47: Han kunne, men slike gjekk vel helst åleine. 50: Til vanleg var det vel ikkje så mange månader. Men eg veit døme på ein som gjekk i fleire ti-år. Han vart erta. (Gjenta hadde lova å stelle ein gamal far til han døydde, og ville halde ord.) Per svara på ertinga: (Gjenta var lite pen og) Ho Ragnhild er stygg og står ved lag/ men je blir styggere dag for dag. Det var mykje prek og erting med nattefriinga. 51: Gaveskikkene har skift. Men ringen er det sikre. 52: Fantestykka var stundom grove. Men det kunne vera vittige og. Det var halvvaksne gutar, søner og drenger på garden som for med slikt. 53/54. Dei fleste vart nok sinte. 56: Neppe. 57: Både og. III 58: Det er lenge sia no at kyrkjebakken spelte noka rolle. B. 67: Gjestebod for gamal og ung var julelaga og gravferdene. Det var ofte ættegilde. I påske og pinse var det lita gjesting. 68: Det gjaldt nok eldre det. 69: Ukjent. 70: Ja. Stabbedansen går for seg på scenen på Glomdalsmuseet i dag når Glåmdalsbrura skal kåres. 71: Mest på moro. 72: Ja. 73: Ja, det var det som var moroa. 74: Ja, sjå artikkelen "Liv og levemåte i Glåmdalen. 75: Det var ikkje vanleg med dans etter auksjonar. 76: Grundset Marknad. 77: mest stas. 78: Ja. Mange namn. "Oppsitting" i Stor-Elvdal. 80: Nei. 86: Friluftsdans etter slåtten på sætervollar og utslåtter vanleg. 88: Jonsokkvelden var feirda. Sjå L o l i Gl. 91: Ungdommen samlast til langball-slåing. Etter 1910 kom fotballen. og da vart gjentene tilskodarar. 92: Skikken med "forkle" på hytteturar var vanleg til ca. 1930/35. Det var eit vern om "godt rykte", "mot slarv". 94: Henging på jernbanestasjonane var det mykje av i mellomkrigsåra. 95: Ja. \[s. 4\] 4 71 97: Ukjent. 98: "Følsoppsitting" i Stor-Elvdal kunne gå for seg i fjøset. 99: Viser og "pasasier" osb. 100: Ja. 101: Ja. 103: Det var gutane som betalte. 104: Ja, men det kom vel helst av at ungdomshuset eller lokalet vart bygd på same tid som dragspelet trengde ut fela. 105: Skiaking, kjelkeaking, skeiserenning og kappkøyring var alt populært. Kjelkeaking og kappkøyring er det mest slutt med. Skiakinga og skeiserenning er organisert og har skift karakter. Kjelkeakinga kunne romme mykje av kamuflert kurtise. 106: Det var sjelden forbod, berre påbod om å vera heime att til fastsett tid. 107: Mange var redde for døtrene sine. 108: Gardbrukarane var gjerne strengast mot sine eigne. 109: Religiøse. sosiale. Ikkje så mykje økonomiske. 110: Ja. 111: Rokkmannskikkane har eg skrivi om i Årbok for Glåmdalen og andre stader. Liv og levemåte. 117: På Glomdalsmuseet fins fleire fine rokkmannsgåver. M.a. den rokken M. Østgaard gav Malena Ramm i 1810, (Foreldra åt forfattaren Nikolai Ramm Østgaard). 117: Ja. 128: Ja. 129: Slikt hende nok elles og det. Og hender. Sendt av konservator Håvard Skirbekk 20/5 50
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste