Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_16563_Bu_Hemsedal
Transkripsjon av filen #NEG_71_16563_Bu_Hemsedal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Synet på giftarmål. Det som her blir nemnt, gjeld dei tilhøva som rådde i min barndom og oppvekst. Ymse hadde vel då brigde seg frå gamal tid, men gamal sed og skikk hadde ikkje gått heilt i oppløysing – slik som det snart etter i stor mun skulle gjera. Som aller oftast fann dei gifta si i bygda, men det var og somme utanbygds folk (gjenter helst) som vart inngifte (frå Gol og frå Valdres- bygdene især, meir sjeldan frå Lærdal i Sogn), liksom det og var somme som gifte seg ut or bygda. Gamal standsskilnad (mellom gardfolk og husmannsfolk) var mykje godt borte i mi heimbygd den tid eg vaks opp. Så vidt eg veit var det ingen husmenn att, medan det i gamal tid hadde vore mange. Men i nemningsbruken hadde det enno att, med di somme bruk vart kalla «plass», andre «gard» - det gjekk då i min oppvekst helst \[s. 2\] på storleiken. Det vart ikkje rekna for nokon skam å bli gift med ei plass-gjente (eller gut). Men derimot vart det gjerne sett på om vedkommande «sat smått i det» eller ei. Det var om å gjera å bli «godt «gift» d.v.s. gift med ei (ein) som sat godt eller i alle fall bra i det. Foreldre såg gjerne etter at det kom ei kone på garden som kunne «grynne gjøldé» (gjera gjilde «grunnere»). I eldre tid var det nok foreldra som avgjorde giftarmålet, i alle fall skulle dei gje sitt ja-minne til det. Somme var stride og harde i denne saka, andre meir skjønsame. Og i eldre tid var det nok meir enn ei tragedie av den grunn at foreldra nekta borna å gifte seg etter sin hug. – I min oppvekst var det vel mykje godt slutt med at foreldra tok av- gjerda i giftarmål. Men det hende nok at dei sette seg så imot eit påtenkt giftarmål at det gjekk overstyr. Dette vart likevel sett på som hjartelaust og mindre sømmeleg. At foreldre-par beintfram avtale seg imellom giftarmål mellom borna sine trur eg ikkje hende. Men at somme kanskje la planer i den lei og størde borna sine til det, held eg for rimeleg. Men slikt kom sjeldan opp. – Grunnane var i til- felle: gjæv ætt på båe sidar og velstand og ynske om å byggja velstanden for ætta framover. \[s. 3\] I ei så avstengd bygd som fjellbygda Hemse- dal vart det sjølvsagt ein del skyldskapsgifte, om dei enn kanskje freista å unngå det. At firmenningar og også tremenningar gifte seg med kvarandre, vart ikkje rekna for å vera uheldig, så vidt eg veit. Att syskinbarn gifte seg med kvarandre trur eg var eit sersyn. At unge sette seg opp mot foreldra hende nok, men nokon sers omtala hending i den 15 lei kan eg ikkje minnast. – skamskot el. l. kan eg ikkje minnast noko om, men heller ikkje nekte at \[såvore\] kunne ha vore skikk i eldre tid. - Prøve for guten eller gjenta som ville gifte seg mot foreldra sin vilje har eg ikkje høyrt om. - Grupper av folket som sto friare enn andre andsynes skikken kjenner eg ikkje til at det var. 20 Varsel om kven ein skulle få: dei kjende fyregjerdene ved julefasting (og helgemess-fasting) er det fortalt om også frå mi heimbygd. – 21 Hugvendingsråder har eg ikkje høyrt omtale. Nattefriing. Nattefriingsskikken har nok vore nytta i mi heimbygd frå gamal tid, men det var lite eg høyrde om han i min oppvekst. I gamal tid låg tenestfolket på fjøshjaller, det var det for lenge sidan slutt med. Men også i min barndom låg gjentene på loftet sommarstider (somme stader i alle fall), og det var sikkert ein leivning frå den tid nattefriing var vanleg. \[s. 4\] Nattelauping i flokk som bygde- eller grendemoro trur eg det var slutt med for lenge sidan. Men einslege nattefriarar fanst det vel sakte. Det held i hop med at alt skulle gå heilt dult for seg til det var «visst» mellom dei to. III Andre samværsformer. 58 Ved kyrkja sat karar og kvende på kvar si side. Men etter messe kunne gutar og 59 gjenter dotte seg saman. Og i gamal tid 59 var det skikk at gutar og gjenter trakterte kvarandre med brennevin, treakl (eim – kokt saft av einebær), sidan kake og sukker- klumpar (kyrkjeklumpar vart eit slag kalla). Gutane skulle be om å få smaka, og gjentene skulle «la seg beda» ei stund (gjera seg kost- bare). Denne skikken var det for lenge sidan slutt med i min barndom. (Det var helst ved nyårsmessa det var «traktering i gamal tid). 74(?) I arbeidslivet råka gutar og gjenter kvar- andre titt og ofte, serleg i slåttonne og skurden. På dei litt større gardar vart det leigt både tenestgutt og tenestgjente («ønnegjente») om sommaren (dersom ikkje borna var store nok til å hjelpe til det som trongst). Ganske ofte kom det då folk frå andre bygdelag (Valdresbygdene), og fleire gutar og gjenter vart på den måten kjende med han eller henne dei sidan vart gifte med. 67 I bryllaup møttest sjølvsagt ungdomen, og i mange var det dans og moro (under den 70 såkalla «sabbedansen» skulle karar og kvende parast saman to og to til dansen, og det kunne bli mykje moro ut av det. «Stabbedamsen» var det for lenge sidan slutt med i min barndom). 74 - På dugnad, auksjon o. l. var det ikkje 75 dans, det eg minnest. 80 Om sommaren hadde ungdomer heime i bygda mi «gjentelag». Det var skikk at kona og dei mindre borna var på stølen og stelte krøtera (ikkje budeier), og mannen i huset drog på stølen laurdags ettermiddag. Då rådde ungdomen seg fritt. 83: Gjentene i ei grend slo seg saman og heldt gjestebod laurdagskvelden. 82) Dei serverte kaffe, bakels (kaker), rjomebrød og mjølkeprim. Det var skikk at tenestgjenta skulle ha ein stabel rjomebrød og ein dugleg mjølkeprim- ost (forutan kaffi og sukker) som ho kunne traktere sine vener og kjenninger – gutar og gjenter i grenda – med når dei kom på vitjing). 87) På gjentelaga spanderte gutane brennevin, og det var dans på låven utetter natta. 95? Om vinteren var det lite av selskap og samkomer – i alle fall av det slaget at heile grenda kom saman. Det var helst gjestebod huslydane imellom, og gjentene bad til seg dei nærmaste av ungdomane i grannelaget. 105 Ein del kjelkeaking var det i grendene som grendemoro. Dei lånte ein sluffeslede, som gav plass til ein heil slokk, og så sat ein på ein vanleg kjelke i skjekane og \[s. 6\] styrde. Det kunne gå strykande. Elles dei nytta vanlege kjelkar og ek ned- over kjelke for kjelke. 100 Omframt dette kom så samvær i fråhalds- lag, ungdomslag, religiøse samlingar og festar osv. Juletråd Skikken med røkkemann, låvekjering og stabbedonke (arbeid i skålen) var kjend frå gamalt, men hadde så å seia gått or bruk i min barndom. Nemningane var i bruk, men dei tok det berre som ei moro, og skikken med gåver (t.d. tråd- dokker) var det slutt med. Å «gå étte´ tråé» (ligge tråddokker) vart ikkje omtala det eg kan minnast, men var visstnok slikt i gamal tid. Serlege skotårsskikkar høyrde eg ikkje omtala. 14-8-61 Ola Rudvin
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste