Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_16145_Ho_Kinsarvik
Transkripsjon av filen #NEG_71_16145_Ho_Kinsarvik
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det var det vanlege. Då kjende dei til «slegta» vart det sagt. 2: Det var bra nok om dei kjend til folket «slegta». Det var om han eller ho var so bra folk som var det viktigaste. Odtak om guten eller gjenta kom lagveges frå: «Me veta lite om det er fant (fenta) eller fagnad folk» 3: Det var slik frå gamalt; men seinare såg folk meir på karakteren og at han (ho) var ao bra folk. Karakteren vog mest 4: Likt for båe. 5: Dei var medverkande; men elles var det helt dei unge som rådde seg sjølve Foreldra kunde nok setja sin vilje igjennom men var både parta av bra «folk» so tok bygda som regel parti med dei unge. Eg kjenner til eit tilfelle. Båe er no farne. Men dei reiste sin veg då far til brura sette seg reint på bak beina. Seinare vart det forsoning og far til gjenta (kona) sa ved eit høve: «Han Ola vart no beste moogen min likevel han. No er han vorte meir til \[s. 2\] mann enn eg.» 6: Det hende, men nokon viss regel var det ikkje 7: Nei, ikkje det eg veit. Dei gamle kunde nok ymta frampå om slikt, men det vart helst teke på som ein spøk. 8: Nei, det er ukjent i Kinsarvik 9: – « - 10: Det hende at syskenbarn gifte seg med men det var ikkje helde for bra No hender det oftare. 11: Har aldri høyrt tale om at der er nokon skildnad. 12: Det hende både tidt og ofte 13: Det vart sagt at det vilde gå gale avdi dei trassa far og mor. Men det var helst utfrå eit religiøst stands- punkt. Det nemleg at ein skal lyda far og mor (Hustavla) 14: Det hende. Dei kunde ha sine «forbindelser» ute i bygda. Presten kunde ofte vera god å ty til. Han var og halden for ein god meklar. 15: Dei kunde skjota «skammeskot» når det var noko med brur eller brudgom folk lite lika – Kanskje at brudgomen på ein ufin måte hadde narra ei onnor gjente eller brura hadde narra ein annan gut. Skamskot var anten berre eit skot eller oddetal. Dette hende når dei reiste til kyrkja eller kom frå kyrkja. Helst vaksne gutar. 16: At det beint fram vart sett nokon prøve på guten eller gjenta kjenner eg ikkje til. Men synte det \[s. 3\] i dagleglivet at dei var flinke – strevsomme pliktoppfyllande, tiltaksrike o.s.b. då vart det oftast «forsoning» enten før eller etter brudlaupet. 17: Dei som sat med bra gardar og var av god ætt som det heiter, der var plikta større med omsyn til den ting at dei skulde halde seg innan ættene som var heldne for bra. Dei andre stod meir fritt. 18: Det var so. Ho kunde setja at åleine på garden med småbarn og alt strævet som fyljger med. Ho kunde då vera nøyd til å finna seg ein mann nr. 2 Då var det \[…haka\] at det var ein bra og pålitande kar. 19: Nokon regel for dette kjenner eg ikkje til, anna enn at det alltid var eit plus om gjenta hadde nokre skillingar på «kistebotnen». 20: Frå gamle dagar, er det fortalt at dei skulde gå baklengjes rundt huset dei budde i jolaftan. So skulde dei kika inn gjennom vindauga. Då vilde dei sjå kven dei skulde bli gifte med. 21: Eg minnist frå min tidlege ungdom at dei fann noko dei kalla «laupar- kulor»; men noko nærare greida på kor dei vart bruka veit eg ikkje, og hev heller ikkje fenge greide på det av dei eg hev spurt. Andre råder hev noko vore lukka til å \[..kkja\] kjærleiken. Men eg kan ikkje for visst nemna slike. 22: Kjenner ikkje til det. Når folk tala om slike ting so var det som ein spøk. 23: Ja, det var slik før. Då var det ikkje heilt \[s. 4\] som det skulde vera og gut og gjenta gjekk saman på vegen, om det, so var midt på ljose dagen. Um dei gjekk saman etter at det var vorte myrkt, sa ikkje folk so mykje. (Dei var vel verre å få augo på då) Alt dette er vorte forandra i seinare tid. Men ikkje lenger attende enn til den tid eg var so 18 – 20 år pålag, so veit eg ein sundag eg vart i fylgje med ei gjenta på landevegen. Me gjekk på kvar si sisa av vegen og kjende oss ikkje heilt vel kome. Hadde det vore murkt so hadde me nok gått nærare kvarandre, trur eg. \[\_Nattefriing\] 24: For om lag 45 – 50 år sidan, men eg er ikkje trygg på om det ikkje hender enno 25: Nattelaupar vart nok bruka, men det mest vanlege var «Tuskar» fleirtal Tuskarar 26: Det var det nok. Nattefriing var meir alvorleg meint. Då kunde guten og gjenta vortne «einige» som det heitte. Då reiste han gjerne om laurdagskveldane for å vitja gjenta si. Det vart kalla at han for i friing eller fridde. Dette sa dei om so dei var ringa og alle visste at dei skulde ha einannan. Natteløyping det var noko anna. Då var det gjerne fleire gutar ilag som herja rundt og skulde ha tak i slike og halde leven med slik som var ute meir erlegt erend. Men desse gutane kunde og sleppa inn til gjentune og sitja der ei stund å ha seg ein prat og so galnast noko lite kan henda. \[s. 5\] 27:) Det kunde ymsa. Tvo tri var vel det vanlege, men dei kunde vera fleire. Dei 28: måtte vera vaksne. Det er konfirmerte helst minst 17 – 18 år. 29: Ja helst frå grenda og slike som heldt lag. Drenger og tenestegutar kunde og vera med 30: Det hende nok. 31: Det kjenner eg ikkje til. Det var helst laurdagskveldane det var friar – eller tuskekveldar. 32: Det var det nok; Det var gjerne slike som hildt i hop i andre ting og. Det hende ofte at det var einslags uvenskap millom gutane i tvo grender men det stakk aldri djupt – allerhelst når grendene låg nær opp til einannan. 33: Ingen regel i såmåte. Dei kunde godt vera saman. I det heile var og er det liten skilnad millom søner og døtre i huset og tenestfolk på desse kantar. 34: Ja, tenestgjentene hadde fri til å arbeida til seg sjølve kvar laurdagskveld når dei var ferdige med arbeid i flor og fjøs. Likeso på jolaftan og til trettandagskvelden. 35: Laurdagskveldane. Ordet Laurdagsfrring vart bruka. 36: Kjenner ikkje til noko «forbod», men det var ikkje påsett som bra om ein var «ute». Kva tid som helst. 37: Kjenner ikkje til det. 38: Ja, det stemmer. Men var det meininga å sleppa inn, so var det eitt eller anna kjenneteik ein hadde. Elles so viste no gjenta (gjentone) kven som var ventande \[s. 6\] og kven det var som stod utanfor døra. Eg var sjølv med på «tuskeferd» i mine unge dagar. Me var tri i lag og om lag på same alder 15 – 20 år. Då me var fram komne so kviskra ein av oss «passordet» gjennom lyklaholet. Me vart då innsleppte og sat der og prata utover natta. Praten dreia seg om so mangt, eg minnest ikkje alt so nøgje, men det var om arbeidet i ungdomslaget og me spara ikkje på krittiken hugsar eg. So fekk me neter og eple. Heilt til frampå morgon parten sat me der og kosa oss. So når me skulde reisa, vart me innbedne i stova og so var det frukost. Turen tykkte me hadde vore full av hugna og mor. 39:Nei, men ein hadde eit eller anna kjenneteikn (passord) 40: Ja still måtte ein vera so ein ikkje vekte uvedkomande. Og so var det helde fa gildt om ein kunde far so stillt og varsamt at berre gjenta hadde greida på det 41: Både og. Var det bra folk som var ute og for so let dei det skure, var det folk som hadde liten eller ingen vyrdnad i grendi so vart det lite lika Folk som var sterkt religiøse, rasa mot slik nattelauping og heldt det for synd 42: Dei var til å byrja med litt kostbar på det, men det var noko som skulde so vera. Lika dei guten slapp dei han inn, lika dei han ikkje so vart han standande utfor døra og slapp ikkje inn. \[s. 7\] 43: Var det joletider so hadde dei, gjerne med ei flaske brennevin. Elles kunde gjentune ha flaske standande, og so vart det gjerne både på neter og eple. Dei tala om «rokkaskatt». Det var noko som gjentune måtte ut med når dei fekk «gutebesøk» «på lemmen» som det vart sagt. Ein gamal \[…diktar\] frå Kinsarvik. Han levde i førre århundrad. Han segjer i ei visa der han let tvo unge gjentor stevjast. Den eine syng: Alt er i si bestmta tid, san no er denna jolæ og forbi, san Sjenk og eple farne, Ola, Knut og Arne resten fikk av eplekisto mi, san Tykkjest sal som eg so vel som heve betalt «rokkaskatt» og sjel, san so prøva den andre. Eple hev eg ikkje atte eitt, san av sjenk og neter er det ikkje fritt, san skal det gutar koma er det best å løma o.s.v. 44: Sjå dett det som nett er nemnt. 45: Kjenner ikkje til det. Det var vel då som no – at augo bar bod 46: Det kunde ymsa. Nokon fast regel var det ikkje «friinga» kun vara til ljose morgon. \[\_Den einslege nattefriaren\] 47: Kjenner ikkje til det. 48: Kjenner ikkje til at det var nokon regel for det. 49: Ja det var det nok alt skulde gå for seg i løynd so langt råd var 50: Heilt til det vart gifte. Var dei \[s. 8\] ute berre for spøk so kunde det ta slutt når det skulde vera 51: Gjenta kunde få millom anna eit lite skrin ei sylja, ein sylvring. Guten kunde få silke band, vottar o. s. v . 52: Det var kven som helst av slike som hadde vor vane å laga leven og moro kanskje var den eller dei med som hadde fenge «nei» av av gjenta. Det \[\_hende\] at folk på garden var med. 53: Det var ungdomen i grenda (bygda) 54: Dei lika det ikkje men det var noko dei måtte gå igjenom 55: Dei heller likka det ikkje 56: Helst det. Det at det vart bjølla skøyt o.s.b. det var for å gjera det «offentleg» som dei så. Når guten og gjenta hadde fenge ringane på seg alle visste kva veg det bar so fekk dei ver heilt i fred. 57: Både og. Det kunde vera fleire i lag. men var det so at guten og gjenta hadde god hug fa kvarandre, so vilde dei helst vera tvoeine. Då kom guten helst å leine. Han kunde ta med seg ein god ven. Det vekte mindre misstanke då. Andre måtar som førde ungdomen saman, slik at dei lærde kvarandre å kjenna \[\_A. På kyrkjebakken\] 58: Nei det var ikkje bra. Det var helde for usømeleg. Dette var før, no er det ikkje slik. 59: Kjenner ikkje til det. \[s. 9\] 60: Kjenner ikkje til det. 61: -«- 62: Det hadde ho nok. Augo var beste tals- mannen. 63: Heilt framant i Kinsarvik etter det eg hev frett. 64: I Kinsarvik rodde so å segja alle til kyrkje. Då rodde dei i eitt \[-hel\] heilt til dei var framme 65: Heilt framant, med leik ved kyrkja. Når det då ikkje var brudlaup. Då kunde dei ha ein liten svingom på kyrkjebakken; men dette var før. 66: Sjå nr. 65. \[\_B. Gjestebod saman med eldre\] 67: Det kunde vera ettergilde. gjerne i jola eller millom våronn og slåttonn, so ved gravferd og barnedåp. Elles var det ikkje noko fast tid men når det var høve til det; ein hadde ei ledig tid. 68: Det kjenner eg ikkje til. 69: Det var helst ungdomen som skulde sova saman på flatseng, Noko lutdraging kjenner eg ikkje til. 70: Stabbedans er ukjent på mine kantar. (Kinsarvik) 71: -«- 72: –«- 73: –«- \[\_C. Andre høve der eldre var med.\] 74: Nei, det var skjeldan, men det hende etter det eg hev høyrt. 75: Det var serleg dei eldre som var på \[s. 10\] auksjon. Om der var dans på ausjonane hev eg ikkje høyrt noko \[mon\]. 76: Nei, marknadsplass hev det ikkje vore i Kinsarvik so langt attende ein veit. 77: –«- 78: Ja, det kunde det vera serleg joletider. Det var grendaveitla, gjenteveitla og gutaveitla. Då var det vanlegvis dans. 79: Sjå nr 78. D. Samkomor der ungdomen var mest for seg sjølve \[\_a) Om sumaren\] 80: Sjå nr. 78 81: Dei vart bedne enten kvar enkelt, elles det vart \[sagel\] at alle innan grenda var velkomne 82: Der var mat og drikke. Inga betaling. var det gjentene ei jol so var det gutane sin tur den neste kan henda. Dei kunde ha heimebrygga øl på slike samkor, men aldri brennevin det eg hev høyrt. Brennevin fekk dei ha med «privat» Gilde hadde ikkje noko med lønn å gjera. 83: Det kom nett an på kor stor grenda var. Det hende at tvo nabogrender gjekk saman. Dei byttest om. 84: Nei det var slik det høvde. 85: Dans. Kunde og vera litt visering og anna sitjande moro. 86: Kjenner ikkje til det. Men det hende at ungdomen kom saman til leik og dans Josok og olsok. 87: Ja. Men det kunde \[brigda\] litt for om sumaren heldt dei helst til ute på ein lageleg stad som var vorten \[s. 11\] bruka til «tuskestad» gjennom tidene. 88: Det hev eg ikkje høyrt tale om 89: Kjenner ikkje noko visst til det. 90: –«- 91: Det hende, men var ikkje so vanleg. 92: Når det var ei morostund sumar eller vinter so møtte nok dei eldre opp ei lita stund. Var det veitla med dans so kom gjerne gamlekallane med kjerringane sine og skulde ha seg ein springedans. Dette var eg sjølv vitne til då eg var unggut. 93: Kjenner ikkje noko visst til det. Men det hend nok at dei somars tok ein tur var det fint ver. 94: Korleis det var i gamledagar veit eg ikkje men i seindre tider var det ofte so; serleg om det var «danns» som det heitte om sungdagskveldane. Då gjekk me i lag. \[\_b) Om vinteren.\] 95: Det hende nok at det var fredagsseta før men ikkje i seinare tid. Då sat dei og hadde eitt eller anna arbeid på handa og fortalde morostubbar. Gutane kunde då koma på vitjing. Då kunde det enda med ein liten svingom. 96: Når som helst på etterjolsvinteren. Tida dei heldt på kunde ymsa. Kring middnatt var det som regel slutt. 97: Ja helst det elles kunde husroma ha noko å segja. 98: Kjenner ikkje til det. Men friing og tusking \[lildt\] ofte til i fjøset i gamle dagar. \[s. 12\] 99: Helst var det stille sitjande moro. Men som nemnt kunde dei enda med dans. Sjå ovanfor. 100: Nei det var det mest aldri. Med mindre det var brudlaup. Men brudlaupa var helst millom onnene. 101: Ja det var det vanlege. 102: Det var nokre ao gutane som hade det på seg at dei skulde tinga spelemann og ro etter denne 103: Dei fekk som regel vyrke til maten av foreldre (husbondsfolk) so laga dei den sjølve. Det dei måtte kjøpa var dett gutane som betala. 104: Ja det er sant og visst. No er det mest kvar laurdagskveld 105:. Ein kunde vera saman på kjelketurar Noko anna slags sport var det ikkje på mine kantar (Kinsarvik). No er det nok vorti meir av det. 106: Der var regelen at foreldra vart spurde om lov når det skulde vera noko moro av eit eller anna slag. Det galt all ungdom. 107: Nei, ikkje det eg veit. Gutane stod kan henda litt friare. 108: På mine kantar ver det ingen skil- dnad på so måte. 109: Grunnan kunde vera religiøse og so ein ting at dei var mindre opplagde til arbeid dagen etter; og so kostnaden 110: Det var nok regelen. Borna måtte alltid retta seg etter foreldra i so måte og so var det med den yngre ungdomen. Dei som var eldre gjorde meir som dei vilde, men spurde gjerne kva «gamlingane» meinte. \[s. 13\] \[\_Juletråd\] 111: Ukjent for meg. 112: -« - 113: –« - 114: –«- 115: -« - } Ukjent 129:
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste