Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Høgtidsmat ved familiefestar
NEG_39_8979_Te_Mo
Transkripsjon av filen #NEG_39_8979_Te_Mo
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A. Fødselen 1: Det var vanleg at grannar og skyldfolk kom til barsel, som dei sa. Skikken er visse- leg mykje gamal. 2: Det var som det høvde. Dei kom åleine, og dei kom i fylgje. Det kunde vera gjort avtale, men det kunde berre vere slump at fleire kom same dagen. 3: Det vart sjeldan gjort. 6: I gamal tid var det helst graut, smørgraut. I seinare tid vert det gjeve graut, kakor eller andre gåver som kan vere til nytte for kona. Før bruka dei kling eller lefse ogso. 4: Nokon fast dag var det ikkje, men dei skulle helst ikkje koma dei 3-4 fyrste dagane. Var barselskona ikkje frisk drygde dei lenger. Det var usømd å koma for tidleg. 5: Dei skulle berre ein gong til eitt eller til kvart bars- øl. 7: So langt segn går vart det ikkje gjort. 8: Dei bruka alstøtt ambar av tre til grauten. Graute- spann, kalla dei det. Dei sendte ogso lefse eller kling til barsøl. Lefsa bar dei i ei serskild laga korg. Sen- dingskorg, kallar dei ho. 9: Dei hadde eit samnamn på all slik mat, nemleg: Sending eller barselssending. «Eg ska ti barsels mæ sen ding», sa dei. «Hev du vore avsta mæ sending?», vart og vert spurt. 10: Som regel skulde kona; men hadde ho ikkje tid, sende ho ei vaksa dotter eller ogso tenestegjenta med sendinga, anten det var graut, kling eller anna. Var det fatig-kone dei skul- de til, tok dei gjerne annan mat med seg, kjøt, \[s. 3\] smør og ost. Mjøl gav dei ogso i slike høve. 11: Var det lang veg, var ofte mannen med og skjussa sendingskona og vart då med i alt; men elles var han heime. I slike høve kunde ogso tenesteguten bli med, men sjeldan. 12: Sendingsfolka skulde ha traktement. Som regel skul- de dei smaka på alle sendingane anten det var graut eller kling. Det vart då smaka og diskutert kven som hadde den beste sendinga. Det var ingen skilnad på gut eller gjente i dette høvet. 13: Det heitte barsels-lag, bar- selsgilde eller berre barsel, av barns-øl. 14: Dersom barsels-kona ikkje var frisk med det same, kunde det høva, men elles ikkje. Det vart barnsøl. 15: Dei gjekk helst til gifte; men dei var nok til andre og, når dei var godt kjende. Sendingen var likeeins. 16: Skiftet gjekk litt om s end. Det byrja for om lag 60 år sidan. Heilt slutt med graut er det vel ikkje enno. 17: Dei som hadde god råd gav gjerne ein pengesetel. Ikkje anna. 18: Det er visst heilt slutt. 19: Det var ei sersyn, og vart det halde, var det grannar og skyldfolk som var med. 20: Det vart helst kalla dåps- fest eller dåpskalas. 21: Har aldri høyrt om sendingar i slike tilfelle. 22: Har ikkje høyrt noko om det. 23: Heilt burte. B. Fødselsdag 24: I den fyrste tida eg hugsar feira ingen årmålsdagen, korkje born eller vaksne. Det er fyrst dei siste 30 åra dette er kome i bruk. 25: Berre ved runde tal som t. d. 5te eller 10de kvart år. 26: Skyldfolk og kjenningar. \[s. 5\] Elles er det vanleg at kven som vil kan koma og ynskja til lukke. 27: Vener og skyldfolk gjev gåvor, likeins dei innbedne. 28: Har aldri høyrt det. 29: Det er ingen fast regel for dette. Dei steller som dei sjølv synest best. C. Konfirmasjon 30: Har ikkje høyrt noko om det. 31: Det er ytterst sjeldan. Det er vel om lag 20-30 år sidan at ein eller annan hadde ein liten fest. 32: Helst dei næraste og faddarane. Bur læraren og presten i nær- leiken, er dei ogso med. 33: Sendingar blir ikkje brukt. 34: Det er helst vener og skyld- folk som gjev presentar i slike høve. Det aukar no meir med dette. 35: Har aldri høyrt det. D. Brudlaup \[s. 6\] 36: Ingen hugsar det no. 37: Før hadde dei noko dei kalla: Heimkom-øl. Dei drakk heimkomar-øl i går, sa dei. Det kunde vera når brura flutte heim; men det kunde ogso gjerast nokre vikor før. No er alt slikt slutt. 38: Slike brudlaup er ikkje halde etter 1900. Før den tida hende det, men sjeldan her i bygda. a. Den tid eg hugsar var det smør og brød om morgonen med ost til, helst gamalost. Tunnbrau og lefse var det ogso med. Tunnbrau var baka av finare mjøl enn vanleg flatbrau. b. Til middag var det kjøtsuppe med ertar og gryn. Kjøtet var mykje gamalt. Suppa var best av det, sa dei. Til non var det som til mor- gonen. Til kvelds var det helst graut med mykje smør i. Øl måtte det vera rikeleg av til kvart mål, og gjerne dram ogso. c. Andre dagen koka dei kan hen- da ein feitegraut dei kalla (smør- eller fløtegraut) og hadde til middag. Elles var maten likt alle dagane. \[s. 7\] d. Noko program har eg aldri høyrt om. 39: Sendingar i gamle dagar var smør, brau (helst lefse), ost og kjøt, etter som dei hadde 40: og det trongst. Smøret vart pynta, stasa, sa dei her. 41: Har ikkje høyrt det. 42: Det heitte sending. 43: Som regel ein av husfolka, vaksne born eller ein tenar. 44: Den som kom med sendingen skulle ha spandering av øl og dram og gjerne mat og, men ikkje nokon fest. 45: Er ukjent her. 46: Det vart sendt mat berre til dei som trong det. Det var brura og kokekona som ordna med det. 47: Ikkje etter 1900. 48: Arbeidarane held mykje brudlaup på hotel, andre ikkje. 49: Det var mykje bruka før okupasjonen, mindre etter. Dei vigjer helst hjå presten i heimbygda. 50: Skyldfolk og kjenningar gjev kanskje litt; men det bli ogso late vore. 51: Vert ikkje brukt; jern- brudlaup og slikt er ukjent her. E. Gravøl 52: Grannar, vener og skyld- folk. Ein mann vart leigd til det. Det fyrste eg minnest, leigde dei folk til å reisa mange mil og bed til gravøl. 53: Det var aldri over 2 dagar, helst berre ein. Som regel 3-4 måltid. 54: Det var smør og brød med kaffi etter den kom i bruk (ca. 1850). Før var det øl og mjølk. Middag og kveld vart ogso brukt. Det siste er no teke burt. Det vart og vert servera ved langbord. 55: Har ikkje høyrt det. 56: Er ikkje kjent. 57: Hjå ein av grannane. 58: Dei tok dei med seg. 59: Dei skulde vere pynta og fint pakka, men ikkje på nokon serskild måte. \[s. 9\] 60: Er ukjent her. 61: Har aldri høyrt det. 62: Noko overgangsformer er ikkje merka, berre at gravølet varer so mykje kortare no enn før. Matstellet og skikkar elles er likt. 63: Alkoholbruket minka mykje. 64: Har ikkje merka det. 65: Litt øl og småkaker med same gjestene kjem, mid- dag når dei kjem att frå kyrkja og so kaffe og kake til slutt. 66: Det er vel heilt slutt, trur eg. 67: Har aldri høyrt det. 68: Det er fyrst kome i bruk etter okupasjonen. 69: Det er gjort i dei siste seksti åra. F. Nye festar 70: 17. mai vart lite festa fyre 1940. Arbeidarane var reint imot fest då. Etter \[s. 10\] 1945 har dei og vore med, og no går det godt. Nokon tradisjon om mat har vi ikkje. 71: Ja no er det mange. Det er fyrst no etter 1950 med dei fleste. 72: Har ikkje høyrt det. 73: Har ikkje høyrt noko om det. 74: Er ukjent her. Vekeblada plar ha nokre rettleidingar i slikt. Radioen ogso. 75: Gjenom blada og radioen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste