Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_9077_MR_Haram
Transkripsjon av filen #NEG_39_9077_MR_Haram
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
## : Det som her er fortalt er både etter eiga røynsla, og etter eg har høyrt av mine foreldre og andre eldre folk i bygda som var fødd i tida 1850-60. A.Fødselen. 1: I bygdene her på Fjørtoft i Haram i det heile har det så langt attende ein veit vori skikk at grannekoner og slekt- ningar (også utanbygds slektningar) kom med mat til barselkona. Dette gjer dei til dels enno. 2: Oftast kom dei einskildvis. Men det hende og at fleire kunne koma same dag. 3: Trur ikkje at var nokon avtale innbyrdes, utan det skulle vera at fleire gjekk saman om ei serskild gåve til barnet. 4: Dei tok som regel til å kome 4. eller 5. dagen etter fødselen. 5: Kvar kom berre ein gong. 6: I eldre tid var maten alltid rømmegraut. 7: Går ut, då her var brukte berre ei sending. 8: I aller eldste tid vart nok grauten maten boren i ambar. Men det dei eldste folk no minnest \[s. 2\] bar dei barselgrauten i brune eller rose- mønstra steintyfat. Terrinar kom i bruk i heller nyare tid – frå 1890-åra. Serlege velstandsfolk hadde og porselensskål, som dei serverte grauten i. 9: Barselsgrauten kallar dei her sengjamat 10: Det var hovudregel at kona sjølv gjekk med sengjamaten. Det var berre i serlege unntakstilfelle at ho sende dotter eller tenestgjente i staden for seg. 11: Mannen fylgde aldri med, det var helst sett på som usømeleg. Heller ikkje skulle born vera med, «for då måtte småguten eller smågjenta gje huva si til det nyfødde barnet», sa dei. Dette er ei gamal herme som enno går på folkemunn. 12: Sendingsfolket skulle ha traktering når dei kom. Det var av det beste huset hadde, av den gamle bondekosten. Då kaffien kom i bruk i 1880-åra, vart trakteringa kaffi og kaker; ikkje sjeldan kjøpebrød. Dette er og vanleg skikk enno. Det var ingen skilnad på trakteringa om barnet var gut eller gjente. 13: Eg har ikkje noko serskildt namn på desse små gjestebod. 14: Var tilhøva i heimen slik at sendings- folket ikkje fekk traktering, heldt barselkona eit serskildt konegjestebod – eller barsøl- etter ho var oppe att og sterk nok til det. 15: Det var berre dei gifte mødrer som vart «æra» med sengjamat. 16: I tida fram til om lag 1910 var sengja- maten rømmegraut. Men i tida 1910 - til \[s. 3\] om lag 1930 vart det ved sida av grauten svært ofte laga finare middag med dessert til sengjamat åt barselkona. Etter den tid vart det heilt slutt med grauten. Same- leis middagen. I staden finarekaker og bakverk med sjokolade til. I dei siste 15 år har det vorte meir og meir vanleg å gje blomster. 17: Det har vore ein svært gamal hevdvunnen skikk at koner som var i nær slekt med barselkona hadde med seg ei gåve til det nyfødde barnet. Det kunne vere klede, ty- vare, ein sylvdaler – eller ikkje så sjeldan – ei sylvskei. Slike 100-til 150 år gamle fødselsdags- skeier kan ein enno sjå i mange heimar. 18: No for tida går det mest på nyttige gåver, anten til bruk for barnet (helst barneklede og utstyr), eller det kan vera minne gåver, anten som sylvsaker eller ei pengegåve til barnet. 19: Dåpsfesten var aldri noko større kalas. Det var meir som eit festmåltid, der faddarane og dei næraste slektningane var bedne. I eldre tid vart det servert både øl og ein dram. Men dette tok heilt slutt i 1900-åra. Namnet «barsøl» har likevel haldi seg til notida om dåpsfestane. 21: Gjestene hadde ikkje sendingar med seg til barsølet. Og nokon fast matsetel var det heller ikkje. Maten var ofte rømmegraut. I meir nyare tid ein høgtidsmiddag med kaffi og kaker etter på. 22: Ikkje aktuelt her. 23: No for tida er det slik at sume kan koma med kaker til dåpsselskapa. Men meir vanleg \[s. 4\] har blitt å gje pengar som gåve til barnet. B. Fødselsdag 24: a Fødselsdag for barn vart sjeldan feira i eldre tid. Det vesle som var, det vart helst for gjenteborna. Dei bad då til seg venninnene sine. Eg sjølv og mine kameratar hadde aldri barnelag eller gjestebod på fødselsdagane våre. Men gåver fekk vi av foreldre og vaksne sysken. I nyare tid har det derimot vorte meir vanleg at alle born har eit lite lag med sjokolade (eller brus) og kaker. Dei får då gåver av venene og kameratane sine. b. Dei vaksne held fo årleg fødselsdag berre innafor familiekrinsen. Meir festlege tilstellingar er det berre ved dei fylte 50-60-70-75 år, osv. Slik var det og i eldre tid så langt ein har fråsegn om. 26: Dei som vert serskildt bedne til slike årmålshøgtider er nærmaste slekt og næraste grannar. Men mange andre kjem på visitt og ynskjer til lukke. Dei blir då også med i gjestebodet. 27: No er det vanleg skikk at alle – både dei serskildt bedne og dei andre gjev gåver eller blomster til jubilanten. 28: Den spesielle retten til fødselsdagen i eldre tid var rømmegrauten. 29: No for tida er det i slike gjestebod ein varmrett som hovudmål, og kaker (oftast heimebakte), småkaker og kaffi eller sjokolade etterpå. Slike festlege lag har ein om ettermiddagen og kvelden. \[s. 5\] C. Konfirmasjon 30: I eldre tid, så lenge nokon veit av, var konfirmasjonen feira berre som familie- fest. Då var det for høve meir festleg måltid for konfirmant, foreldre og sysken. Guten fekk då gåve av far og gjenta gåve av mor. Slik var gamal sed og skikk. 31: Større konfirmasjonslag vart meir vanleg fyrst frå 1920-åra, og no for tida er alment over alt. 32: Dei som serskildt blir bedne er slekta og dei næraste grannar. Mest alment er det at næreste slekta og dåpsfadderane blir innbedne. Læraren vert av mange beden, og ikkje så sjelden presten, endå dei ikkje kan møta opp hjå alle. 33: Gjestene har aldri sendt sendingar til konfirmasjonsselskap i mi bygd, og inga fråsegn finst om slikt noko. 34: No er det almen skikk at alle dei innbedne gjev gåver til konfir- manten. Gåvene kan anten vera prydnadsting, bruksting eller pengegåver. Det er heller ikkje uvanleg at andre enn dei serskildt bedne gjev (sender) gåver. I det høve er det skikk å be desse til gjestebod dagen etter. 35: Det meste av maten i konfirm.gjestebodet blir tillaga og baka heime. Innkjøpte kaker og anna bakverk er meir sjelden. (merknad: Mi heimbygd har ikkje bakar). \[s. 6\] D. Bryllup 36-37. Trulovingsgjestebod vart det halde i eldre tid. Dei eldste nolevande kan hugsa slike. Desse gjestebod heldt dei i heimen til gjenta fyrste gongen guten kom dit, og heime hos foreldra til guten fyrste dagen gjenta kom dit. Det var då vanleg å drikka festarskåla med øl. Skjenking med dram var og vanleg. Dette vart det slutt med mykje godt over alt litt før 1900. Slike gjestebod innafor familien er det vanleg å ha no for tida og – men utan øl og vin. 38: Om maten i fleire dagars bryllup. a b I eldre tid: Eit bryllup i eldre tid hr i bygden varde frå laurdag kveld til måndag natt, eller tysdag morgon. Retten laurdag kveld var avkokt fisk, poteter og mjølkesuppe. Litt seinare fekk gjestene også bakarbrød med smør og mjølk: ost – søst – attåt. Sundag morgon gjekk leigesveinane rundt garden der gjestene låg og gav kvar gjest ein morgonbete med mjølk - og seinare – kaffi til. Når dei så møtte fram i bryllups- garden, fekk dei frukost oppdekka på langbord. Det var kjøpebrød, lefser, smør og innkokt mjølkeost med korinter i – den sermerkte sunnmørske «søst» som einaste pålegg. Mjølk og- eller kaffi. Så kom middagen. Den eldste middagsretten var sodd, kokt av skårne ferske kjøtstykker og byggryn. Ved hundreårsskiftet vart denne retten avløyst av ferskt kjøt i saus. Til middagen var det øl. Siste målet sundag var kveldsmaten. Den var fisk, poteter og søtsuppe. \[s. 7\] Måndag var matrettene dei smae, så nær som middagen. Då var det brudagrauten – som alltid var rømmegraut – til middag. Den var høgdepunktet i heile brullupet. Like etter grauten vart det sett fram fisk og poteter for kvar som ville ha. Dette heitte «å \[pinne\] grauten. Då a Til kvelds måndag var det suppe. Då alle hadde takka for seg, fekk kvar gjest med seg heim 3-4 stk. av brød og kaker, pakka inn i ei lefse. Dette heitte brudabeten. Denne skikken heldt seg fram til om lag 1920. c) Brudegrauten måtte serverast i kvart bryllup. Likeeins fisk, og dei tradisjonelle morgonbetar. d) Dei faste program var som ovanfor nemnt, om sundag og måndag. Tredje dagen var helst for hjelparane. I nyare tid: Bryllupa no for tida er som regel ikkje lenger enn frå laurdag kveld til sundag kveld, når bryllupa vert haldne i ein av heimane, eller i leigt lokale. No har ein gått heilt over til moderne servering og notids matretter. Brudagrauten har for det meste gått ut. Hovudmålet er festmiddagen sundag – vanleg men ein førerett, så steik og dessert. Litt seinare vert servert kaffi og kaker (bløtkaker og småkaker). Til brødm- åltida er det fleire sortar pålegg. Men den gamle tradisjonelle «søsten» må vera med. 39: Sendingar: Alle som er oppmot dei 70 år kan godt hugsa om sendingane til bryllupa. Dei faste mat- varene i ei bryllupssending (føring) var: 1 til 2 former med smør, eit stort fat med «søst» \[s. 8\] Ei korg med lefser, og i litt seinare tid også kjøpebrød, såkalla tolvskillingsbrød – 2-3 stk. Mjølk høyrde og med til sendinga, men noko fastsett mengd av den var det ikkje. No var det nok slik at dei næraste skyld- folk møtte med større sendingar en skyld- folk lenger ute. 40: Nei det var ikkje vanleg. Smøret var i former, og lefsene «dekorert» som skikkene elles var til høgtid og fest, anten det var heime eller borte. 41: Det var berre husmenn utan jord som skulle få kjøt i sending. 42: Foring var namnet på sendingane i våre bygder. (Haram). 43: Det var kona og mannen på garden som kom med sendingar. 44: Som regel hadde dei med seg sendinga då dei kom til bryllupsgarden, og nokon tradisjon om ekstra traktering i det høve er her ikkje. 45: Å senda med heimatt ein smakebit har ikkje vore skikk her. 46: Matmora stod for maten i bryllupet og heimattsendinga. I ei bygd var det som regel ei vyrd kone som var fast matmor i alle bryllup. 47: Det er no for tiden berre unntaksvis at blir halde to-dagars bryllup. Det er serleg etter 1940 at tida har vorte avkorta til ein dag. (eitt døger). 48: Det er ikkje sjeldan no at det blir halde bryllup på hotell. Det er då som regel ettermiddagsbryllup og med små lag. 45: Etter 1940 har det vore ein hel del \[s. 9\] som har reist til byen for å bli vigde utan å halde noko bryllupslag der. Men desse har alltid eit lite lag for foreldre og næraste slektningar når dei kjem heimatt. 50: Bryllupsgåver får desse tilsendt til heimen, og i dei fleste tilfelle blir dei som brudefolket får gåvene frå, bedne til små «etterlag». 51: Det har ikkje vorti vanleg skikk å halda fest på årsdagen til bryllupsdagen kvart år. Men ved runde tall har det i dei siste 20 år vorte vanleg i alle yrkeslag. Desse runde tall er 10-25 og 50 år, få vigslingsdagen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste