Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_9066_MR_Dalsfjord
Transkripsjon av filen #NEG_39_9066_MR_Dalsfjord
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1/ Det var vanleg skikk at både grannar og slektningar skulle bera sengjamat – også så mange av slektningar som budde andre stadar som berre kunna koma avstad. Veninner kjende det ikkje som plikt, men også dei var med stundom. Dei hadde heller ein ting med, enn mat. 2/ Sengjamatkonene kom alltid einskildvis, og det var inga avtale, korkje kva dei skulle ha med, eller kva tid dei skulle gå. Difor hende det av og til at det «rok i dungje» med sengjamatkjerringar – mange «føringar» på samme dag. 3/ 2.og 3. dagen kunne dei ta til – og så lenge utover. 4/ Kvar gjekk berre ein gong. 5/ Maten var kort sagt: Rømmegraut, og den heitte «barsel- sgraut». 6/ Grauten bar dei i ambarar som var fint svi-merkte i krotingar utanpå. Dei var ikkje måla. Seinare brukte dei skåler eller far plasserte i ei korg. ”Kring 1920 bar ei førstegongs bestemor seng- mat til dottera hit over fjellet frå Nordfjord. Det var graut i ein ambar – vegen var så lang at ein må gå godt skal dagen rekke til.» 9/ Barselsgrauten var sengjamat – og noko anna var ikkje brukt til kring 1920. Då tok somme til å sende kaker av ymse slag stdf. graut – og dette heitte og sengjamat. 10/ Det var alltid kona som gikk med slikt – og då dei som hadde hatt born, og fått sengjamat, eller slike som venta å få både det eine eller hitt. 11/ Hadde mannen gått med sengjamat – ville han blitt reint til låtteløgje. 12/ Dei fekk traktering – kaker av det som var tillaga. No reknar dei med å få smake av sine eigne kaker og. Men aldri om dei åt av grauten. 13/ Det heitte «å gå med sengjamat» der i låg og trakteringa. 14/ Nei 15)) Mange gjekk og til ugifte mødrene, men då meir i det stille – så dei ugifte mødrene og skulle ha god- kjensla av å vere mor på denne måten og – men det vart rekna aldri så lite av ei sælebotsgjerning å gå med sengjamat til slike. Og dei som ikkje hadde stort nok hjartelag sat heime. 16/ Ein kan seie at frå 1920 tok skikken til å skifte. Dei unge byrja koma med småkaker, bløtkaker, og i det siste blomar som dei gjerne sender ved sjølve fødselen, og så med kaker seinare. Gjerne set dei ut kakesendinga til dåpsgildet, for då kjem det vel med. Slektningar sender ofte småting, barnekle o.likn. \[s. 2\] 17/ Gåve hadde dei ikkje med seg før til den nyfødde. Men 18/ som før nemnt sender dei gjerne ein liten ting no. 19/ Dåpskalas, b a r n s ø l , måtte alltid vera – no og. Først og fremt faddrane, og så næraste slekta, Her hadde dei ei mils veg til kyrkje (etter 1910) før den tid 2,5 mil) Det var skikk at heile båtlaget fekk mat ved kyrkja – 21/ Berre næraste slekta kom stunom med mat. Matsetelen var ikkje viss, men det skulle vera høgtidskost. 22/ No er dei same med, faddrane og den næraste slekta. Det er middag heime når ein kjem att frå kyrkja, og så vanleg god mat vidare utover dagen og kvelden. 24/ Det var lite høgtid med fødselsdagane, nokolite for born. 25/ Berre ved runde år, og ikkje for mykje. 26/ Berre slektningar. 27/ Vanlegvis berre dei bedde, men stundom og andre. 28/ Ikkje som ein veit noko om. 29/ I barneselskap kakao og bløtkake, men og anna godmat. Slike barneselskap held dei no jamt. 30/ Konfirmantfeiringa var i nokså stor monn bestemt av den lange kyrkjevegen. Dei måtte fare herifrå i 6-7tida om morgonen, og kom ikkje att før i same tider om em. Men maten var då vanleg høgtidsmat – i det heile var konfirmasjonsdagen – «masjonsdagen» - ikkje så svært mykje høgtid i matvegen. Ofte var faddrane bedne. – Dette har ikkje skift så mykje hittil. No kjem ein før frå kyrkja, så er det ein bedre kjøt middag – og så koselag med kaffi oog kaker seinare. 31/ Konfirmasjons»selskap», om ein kan kalle det så, har vore brukt så lenge nokon veit,. Sjå ellers ovanfor. 32/ Sjå ovanfor. Ofte bed ein faddrane og så næraste slekta. Presten er aldri med, stundom læraren. 33/ Nei. 34// Ja, alle som er bedde. Og her i grenda gjev ein og gåver til dei i det næraste grannelaget, sjølv om ein ikkje er bedd og med i selskapet. 35/// Nei. 36/ Nei. 37// Ikkje no heller. 38/ Bryllaupet rekna ein tok til bryllupsaftan, kvelden før brylluaupsdagen. Då kom dei som hadde noko veg å fara. Dei fekk då kveldsmat – som oftast var brødmat med fisk, helst fersk attåt. Bryllaups dagen var det så frokosten før dei for til kyrkje. Lefser, smør i former, brødmat og lutafisk, dravle eller kaffi å drikke. Kyrkjevegen var lang, og nisteskrinet med mykje lefser i måtte vera med. Heimkomene i 5-6 tida om kvelden var det middag, ein kjøtrett, med smør og brød og suppe til, alt servert samtidig. Til vanleg var det ikkje meir mat då før bruragrauten kom i midnattes tider – eller seinare. Dagen etter var det frukost – om lag som bryllaupsdagen. Og så fisk, smør og brød og mjølkesuppe til middag. Bryllaupet var då slutt – men slektningane som att var fekk nonsmat før dei for heim. No har dei ofte bruragrauten 2. dagen, og bed då gjerne slike som ikkje var med den første – attåt. 39/ Bryllaupssending hadde alle som kom med, serleg då lefser i dertil laga korger, brudakorger, og nokre med vide kaker, steikte mellom to baksteheller. Kor mykje bryllaupssendinga skulle vera, det avgjerde hjartelaget og kor «svær» ein ville vera. Søst høyrde også med. \[s. 3\] Vidare smør i former og gjerne ost. 40/ Smøret pynta seg sjølv i «smørkannene» anna mat var ikkje pynta. 41/ Nei, ikkje det ein veit. 42/ Sendinga var «Bryllaups- sending.» 43/ Kona som hadde laga det til, bar det fram. 44/ Sendinga hadde dei med då dei kom, men ein veit ikkje av at då, bryllaupsaftan var noko sers for sendinga. 45/ ikkje. 46// Ho som stod for maten, var «buda-kona». Det var ei ære å vera budakone – og dei som var serleg skik- ka til det vart mykje bruka. Det tron g ikkje nett vera nokon av gjestene. Ho hadde oppsyn med all mat, og sytte og for B r u d a b e t e n som skulle være med heimatt. 47/ Ikkje ordentlig fleirdagarsbryllaup no. Men oftast blir det eit ”etterbryllaup” dagen etter då det kan vera like mykje folk – sjå ellers ovanfor. 48/ Det hender, men er ikkje vanleg. 49/ Svært sjeldan. 50/ Slike får visst gåver med næraste slekta seinare – som eit minne. 51/ Ikkje noko fest kvar årsdag, men ei lita minnehøgtid ved runde tal – til dess ein kjem opp i 25 som vert høgtida, og endå meir 50 år. 52/ Heile grenda var med i gravøl, dei vart ikkje bedne, men det var skikk å gå likevel. 53// Gravølet har vart så vidt ein veit berre ein dag. Måltida var frukost som før nemnt for bryllaup, og så ikkje noko meir for dei som ikkje fylgde til gravbakken. Dei som for dit fekk middag når dei kom att, oftast rømmegraut. 54/ Måltida vart servert ved langbord, frukosten før sjølve gravferdshøgtida i heimen. – No etter at dei er farne med liket. 55// Ikkje kjent. 56/// Nei. 57/ Det vart alltid halde i heimen her, same om plassen var liten. Liket skulle ut derifrå. No har det i somme høve skift, då ein brukar forsamlingshuset. 58/ Det var ikkje brukt noko serleg sending til gravøl. Men fleire koner kom i gravferdsgarden og hjelpe til med å få til mat, og ordne til. 59/ Ukjent. 60-61 Ikkje. 62/ Som før nemnt veit ein ikkje om fleire dagars gravøl. Dei gamle tok døden nokså sjølvsagd (!) og utan sers ståk og styr. 63/ I 1890 åra vart det heilt slutt med heimebrygging – sia har det ikkje vor brukt vesentleg alkohol i noko lag. Også før var alkoholbruken nokså beskjeden. 65/ Nokonlunde som sagt ovanfor. Heile grenda samlast i heimen til avferda der. Somme fyl til kjyrkjegarden, dei andre får kaffi og brødmat og sjølvsagt lefser og søst. Dei som kjem frå kyrkje først og fremst gravarlaget, får rømmegraut – og gjerne kaffi og småkaker etterpå. 68/ Ikkje brukt. 69/ Det kan eg ikkje svara på, men skal ha det i tankane og prøve å finne det ut ved gjennom gang av dei eldste årgangane av lokalbladet. 70/ Nei. 71/ Dei fleste – kanskje alle – høgtidar morsdagen. Ein må tru at kring århundreskiftet kom det inn – men det er uråd å seia noko visst om det. 72/ Litt i det aller siste. 73/ Nei, men bløtkake høyrer gjerne til i slike høve. 74/ Her er ikkje bakar, kvar lager sine av det slaget. 75/ Desse dagane vart sikkert kjent gjennom blada. Og med morsdagen hadde sikkert Anders Hovdens dikt: Mor i dag er det dagen din – noko av æra for at dagen vart høgtida. Ofte skipar ein til offentleg morsfest og den dagen, Farsfest har det endå ikkje vorte, men det har vore på tale.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste