Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_9086_Bu_Hemsedal
Transkripsjon av filen #NEG_39_9086_Bu_Hemsedal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A. Barsel. Eg trur ikkje det var vanleg med noko gjestebod ved barsel i mi heimbygd den tid eg vaks opp. Har heller ikkje høyrt tradisjon om noko slikt. Men det hende at konene gjekk til kvar- andre med barselgraut når nokon av dei hadde fått barn. Såleis hugsar eg at ei kone i grenda – ho var skyld henne mor – kom med slik sending då syskena mine kom til verda. Trur nok det var i samklang med gamal skikk. Det var risengrynsgraut – «gryn- mat» me kalla (som var vanleg gjestebods- kost den tid) – ho kom med. Hadde han i ein kopp (spelkom) med klede over. Ho kom med ho mor endå låg til sengs, nokre dagar etter fødselen. Ho fekk sjølvsagt traktering (kaffi og smørbrød). Eg trur ikkje det var nokon meir faste reglar for denne vitjinga. Dei kom for å sjå til kvarandre og syna sin med \[s. 2\] hug og ynskje xxx til lukke. Elles tok dei det som det fell seg. Eg veit heller ikkje kor vanleg denne skikken var uto- ver bygda. Eg trur og at dei som kom på gjesting etter barsel, stundom hadde med ei lita gåve til den vesle (t.d. ei lita hette eller luve, som var vanleg plagg til \[reiv\]born den tid). Men heller ikkje dette var fast skikk, det eg kan tru. Korleis det er no, kjenner eg mindre til (det er over 35 år sidan eg reiste heimanfrå). Men det er vel truleg at dei i dette som i så mangt elles har teke etter byskikken. B. Årmålsdag. I min oppvekst var festar og gåver i samband med åremålsdag heilt ukjende. Åremålsdagen gjekk som alle hine. Ingen tenkte meir over det, dei kom ikkje dagen i hug eingong. No har dei teke etter byskikken. Men det er mest runde tal som dei festar på. Eg trur ikkje gebursdagslaget har slege igjennom så mykje som i byane. C. Konfirmasjon. Om konfirmasjonen kan eg berre for- telja korleis skikken var då eg sjølv vart konfirmert. Eg har ikkje høyrt stort om konfirmasjonsskikkar elles. \[s. 3\] Det var skikk at ein til konfirmasjonen skulle ha nye fine klede (dress), helst av kjøpety. For min del fekk eg jakke og vest av «sjeviot», men buksa laut bli av svart «våbbmål», far og mor hadde ikkje råd til meir. Så skulle ein ha \[stivety\] \[?\] og (svart) hatt. Gåver til konfirmanten tok til å koma i bruk så smått. For min del fekk eg ei slipsnål av kvar (to) av tantene mine. Det var alt. Selskap (gjestebod) var det ikkje tale om. Dagen gjekk i så måte som ein sundag elles, og maten var den vanlege. - No er det nok kome i bruk å halde gjestebod og sende telegram og gaver (slekt- ningar og dei som er med i selskapet). D. Bryllaup Festarøl (trulovingsgilde) var det heilt slutt med i min oppvekst. Men det seiest at det var slike i gamal tid. Brura skulle bli fekk ein brei sylvring med småringar i, er det sagt. Heimkomvesle var det derimot endå leivningar av. Det var skikk at gjenta skulle ha med seg «heimaføt» (medgift). Kor mykje kom an på kor godt ho og foreldra hennar sat i det. Men det var gjerne: Rosemåla «pløgge-kiste», (korn) bølu, rokk, vevstol («vev-rei»), mjølkeringe, mjølkebaler, bakstegogner, ymse innbu elles, sengety, gangty – etter som kvar hadde råd til. \[s. 4\] Dagen før bryllaupet fekk guten med seg 2-3 av grannane (med hest og kjerre el. slede) og så henta dei desse tinga. I samband med heimkoma vart det halde eit mindre lag (gjeste- bod). I min barndom trur eg dei faste skikkane ved heimkomvesla meir og meir løyste seg opp. Fleire dagars bryllaup var det heilt slutt med i min barndom, men i min fars ungdom hadde dei to og tre dagars bryllaup. Derimot kunde det hende at meir langveisfarande vart over til neste dag, så det var liksom noko att av laget til andre dagen og. Kan hende dei bad dei aller nærmaste av grannane med. Bryllaupet vart kalla «lag», og det var ikkje andre gjestebod som vart kalla rett og slett «lag». Sending var det slutt med i min opp- vekst. Men før var det vanleg. Sendinga var mat til bryllaupet: Lefsekling og røm- mebrød lagt i rosmåla sendingskorger. Antal lefser etter som deihadde velstand til (20 og nedover). I likferd (der det og var sending) skulle talet vera odde tal dersom det var mann eller kone som for til grava (symbol for at det ikkje lenger var parfolk på garden). Vidare sende dei og dylle frå somme gardar, eit rose- måla staup som var laga til dette bruk. Dyllematen var gjerne «grynmat». – Det er forresten å merke seg at sendingsskikkane skifte ikkje så lite frå tid til til tid. Om \[s. 5\] kring 1890-åra, seiest det, tok sendings- bruken slutt, og folk byrja med «presangar». Måltidene under bryllaupet: Det var «mat og kaffi» med same ein kom om morgonen (eller fyremiddagen): Kaffi med «ru- kaku» (asningobrød av rugmjøl, finsikta), rømme- brød, mjølkeprim, ost, spekekjøt, bakkels o.s.v. Det vart og skjenkt øl i somme bryl- laup brennevin (både med same ein kom og seinare). Far og mor var dei fyrste i bygda som heldt bryllaup utan brennevin (1898). Sidan vart det vanleg at «lesarane» og frå- haldsfolk ikkje hadde brennevin i laget. Etter at lyden hadde vore ved kyrkja, heldt dei sjølve hovudmåltidet: «Sø» (suppe) og maggjet» (mat.gjerd) t.o.s. kjøt og poteter, «grynmat» eller rømmegraut, lefsekling, stundom kunne dei og ha fersk fisk (aure) eller rakafisk. Etter hovudmåltidet - litt lenger ut på eftan –kaffimat, og så gjerne eit måltid til utpå kvelden (kaffimat, lefsekling osb.). Både rettane og antal måltider skifta visst noko frå eine tida til hi (noko og etter råd og velstand). Heimebryggja øl var vanleg i alle lag, og ølskalo – som alle drakk av – vart sendt rundt trutt og jamnt, både under og i mellom måltida. – Brennevin vart skjenkt i ymse lag, meir før enn i nyare tid. Til å stella med maten og setja han fram på borda fekk dei hjelp av \[s. 6\] av somme av kjerringane i grenda. Dei vart kalla «reikjerringa» (r). I nyare tid kom det meir i bruk å halde bryllaup etter utanbygds skikk (byskikk). Somme reiste til byen og gifta seg. Men framleis står nok dei fleste bryllaup i bygda (stundom på hotell). Måltidsskikkane har skifta slik at dei no nærmar seg meir til byskikken. E. Likferd Både ved bryllaup og likferd bod dei «grenda» (gardane som låg nærmast til) og skyldfolket. Dei hadde «bear-mann» til å gå rundt med innbydinga. Gravøl vara berre ein dag i min opp- vekst, men i eldre tid vara det to dagar. Måltidene i gravølet var stort sett dei same og maten den same som i bryllaup. Men det var – i min barndom i alle fall – ikkje brennevin i likferdene. Det heile gjekk stillare for seg. Derimot skjenkte dei (heimebryggja) øl. – No er maten og måltidene enklare enn før og rettane meir etter byskikken. Stundom held dei likferd på hotell (pensjonat). Dødsfall-lysningar var ukjende heime i min barndom, men no er dei delvis komen i bruk (helst berre i lokalpressa). \[s. 7\] F. Nye festar Den 17. mai vart ikkje høgtida som nokon festdag i min barndom. Men i 1914 vart det (for fyrste gong?) skipa til lag og festmøte på kommunehuset. Morsdag (og farsdag) var ukjende i min barndom over heile landet. Korleis det er i mi heimbygd no, veit ikkji. Men eg trur snart at det har gripe noko serleg om seg med morsdag og farsdag. Det kan vera einskilde lag og foreiningar som skipar til morokveld. Serlege ættefestar har eg ikkje høyrt tale om i heimbygda mi. Men dei har då og då privat karakter. \* Slåttegraut var vanleg i min barn- dom. Det var rømmegraut. Ved dugnad (det var mest berre ved taktekking og heitte \[chifor\] «tuku») var det festmåltid når arbeidet var ferdig. Bufargraut (rømmegraut) åt dei fyre dei flytta heim frå stølen. 6-\[9\]-54 Ola Rudvin
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste