Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_9542_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_39_9542_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja, det var fast skikk. 2: Enkeltvis kom dei. 3: Nei, det var ingen avtale, somme dagar kunne det ko- ma fleire, andre dagar ingen. 4: Eit par dagar etter fødselen. 5: Dei kom berre ein gong. 6: Det kunne vera rjomegraut eller smørgraut, ikkje sjeldan var det svidskegraut eller fruktgraut. 8: Grauten var i «krus», 2-liters, eller oftast 3-liters krus. Ei krus var på Voss oftast av kvitt steinty, men kunne òg vera litt fargedekorert. Form: \[Figur: teikning av krus\] Konene bar helst krusa i ei korg. Den tida \[Figur: teiking av korg\] hadde gjerne kvar kone ei slik stor svart korg med låk på og henker (bunde av nokå granne teger eller pilekvister. Dei vart innførde og selde av handelsmennene. Romfang ca 12 – 15 l. 9: Alt heitte \[-Barselkonemat eller Barselkonegraut.\] Men det kunne òg heita sengjakonemat, -graut, ja det var det det heitte! 10: Ja, kona gjekk sjølv, kunne ikkje bringa nokon annan. 11: Mannen var aldri med. 12: Ja, det var alltid litt traktering, det var visst of- tast kaffi og kaker. 13: Eg kjenner ikkje skikken etter 1900. Før den tid det aldri tale om å senda blomster (avskårne). 17: Nei, noko gåve til den nyfødde brukte dei ikkje. 19: Ja, det var «skitlaveitla» og det var oftast nede på Vangen, etter dåpshandlingen, det var mange som heldt til hos Simon Olsen eller ho Legreien. 20 – 22. Skitlaveitla var for fadrane og kanskje nokre få til av næraste skyldfolket, berre dei som var bedne. 29: mai 1954 Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste