Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_9538_TE_Nissedal
Transkripsjon av filen #NEG_39_9538_TE_Nissedal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A. Fødselen 1: Ja 2: Helst i grupper, men og åleine. 3: Ja, av og til. 4: Kring 8 dagar etter. 5: Ei gong. 6: Det var smørgraut, feitgraut, risgraut, kling el- ler kake. 7: – 8: Grauten var i sendingsbytte, som gjerne var brend inn roser på. Eller og rosemåla eller utskore. Lefsa, klingen, bar dei i sendingsask. Den var raud og ofte brend roser i. 9: Dei kalla alt saman for SENDING. 10: Var kona frisk gjekk ho sjøl, men ho kunne og sende dötteri eller tenestegjenta. 11: Før var det vanleg at mannen fylgde og bar graut- en, han vart då og gjerne ropa inn. Men dette er det etter kvart blitt slutt på. Kona gjeng åleine. 12: Dei fekk øl, kaker, - kaffe og mat. Stundom og middag. Ingen skilnad om det var gut eller gjente, 13: Det kallast sendingslag. 14: Nei, ikkje brukt. 15: Før i tida bare til dei gifte, Nå og til ugifte stund- om, men ikkje så mannjamt. 16: Det er endå i bruk å senda graut. Men sukkerbrød t. d. kom i bruk kring 1910, blautkake kring 1930. Elles kunne ein gje koppar, krus, fat og tøy. 17: Nei. Men den fyrste karen, mannen, som kom i huset etter barnsøl laut leggje på vogga. Gjorde han ikkje det, ville den vesle reisa med hatten frå han, sa dei. Det hende og at folk la pengar på vogga, t. d. 10 kr. 18: Denne skikken er stort sett burte. 19: Det var ikkje noko fast med det, men kom det nok- on så var det faddrar og dei aller næraste. 20: Det kallast DÅPSLAG. 21: Sendingen hadde dei med seg. Før var det gjerne vanleg suppemat. 22: Den som bar barnet gav gjerne mest. 23: Nå er det vanleg slekt og nære vener. \[s. 2\] Emne nr. 39. Høgtidsmat. (Nissedal). 24: a. Det var sjeldan. Tok til litt kring 1890. b. Det slumpa for eldre folk med runde år. 25: Nå er det ofte selskap, helst ved runde tal. Det er etter som det fell seg. Ofte vert det ikkje bede, men det kjem folk av seg sjølv. 26: Det er sjeldan at vaksne bed nokon nå, - folk berre kjem. 27: Av og til kjem gjestene med gåver. Men det er på ingen måte noko plikt. 28: Det er gjerne om kvelden dei kjem, og det bli servera øl, kaffe og kaker, - og sume tider varm- rett. 29: Ja ofte sjokolade, og blautkaker, - og for born ofte ljos på kaka. C. Konfirmasjon. 30: I gamal tid ikkje noko særskilt feiring. 31: Ja, ofte. Kom i bruk kring 1915. 32: Fyrst og fremst slekta, men lærar og prest er gjerne med ein eller annan stad. 33: Gjestene har med seg sending. 34: Dei som er bedne har med, eller sender gåver. 35: Nei. D. Bryllup. 36: Ikkje i gamal tid, men av og til i nyare tid. 37: – 38: a. Det var gjerne tri måltid. b. Fyrst var det øl. Så var det kling, gomme, smørbrød og kaffe. Kjøtsuppe, kjøt, erter, poteter – ikkje dessert. Jolekake, smørbrød, spekekjøt, smør og gomme. c. Ikkje noko sers. d. Nei, det var som regel same slag mat. 39: Dei hadde med kjøt, lefse. Av lefse 4 kast. Det er 16 leivar.Det vart nytta ei mork smør til kvart kast. Til dette høyrde eit spann med gomme. (4-5 liter.) 40: Nei. 41: Nei, gjestene hadde det med seg når dei kom. Det var gjerne eit saulår. 42: Det var bare SENDING. 43: Gjestene kom med det i sendingsask. 44: – 45: – 46: Ei kokke stod for maten. Men det vart ikkje sendt med noko heim att. 47: Ja, gjerne 2 dager. Men helst bare ein dag. 48: Sume held bryllup på hotell eller i byen. 49: Ja, av og til. 50: Dei fær gåver etter kvart. 51: Ja, av og til, men bare ved runde tal. \[s. 30\] 111: nr. 39, (Nissedal) E. Gravøl. 52: Grenda, slekt og vener. 53: 1 dag. 54: Tre mål som i bryllop. Det vart servera ved lang- bord. 55: Nei. 56: Middag. 57: Bare i heimen. 58: Gjestene hadde med Sending. 59: Ein hadde ein duk rundt sendingen, - og la han i ein ask. 60: – 61: Nei. 62: Har halde seg om lag på same måten som nå. 63: Det vart bryggja sterkt øl. Brennevin svært lite nytta i gravøl. 64: Nei. 65: Det er som regel øl og kaker. Vanleg festmiddag. Sume brukar i det siste feitgraut eller rjomegraut. så er det kaffe og kaker. Gjerne øl eit par gonger til, og mange gonger kveldsmat. 66: Nei, mest aldri. 67: Det hender, særleg etter einslege. 68: Nå bed ein gjerne i avisene, - men før hadde ein bedarmann som gjekk ikring og bad inn. 69: For kring 20 år sida, i trettiåra. F. Nye fester. 70: Nei ingen tradisjon om maten 17. mai. 71: Ja, nå er det ganske vanleg. Byrja for kring 20 år sidan, - i trettiåra. 72: Ja, farsdagen blir og etter kvart meir feira. 73: Nei. 74: Nei, dei fleste bakar sjølve. 75: Gjennom aviser, - og hefte.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste