Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gifteferdig ungdom
NEG_71_15558_Bu_Gol
Transkripsjon av filen #NEG_71_15558_Bu_Gol
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det var ikkje nokon regel om at dei måtte finne gif- ta si i same bygda eller same sokna. Dei kunne hen- ta gifta langt i frå om det passa so. 2: Dei såg difor ikkje noko gale i å ta giftet frå grannebygdene. Men svært sjeldan gjekk dei til an- dre landsdeler. 3: Dei såg helst at dei unge gifta seg med folk frå det same sosiale lag som dei sjølve høyrde til. 4: Det gjaldt både for søner og for døtrer. 5: I eldre tider avgjorde foreldra ofte giftarmålet for borna. 6: Serleg gjaldt det på dei større gardane, og sjølve- folka der la ofte planer på langt sikt når det gjaldt giftarmålet. 7: Men me kjenner ikkje noko døme på at foreldra avtala giftarmål medan borna ennå var heilt små. 8: I frå Gol er omgrepet \[\_systerbyte\] kjent. \[-Med\] Syster- byte var det når ein mann gifta seg med syster til ein som gifta seg med hans eige syster. 9: Det låg so vidt ein kan skyne ikkje noko til grunn for slike systerbyte. Dei kom til av seg sjølv. 10: Folk var ikkje mykje om at skyldingar skulle gifte seg med kvarandre. Giftarmål mellom so nær skylde som syskinbarn hadde dei helst imot, ja om det so var tremenningar såg dei ikkje med nokon sers vel- vilje på det. 11: Det er ikkje noko sagt om at dei var meir redde skyldskap på mannssida enn på kvinnesida. 12: Det hende nok av og til at borna sette seg opp mot foreldra når det galdt giftinga. 13: Dei gamle hadde ei meining om at det ikkje ville gå vel med slike som sette seg opp mot foreldra. Dei hadde eit ordtak: "Å ja, dei vil nøk få det att med tie." Dette kunne ein høyre gamle folk sa heilt fram til 1900. \[s. 2\] 14: Andre folk la seg ikkje opp i spørsmål om gifting, so dei unge fekk ingen hjelp eller stytte hjå andre om dei ville trasse foreldra. 15: Det går ingen tradisjon i bygda om slike rådgjerder som er nemnde i pkt. 15. 16: Det same gjeld dette punktet. 17: Hjå sume folkegrupper sto dei unge friare og kunne gifte seg som dei sjølv ville. Det gjaldt teneste- folk og husmannsfolk. 18: Det er ikkje fortalt noko i bygda om at enkene sto friare og sjølv kunne velja. 19: Det same gjeld for dette punktet. 20: Både gutar og gjenter kunne ta varsel om kven dei skulle verta gift med. Dei brukte då mange slags åtgjerder for å få sjå dei dei skulle få. Dei måt- te helst gjerast om jolaftan i vår bygd. Dei kunne då sitja jolestove, eller dei kunne gå baklengs rundt stova \[-og\] tre gonger og fekk då sjå giftet sitt. Dei kunne ogso gå rangsvøles med ei ølskål, og når dei kom på dørhella tredje gongen, drakk dei or skåla. Då såg \[-fi\] dei giftet sitt i ølskåla. Skulle dei sitja jolestova, måtte dei faste, og so gå inn i eit bekande mørkt rom og sitje der med bind for augo. Når dei andre i huset hadde ete jolaftans- målet, gjekk \[-inn\] ein inn etter han som sat, leidde han innatt i stova og løyste plagget av han. So sette han seg i høgsetet og sa fram ein viss for- mel eller ordremse. På bordet var det sett ei skål med øl i, ei med mjølk i og ei med vatn. Om litt tok stokkane i veggene til å lyfte på seg. Det knaka i huset, og det vart so glise i vegge- mota at dei kunne sjå ut. Og dermed kom ho han skulle ha. Ho gjekk åt bordet og drakk av ei av skålene. Då gjaldt det: Drakk ho av ølskåla, vart det velstand, tok ho den med mjølk i, vart det måte- leg stell, og drakk ho av vatnet, vart det armod og fattigdom. - Helgemessnatta var og ei god og sikker tid for slikt. Då var det gjentene som prøvde å sjå inn i framtida. Dei fasta då helgemess- dagen og so la dei seg om natta på ein av hjallane i badstova. Då såg dei kven dei skulle "bli ved". - Trettanaftan kunne dei og sjå. Då gjekk guten eller gjenta ut om kvelden. Dei gjekk til tre brun- nar og tok ein stein frå kvar. Steinane la dei un- der høddelaget og la seg til å sova ein stad dei ikkje hadde sove før. Den dei då drøymde om, skulle dei verta gift med. - Det er mange segner i Gol om folk som sat jolestova. 21: Det fanns middel som kunne tvinge eit anna menneske til kjærleik, utan at dei visste det. Det var folk som kunne blande ymse miksturar av hugvendingsdrå- par og ymse ingrediensar. 22: Folk trudde faktisk på slike midlar, men dei hadde ogso den meininga at dråpane virka ikkje ut over ei viss tid. \[s. 3\] 23: Vaksne gutar og gjenter måtte ikkje tala samen el- ler ha fylgje med kvarandre om dagen. \[\_Nattefriing.\] 24: I Gol vart det slutt med å gå nattefriing i 1920 åra. 25: Dei hadde ikkje anna namn på ein som gjekk på natte- friing enn "friar", ein friar. Gjekk dei fleire i lag, sa dei "friara". Gjerninga namngav dei med: "\[\_å gå ette gjento\]". 26: Nattefriing var helst når ein gut gjekk åleine, nat- teløyping var når dei for omkring fleire ilag. Men dei brukte ikkje ordet nattløyping i bygdemålet. Dei sa: "Renne omkring på gardo ette gjento". 27: Når gutane gjekk i lag slik frå gard til gard kunne det vera 4-5 saman. 28: Dei måttte vera konfirmert for å kunne vera med på dette. 29: Gutane var mest alltid frå same grenda når dei gjekk i lag. 30: Det gjaldt ingen standsskilnad i dei gutelaga som gjekk omkring slik. Det kunne vera både bonde- og husmannsgutar. 31: Ein kjenner ikkje til at det var visse netter då og- so framande gutar, d.e. gutar fra grannegrendene kunne gå på nattefriing. 32: Gutane frå ei ggrend heldt saman mot gutelag frå andre grender. 33: Sjå svaret på 30. 34: Ein kjenner ikkje til at det galdt serlege kvelder som var "sett av" til tenestfolka. 35: Det var mest alltid laurdagsnettene nattefriinga gjekk for seg. Andre netter i vika gjekk dei berre på friing når det var kome so langt at det var visst med dei. 36: Noko forbod mot å gå på nattefriing visse kveldar var det ikkje, men jolenatta og påske og kvitsun- natta ville ingen finne på å gå. Heller ikkje kunne dei gjera det når det låg lik på garden. 37: Flokkane på nattefriing gjekk ikkje alltid på visse gardar. Dei kune ogso gå i grannegrendene eller endå lenger borte. 38: Når dei kom fram og tok til å rope på, gjorde edi alltid målet sitt ukjenneleg til å ta til med. 39: Her er eit vers dei brukte å seia fram i Gol i slike høve: \[s. 4\] Å kjære vene gjente å søte vene med å la meg få sleppe innom litegrande det er so vondt å vanke, og kaldt er det med, so snørre ho let seg kje snyte. Eg har so sunde søkka, eg har so sunde sko og inkje har et vøttu, og det er so kald ei sno. Å kjære vene, slepp me inn då litevetta. 40: Nattefriarane måtte alltid fara so stilt fram som råd var. 41: Foreldra og husbondsfolk var ikkje svært glade for slike nattevitjingar. 42: Det var skikk at gjentene ikkje måtte svara med ein gong på tilropet, men dei måtte dryge litt med å svara og lata opp for friarane. 43: Gutane hadde ofte med seg sukkertøy og ogso brenne- vin som dei skulle by på når dei hadde sloppe inn. 44: Gjentene hadde og liggjande sukkertøy som dei kunne by på når det passa so. 45: Gjenta kunne nok på ein lur måte gje til kjenne kven ho likte best når ho baud gutane det ho hadde å dele ut. Nokon retteleg gåve kjenner me ikkje til at gjentene bau på i slike høve. 46: Nattefriarane kunne vera inne på kvar stad ein times tid. \[\_Einslege nattefriarar\]. 47: Ein av gutane i flokken kunne verta verande att når dei andre gjekk. 48: Den einslege nattefriaren kom til garden oftast etter at dei andre hadde vore der, eller han kunne ha vore kome før, og då svara sjølvsagt gjenta ikkje flokken som kom. 49: Det var mykje om å gjera at ingen fekk veta om at den einslege friaren kom. 50: Det var ingen regel for kor lenge ein einsleg friar skulle gå til same gjenta. Vart det til at det drog seg til med gifting, so kunne han gå i langsameleg tid. Vart det ikkje nokso snart tale om gifting mel- lom dei, vara heller ikkje friinga so svært lenge, 4-5 laurdagsnetter. 51: Det er ikkje kjent i bygda at to gav kvarandre små- gåver som teikn på bindande lovnad om giftarmål. 52: Det var mange som skulle prøve å gjera fantestykke med den einslege nattefriaren. Det kunne vera dei andre i den flokken han før hadde vore saman med, eller det kunne vera umagar som endå ikkje hadde vore med på nattefriing, eller det kunne vera folka på garden eller andre. 53: Skikken med å strø sagflis på vegen til friaren, laga bjølleleik eller spela kattemusikk var ukjend i vår bygd. \[s. 5\] 54: og 55. Fell bort. 56: Fell bort. 57: På stølane, når gjentane var der 14 dagar fyre på støle gjekk friinga for seg på same måten som heme. Friarane gjekk både i lag og einslege der og. III. Andre måtar som førde ungdomen saman \[\_slik at dei lærde kvarandre å kjenne\]. A. På kyrkjebakken. 58: Ungdomen kunne ikkje stå å tala saman på kyrkje- bakken etter gudstenesta. 59: Fell difor bort. 60, 61 og 62 fell bort. 63: Fell bort. 64: På kyrkjevegen var det visse plassar der dei unge samla seg etter messa. Der kunne dei tala saman, og der heldt dei og ofte dans og leik. 65: Det var heller ikkje om somrane nokon leik eller dans ved eller nær kyrkja. 66: Fell burt. \[\_B. Gjestebod saman med eldre.\] 67: Gjesteboda i eldre tid i vår bygd var bryllaup, barnedåp, grav- ferd, dugnad og jolebukkgonge, slåtteøl, bufarhelg og store gjellstemne visse helgar på åsane, so som Lykkjedansen, Vasetdansen o. fl. 68: Var det ikkje dans i gjesteboda (men det var det som regel alltid) måtte gutane og gjentene halde seg kvar for seg. 69: I bryllaup var det bruresveinane som avgjorde kven som skulle sova saman på flatseng. 70: Stabbedansen var i bruk ved bryllaup her i bygda til i 1920-åra. Dei prøvde alltid å få på stabben slike som dei meinte det var noko mellom. 71: Det vart ikkje gjort forat det skulle vera som ei straff. Det vart nok helst gjort for at det skulle verta endå vissare mellom dei to. 72: Blyge ungdomar prøvde nok å koma seg frå stabbedan- sen. Dei tøtte det var leit, som dei sa. Brursvein- ane nøydde dei likevel fram. 73: Paret på stabben fekk i vår bygd alltid dram, aldri brødskiver. \[s. 6\] C. Andre høve der eldre var med. 74: Fram til 1870 åra slutta dugnad alltid med dans. 75: Gifteferdig ungdom var alltid med på auksjonar, og etterpå var det mest alltid høve til dans der. 76: Det var ingen marknader på våre kantar av landet. 77: Fell då burt. 78: Av samenskotslag i eldre tid er det i vår bygd berre gjentelag som er kjend. Dei kunne gå fleire gjenter saman med mat. Gutane hadde med seg brennevin, og dans var det alltid i desse laga. 79: Namnet på desse laga var alltid "gjentelag". D. Samkomer der ungdomen var mest for seg sjølv. a. Om sommaren. 80: Gjentelaga var i bruk i vår bygd til i 1920 åra. 81: Gutane kom som oftast ubedne til gjentelaga. 82: Mat av mange slag heldt gjentene. Gutane heldt drik ke. Det høyrde med som fast regel at tenestegjenta skulle få mjølkeprim og rommebrød til gjentelaget sitt av kona på garden. Det høyrde liksom med til løna. 83: Det kunne vera mange med i eit gjentelag. Som oftast var det alle gjentene i grenda og sume utanfrå og, og gutar kunne det koma frå fleire grendar. Det kunne vera 30-40 menneske og gjerne endå fleire i eit stort gjentelag. Gjentelaga gjekk ikkje på omgang. 84: Gjentelaga vart alltid haldne om laurdagskvelden og natta. 85: Moroa dei hadde der var alltid dans. Stabbedans had- de dei ikkje der. 86: Me kjenner ikkje til noko serleg gjestebodlag for gutar serskilt i vår bygd. 87: Fell då bort. 88: Frå 1880 var det slutt med at ungdomen kom saman jon- sokaftan eller på andre gamle helgedagar. Før den tid har dei nok brent jonsokbål i Gol og og vore saman på jonsokleik. 89: Det er ikkje kjent at ungdomen for ut på sams bærturar eller andre slike turar på visse dagar. 90: Fell då bort. 91: Sundagskveldane om sommaren var det samkomer på al- farvegen på visse danseplassar. Der var det då alltid \[s. 7\] dans og ståk lenge utover natta. 92: Eldre folk som skulle psse på ungdomen på desse dansane var ikkje med her i bygda. 93: Ungdomen gjekk ikkje saman om helgedagsettermiddag- ene. 94: Fell bort. 95: Det var ingen kveldssete \[-om\] visse dagar der gjentene sat og venta på at gutane skulle koma på vitjing. 96: Fell bort. 97, 98, 99 fell bort. 100: Om vinteren kunne det vera dansemoro om kveldane i jolehelga når ungdomen for ut og gjekk jolebukk. Dei gjekk då i flokkar og fekk \[-kanskje\] danse ei stund på kvar stad dei kom inn. 101: Dei tinga aldri hus til denne dansen føreåt. 102: Spelemann hadde dei med seg i jolebukkfylgjet. 103: Det var ingen utgifter med desse samkomene. 104: Det vart ikkje oftare dansemoro etter at trekkspel- et vart kjent. 105: Nokon sams vintersport vart ikkje dreven i vår bygd. Det kunne hende ungdomen kunne møtast når det var godt føre og aka på kjelke, men det var og meir på slump. 106: All ungdom kunne vera med på desse tilfeldige sam- komene utan serskilt løyve av foreldra eller hus- bondsfolk. 107: Det galdt både gjenter og gutar. 108: Det var ingen skilnad på det som foreldra let bor- na vera med på og det husbonden gav tenarane lov til. 109 og 110 går ut. IV Joletrå. 111: Det er i vår bygd ingen tradisjon om rokkemann, spinnekall, vevekall, låvedumpe, låvekjerring, tus- tepike eller anna. 112-129 fell difor bort.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste